Og eg vel to høgdepunkt, som begge var i helga.
Vi skulle til Romsdalen, og det var St.hansaften på laurdag. Ein dag for bål og grilling. Eg såg på værmeldinga, og den lova både regn og vind og lave temperaturar. Mannen snakka stadig om grilling og bål i fjøra. Kona var skeptisk! Vi køyrde frå Trondheim i pøsregn, det var kaldt og det var nysnø langt ned i fjella vi køyrde forbi. Laurdag kom, det var stadig fare for sol, det regna ikkje og det var ikkje så kaldt som lova. Det vart bål! Og grilling. God mat, triveleg selskap, ein skikkeleg midtsommarkveld!
St.hansbål |
Og her er eg og bror, for ca 49 år sidan. Ein storebror som passa på! |
Jeg håper dere fikk flotte feiringer!!!
SvarSlettStor klem!!!
Flotte feiringer!
SvarSlett