Viser innlegg med etiketten bil. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bil. Vis alle innlegg

mandag 3. september 2018

September

Trur rett og slett eg må starte med eit septemberinnlegg, sjølv om eg må vise litt av 50-årsfesten og feiring både her og der. Det får bli i eit eige innlegg.

Men no er det september. Det er lenge sidan eg har blogga, livet skjedde, med så mange innslag, både gode og mindre gode. No har vi landa på beina igjen, også dei rundt oss, vi er ferdige med sjukehus og selskap og reiser for nokre veker, får vi tru. No rekk eg tenke heile setningar og i morgon har eg fri. Etter jobb idag har eg sortert skitne klær, vaska klær og bretta klær, eg har bakt brød og gått tur. Hatt besøk av ingeniørstudenten, ete opp eplepaien frå sist veke, løst litt kryssord og sett tv (veit ikkje når det skjedde sist!)
Ein ting er forresten ikkje på plass, bilen fekk litt hikke på tur heim frå jobb, og så byrja det lyse ei varsellampe... Eg er i mot slike varsellamper! Må få tak i verkstedet i morgon, og høyre kva vi gjer no. Eg tørr iallfall ikkje kjøre lenger enn til verkstedet før eg veit kva som er galt!

I helga var vi i Romsdalen (heldigvis var bilen frisk då). Der var det varm seinsommar, fine farger, modne og nesten modne plommer og epler (og litt vondt i magen). Kyr på beite, blikkstille fjord, sein frukost, familie og middag hos mamma og pappa fleire dagar. Lunsj på trappa, aviser, strikking og prat. Tenkte du skulle få eit bildedryss derifrå!

Og eit lite lesetips, eg rakk lese ei god bok innimellom! "En ulastelig mann" av Jane Gardam. Det er første bok i ein triologi, og handlar om Imperiets barn, folk født tidleg på 1900talet, som vaks opp på kostskule i England med foreldra langt borte. No skal eg ha dei neste bøkene i triologien! Eg må lese heile historia!

Kveldsstemning

Morgonstemning









Frue med kreaturer


mandag 15. mai 2017

Det er ikkje berre meg?

Eg kikka til sides då eg køyrde inn i eit parkeringshus idag, og dama i bilen attmed hadde gjort akkurat det samme som meg: billetten mellom tennene! Altså er det ikkje berre eg. For kvar skal ein gjere av billetten til ein får lagt den i lommeboka?! Legg eg den ned, er den heilt sikkert borte vekk før eg får lagt den på ein trygg stad. Men eg gløymer den ikkje i munnen. Trur eg.



Kva gjer du med parkeringsbilletten på turen frå automaten til bilen?

fredag 10. februar 2017

Februarglimt #3

Eg lova litt om februar, opp- og nedturar kanskje...
I dag deler eg ein nedtur. Parkeringsbeviset hadde falle ned på golvet i bilen. Det var eit dyrt fall! Jaja, det kunne vel vore verre, eg fekk jo lønn idag. Sjølv om eg hadde andre ting eg hadde like lyst å bruke pengar på.


Godt eg har lystige planer for resten av helga! Stikkord er jentehelg, konsert, shopping, kafe og middag. Bytur, prating og gode vener.

mandag 26. september 2016

Bilblues volum 3

Eg har rett og slett ei fylletabbe å berette om! Les og lær av tante si bitre erfaring!

I helga har vi vore i konfirmasjon på austlandet. Det var stas! Vi traff opptil fleire vi ikkje har sett på lenge, og oppdatert oss på det eine og det andre. Vi traff nokon vi ikkje hadde møtt før, det gjekk også bra. Bunaden fekk lufta seg(og den passa). Kakebordet var raust! Været var fint. Konfirmanten var flott i bunad og brått vaksnare enn før.

I går skulle junior og eg køyre heim att. Mannen skulle vere igjen for å jobbe i Oslo. Den andre junioren skulle vere igjen og treffe vener. Været var bra, humøret upåklageleg og fartsgrensene høge. Mor fekk passasjersetet.

