Viser innlegg med etiketten tenåringsmor. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tenåringsmor. Vis alle innlegg

onsdag 14. mars 2018

Ingen ting varer evig!

Idag har eg gjort noko eg har grua meg til! På ein heilt vanleg onsdag, midt i mars, har eg endra teksten i profilen min på bloggen. Eg har endra eit ord. No står det mor, ikkje tenåringsmor.

Fotograf: tante Margrethe

Det fordi begge desse muntre, unge mennene har vorte over 20 år! Eg har ikkje tenåringar lenger. Det er SÅ rart. Eg var førebudd. Dei har jo flytta ut også. Men iår er første gongen minstemann ikkje feirar heime og det samtidig som han fyller 20.

Jaja, livet. Det er slikt som skjer! For 20 år sidan hadde eg ein sint, liten kar som var svolten. Han kom litt etter planlagt tid, heime hadde vi ein liten storebror. Det gjekk i full fart i fleire år. Eg har vore spebarnsmor, småbarnsmor, skulebarnsmor, storbarnsmor og tenåringsmor.

No står det mor i profilen min, og sjølv om eg no slepp både klesvask og matlaging til desse to, slik til dagleg iallfall, heng nok bekymringane i mammahjertet igjen i mange år enno! Eg skal framleis lure på korleis dei har det, slik inni seg. På om dei søv nok, har huska den fristen, om dei trivst, treng nye sko eller et nok fisk. Eg har ingen som ropar på eit glas vatn etter at han har lagt seg. Men kva dei har tenkt å gjere i helga og kven dei er saman med? Kjenner eg venene deira? Kjenner eg foreldra til venene? Eg treng ikkje plukke legoklossar, men har dei søkt sommarjobb og kva skal dei til hausten? Erfaring frå eigen oppvekst, viser at denne fasen vil vare lenge (for meg altså)!

Gratulerer med dagen, junior!
Og så får eg stole på at det meste av lærdom er på plass, og at dei har strøm på mobilen, slik at dei ringer heim om det er noko.

søndag 25. februar 2018

Jazzcamp og fullt hus

Ofte er det ganske roleg heime hos oss. Mannen og eg har stort sett oversikt over planene for dagen, og kven som skal kva, når. I profilen min står det tenåringsmor, men det gjeld berre 3 veker til. Då blir yngstemann 20 år, og det er litt rart... Men akkurat no får eg testa ut om eg enno er fleksibel og kan snu meg rundt i ein fei!

Musikkjunior har hatt vinterferie, iallfall slik av og til, denne veka. I morgon er det opptaksprøve for vidare skulegang, og dit er det fleire enn han som skal. Den som bur i nærleiken av slike opptaksprøver, kan drive ein slags jazzcamp eller "mors bed and breakfast m/øvingsrom og servering av middag" om ein vil. Og besøk og liv i huset er kjekt, så velkommen til oss!
I går kom ein ekstra kontrabass i hus, med musikar, og idag kom ein trommis med deler av trommesett (det heiter sikkert noko anna?) Vi har hatt elggryte til middag og til frukost var det eltefrie rundstykker. Alle skulle få enkeltrom, og kølapp til badet. I tillegg får eg gå til jobb i morgon, for eg driv visst utleige av bil også! Og det var jo litt dumt at det var akkurat no "lille, grønne lynet" fekk behandlingsstopp og er avskilta og ligg avkledd hos ein hoggar...

Etter ein samtale med ingeniørstudenten, som har hatt reunion med kompisar frå militære og gått på toppturar heile helga, har vi gjort om på romfordelinga. For han hadde tenkt å komme innom i natt, og hadde lovt seng til ein som skal ta første flybuss i morgon tidleg. Vi har altså utvida til bed and breakfast, (nesten) ski in/ski out. Godt vi har ekstra dyner, feltseng, brød i frysaren og hjarterom!

Og enno har eg igjen ein sovesofa og i verste fall ein madrass til å sove på stovegolvet, om du skulle vere i nød. Litt usikker på om huset kjem til å sove i natt, det kan vere dei første står opp før dei siste legg seg.


Men tidleg idag, då var det eg og ein bukett tulipaner i februarlyset! 


torsdag 7. september 2017

Kvardagen etterpå

I snart 21 år har eg vore mamma. Det har vore så mange fine stunder, og nokre ganske slitsomme. 
Eg tenkjer av og til på den dama eg møtte i butikken då minstemann var nokre få månader og storebroren ca 2 år. Vi skulle handle mat, ein ville gå sin eigen veg, den minste ville ha mat, helst for 5 minutt sidan, mor var svett. Så seier dama: «ta vare på denne tida, og nyt den, den går så fort!» Det kjentes ikkje slik ut! Og eg lengtar ikkje tilbake, men at tida har gått fort er heilt sikkert!

