søndag 4. august 2013

Ein ferie er over

Ein ferie er over, kva skal eg skrive om?


Eg kan skrive om
  • bilen vår som starta ferien med fire gir, som oftast iallfall, som fekk "dødsdommen" midt i ferien og som då ferien var over hadde berre 2 gir...men det er trist og dyrt, trur eg droppar den!
  • konserten med Marius Miller, der vi hadde gløymt billettane heime, 30 mil frå der vi var. Vi fekk kjempegod hjelp av sekreteriatet på Moldejazz og fekk med oss konserten lell! Hurra! Eit klart høgdepunkt i ferien for heile familien, og ikkje minst noko vi gjorde saman.
  • venting på sjukehus når ein følgjer nokon skal inn på undersøking, og om kor effektivt alt er når det plutseleg oppstår noko akutt! Eg kunne skrive om sko som kjennest for store, og om all hjelp frå sjukepleiarne, heimesjukepleien, legar, om kor godt systemet kan fungere, kor mykje ein ikkje kan før ein må...
  • familieliv og selskap og gleda over å treffe fine folk! Om små søskenbarn som treffest, om store søskenbarn ein kan sjå opp til, om tordenvær som ga seg då selskapet byrja og mykje god mat.
  • å vakne og sjå den finaste utsikta, den frå barndom og ungdom, i sol og godvær!

  •  å få den beste middagen som finns! Etter at pappa, mann og soner har vore på fjellet og fiska, og vi kunne steike fjellaure i masse smør.
  • København og sol og sommar og byferie, med innlagt sykkeltur rundt i byen og Tivoli, naturlegvis. Der det viste seg at vi fekk leilighet på hotellet istadenfor to vanlege rom, berre eit kvartal frå Strøket! 


Og mykje meir, junior som har ny sykkel, besøk hos søster, hos bror, om å vente på ferger, vere den første som ikkje kjem med ferga. Om hagebenken som er ferdig, grilling på terrassen, fine folk eg kjenner, lesing i sola, jakta på den perfekte fargen på naglelakken...


Og eg kan skrive om roa når ein kjem heim til seg sjølv, det er godvær og ein kan sitte ute og berre vere og kjenne at kvardagen stille lurer seg innpå igjen....saman med klesvask og rydding og lyden av oppvaskmaskina i det fjerne og tomt kjøleskap og jordbær som skal gjerast klar til vinteren.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar