mandag 29. mai 2017

Vekestart veke 22

Sol! Fridag!

Sol inn stoveglaset lenge før frukost.

Har kryssa ut eit par slike ting på lista som har vore utsett, fordi... du veit slike ting som tek lengre tid å grue seg til enn å utføre? Fekk gjort dei idag! Kjennes endå betre ut å nyte sola etterpå då. Las bok i sola, åt lunsj i sola, vart klissete av solkrem(men ikkje solbrent) Bretta klær, laga middag. Snakke med ein son. Tenkte på den andre sonen. Kyssa mannen. Har trena yoga i kveld, kroppen syntes det var grusomt slitsomt, kan bli stiv i morgon. Altså ein slik dag som er kvardag, som er livet!

Alt dette maset om
KVALITETSTID
(når det vel er sjølve livet vi meiner)

Ete brødskive med brunost. Ta bussen heim frå jobb i regnver.
Vakne midt på natta og le høgt av noe du nettopp drøymde.
Forsove seg men likevel ta seg tid til å koke egg til frukost.
Trøyste ei dotter i telefonen. Gråte i ei gravferd.

Sjølve livet! (heiter det)

Øystein Hauge




Og kall meg gjerne ei enkel sjel, men sola skein idag, eg har solgul veske, gule sko kjøpt på salg i fjor og plena full av gullgule løvetenner! Då må ein jo bli glad!


lørdag 27. mai 2017

Laurdag på land og sjø

Laurdag er dagen då eg har heilt urealistiske,  men superoptimistke planer om kva eg skal rekke. Det innebær ofte tankar om lang frukost,  trening, husvask, vekehandel,  rydding,  klesvask, hagearbeid, baking, avslapping og tid til å vere sosial.  Det er vel ikkje så rart om ikkje dette blir oppfylt kvar helg...
Mindfullness på fjorden.

Men idag har eg iallfall fått på plass jord i pallekarmane mine, og planta i den eine.  (Takk til mannen som var med to turar ut for å løfte og bære sekker med jord. Eg hadde beregna for lite først) Eg har også brukt opp kompostjord frå kompostbingen min, den som innad i familien heiter 'Kurt'. No må eg berre få meir frø i jorda og passe godt på med vatn.

På ettermiddag har vi vore på fjorden med båten.  Mulig vi skulle reist ut på formiddag, for då var det vind(og regn). På ettermiddag hadde vi sol og det var litt varme , ikkje så ille det heller.  Men det blir beskjeden segling når det er vindstille...

Admiralen til rors. Her har eg fått tilbake kvilepulsen etter at mannen fekk meg til å legge frå kai for første gong!

fredag 26. mai 2017

Fredagsglede

Det regnar ute. Masse. Eg skal nok ut etterkvart lell, for det er ikkje så ille med rette klær og innstilling. Inntil vidare ryddar eg inne og skal snart ete lunsj. Fri på ein 'inneklemt' dag er skikkeleg luksus!




Fleire fredagsgleder:

  • Peonar på alle bord i stova
  • Eg har kjøpt jordbærplanter.  Treng berre litt tid, sol og varme , så kan eg plukke jordbær i eigen hage
  • Glimt av sol ute
  • Te i ein fin kopp
  • Planlegge middag, kanskje blir det pizza idag? 
  • Tid til å lese
  • Tenkjer på kva vi skal gjere i Oslo om nokre veker.  Bortsett frå å gjere lite, lenge!  

torsdag 25. mai 2017

Morgenstund

Eller formiddag? Kjem vel an på kven som blir spurt. I går var eg så trøytt etter (sein) middag at eg sov 1 t på sofaen, og vakna ikkje før i 21-tida... Var litt spent på om eg fekk  sove i natt.  Null problem!  No har eg såvidt gjort ferdig frukosten,  og skal drikke opp ei kanne te, før eg vurderer vidare plan for dagen.

Dagens tekopp

Eg les om igjen bøkene eg har lese før i Jan Guillou sin serie om forrige århundre si historie.  Det passar veldig godt med langhelg, men eg kunne godt tenkt meg sol og varme, slik at eg kunne sitte ute og lese.

tirsdag 23. mai 2017

Vekestart veke 21, bildedryss frå siste veka

Det foregår lite blogging for tida. Så lite at eg lurer på om eg må slutte med vekestarten min, for no har eg gløyt den fleire gonger. Men idag skal du få!

Eg tenkte eg skulle gje deg nokre bilder frå sist veke, slik at du ser kva eg driv med når eg ikkje bloggar. Eg sitt ikkje berre heilt stille i sofaen og tenkjer djupe tankar. Eg fartar litt rundt også.
Men først eit dikt av Ragnar Hovand. Det er mest til mannen, også tidvis omtala som "herre og mester", han syns innimellom det blir sagt med litt mykje ironi på stemma. Han hadde fødselsdag på søndag, då var eldsteson tilbake i Kongens klær, yngsteson på "Unge produsenter"-samling og mor på husmorferie. Vi hadde organisert gåve, og eg huska ringe han og seie gratulerer med dagen, men selskap var det dårleg med. Difor må han få eit dikt no:

Eg veit ikkje, eg

Eg veit ikkje
kven eg er
eller kor eg kjem frå
eller kven mor mi og far min er
eller kva eg skal ha til middag
eller når eg har fødselsdag
eller korfor eg sit her
eller kva katten og hunden seier
eller kva farge det er på himmelen
eg veit berre
at det er deg eg vil kysse
akkurat no
Ragnar Hovland 

Det er ikkje verst å vite det, etter over 20 år ilag!

Det har vore 17.mai, med russ i huset. Russen merka vi lite til, og dagen vart feira med kaker og baccalao(ikkje is og pølser), samt tog og flagg og bunad. Iår hadde eg nye, gode bunadssko, og slapp heilt unna gnagsår.
Klar for frukost!






I helga var eg på ein liten miniferie. Ein ettermiddag i eit vårleg Oslo, Varmt og godt, grønt og skjønt. Laurdag på Afternoon tea-party i Drammen, med tema tiara og perler. Då gjeld det å ikkje vere feig i pyntinga! Triveleg lag, nydeleg pynta bord og god mat. Og høge hæler og tiara på hodet!

Grønt og solrikt i Slottsparken
Festbord

Må pynte seg når ein kan!



I går skogtur, det byrjar bli grønt. Den aller nydelegaste lysegrønne fargen på trea, kvite tepper av kvitveis, fuglesang, våte myrer og gode sko. Perfekt kombinasjon.



Idag har eg fått sett i potter både blomkarse og erteblomtplanter eg har fått. Eg har leita fram pallekarmane mine, no gjeld det berre å få fyllt dei med jord og sjå om eg finn igjen frøpakkene mine.


Og til slutt idag har eg vaska to bunadsskjorter, og tenkjer at no er tida inne til å sitte i sofaen, og det blir utan å tenkje særleg djupe tankar!
Ha ei fin veke!

mandag 15. mai 2017

Det er ikkje berre meg?

Eg kikka til sides då eg køyrde inn i eit parkeringshus idag, og dama i bilen attmed hadde gjort akkurat det samme som meg: billetten mellom tennene! Altså er det ikkje berre eg. For kvar skal ein gjere av billetten til ein får lagt den i lommeboka?! Legg eg den ned, er den heilt sikkert borte vekk før eg får lagt den på ein trygg stad. Men eg gløymer den ikkje i munnen. Trur eg.



Kva gjer du med parkeringsbilletten på turen frå automaten til bilen?

tirsdag 9. mai 2017

Det er ikkje gull alt som glimrar!

I kveld har eg kosa meg! Eg har stort sett vore heime åleine, eg har hatt fjernkontrollen for meg sjølv (ikkje at eg trong den, eg trong berre ein kanal! NRK1) og eg tok fram tiaraen min (retting: ein av tiaraene mine) Derav overskrifta, for det er nok verken gull eller edle steinar i min tiara... men den sette stemninga for kvelden.


Eg har sett NRK si sending frå kongeparet si 80-årsfeiring!

(Heldigvis kom eg på å ta av meg diademet før eg skulle ein snartur på butikken for å kjøpe brød, i ei pause i sendinga, kjent som Dagsrevyen for mange. Særleg sidan eg møtte ein kollega på butikken. Haha)

Eg har skratta, vorte rørt og kjent med glede over at vi har eit slikt kongepar. Eg har fnist litt over barnebarnet som stilte seg midt på slottsbalkongen, mellom kongeparet, og ikkje minst kronprinsen som ga alt i bukke, nikke, danse i fødselsdagssangen. Eg har fryda meg over talen til Bjarte Hjelmeland, som var personleg, og samtidig noko eg kunne kjenne meg igjen i. Eg har høyrt på dronning Margrete sin tale og vorte imponert over kunnskap om kongeparet og Norge, og ikkje minst norsk språk! Eg har høyrt kongebarna tale til foreldra sine, og høyrt nye ting om begge partar.
Eg har beundra kjolar og bunader, og vore litt kritisk til enkelte hårfrisyrer. Junior var så vidt innom, og slo fast at dette passa ikkje han! Han gjekk for å øve på kontrabass til tentamen på torsdag. Han om det! Eg har sett på smykker og tiaraer, og tenkt at noko er pent, og andre ting er meir spesielle... Men at folk har pynta seg, det er det ikkje tvil om!