Vi er på veg nordover!
På Lillehammer var det passe med dopause, beinstrekk og drivstoff til både folk og bil. Sukk! Hastverk er lastverk og av og til er det for seint å angre. "Mamma, du fyller bensin" sa junior. Vi har dieselbil.... Eg har pulsklokke, og ein slik beskjed får pulsen rett til værs, eg har bevis!
Kva gjer ein når slikt skjer? Eg skal love deg at eg rakk tenkje svært mykje på veldig kort tid! Eg gjekk inn på bensinstasjonen, der var det ingen som kunne hjelpe meg. Han bak meg i køa(muleg han var før meg, eg kan ha brøyta meg veg framover i køa) sa "ikkje start bilen!!!" Så då gjorde eg ikkje det, og vi fekk hjelp til å flytte/skubbe bilen vekk frå pumpa.

(her skulle eg naturlegvis hatt eit illustrasjonsbilete av ei drivstoffpumpe, eller av mine stressraude kinn eller noko, men eg hadde fokus heilt andre stader)

Så ringte eg nødnummeret til bilmerket. Den samtalen var omtrent som følger:
"Øh, hallo...eg har fyllt bensin på dieselbil. Kva skal eg gjere?"(sagt med fortviling i stemma og høg puls, ikkje kvilepuls)
"Jeg er ikke mekaniker, så det vet jeg ikke", sa dama i den andre enden.
"Eg er heller ikkje mekanikar, eg ringer for å spørre om råd."
"Jeg kan ikke svare deg, men vi kan sende en bil om du vil. Det er en startpris på 4000 kroner"
"Javel, men har du ingen eg kan spørje om råd hos først?!"
"Joda, du kan ringe serivcemann og spørre selv, om du vil."
"Det ville vore fint, kan eg få nummeret kanskje?"

Eg fekk nummeret og ringte. Den samtalen gjekk litt betre:
"Hei(med litt desperasjon og ekte fortviling i stemma) eg har fyllt 3 liter bensin, og eg har dieselbil..."
"Hvor stor tank har du? Vi sier det er greit med opptil 10% feil"
"Eg har 60 liters tank..."
"Ja, men da går det greit, vet du! Fyll så fullt du klarer med diesel, så går dette så bra!" sa den snille mannen.

Eg kunne nesten byrja grine. Eg hadde sett for meg i det minste tømming av tanken og at det ville kreve at vi sette igjen bilen på verkstad på Lillehammer, og eg såg for meg at mannen måtte reise dit etter jobb idag og hente bilen. Evt at eg måtte bli over til i dag. Evt at vi måtte skifte motoren, eller noko anna billeg... (for googlar du "fylle bensin på diesel" skal eg love deg at katastrofene står i kø!) Heilt trygg var eg lell ikkje, så eg ringte eit anna nødnummer. Han sa mykje det same som forrige snille mann: "fyll full tank og kjør videre. Vi har mange slike telefoner hver dag, vår erfaring er at det går helt bra når man får tynnet ut bensinen!". I tillegg råda han meg til å fylle på ofte på turen. "Problemet" med nye bilar, er at dei knapt nok treng meir enn lukte på drivstoffet for å kjøre, så vi greide ikkje presse nedpå meir enn 13 liter før vi var heime.
Eg satt i alarmberedskap på resten av turen og lytta etter ulydar (Var det ein rar lyd? Nei, det var berre den litt rare frijazzen på radio. Det der då? Nei, det var asfalten som er humpete. Osv...) Ikkje det beste for ryggen å stresse slik og spenne musklar, godt eg hadde time hos fysioterapeuten idag.

