torsdag 28. juni 2018

Veke 26 / høgdepunkt

Eg trur eg held meg til høgdepunkt denne veka.
Og eg vel to høgdepunkt, som begge var i helga.

Vi skulle til Romsdalen, og det var St.hansaften på laurdag. Ein dag for bål og grilling. Eg såg på værmeldinga, og den lova både regn og vind og lave temperaturar. Mannen snakka stadig om grilling og bål i fjøra. Kona var skeptisk! Vi køyrde frå Trondheim i pøsregn, det var kaldt og det var nysnø langt ned i fjella vi køyrde forbi. Laurdag kom, det var stadig fare for sol, det regna ikkje og det var ikkje så kaldt som lova. Det vart bål! Og grilling. God mat, triveleg selskap, ein skikkeleg midtsommarkveld!

St.hansbål
På søndag feira vi storebror sin 60årsdag. Det var nok ein fin dag, med god mat og triveleg selskap. Eg traff mange eg sjeldan ser, og som alltid, det er godt å ha familie!

Og her er eg og bror, for ca 49 år sidan. Ein storebror som passa på!

Feriemodus?

Eg har ferie! Eller eg har fri i morgon, og ferien startar på måndag, men det kjem ut på det samme omtrent, eg skal ikkje på jobb på lenge.
Men har eg feriekjensla? Er eg i feriemodus?

Ikkje heilt enno. Før eg gjekk frå jobb idag, leverte eg timeliste for juni, la inn ferie i timeregistreingssystemet, la inn fråvær i kalenderen, som autosvar i mailen og sikkert andre stader. Eg sendte mailar, laga utskrifter, sendte påminning, ga munnlege beskjedar til dei som trong det. Eg skreiv huskeliste til eg kjem tilbake, rydda pulten  på kontoret. Gløymte å tømme papirsøpla og avtala med ein kollega at ho skal vatne fredslilja mi medan eg har ferie. Eg åt ein sjokoladebit for å feire at det var siste dag før ferien, medan eg såg på pøsregnet ute.

Så gjekk eg frå jobb.

Heime ser det akkurat likt ut som då eg gjekk idag tidleg. Ute regna det, skyene var svarte. Yttergangen er full av familiens mine sko, badet er nyvaska(gjort i går kveld) middagen måtte lagast, eg må pakke til avreise i morgon, og det er ein haug med ting som ligg her som skal pakkast til båtturen som kjem etterkvart.

Men det er ferie. I morgon startar ikkje vekkeklokka og vi hadde is til dessert!
No kan eg gire ned, senke skuldrene og skifte fokus til alt som står på lista over ting eg vil og skal dei neste vekene. Ting eg ikkje rekk og kan resten av året.

mandag 25. juni 2018

Måndagsliste

Måndag. Pang, så er veka igang etter ei veldig aktiv helg. Livet er som skapt for listeskriving!

Har

  • vore på jobb, på møte og skrive lister fordi det er siste veke før ferien, og kva må eg huske, og kva må nokon andre gjere +++
  • vore hos fysioterapeuten, siste gong før ferien. Vorte strekt, brekt og tøyd, dog ikkje den aller verste strekkinga, den innser sjølv fysioterapeuten ikkje er av det gode verken undervegs eller etterpå.
  • flytta båten frå fastplassen til servicemannen, som skal sjå over motor og skifte olje og filter og slikt (som om eg eigentleg veit kva han skal) Å flytte båt, ein dag det bles litt kraftig, når ein må vente på at brua over kanalen skal opne og ein må sloss mot straum i kanalen, og så legge til ved ein båt som ligg der... "Det er berre å legge til på utsida av den 32 fots motorbåten, sørg for å fendre godt" sa servicemannen, og då høres så enkelt ut. Men ta med vind og straum og uvant farvatn for admiralen (les fokkeslaskinnen), så snakkar du både humørdrepar og utfordring for parforhaldet! 
  • ete middag som junior laga, då han var i ferd med å svime av av matmangel og aggresjon, god vart den! 
  • ete norske, søte jordbær rett frå korga. Nam!

Burde
  • betale rekningar
  • brette klær
  • vere kreativ og tenke ut gåve til jubilanten vi skal feire til helga (ja, vi feirar i vilden sky for tida. Dette blir selskap 3 på 3 helger! Men så tek vi ei pause, ei heil helg!)
  • tømme kofferten frå tur i helga, Det er av dei ting som tek ca 4 gonger så lang tid å grue seg for å gjere, som den reelle tidsbruken...