Det har vore ein festdag for ei som hadde utklippsbok med Martha og Haakon då eg var lita! Akkurat no fann eg den ikkje att, det var dumt, men med min rot i systemet, kjem den vel fram att.
Og min tiara er både mindre og meir diskret enn Sonja sin, det er berre å innsjå at eg blir stilt i skuggen. Men det er heilt greit!

mandag 8. mai 2017

8.mai

8.mai, ein dag for flagg og takksemd. Over å bo i eit land utan krig, over å ha det godt, takksemd til dei som har gjort ein innsats for freden, både då og no. Men og for ettertanke, refleksjon og tankar på dei som ikkje bur i fred, som ikkje får hjelp... Og aktualisert av å ha ein son som brukar kongens klær i år. Store tankar!

Eg tenkte å dele litt frå farfar (som eg kalla Far) si dagbok frå 8.mai 1945. Eg huskar at han skreiv dagbok, også då eg var lita, men eg las dei aldri. Pappa, som var 10 år då krigen starta, har skrive ned nokre av sine minner frå krigen for årboka for historielaget heime i 2016. Der har han tatt med det Far skreiv i 1945. (Og kan det vere alderen? Eg har mykje større glede av slike bøker no enn før. Eg har byrja kjøpe bøkene om området vi bor i, i Trondheim. Mykje interessant om nærmiljøet. Men det mest interessante er frå det området der eg voks opp, kjente plassar, kjente folk, meir eller mindre, og ukjente historier)


8.mai 1945 skriv Far:
"Så har vi altså visshet, det er fred. Tyskland har gitt opp alt, også Norge. Etter fem lange år under tysk besettelse er vi endelig fri, og i hele Eutopa er det fred, det er nesten så det er vanskelig å tro at det er sant, for det har sett ut som tyskerane kom til å forsvare seg til siste mann overalt. Norge er i alle fall spart for mye elendighet og ødeleggelser. Alle som har flagg bruker det idag, ingen arbeider, de som arbeidet først på dagen sluttet etter hvert som nyheten om fred sprer seg. Fra London er det opplyst at 8.mai 1945 skal være alminnelig festdag for hele Europa ti minne om krigens slutt. Begeistringen øker, etter veien går flokker av barn med norske flagg og roper og synger."

Eg syns han beskriv mykje, men ganske nøkternt. På den andre sida, kva ord skal ein bruke? Etter 5 år i uvisse,  med små ungar, gard, motstandsarbeid, fortviling og håp som brast. Eg skulle ha spurt han om så mykje, men det er for seint. Samtidig er eg ikkje så flink å spørje mamma og pappa, som begge opplevde krigen, heller, det må eg bli!



Vekestart og dagens middag

Dei siste vekene har eg vore flink, laga middagslaner på søndag og skrive milelange handlelister som eg har tatt med ut på måndag. Eg passar på å notere det som går tomt, slik at eg huskar at det er tomt for knekkebrød og dusjsåpe også, det er iallfall det som er tanken... Det er på mange måtar veldig mykje enklare når eg kan sjå på ei liste kva vi skal ha, og eg har det eg treng i huset.

Plana for sist veke
Men det er klart, av og til stemmer ikkje kart og terreng. Sist veke vart det ikkje baconsurra indrefilet på fredag, derimot vart det restar av pølsegrateng i full fart, før dei andre stakk ut med båten. Eit pluss det altså, vi åt opp ein rest før den var inntørka og trist (for nokon har framleis litt tungt for å huske at vi er 3 som et middag heime no, og ikkje 4. Korleis det skal bli til hausten, når vi er berre 2 igjen, får vi ta når den tid kjem. Det kan vere det blir mange restemiddagar)
Og igår vart det ikkje "noko med fisk", det vart pulled pork og grilla grønsaker, med heimebakte briochebrød og råkostsalat. Riktig så godt, og vi måtte jo teste den nye grillen.