Dei siste to åra har berre ein budd heime, det har vore ei slags nedtrapping. Men ei natt eg ikkje fekk sove, oppdaga eg at eg låg og venta på at nokon skulle låse opp døra så stille som råd, på veg inn litt seint på natt. Så kom eg på at det skjer ikkje no. Dei har flytta!

Det er ikkje veldig lenge sidan ungane forlot redet, berre eit par veker. Og eldstemann bur i byen og stikk innom i ny og ne, når han manglar slips eller har gløymt finskoa sine, men han har klart og tydeleg flytta ut og lever sitt eige liv. Han på folkehøgskule reknar eg med vil vere vanskeleg å halde tett kontakt med dette året! 
Men er det noko som er endra? Slik i tillegg til at det er stillare her? Det lurte forresten yngstemann på også, då han ringte, etter at vi hadde etterlyst livsteikn frå han; "er det stille og rart, eller er det litt som før, berre at vi ikkje kjem heim midt på natta?"

Famnen full! 

Eg saknar ikkje å vente på at nokon skal kome heim, seint på natt, låse opp og snike seg stille inn i huset. Særleg når dei kjem mykje seinare enn eg trudde... Sure sokkar og handkle som har "overvintra" i ein eller annan ryggsekk saknar eg heller ikkje.

Det eg kan sakne er at nokon kjem heim til middag med nytt å fortelje og liv i huset. Å bli presentert for ny musikk, i ein eller annan sjanger eg aldri har høyrt om før ein gong. Å bli invitert med til å sjå ein film, spele eit spel eller finne svaret på ei gåte (som kan gjelde alt frå forsikring av instrument til telefonnummeret til legevakta, det er ikkje snakk om så veldig til quiz altså, mest ting som er akutt der og då) 

Det som kan målast av endring, er for eksempel nedgang i skitne klær. Eg treng snart ikkje vaske klær lenger! Og eg har fått rapport om at vaskekurset eg hadde før flytting, virkar. Det tydar på intelligente, unge menn som slektar på mor si :) hehe! Middagsrestane forsvinn ikkje i same grad som før, kvitosten kan nesten bli tørr og ingen av oss et visst sognemorr eller kokt skinke. Brødet rekk å bli langhåra og juicen litt sur i kjøleskapet. Eg må altså venne meg på å lage mindre middag og kjøpe brød sjeldnare. Når dei kjem heim på besøk, kjem vi truleg til å gå tom for mat! Heldigvis bur vi nært butikk. 

Det er færre å spørje om  praktisk hjelp, som å løfte tunge kasser, skifte dekk på bilen eller slå plena. Færre som kan springe på butikken og kjøpe frukt og lasagneplater medan eg kokar kvit saus, færre til å fylle drivstoff på bilen eller støvsuge trappene. Eg må vel gjere det sjøl, eller sette mannen i sving(trur han merkar denne endringa godt).

Eksempel på ting ein må gjere sjøl når ungane har flytta.
Ja, det er ein skru midt i der...

Det er nok kvardagane med liv i heimen som er den største endringa...det er mindre liv med to som gjerne søv middag... 

Men eg venner meg på det. Sakte, men sikkert. På ein måte har eg jobba fram til denne dagen, meir eller mindre bevist. Eg har jo visst dagen skulle komme. Men den har vore så langt fram. Det har vore dagar der eg har sett fram til det, dagar med legoklossar over alt, krangling, høg musikk og middag som ikkje fall i smak. Grønsaker med feil farge, smak eller lukt. Då har eg tenkt at det går over, men det er lenge til. Eg har kanskje tenkt at det blir stille også, og at det ville bli godt. Men det var så mykje anna vi skulle først. 
Først skulle vi jo lære dei å ete og sove, så skulle dei lære å prate og gå, og etterpå vere stille og sitte i ro. Dei skulle i barnehagen, lære å vente på tur, spele spel, sykle og vere med på fjelltur, med og uten meis og pulk. Skulen skulle komme, ny skule og så endå ein. Men det var enno lenge til dei skulle ut og fram åleine, tenkte eg. Dei skulle jo lære å lage mat og smøre matpakker, velge rett klær etter været. Oppleve å klare sjøl, og av og til måtte be om hjelp. For enno trong dei mamman sin, til å svare på ting. Finne plaster og to like sokkar, sy i ein knapp. Dei skulle finne vener, og oppdage at ikkje alle er like, og korleis ein lever med det. Dei skulle vere ein del av kjernefamilien og storfamilien, nabolaget og samfunnet. Spele musikk, finne sin musikk og sitt instrument. Finne seg sjøl, meir og mer(det er ikkje så fort gjort. Av og til leitar eg fortsatt, etter meg sjøl altså) Dei skulle kjørast og hentast, lære å gi beskjed og halde avtalar. Men enno hadde dei base her, hos oss. Eg hadde eit ord med i laget, mine reglar gjaldt, likte eg iallfall å tru. Dei frigjorde seg meir og meir, tøydde strikken og grensene, tok ein diskusjon eller to, men enno budde dei her, under vårt tak. 