  • betale rekningar
  • huske å henge opp klær og tømme tørketrommelen
  • tømme oppvaskmaskina
  • legge meg tidleg, for det vart litt lite søvn i helga.

Vil helst
  • fortsette og lese i boka eg byrja på igår!
  • gå og sjå korleis det går med jordbærplantene mine. Det er små jordbær der, blir det snart litt sol igjen slik at dei blir raude?!
  • sove middag, men det er for seint når klokka har bikka 20...

lørdag 23. juni 2018

Laurdag morgon

Det er helg. Eg fekk sove, ref forrige innlegg. Vi er på tur, vakna idag til denne utsikta



Skuldrene senka seg. Vi dekte frukostbordet,  mannen og eg åt saman, las litt og prata litt. La planer. Eg hadde te i tekanne, det er luksus!

Vi skal feire st.hans ved fjorden,  berre det ikkje regnar. Vi skal treffe slekt både i dag og i morgon. 
Helg er godt. No laga eg potetsalat og hører P2, mindfullness!

Eg fekk helg!


torsdag 21. juni 2018

Er det snart helg?

Det er torsdag kveld. Eg er så trøtt at eg ikkje veit om eg orkar å gå å legge meg.
Det var mange ballar i lufta på jobb, og det er ikkje så lenge til ferie, og kva er det for slags lov som bestemmer at kaoset trivst best i ferietider?

Vi har fått planlagt noko som gjorde at eg sov dårleg i natt, kanskje søv eg betre i natt då? Vi har bestemt detaljer av typen klokkeslett for feiring, kaker og fjelltur, men mannen veit ikkje at eg har planlagt bordpynten også. Vi har delt ut informasjon, og eg har skrive lister, mange lister, ulike lister og starta på neste liste for neste feiring.

Eg er sår i halsen, har veska full av ulike typer halsllinser og lurer på når det slår ut. Men no har halsen vore sår lenge, kanskje det berre er at eg søv for lite?

Eg har kjøpt ei gåve til ei anna feiring, sagt at vi pakkar til den i morgon, og gløymt å skaffe kort. Eg traff ei eg ikkje har sett på lange tider på butikken, og det var kjekt. Ferie og familie er kartlagt og redegjort for. Eg har handla mat, men det vart ikkje med brød heim sjølv om eg skreiv det på lista. Det er visst snart helg, men eg lurer på om eg rekk få det med meg før den er over?

Så, heilt plutseleg er det sol på stoveveggen. Medan det på andre sida av huset er svarte, tunge skyer. Eg trekk pusten djupt og ser på sola og skyene, fargene og lyset.


Like brått er lyset og fargene borte, og det er grått i minst 50 nyanser der ute, og eg kjem på at eg må sette middagsrestane i kjøleskapet, tømme oppvaskmaskina og tørke over kjøkkenbenken.

Snart skal eg sove! Trur eg.

tirsdag 19. juni 2018

Veke 25

Tirsdag. Ute bles det "hauststorm", det er kanskje normalt det når sommaren var i mai? Eller altså, eg er optimist og reknar med at om eit par veker, når eg startar ferien, blir det sol og varme igjen. Men det bles litt mykje no... Regnet derimot, det er bra, så slepp eg vatne kjøkkenhagen så ofte.

Sist veke? Gjekk fort som vanleg. Nokre glimt og eit høgdepunkt følger!


Eg starta veke bra, og på måndag var dette matpakka. Det gjeld å ha med seg noko godt på jobb, til å småete på innimellom (men aldri på laben altså!)


Kva gjer eg eigentleg på jobb? På tirsdag tok vi iallfall resistensundersøking av ein streptokokk. Bakterien er det grå "teppet", og det kvite er små lappar med ulike antibiotika. Når bakterien ikkje kjem bort til antibiotikalappen, tyder det på at antibiotikaen tek livet av bakterien (enkelt forklart)


Onsdag kjøpte eg ny koffert. Lenge planlagt, eg berre venta på salg. Onsdag hadde eg ikkje bil, men det er ikkje så langt til næraste koffertbutikk, så eg tok den på sykkelen! Og har sjeldan fått så mange som har snudd seg etter meg og sykkelen. Eg burde kanskje friske opp blomstrane på sykkelkorga mi snart?

Torsdag var det sommarfest på jobb. Med reker og dill! 


Fredag reiste vi! På tur, berre mannen og eg. For å feire gode vener i Drammen. Ei overnatting på vegen og ein liten kvedlstur ved hotellet ved inngangen til Rondane. Nydeleg lys, og den kalde vinden er ikkje med på bildet.