Igår vart det heller ikkje skrive noko ny middagsplan... men handleliste med mange gode forslag vart det laga, og den har eg brukt idag. I tillegg til at eg har vore innom nokre nettsider med tips. Så idag vart det pai med laks og spinat. Eg er ikkje veldig god til å følge oppskrifter, eg tek dei som eit utgangspunkt. Så i tillegg til spinat, vart det vanleg løk, raudløk, vårløk, ein liten bit (sliten) purre, ein rest fennikel, eggestand og på toppen riven parmesan og sveitt jarlsbergost. Og med råkost til, vart det "noko med fisk" idag. Og i løpet av kvelden skal eg lage ei ny middagsliste med utgangspunkt i det vi har i skuffer og skap og det eg handla idag! Trur eg.


Det passar godt å sitere D.W Eisenhower:

"Plans are useless, but planning is indispensable"
(Planer kan ikke brukes, men du kan ikke klare deg uten planlegging!)

Ha ein fin måndag, med eller utan planer.

søndag 7. mai 2017

Vår og nye klær!

Idag skal eg prøve meg som moteblogger! Eller det er ikkje sikkert det er mote, men det er iallfall om nye sko og klær.

Eg er glad i sko, veldig glad. Enkelte kritiske røyster hevdar eg har fleire enn eg treng. Eg forstår ikkje akkurat det?! Eg meiner, ein treng sko til dårleg rygg, sko for solfylte dagar, sko som er fine å sitte med, sko for segling, sko for skogtur(både is, gjørme og tørr sti). Nokre sko er for lange dagar i storby, andre er for lange dagar på jobb. Gule sko og raude sko, sandaler, sko med hæl og sko utan høg hæl. Vintersko og vårsko.

Eg var i Tromsø i mars, det snødde! Masse! Eg kjøpte vårsko og sandalar hos ein fantastisk skobutikk, eg kunne gått der heile dagen! Sandalane er ikkje i bruk enno(det haglar her idag...) Dei hadde eigen skopose!!! Kan det bli betre?
Men vårskoa er i bruk, dei er enno betre enn eg trudde!
Grå vårsko, fine til bukse eller skjørt eller kjole.
Det beste er at dei er gode å gå med.

Sko med eigen pose! Ekstra grunn til å kjøpe!

Kjole høyrer med til våren, eg har ein ny med små blomster, og ein eg fann på salg i vinter, som berre ventar på ein varm dag i sola!

Sommarkjloe, passar fint med dei grå vårskoa mine!


Denne kjolen, funne på salg, ropar på gule sko!

Men trass alt, det er vår enno, og enkelte ting kan ein ikkje kjøpe for pengar. Kvitveisen lagar tepper i skogen og skaper stemning på frukostbordet!
Alt handlar ikkje om penger. Heldigvis!

Mannen fekk forresten kjøpe seg noko nytt igår han også! Grill! Idag saktegrillar vi svinenakke, det ser lovande ut og luktar godt!
Krevde berre nokre få timar med skruing og lesing av bruksanvisning...

torsdag 4. mai 2017

Skogen

Det er klisjear i kø, lave skuldre, mindfullness, lite folk, is, gjørme og snø, våt myr. Islagt vatn. Fuglesang, tinnitus tek ei pause når eg går i skogen. Skitne sko, som no står nyvaska og til tørk på badet. Det var sjokoladepause på ein benk. Motbakkar, tung pust og svett rygg. Nedoverbakke og varm sol i ansiktet. Kvitveis i skogkanten. Gule tepper med hestehov. Lukta av snø som smeltar.
Skogen altså! Eg må tilbake, snart!





onsdag 3. mai 2017

Vekestart veke 18

Eg er her. Men livet går litt fort. Forkjølinga sitt i, idag hadde eg mange planer, men etter avislseing og tedrikking i sola, har eg sove og sett tv. Ok, så blir vel ingenting av det eg skulle gjere borte (bortsett frå klesbrettinga, som mannen tok) men dagen vart litt borte...
Tekopp i sola!

Litt bråkete med gravemaskin
rett framom der eg sitt og les...



Jeg hadde så store planer

Nå vil jeg bare spise melon og eksistere

kanskje ha en som kysser meg på pannen
en gang i blant

Eiril Nås Høistad


Heldige meg har nokon som kysser meg på panna! Og i morgon har eg fri, det blir godt. Kanskje eg får gjort noko med lista mi då...