Innhaldet i kjøleskapet er veldig likt frå dag til dag!

Når #morstutogkjør ikkje har oppdrag lenger... då vart det strikking

No har dei flytta, begge to! Eg trur det vil gå bra med dei. Eg trur dei klarer seg, kanskje har eg gløymt å lære dei alt dei treng, men alle bør oppleve å farge kvite handkler rosa eller krympe ein ullgenser eller to. Då sorterer ein vasken betre seinare! Eller at å snu seg vekk medan ein varmar mjølk eller steiker pannekaker ikkje er så lurt. "Learing by doing" har mykje for seg. Og eg er jo her, klar for spørsmål om gjærdeig og koketid, klesvask og middagstips. Ein prat om kjærleikssorg eller eksamensnervar, husleige eller busskort. 


Om ikkje så lenge må eg oppdatere introen om meg på bloggen, for då er eg ikkje tenåringsmor lenger. Eg må finne nye ting å gjere, for no har eg tid. Vi seglar, eg les masse bøker, går meir tur, men eg har tid til overs. Kanskje blir det korsang? Eller meir fast trening. Kven veit? Tida vil vise! Enno må eg venne eg til å ha eit snev av "empty nest syndrom" (tomt rede-syndrom) og så får eg fylle reiret med andre ting!

Og eg gler meg på besøk! Eg skal stille med gode senger, nykokt kaffe, nybakt brød og heimelaga syltetøy! Ønskemiddag og god tid! 

tirsdag 5. april 2016

Vekestart veke 14

Litt på etterskot med blogginga. Eg har mange tankar om kva eg skal fortelje om og skrive om, men det blir liksom ikkje. Eg skal berre først, lese avisa, sette på ei vaskemaskin, snakke med mannen, vere på jobb, lage middag etc...og så er det kveld, og ingenting er skrive eller lagt ut!

Men idag skal du få eit lite livsteikn! Det er tirsdag, og du skal få eit lite dikt med deg ut i resten av veka. Eg skal fortelje deg om gleder og bekymringar.

I helga hadde vi mykje god mat; bacalao på laurdag. Med fine folk på besøk, og rikeleg med mat, må det jo berre bli bra. På søndag gjorde eg eit forsøk, eg fann andebryst på tilbod for ei stund sidan, og tenkte at det kunne vere artig å prøve. Litt googling og lesing av koebøker, god tid ein søndag og vips(nå ja, vips og vips...) hadde vi andebryst, med appelsinsaus, bakte rotgrønsaker, løkkompott og potet! Fekk ros av resten av familien, og det kan fort bli laga flerie gonger.
Klar for å lage bacalao