Eg har no stifta interesseorganisajonen "Vi som fyller bensin. På dieselbil." Der har eg allereie ei som har meldt seg som æresmedlem(fylte full tank med bensin og køyrte vidare...), og ein som er støttemedlem(fyllte litt bensin og tømte tanken). Vi har plass til uendeleg mange som måtte kjenne at dette er foreninga for dei! Her er både hjarterom og husrom!
Eg tenkjer forresten at det er bra det var eg sjølv som gjorde det, for eg hadde vorte urimeleg sur om nokon andre i familien hadde vore så dumme og fulgt så dårleg med på kva dei gjorde...no er eg berre litt oppgitt over meg sjølv.

På tur sørover møtte eg denne karen
Når slike ting skjer, er det godt å ha ein snill mann! Som rett nok vart litt stressa då vi ringte og fortalte kva som hadde skjedd...


PÅ BRUA

Elvevatn og kald haustluft.

Ein kjærast
med mjuk overarm.

Helge Torvund

Ønskjer deg ein god veke!
Og husk: det er ikkje likegyldig kva ein har i tankane!


Og for meir om meg og bilproblem, sjå under etiketten "bil" i menyen til høgre... Det er ikkje første gongen eg har hatt trøbbel på tur!

tirsdag 5. april 2016

Vekestart veke 14

Litt på etterskot med blogginga. Eg har mange tankar om kva eg skal fortelje om og skrive om, men det blir liksom ikkje. Eg skal berre først, lese avisa, sette på ei vaskemaskin, snakke med mannen, vere på jobb, lage middag etc...og så er det kveld, og ingenting er skrive eller lagt ut!

Men idag skal du få eit lite livsteikn! Det er tirsdag, og du skal få eit lite dikt med deg ut i resten av veka. Eg skal fortelje deg om gleder og bekymringar.

I helga hadde vi mykje god mat; bacalao på laurdag. Med fine folk på besøk, og rikeleg med mat, må det jo berre bli bra. På søndag gjorde eg eit forsøk, eg fann andebryst på tilbod for ei stund sidan, og tenkte at det kunne vere artig å prøve. Litt googling og lesing av koebøker, god tid ein søndag og vips(nå ja, vips og vips...) hadde vi andebryst, med appelsinsaus, bakte rotgrønsaker, løkkompott og potet! Fekk ros av resten av familien, og det kan fort bli laga flerie gonger.
Klar for å lage bacalao

Søndagsmiddag


Sist veke hadde eg ein spennande avtale med hjelpemiddelsentralen og bedriftshelsetjenesten, der eg skulle få opplæring i det nye hørselstekniske hjelpemiddelet(slike ord kan skremme kven som helst) mitt. Eg hadde så vidt prøvd det før, men no fekk eg med meg Roger heim(Roger-pen, høg og mørk, nok ein mann i livet mitt. Oppladbar og lyttande!) Det vart mykje informasjon, masse utstyr og spennande oppleving av å høre "nye" lydar. Eg vil aldri få tilbake hørselen på venstre øre, så alt som gjer at samtale kan gå greit sjølv om det er støy rundt er gull! Roger er ein mikrofon som den som pratar kan ha hengande rundt halsen, den kan ligge på bordetnår det er møte, eller eg kan peike den mot den som snakkar. No treng eg berre rutiner for å lade streamer og Roger og huske å skru på dei ulike delene etter kva eg brukar, for elles virkar det ikkje. Så no testar eg ut i lunsjen på jobb, i bil, på tur, på trening etc, og har langt igjen! (og eg må finne ein stad til alle ekstra ledningar, koblingar, bruksanvisningar osv slik at eg finn det igjen når eg står fast.)
Eg skal skrive  meir om Roger når eg har meir erfaring.
Ladestasjon(Roger til høgre)
Idag har det også vore ein spennande dag. Minstejunior hadde oppkjøring for lappen! Det er skikkeleg spennande medan ein ventar på å høyre korleis det går, og det var fint for mamma´n å få melding om at lappen var i boks! Men spenninga varer jo, for han tok bilen og stakk ut etterpå! Og slik blir det vel framover...junior kjører og mor formanar! Kjør etter forhalda, ikkje kjør når du er trøytt, ikkje køyr for fort +++ Og eg har forresten fått ein telefon med ein kommnetar eg ikkje hadde venta idag; mamma som ringte og refererte til noko eg hadde skrive på Facebook! Slik går det når mor på 80 får nettbrett og Facebook-profil i gåve.

Vekas ord passar godt no på våren, snart vil alle fuglar forsvare reira sine og sleppe små kladasar rett ned på den som ikkje passar seg:

Burde man ikke nikke
tilfreds, og glede seg litt,
hver gang man nesten, men ikke, 
blir truffet av en fugleskitt. 
-Dag Evjenth

Det er jo vår i lufta. Snøen har nesten forsvunne, på søndag åt vi lunsj på terrassen for første gong i år(og eg har vorte snørrete og sår i halsen) og det er fuglesang og tid for lettare klær!

Lunsj i sola(og god bok!)

Ha ei strålande veke vidare!

mandag 14. juli 2014

Vekestart veke 29

Veke 29 er veka er har grudd meg til sidan ferielista var klar. Vi er få på jobb og vi har mykje å gjere. No er veka her! Og i tillegg til før nemnte punkt er det tropevarme i Trøndelag. Sist veke fekk vi melding om at hus og klimaanlegg her ikkje er dimensjonert for slik varme, altså blir det varmt inne også… På den andre sida er det varmt når ein er ferdig på jobb også! Det er berre å gå ut, sitte ute, sole seg litt, ete grillmat, drikke masse vatn. I tillegg så er det jo snart min tur til å ha ferie, då skal nokon andre vere inne, stå opp tidleg, medan eg søv lenge, et frukost lenge med te og avis. Gledar meg!

Men eg hadde nesten ferie i helga, "Norges framtid", altså tenåringane mine, har hatt sommarjobb hos besteforeldre og måla hus. (Det har vore litt rart og stille her heime, det retta seg fort då dei kom heim igjen) No ville dei hentast og mannen og eg sette oss i bilen. Bilen har jo ny girkasse, og har vist seg frå si beste side etter ein heller traurig start. Vi hadde musikk og lydbok og bestemte oss for å kjøpe mat og ete på Dovrefjell. Ei god plan, som vart litt amputert av at himmelen fekk svarte skyer på alle kantar, det buldra og slo og vi såg lynet slå ned i alle fjell rundt oss. Men vi fekk i oss maten og nytte naturen ei god stund og møtte ikkje regnet før etter fleire kilometer.

Lunsj under mørk himmel


Det varte ikkje så lenge, men var heftig mens det sto på!

Mannen hadde funne lydbok til oss i hylla. "Det suser i sivet" var opplesing på barnetv i barndommen, men ingen av oss huska så mykje før vi byrja høre. Trur eg fekk med meg fleire nyanser i den boka ni enn for 35-40 år sidan!

På retur dagen etter var regnet som sunket i jorda, og det var varmt, sol frå skyfri himmel og god stemning. Øverst i Romsdalen ligg det jettegryter, som ikkje alle av oss hadde sett før. Vi gjorde stopp der, og det var fint, sjølv om eg blir svett av unge menn som hoppar rundt på svaberg ved ein brusande foss… Det var sandstrand der og, den kvitaste, finaste sand, men flomelver er ikkje til å bade i! Eg skulle vel klart å berre ligge der ei stund også!
Føtter i sand

Nokon hadde laga eit hjarte i sanden


Men vi skulle vidare! Vi kom opp på fjellet igjen, og til eit vatn der det er fint å raste. Nokre i familien bada, ikkje eg! Alle åt god mat, vi tok bilder og kosa oss. Så enkelt det eigentleg er å gjere noko anna enn å stoppe på ein kafe, ete og kjøre vidare(iallfall når det er 25 plussgrader 1000 moh og det er sol)

Føtter i vatn (kva er det eigentleg med dette å fotografere eigen føtter? Eg er hekta)


Sol, vatn og sand (og ikkje ein fot i sikte)

Utsikt frå lunsjplassen

På turen vidare fann vi "Knutsen og Ludvigsen" i musikksamlinga, og dei gjekk på godt volum og med god sangstøtte frå både framsete og baksete. Rytmeseksjon og fri improvisasjon forekom og! Etterpå høyrte vi vidare på "Det suser i sivet", det trudde iallfall eg, men enkelte i baksetet hadde støydempande øretelefonar på og høyrte på noko heilt anna. Ok, det kan bli for mykje idyll også!

