Har
- vore på jobb, på møte og skrive lister fordi det er siste veke før ferien, og kva må eg huske, og kva må nokon andre gjere +++
- vore hos fysioterapeuten, siste gong før ferien. Vorte strekt, brekt og tøyd, dog ikkje den aller verste strekkinga, den innser sjølv fysioterapeuten ikkje er av det gode verken undervegs eller etterpå.
- flytta båten frå fastplassen til servicemannen, som skal sjå over motor og skifte olje og filter og slikt (som om eg eigentleg veit kva han skal) Å flytte båt, ein dag det bles litt kraftig, når ein må vente på at brua over kanalen skal opne og ein må sloss mot straum i kanalen, og så legge til ved ein båt som ligg der... "Det er berre å legge til på utsida av den 32 fots motorbåten, sørg for å fendre godt" sa servicemannen, og då høres så enkelt ut. Men ta med vind og straum og uvant farvatn for admiralen (les fokkeslaskinnen), så snakkar du både humørdrepar og utfordring for parforhaldet!
- ete middag som junior laga, då han var i ferd med å svime av av matmangel og aggresjon, god vart den!
- ete norske, søte jordbær rett frå korga. Nam!
Burde
- betale rekningar
- brette klær
- vere kreativ og tenke ut gåve til jubilanten vi skal feire til helga (ja, vi feirar i vilden sky for tida. Dette blir selskap 3 på 3 helger! Men så tek vi ei pause, ei heil helg!)
- tømme kofferten frå tur i helga, Det er av dei ting som tek ca 4 gonger så lang tid å grue seg for å gjere, som den reelle tidsbruken...
Må
- betale rekningar
- huske å henge opp klær og tømme tørketrommelen
- tømme oppvaskmaskina
- legge meg tidleg, for det vart litt lite søvn i helga.
Vil helst
Så fin blogg du har!
SvarSlett(Mine jordbærplanter er og små og ikkje røde! Eg ventar og ventar)
Takk!
SlettOg jordbæra veks, men ikkje antydning til raud enno!