Søndagsmiddag


Sist veke hadde eg ein spennande avtale med hjelpemiddelsentralen og bedriftshelsetjenesten, der eg skulle få opplæring i det nye hørselstekniske hjelpemiddelet(slike ord kan skremme kven som helst) mitt. Eg hadde så vidt prøvd det før, men no fekk eg med meg Roger heim(Roger-pen, høg og mørk, nok ein mann i livet mitt. Oppladbar og lyttande!) Det vart mykje informasjon, masse utstyr og spennande oppleving av å høre "nye" lydar. Eg vil aldri få tilbake hørselen på venstre øre, så alt som gjer at samtale kan gå greit sjølv om det er støy rundt er gull! Roger er ein mikrofon som den som pratar kan ha hengande rundt halsen, den kan ligge på bordetnår det er møte, eller eg kan peike den mot den som snakkar. No treng eg berre rutiner for å lade streamer og Roger og huske å skru på dei ulike delene etter kva eg brukar, for elles virkar det ikkje. Så no testar eg ut i lunsjen på jobb, i bil, på tur, på trening etc, og har langt igjen! (og eg må finne ein stad til alle ekstra ledningar, koblingar, bruksanvisningar osv slik at eg finn det igjen når eg står fast.)
Eg skal skrive  meir om Roger når eg har meir erfaring.
Ladestasjon(Roger til høgre)
Idag har det også vore ein spennande dag. Minstejunior hadde oppkjøring for lappen! Det er skikkeleg spennande medan ein ventar på å høyre korleis det går, og det var fint for mamma´n å få melding om at lappen var i boks! Men spenninga varer jo, for han tok bilen og stakk ut etterpå! Og slik blir det vel framover...junior kjører og mor formanar! Kjør etter forhalda, ikkje kjør når du er trøytt, ikkje køyr for fort +++ Og eg har forresten fått ein telefon med ein kommnetar eg ikkje hadde venta idag; mamma som ringte og refererte til noko eg hadde skrive på Facebook! Slik går det når mor på 80 får nettbrett og Facebook-profil i gåve.

Vekas ord passar godt no på våren, snart vil alle fuglar forsvare reira sine og sleppe små kladasar rett ned på den som ikkje passar seg:

Burde man ikke nikke
tilfreds, og glede seg litt,
hver gang man nesten, men ikke, 
blir truffet av en fugleskitt. 
-Dag Evjenth

Det er jo vår i lufta. Snøen har nesten forsvunne, på søndag åt vi lunsj på terrassen for første gong i år(og eg har vorte snørrete og sår i halsen) og det er fuglesang og tid for lettare klær!

Lunsj i sola(og god bok!)

Ha ei strålande veke vidare!

søndag 4. oktober 2015

Vekestart veke 41

Eg føler det litt som eg er ferdig med første veke av haustfeiren, og skal byrje på veke to. Det er naturlegvis berre tull, for eg har ikkje haustferie i det heile tatt, men ungane har. Kvar si veke, faktisk. Eldstemann har vore heime ei veke frå folkhøgskule, og reiste igjen idag. Det var kjekt å ha han heime, og rart at han reiste igjen. Eg skal få tilbake kvilepuls når eg veit han er vel framme. Yngstemann byrja haustferien no, og det trur eg var etterlengta og nødvendig! Det har vore fullt kjør og stor innsats, lite søvn og musikk til alle døgnets tider, og konsert på skulen torsdag før ferien. Som sagt, eg trur ferie kan vere bra.
Og sjølv om eg ikkje har ferie sjølv, gjer det noko med rytmen i huset når det er nokon som har fri. Det smittar litt på oss andre. Det blir litt betre middag, kanskje kake til dessert, eller iallfall dessert. Vi ser ein film eller ein serie saman, et middag litt lengre enn vanleg og det blir kveldsmat ved pådekt bord. Trur det er både sunt og godt! Sjølv om det blir litt lite søvn på oss som skal opp om morgonen... (og sidan eg har vore heime med operasjonssåret mitt, fekk eg ei litt rolegare rytme eg og, om eg ikkje hadde feriekjensla)
Formen er mykje betre! Det klør i såret, det betyr vel at det gror?! Og det klør i plasteret...det må eg vel berre godta... Eg er litt øm, men det er vel ikkje så rart, det er skrudd inn ein skru der! Men smerter har eg ikkje, nesten rart. Ikkje vises det heller, for håret mitt dekker alt av sår og plaster. (og frykten for hårvask viser seg nesten ubegrunna, det hjelper med tørrshampo! Ei niese foreslo forresten at eg kunne bruke hatt no, dersom eg ikkje klarte fikse håret som eg ville. Eg har ikkje heilt tatt av på den, men lue er fint ute iallfall)

Natur og lue!

Oktober er her! Det er fint, og vedmodig. Eg likar godt hausten, når den først er her. Eg er berre ikkje så glad i å tenke på at den kjem, med surt vær, kulde, mørkare dagar og tre som mister blada. Men no, når den kjem gradvis, med farger, tid til å fyre opp og å tenne levande lys, er det ikkje så verst lell.