Her er ein link til "God morgen Norge" Den gikk for full musikk i bilen igår, og passa jo bra sidan vi var rett ved Dovregubbens hall!

Måtte du få ei strålande veke! Mi veke er bra, tross jobb, det er jo ein viktig del av livet, og min ferie kjem snart!

Eit par biletglimt til frå helga;
Nyskjerrig kalv!
Arbeidskar, let seg ikkje uroe av at eg tok bilder
Ein heilt grei solnedgang

Ei slik helg gir feriekjensle på få timar, engergipåfyll og gode minner!

mandag 9. juni 2014

Langhelg og bilkjøring med forviklingar (vekestart veke 24)

Det har vore pinse, og for lenge sidan kom invitasjon til barnevelsignelse til vesle Marcus i Bergen, vår yngste nevø, denne helga. Etter litt fundering slo vi fast at dette var ei super helg for å teste den nye bilen som var bestilt.
Dei som har fulst bloggen ei stund, veit at eg har eit ambivalent forhald til bilar, det er ein del dårleg erfaring ute og går! Eg har brukt meir tid enn eg likar på bilverkstader, og eg har strevd litt med å henge med når eg får spørsmål om eg vil ha ny coilrekke eller om når registerrreima sist var skifta. Du kan lese meir om det her: Å sjå Noreg i 3.gir Men sist veke fekk vi endeleg den nye bilen, og alle har vore glade og nesten gjort seg ærend for å ha ein grunn til å kjøre den.

Så fredag pakka vi i bilen, nikka fornøgd til kvarandre om den gode fotplassen og bagasjeplassen, og sette oss inn og starte på dei nesten 60 mila som låg framom oss. Det var god musikk på anlegget og god stemning! Eg hadde smurt matpakker, kjøpt frukt og drikke, laga sunn snacks som gulrotstavar, sukkererter og usalta nøtter som låg i kjølebagen og berre venta på ei pause oppe på ein eller annan nasjonalromantisk vakker rasteplass!
Ok, noko anna hadde snike seg med i matpakka, skuffa soner trøsteet potetgull
Første del gjekk bra, og vi kjøpte oss middag etter ca 1/3 distanse. Det skulle vi aldri ha gjort….for då starta problema. På veg til ein fjellovergang, byrja automatgirkassa å vere vel automatisk, det kom varselverktøy opp på dashbordet, og stemninga i bilen sakk som eit blylodd midtfjords! Eg mistenkte først mannen for å tulle med meg, men det var ikkje så vel. Det vart telefonering hit og dit, vi fekk tak i veghjelp og sto etterkvart ganske fast på ein verkstad inni skogen med ein bil som kun gjekk i 1.gir. Men klokka gjekk og vi forsto at dette ville bli, i beste fall, veldig seint ankomst til Bergen. Det viste seg at næraste leiebil var i Trondheim, som var 20 mil unna og der vi faktisk starta! No byrja galgenhumoren å slå inn!
Mannen spelar gitar for å halde moralen oppe

Etter endå fleire telefonar og medan klokka gjekk endå meir, vart det bestemt at både vi og bilen skulle fraktast tilbake til Trondheim. Skuffa! Men så mykje anna var ikkje å gjere enn å sette seg i bilen, den nye, fine bilen, som hadde alt, men ikkje gir denne dagen, og bli dratt opp på bergingsbilen. Å legge ut bilete som det over på Facebook og Instagram, gir masse sympati og trøyst og hjelp til å halde motet oppe forresten!

