Eg er glad i sko, veldig glad. Enkelte kritiske røyster hevdar eg har fleire enn eg treng. Eg forstår ikkje akkurat det?! Eg meiner, ein treng sko til dårleg rygg, sko for solfylte dagar, sko som er fine å sitte med, sko for segling, sko for skogtur(både is, gjørme og tørr sti). Nokre sko er for lange dagar i storby, andre er for lange dagar på jobb. Gule sko og raude sko, sandaler, sko med hæl og sko utan høg hæl. Vintersko og vårsko.
Eg var i Tromsø i mars, det snødde! Masse! Eg kjøpte vårsko og sandalar hos ein fantastisk skobutikk, eg kunne gått der heile dagen! Sandalane er ikkje i bruk enno(det haglar her idag...) Dei hadde eigen skopose!!! Kan det bli betre?
Men vårskoa er i bruk, dei er enno betre enn eg trudde!
Grå vårsko, fine til bukse eller skjørt eller kjole. Det beste er at dei er gode å gå med. |
Sko med eigen pose! Ekstra grunn til å kjøpe! |
Kjole høyrer med til våren, eg har ein ny med små blomster, og ein eg fann på salg i vinter, som berre ventar på ein varm dag i sola!
Sommarkjloe, passar fint med dei grå vårskoa mine! |
Denne kjolen, funne på salg, ropar på gule sko! |
Men trass alt, det er vår enno, og enkelte ting kan ein ikkje kjøpe for pengar. Kvitveisen lagar tepper i skogen og skaper stemning på frukostbordet!
Alt handlar ikkje om penger. Heldigvis! |
Mannen fekk forresten kjøpe seg noko nytt igår han også! Grill! Idag saktegrillar vi svinenakke, det ser lovande ut og luktar godt!
Krevde berre nokre få timar med skruing og lesing av bruksanvisning... |
for noen flotte kjøp! og alle burde ha både røde og gule sko!!!
SvarSlettTakk og takk! Og visste du ville forstå :)
SlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Slett