Myr i oktober

OKTOBER

Oktober går over jordene
en maler med spann og koster
som klatter litt rødt og litt gult og brunt på bladene
Han har et vennlig resignert blikk,
som om han er bror av undergangen

Nå har han fargelagt morgenen rosa,
fjellene, de dype dalene og lagt noe blågrønt i fjordene
går han hjem og setter seg ved kjøkkenbordet
Teller dagene som er igjen av året,
renser penslene og drysser noe hvitt på paletten

Der skal de få ligge
til frosten hugger rimspor i asfalten og på markene
Da er han frampå igjen med et bedrøvelig smil,
en melankolsk kost som børster vekk løvet
og sparkler verdens ensomhet
med hvitt kitt og frostroser i pannen
(Truls Horvei)

"litt rødt, og litt gult og brunt på bladene"



Og i kveld er det Downton Abbey igjen. Eg skal sette meg vel tilrette i sofaen og la meg underhalde av intriger, spennande personar, fine klær og herskapelege interiør, fjernt frå min kvardagen!

torsdag 13. august 2015

Førstemann ut av reiret

For 19 år sidan gjekk eg gravid. For første gong. August for 19 år sidan var varm, og eg gjekk mykje i ein ruta kjole huskar eg. Eg var ganske trill rund, sjølv om termin ikkje var før oktober. I brukbar form, men med litt ryggtrøbbel(det er ikkje noko nytt altså) Eg hadde ein roleg skatt i magen. Eg viste ikkje kven. Eg viste ikkje at det var min eldste son som vaks og trivdes der inne.
Eg var spent! Eg hadde 6 tantebarn allereie, så eg var driven som barnevakt og beleiskiftar. Men ein eigen baby som skulle komme og vere hos oss for noko som virka som alltid?!  Det var ei viss mengde skrekkblanda fryd!
Eg(vi) bygde reir. Vi henta vogga hos svigers, den er laga av kyrkjeplank og i den har både far, farfar og oldefar ligge. Eg kikka på klær, strikka ei bittelita jakke i gult ullgarn, Vi fekk ei gammal vogn som eg trekte om inni. Vi lånte utstyr. Eg skreiv lister over kva eg trudde vi trong og snakka med andre om kva som var lurt. Eg las bøker. (Heldigvis kanskje fanns ikkje O-store-internett, for der hadde eg nok fått vite meir enn eg trong...) Vi meldte oss på fødselsførebuande kurs. Vi fulgte med på magen som voks, når på døgnet junior var aktiv, vi venta!
Så kom prinsen! 
2 dagar gamal omtrent
Han la beslag på mykje av tida mi, for ikkje å seie all… Han sov ikkje vekk det første leveåret sitt, sukk, han har ikkje sove vekk tenåra sine heller, for den del. Men han var jo det finaste vi kunne tenkje oss. Og vi vart kjent, ting gjekk seg til. Lillebror kom og vi vart den familien som har delt kvardagar saman i mange år!

For 17 år sidan gjorde eg klart til oppstart i barnepark. Han trong ikkje så mykje nytt, men sekk og matboks var viktig.
For 16 år sidan var det barnehagestart. No trongs det meir klær, merking av utstyr, ny sekk og ny kvardag.
For 13 år sidan var det skulestart. Noko nytt igjen! SFO, etterkvart fritidsaktivieter. Så vart det ungdomsskule, videregåande, nye vener, nye fag, nye krav.
Men alle desse gongene har han vore heime her hos oss, vi har gjort endringane saman. 
1999


No gjer vi klart på nytt. Det er nye lister. Det er innkjøp av klær, vogn treng vi ikkje(og han skal ikkje ha med bil, sjølv om han har lappen no) Eg kjøper sengetøy og handklær. Eg merkar klær. Vi snakkar om pengar, det er søknad til lånekassa som skal fyllast ut. Det er nye tider! Han skal flytte! Byrje på folkehøgskule. Det er snart berre få dagar igjen til vi skal kjøre han og reise heim utan han… Berre nokre dagar til det berre er lillebror som bur heime. Ei veke til ein ny kvardag for både han og oss... Vi grugler oss, alle saman.  
Han skal gå ekstremsportlinje,  han starta treninga tidleg!
Ca 1999
Vi skal alle gjere noko nytt. Og vi skal ikkje ha alle kvardagar saman lenger. Sukk! 
Eg håpar han får det supert! Eg trur eg klarer finne meg til rette med det ny livet. 
Men dette er ein overgang!

torsdag 12. februar 2015

Brutal realitetsorientering

Junior er russ i år. Det har vi ikkje merka så mykje til. Men det vi har merka er at han må finne noko å gjer etterpå, til hausten. Militæret meldte seg på, og folkehøgskule. Det blir folkehøgskule.