Utsikta framover når ein blir bilberga
Vi kom tilbake til Trondheim 11 timar etter at vi starta, omtrent samtidig med at vi skulle vore i Bergen… Slitne og litt motlause! Etter familieråd fann vi ut at leiebilen vi fekk var for liten til at vi orka starte med ny frisk klokka fem neste morgon. Så fann vi ut at fly heller ikkje var noko alternativ, verken flytider eller pris passa, og vi gjekk og la oss.

Helga vart ikkje som planlagt! Vi fekk ikkje med oss familieselskap, grilling, barnevelsigning og berre det å vere saman med famile. Vi har enno ikkje fått møte Marcus, vi har ikkje spela kubb og leika sisten med dei andre søskenbarna, og prøvar no legge planer for sommaren slik at vi får det til då iallfall.

Vi var skuffa og lei oss då vi kom heim, og trong ein "liten" mental snuoperasjon for å nyte helga heime. (Men jammen var bilselgaren skuffa og lei seg på våre vegne og, vi fekk mykje god hjelp der! Han var ikkje noko glad for å måtte treffe oss på laurdag for å ta bilen inn på verkstad.)

Men vi har fått sol på eiga terrasse, eg har ligge i sola og lese aviser og bøker og fått kvilepuls. Eg har sykla tur, sidan den eine foten skal behandlast forsiktig, og det gjekk bra. Vi har langtidsgrilla svineribbe på grillen, for andre gong og det gjekk bra denne gongen også! Då treng ein god tid og mykje tålmod, lav varme og spennande krydder. Fin mat å invitere gjester på!
Potetsalat med egg, paprika, løk og urter i fleng
Ribbe på grillen

Vi skulle jo eigentleg i barnevelsigning i helga, vi skulle treffe ein liten kar som er ny i slekta. Og diktet må vere til han den veka:

Det største mysterium
er ikke mer enn det
at en ørliten kropp
er våknet til jorden.
Den nyfødte ser.
To luker i himlen går opp.

Selv femtrinns-raketter
og kjernefysikk
blir puslingers puslespill
når det nyfødte barn
med et eneste blikk
beviser at Gud er til.

Andre Bjerke


Alle gode ønskjer til Marcus! Og ei god veke til alle de andre der ute!

søndag 4. august 2013

Ein ferie er over

Ein ferie er over, kva skal eg skrive om?


Eg kan skrive om
  • bilen vår som starta ferien med fire gir, som oftast iallfall, som fekk "dødsdommen" midt i ferien og som då ferien var over hadde berre 2 gir...men det er trist og dyrt, trur eg droppar den!
  • konserten med Marius Miller, der vi hadde gløymt billettane heime, 30 mil frå der vi var. Vi fekk kjempegod hjelp av sekreteriatet på Moldejazz og fekk med oss konserten lell! Hurra! Eit klart høgdepunkt i ferien for heile familien, og ikkje minst noko vi gjorde saman.
  • venting på sjukehus når ein følgjer nokon skal inn på undersøking, og om kor effektivt alt er når det plutseleg oppstår noko akutt! Eg kunne skrive om sko som kjennest for store, og om all hjelp frå sjukepleiarne, heimesjukepleien, legar, om kor godt systemet kan fungere, kor mykje ein ikkje kan før ein må...
  • familieliv og selskap og gleda over å treffe fine folk! Om små søskenbarn som treffest, om store søskenbarn ein kan sjå opp til, om tordenvær som ga seg då selskapet byrja og mykje god mat.
  • å vakne og sjå den finaste utsikta, den frå barndom og ungdom, i sol og godvær!

  •  å få den beste middagen som finns! Etter at pappa, mann og soner har vore på fjellet og fiska, og vi kunne steike fjellaure i masse smør.
  • København og sol og sommar og byferie, med innlagt sykkeltur rundt i byen og Tivoli, naturlegvis. Der det viste seg at vi fekk leilighet på hotellet istadenfor to vanlege rom, berre eit kvartal frå Strøket! 