 Vekas høgdepunkt var turen på laurdag morgon. Rett frå hotellfrukost og ut i naturen. Sola skein, gauken gol høgt av glede, og vi fann oss fleire små toppar vi rakk innom før vi måtte sette oss i bilen og kjøre. Det var SÅ fint! Og så godt å gå ute før ein lang biltur. Vi hadde fjellet for oss sjøl, og den utsikta er det verdt å få med seg.


Etter triveleg vennelag laurdag kveld, fin hotellfrukost og lunsj hos svigerinne, sette vi oss i bilen. "Det ser litt grått ut der framme", var vi einige i. Vi hadde rett, det byrja å bøtte ned! Det var berre å kjøre sakte og forsiktig, og etterkvart hadde vi regnet og gråværet berre i spegelen. 

Av ting som ikkje vart med, kan vi nemne at

  • "Den store styrkeprøven", sykkelritt frå Trondheim til Oslo gjekk i Gudbrandsdalen saman med oss på laurdag. Vi hadde heldigvis oppdaga det, og strarta ganske tidleg, men eit par "hjertet-i-halsen"-opplevingar vart det. 
  • mannen må legge seg i hardtrening med sverd før ferien og møte med unge nevøar, han vart nedskjempa under søndagslunsjen.
  • vi gjekk tur på elvepromenaden i Drammen, og eg fekk vist mannen kvar eg har vore på kurs der, samt at han oppdaga ein skulptur med lydoverføring frå ei bru(og dette har eg aldri sett/høyrt før)
  • kjøkkenhagen snart må bloggast om, det er masse salat og snart jordbær, trur eg. Iallfall nok spinat til å ha ved sidan av laksen til middag idag.
  • vi er ikkje halvvegs i juni sine mange feiringar a fine folk vi kjenner. Snart er vi på tur igjen!


tirsdag 12. juni 2018

Potetsalat

Eg er kresen! Er det andre som er det?
Enkelte ting syns eg at eg er ganske god på, og så er det ting eg unngår å lage. Som sukkerbrød og marsipankake. Krever tålmod og litt som eg ikkje har av nøyaktigheit og pynting.

Men potetsalaten min, den er akkurat rett! Syns eg. Og den krever ikkje all verda av pynting og slikt. Eg kokar potet, gjerne nypotet med skalet på. Avkjøler litt, men det er best om poteten er lunka når resten blir tilsett. Eg kokar egg, nesten hardkokt. Eg hakkar kvitløk og blandar saman med olje, edikk og sennep og litt salt og pepar (1 dl edikk, 2 deler olje, 1 fedd kvitløk og 1 ts dijonsennep). Eg hakkar egg og paprika og vårløk. Deler poteten i 6-8 biter. Blander saman i eit stort fat, saman med det eg har av urter, feks koriander, basilikum, persille og dill.



No treng du berre grillmat, sol, grøn salat og fine folk! (det hadde vi på laurdag)

Og forresten: dill! Den lukta er så god. Smaken også! Og eg huskar at tante hadde dill i drivhuset sitt, ho klipte den opp og dryssa over potetfatet til middag. Eg likte ikkje dill den gongen. Men lukta av dill på varm potet, åh! No et eg gjerne dill, på potet, i eggerøre, i salat, på fisk.

Sånn apropos fisk, på søndag fann eg eit stykke laks i frysaren, den biten fekk salt, pepar og dill, vart stekt i smør og så slo eg sitronsaft over. Og det var restar av potetsalat til! Nam!

mandag 11. juni 2018

Veke 23

Eg slit litt med denne veke-bilde-dag-for-dag-blogginga, for det er ikkje til å kome frå at dei fleste dagar er til forveksling lik dei andre dagane, og eg tek ikkje bilder kvar dag, iallfall ikkje av ting som egnar seg til blogging. Så no vurderar eg å endre denne posten til vekas høgdepunkt. Men denne vekerapporten  blir litt begge deler, trur eg.


 Måndag. Tur. Og tid til å sjå på blomster. Det blir markjordbær iår.


 Pausemat på jobb. Smart når ein har lyst på noko, og sunnare enn sjokolade og smågodt
(men altså, eg skal ikkje seie at eg ikkje ville tatt det om eg fann det i ein boks...Det
gjeld berre å ikkje ha det tilgjengeleg!)


Onsdag og blomster: Mannen har fyllt 50 år, og fekk blomster på jobb.


 Torsdag og blomster: eg har jobba i 25 år, og fekk blomster!

Fredag? Truleg jobb! 