Etter  fundering og lesing av broskyrer, som forresten er på nettet og ikkje fine, på glansa papir med masse bilder av sunn ungdom som gjer artige ting, slik det var før. Eller forresten, før, altså då eg søkte  på folkehøgskule, i 1984, var det vel matt papir…Ikkje fargebilder heller, faktisk få bilder! Altså etter å ha sett seg inn i linjer og tilbod og snakka med ei tante i bransjen, søkt og fått plass, og hatt ny tenkerunde, skulle han svare ja til skuleplass ein stad og nei til resten.
Då spurte eg dei bevinga ord: "Skal ikkje vi foreldra skrive under?" Og eg fekk eit kort svar: "Nei, nå e æ myndi, dokk ska itj skriv under!"
Hæ?!
Her har eg skrive under på alt mogeleg i alle år, på helsestasjon, hos legen, søknad til barnehage, SFO, musikkskule, trening, søknad om stipend. De har vore mi, og eller pappa´n si underskrift som har opna dører. Og no, etter 18 år, så treng dei ikkje vår underskrift lenger?!

Eg visste det jo, at han er 18 meiner eg, men eg hadde ikkje tenkt så mykje på det. Det er jo forsåvidt dette vi har jobba mot, å få ein sjølvstendig ung mann som ordnar opp, men allereie no? Kan ein bli vant til det? Slik at eg ikkje blir like forundra når nestemann fyller 18 om eit års tid, meiner eg.

Kjære de som tek inn nyblitte myndige: kan de ikkje lage eit lite felt nederst der foreldre skal skrive under? Med lita skrift kan det stå at underskrifta ikkje har noko praktisk eller teoretisk betyding( er det lita nok skrift klarer vi ikkje lese det, dei fleste av oss brukar ikkje dei aggresive brillene heile tida) slik at overgangen ikkje blir for brå? Berre eit forslag frå meg, altså.


mandag 19. januar 2015

Der det er stille, skjer det lite

Her skjer det mykje!

For nokre år sidan bygde vi på huset. Vi har mange halvplan, etasjer og små rom, I kveld kjenner eg at sjølv om den første arkitekten ikkje likte det slik, likar eg at det er slik!
I kjellaren i nybygget jobbar mannen med å lage musikk- og øverom. Av og til høyrer eg ei sag, hammarslag eller rett og slett musikk opp til meg.
Ei høgde opp, på rommet sitt, øver sekstenåringen på leksa si. Han øver skalaar på elbass, når han då ikkje svingar innom "Over the rainbow" eller "The chicken".
Endå ei etasje opp sitt attenårigen på tvstova og øver til framføring av særoppgåva i norsk. Han øver saman med ein kompis, det er latter og frustrasjon om kvarandre. Og naturlegvis har dei på musikk også, det høyrer eg sjølv om døra er igjen. Den blir jo opna av og til for å snike innom kjøkkenskapa etter noko å halde blodsukkeret opp med!
Ei halv etasje over der igjen sitt eg, og eg treng ikkje musikk! For av og til kjem minste junior innom for å øve litt på kontrabassen som er i stova…i tillegg til alt det andre eg høyrer.

Det er ikkje stilt, det skjer ein masse, eg kosar meg! Det er vel så artig å brette klær og tømme oppvaskmaskina i slikt kav!

Trapper.
Her kjem det masse lyd opp!

tirsdag 30. desember 2014

Pustepause

Jul er mykje fellestid, selskap, måltid, sosialt, iallfall for meg. Idag var dessutan juleferien over, det er tilbake på jobb. Ikkje så veldig slitsomt, men eg kan ikkje sove utan å sette på vekkeklokka først og eg kan ikkje ete frukost utan å tenkje på tida. 
Men no i kveld fekk eg ei lita pustepause. Mannen og junior#2 er på  kino. Junior#1 planlegg nyttårsaften saman med kompisane. Så her er eg, åleine heime!!! Yuhu!
Juletreet blir berre meir og meir skakt...




Hjortehorna lyser i den stille kvelden!