Og mykje meir, junior som har ny sykkel, besøk hos søster, hos bror, om å vente på ferger, vere den første som ikkje kjem med ferga. Om hagebenken som er ferdig, grilling på terrassen, fine folk eg kjenner, lesing i sola, jakta på den perfekte fargen på naglelakken...


Og eg kan skrive om roa når ein kjem heim til seg sjølv, det er godvær og ein kan sitte ute og berre vere og kjenne at kvardagen stille lurer seg innpå igjen....saman med klesvask og rydding og lyden av oppvaskmaskina i det fjerne og tomt kjøleskap og jordbær som skal gjerast klar til vinteren.


onsdag 17. juli 2013

Å sjå Noreg i 3.gir...

...eller biltur i sus og motordur!

Vi har Sharan. Den ser ikkje så verst ut, men ein skal ikkje skue bilen på lakken. Eg og den har vore litt avmålte mot kvarandre i mange år, igrunnen heilt sidan den slo seg litt vrang rett etter at vi kjøpte den. Den har slått seg vrang fleire gonger etterpå, det hjelp ikkje på samarbeidsviljen frå mi side. Eg må lell yte den rettferdigheit og seie den har vore bra, dei periodane den ikkje har stått på verkstad.

Tenkt deg å køyre heim frå konfirmasjon 30 mil unna, så seint som mogeleg 16.mai, med trøytte ungar og finklær og sludd og 2 gr og stopp når du er halvvegs... Då er det sanneleg godt det fins veghjelp og leiebilar!
Eller kva med når mannen skulle hente meg nyoperert på sjukehus, 20 mil unna, og fekk motorstopp etter 10 mil... Det var også 16.mai, forresten, den bilen kan kalenderen. Då fekk vi hjelp på ein liten bilverkstad på timen.

I periodar har den vore alt anna enn vasstett, og eg har køyrt bil med regnklær innnandørs for å unngå dusjen frå takluka, og brukt bøtte for å tømme dørken.

Det var ikkje stas den gongen vindusviskarane ikkje virka heller, når vi køyrte i styrtregn. Vi fulgte ikkje rådet om å køyre fort, slik at vatnet berre kunne renne av rutene av lufttykket... Heldigvis byrja viskarane å virke igjen etter ein times tid. Då køyrte vi heim i eitt strekk, turde ikkje skru av motoren!

Eg har vore sint og frustrert og lei, men så har den vore innom verksted og kome ut igjen litt betre enn før, men oftast ikkje heilt frisk. Eg har vorte på fornamn med servicemennene, som kanskje helst hadde sett at eg ikkje kom, med bilfrustrasjon i blikket og tordensky over hovudet!
Med gammal bil, kjem ein til det punktet at kvar reperasjon blir vurdert etter om det vil lønne seg. Og dersom det kjem flerie reperasjonar etter kvarandre, då blir det litt sånn at no må i berre slite litt til på den.

Og denne sommaren... Ingen bilferie, men tur til foreldre og svigerforeldre, treffe søsken og gå å jazzfestival. Det er over 30 mil kvar veg, samt småkøyring der. På tur dit juksa den litt, men fekk den i 4.gir etter 9 mil! På tur tilbake fekk vi den aldri meir enn i tredje gir. Gleder og frustrasjonar med automatgir, alle i bilen heldt pusten kvar gong vi var ferdige med ei 60sone, ville den liflige lyden av giring kome no? Nei. Det var mykje bråk i bilen. Ein må berre puste med magen og sjå ut på naturen og nyte det ein ser. Og vi har laga meir eller mindre gode sangar om å sakne 4.gir og knusktøre ordspel og vitsar.

I morgon skal bilen inn på sjukestova, næraste på avlastningsopphald nokre dagar, så blir det ny vurdering, skal den få hjelp eller flytte til dei evige eksosskyer?