 Laurdag og båtliv, og eg tok i bruk forkleet mitt! Med redningsskøyte på.
Eg har fått det frå mamma, og det er frå den tida då Redningsselskapet heitte
"Norsk selskap for skibbrudnes redning"! 
Bestemor var med i forening som samla inn pengar til dei, og eg var med på foreningsmøter då
eg var rett ung og syns eg har eit forhald til dei. Og eg fekk omvisning i den nye redningsskøyta i
Trondheim også på lausdag, så det passa godt med eige båtforkle! (og så satsar eg på at eg ikkje treng hjelp av dei på båttur i sommar!)

Søndag,
 og peonane blir berre finare og finare! #silke

Vekas høgdepunkt? 
Å sjå ut over eit skogsvatn, lukte på skogen og blomstrane, fylle hodet med fuglesang og bekkelåt. Det er rett og slett godt for kropp og sjel!


torsdag 7. juni 2018

Lang og tru teneste

Våren 1993 var eg iferd med å avslutte utdanning. I Oslo. Kjæresten, i bloggen kjent som Mannen, studerte også. I Trondheim. Tilfeldigheiter, ein praksisplass i Oslo og litt flaks gjorde at eg fekk vite om Statens Veterinære Laboratorium i Trondheim, og -hurra-  eg fekk eit vikariat. Eg starta 1.august 1993. Ny i arbeidslivet. Med eit fagfelt det viste seg at eg skulle jobbe ganske åleine med. Det vart bratt læringskurve, litt prøving og feiling. Så bytta eg fagfelt, og eg starta med ganske mange kvite flekkar på kartet. Ny bratt læringskurve. Heldigvis nokon å spørje om råd, bøker å lese, og gleda over å meistre! 
Tanken var å gjere noko anna etterkvart. Søke ein annan jobb. Prøve noko nytt. Dette var jo berre ein start.









Eg vart der. Eg har vore med på omorganiseringar, andre endringar, travle dagar og rolegare tider. Faglege utfordringar, faglege diskusjonar, faglitteratur. Kjedelege dagar med rutineoppgåver, utstyr som svikta og retting av feil. Avvik og fravik. Halsprøve frå undulat, hesteurin i litersglass og parasittar frå ville dyr. Gleda ved å finne ein vrien bakterie i lunga på ein gris, eller iallfall noko som forklarar sjukdommen. Mykje vi ikkje lærte noko om på studiet!
Eg har hatt mammapermisjon, dårleg helse og god helse. Vore borte frå jobb, og kome tilbake til jobb.
Kollegaer har kome og gått, men nokon har eg jammen jobba saman med sidan 1993. Nokon har blitt gode vener. Nokon å prate med, dele oppgåver med og ete lunsj saman med. Nokon å sukke saman med og nokon å irritere seg over. Nokon å le saman med når det kjem inn prøver seint på dag, og galgenhumor er den einaste formen for humor som virkar!



Og plutseleg har det gått nesten 25 år! Og idag var det markering på jobb, ikkje berre for meg. Fleire har vore der i mange år, både 25, 26 og 27 år. Nokon så lenge som 40 år! Idag var det godord og gåve. Blomster og vase. No pyntar den opp i stova mi.

Eg hadde nok aldri noko karriereplan, eg tok den jobben eg fekk. Men eg skulle vidare. Trudde eg. Men så viste det seg at den jobben eg tok, hadde mykje meir enn eg visste om. Det er mykje rutine, det er mykje rydding og vasking -og det er faglege utfordringar du ikkje veit noko om før du er der! Eg trur ikkje det er så farleg om livet er det som skjer! Utan plan, å takke ja til ein jobb ein veit lite om, ikkje treng vere så farleg. Eg har hatt 25 gode år på Veterinærinstituttet!

(Og for meg og mannen, var det fint at eg kom meg hit. Snart er det 25årsjubileum for oss også!)

Veke 22

Ny veke er over, ny veke er godt i gang. Eg har fleire ballar i lufta, og bloggen seglar avgarde utan så mykje stell... Men her kjem nokre glimt.


På måndag var eg ein tur i byen, og utpå kveden gjekk eg over gamle bybro. Vakkert lys 
og fin spegling av bryggerekka.


Tirsdag lærte eg junior ein kjapp rabarbrapai. Nam... Satsar på at han skal teste denne 
oppskrifta fleire gonger!


Onsdag var det VARMT! Vi tok middag i båten. Vår båt ligg til venstre. Ikkje den største, 
men bra til oss!


Det var varmt torsdag også. Vi grilla pizza!


Fredag starta med mange skåler...


Laurdag traff eg ei likesinna når det kjem til sko...
Det er gult som gjeld!