Kva eg gjorde? 
Rydda på kjøkkenet og sette på oppvaskmaskina. Samla saman skitne klær og starta vaskemaskina. Bretta reine og tørre klær og sorterte(medan eg høyrte "Jul i P2") Kledde på meg regnklær og snørte på meg piggsko og gjekk tur. 
No har eg ramla ned i sofaen, skrudd av det meste av lys, nyt lysa på juletreet og frå stjerna. Eg et ananas og klementin.
Kanskje ikkje heilt vill og gal, men eg gjer som eg vil :)

fredag 5. desember 2014

Desemberbilde av ei ferieveke

Eg har ferie, eg må bruke litt meir ferie før året er slutt. Eg har tenkt at dei som ikkje klarer å ta ut ferien sin, er arbeidsnerdar med lite anna enn jobb på planen sin, ikkje nok å gjere på fritida liksom. Feil, det kan vere meg, gitt, som berre har hatt litt mykje å gjere på jobb og som har tenkt at eg skal ta ferien, etterpå...
Men iallfall, eg er heime denne veka. Eg har betre tid. Det er lang frukost i pysjamas, ein tekopp til og lesing av aviser, sakte. Og julemusikk i mengder. Det er godt med morgonar som er berre mine!
Lys i møketida!

Det er dessutan rolegare ettermiddagar, eg er heime når tenåringane kjem heim. Eg får direkte rapport om skuledagen, det som har skjedd. Eg får sett slitne kroppar, svoltne lange slampar som leitar etter noko godt å ete som går fort! Eg får tak i nedturar og oppturar, høyrer namn eg ikkje kjenner, får vite om konsertplaner og prøver. Ei sukk over at det er travelt, ei god historie frå ei matpause eller bussen.
Det er ikkje berre dei små som treng nokon som høyrer etter, tenåringen treng også å bli sett og høyrt.
Eg får lyst å vere meir heime på ettermiddagen, for å få del i dette.

Dette vart dagens adventinnlegg. Alle treng å bli sett!

Dagens julemusikk er "Count your blessings instead of sheep" med Diana Krall. Det er kanskje ikkje den mest typiste julesangen, men eg syns den er så fin. Sett deg godt tilrette og lytt til teksten! Pust med magen og senk skuldrene.



Ha ein fin dag!

mandag 20. oktober 2014

Vekestart veke 43

Etter ei skikkeleg aktiv bloggeveke, er det på tide med vekestart igjen. For 18 år sidan gjekk eg trillrund og venta på at den førstefødte skulle kome. Eg var spent, eg gledde meg og grudde meg, eg lurte på kven som skulle komme og korleis dette ville bli… Og i løpet av veka skjedde det, nokre dagar før termin.
Det kom ein prins med dei brunaste augene, lite behov for søvn, både på dag og nattestid... Ein sosial liten kar, min førstefødte!



Og no er han myndig?! Om berre nokre dagar?! Eg fattar det ikkje… Men når har står ved sida av meg og ser ned på meg, skjønnar eg at tida har gått!

Og til ein ung mann, som er på veg opp og fram, kan trenge nokre kloke ord, saman med eit smil frå mor :


TA VARE

på vennene, ta VARE
på vennligheten, vis gjerne

litt selv om du kan, dagen er blå

og dagen er grønn, dagen

er hvit - det er ikke annet

enn livet det her, vi er alle borte – nå

eller om litt, take it easy menneske

but take it, det er ikke

annet enn virkelighet

vet du, snart er 101 inne snart

er 101 ute - jeg sier:

vennligheten, ta VARE

på vennligheten, ta VARE

på vennene - HEI HEI! ta nå

vare på hverandre.
Jan Erik Vold 


Ha ei god veke! Vi skal feire :)

mandag 29. september 2014

Vekestart veke 40

Ein slik kveldsmat, der alle er samla, for første gong på over ei veke. Der første delen av måltiden går med til å diskutere og delvis vise kor mange trappetrinn det går ann å hoppe  i stille lengde/høgde. Der tenåringane berre pratar tøv, ler tenåringslatter over mor som sukkar, der det plutseleg blir nødvendig å google "kvark", der nokon fortel at det i USA er litt pinleg at den eine kvarken heiter bottom. Der vi brått er innom mobbing, og observasjonar av kva som blir gjort til humor på tv, men som ville vore ondsinna i det verkelege livet. Der det er allsang til musikken mor hadde i bakgrunnen då ho vaska opp. Der det er godmodig krangling om middagsrestane, der nokon meiner at pølsebiten ingen veit kvar kjem frå, iallfall høyres ut som mat når dei dunkar den i brødfjøla. Der nokon snakkar om mobiltelefonar og forskjellen på eit kamera og ein telefon. Eit måltid å minnast. Der det mor seier blir vridd og vendt på slik at eg brått meinte noko anna. Der vi lurer på kor mykje mindre mat han på 18 kan ete når vi ikkje får barnetrygd for han lenger. Ein slik kveld der dei lurer på om eg vil synge sangen min, om at "dette er eit galehus", men det vil eg ikkje, for det er jo ikkje det. Det er meir eit gladehus!
Ein slik kveldsmat der mammahjartet bankar hardt og stolt over dei fine gutane, mannen min, den gode stemninga og familien min!

Og ute er det mørkt, det er stor tekopp til mor og hausten lurer i krokane.


Ein slik kveld ein skulle vore steinhoggar;
"Det gode skal en hugge i fjell, det onde skal en skrive i snø."

Ønskjer deg ei god veke!

lørdag 13. september 2014

Mat, måltid og tenåringar

Det dukkar stadig opp nye utfordringar! Eg har lenge meint, igrunnen alltid, at middag er eit viktig måltid. Før, i oldtida, åt ungane frukost i barnehagen og det har vorte til at den et vi etterkvart som vi står opp. Lunsj et alle der dei er, kveldsmat er vanskeleg fordi nokon skal på trening/foreldremøte/treffe vener/ikkje skal ha mat etc. Men middag, den har vi ete felles!

Ungane har kome heim frå skulen, vi er ferdige på jobb, det er ei pause før det skjer meir. Etterpå er det  lekser som skal gjerast, oppvask og klesvask, rydding, tv-kikking etc. Då har middagen vore eit kvileskjer, ein stad å oppdatere seg på resten av familien og korleis det står til, måltidsfellessak rett og slett! Ikkje alltid idyll rundt grytene, må vel seiast, det er spørsmål om kva som blir servert, meir eller mindre jubel over menyen. Papir som skal underskrivast, nokon som smug-et av pølsebitane som skal i lapskausen, leiting etter treningsklær, telefonen som ringer på feil tid i forhald til når sausen kokar og så vidare! Men vi er der saman, og eg får vite litt om rare lærarar, sko som har vorte for små, små og store hendingar og eg forar med gulrotstenger for å halde dei unna kokesjokoladen.


Men no… Større barn med flerie planer og eigne liv, ei mor som oppdagar at ho ikkje må hente verken på SFO eller i barnehagen og difor forsvinn ned i papirbunken. Ein mann som har eit møte seint på dag. Det er fort gjort at vi er to eller tre, ikkje fire til middag.
Men kva er god grunn til å ikkje dukke opp ca kl fem? Punkta under er gjengangarar hos oss, som blir mottatt med meir eller mindre forståing:

  • lang skuledag
  • for seint til bussen
  • leksehjelp på universitetet
  • avtale med kompis som ein ikkje huska å seie noko om
  • seint møte
  • sein start på jobb, må berre ta igjen noko
  • trening, kjem seint eller går igjen før middag
  • dataspel(nei, forresten, den blir aldri møtt med forståing)
  • musikkøving som gjorde at ein gløymte tida
  • skulle berre gjere ferdig noko på jobb
Kva går vi glipp av? Eit felles møtepunkt, der vi sitt ned, et, pratar, deler av livet, planer og tankar om dagen. Så eg vil fortsette med middag på sein ettermiddag, prøve å samle flokken til fellesskapet, lage mat som mettar og gje alge ein arena for samtale! Allereie neste år er vi truleg berre tre rundt bordet til vanleg, eg vil halde oss samle lengst mogeleg!
Eg trur eg må starte med middagsplaner, for det er ikkje rom for å fundere lenge på kva ein skal ete, om  ein skal klare å ha ei viss fornuftig samansetting av maten, må det planleggast og innkjøp gjerast før ein stuper ut frå jobb 20 min for seint og sulten gnagande i magen og draumen om sjokolade i hjartet!
Enkelt? Nei…
Klarer andre det?


tirsdag 9. september 2014

Bill.merk "tenåringsmor"

Eg tenkte eg skulle  samle innlegga mine som handlar om tenåringsmorlivet med etikett "tenåringsmor",  og det kjem etterkvart. Enno står mykje under etiketten "mammaliv", så det går an  å leite der.
Men som ein start  linkar eg til nokre innlegg her:


Det er fleire å velge i! 
Å skrive om tenåringar er ikkje enkelt, for ein skal jo ikkje utlevere dei, så mykje av det eg skriv, er med meg i sentrum! Men litt seier eg om livet med kviser, stemmeskifte, svette treningsklær og tomme brødboksar. 
Og dette kloke sitatet sto midt i regnskapsprogrammet eg var
innom på jobb idag!