Viser innlegg med etiketten baking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten baking. Vis alle innlegg

søndag 22. mars 2020

Lukta av nybakt brød

Eg har bakt brød. Det er frykteleg lenge sidan sist, så det føles på sin plass å skryte litt av meg sjøl! Som vanleg startar eg omtrent med ei oppskrift, og ender med å slumpe det saman til passe seig. Slik også idag.

Men det som gjer at eg skriv om det no, er alle minna som kom over meg medan eg stekte brød. Ute var det sol, fuglesang og snøsmelting. Ein ekte vårdag. Då eg sette brøda i omnen, måtte eg sette opp glaset på stova, for det vart så varmt inne.


Nybakt





Og då kom dei, minner som lukter kan hente fram. Lukta av brødbakst, lukta av vår og minna om slike dagar. Når mamma bakte brød og eg kom inn til lukta av nystekte brød, og lukta av vårdagen ute, sidan mamma hadde sett opp kjøkkendøra for å lufte på kjøkkenet. 
Og så vart det ekstra rart, sidan eg tenkjer mykje på mamma om dagane no, det er eit år sidan ho døydde, og dagane var fulle av sorg, gode minner og planlegging av gravferd. (Og eg tenkjer på dei som står midt i dette no, når det er restriksjonar på gravferder og det å få vere saman)

Så eg laga meg ei god skive med smør og brunost, og tenkte på alle skivene mamma smurte til meg. Det er mykje omsorg i ei påsmurt skive!

fredag 7. desember 2018

7.desember

Desember er eksamenstid. Ingeniørstudenten skal ha fem før jul, heldigvis er det berre tre igjen. Det viser seg at desember er tid for studietur også, musikkjunior er på veg tilbake til Norge etter togtur, med jam og konsert og opplevingar i både Danmark, Tyskland, Polen og Sverige.
Eg sitt ikkje heime og bit naglar lenger, men litt prega av eksamen og studietur blir eg. Eg må nok berre stole på at dei klarer seg sjølv og har lært det eg har prøvd å få inn! Sove nok, ete regelmessig, huske pass og billettar(gjeld han på studietur), passe klokka(gjeld begge) og ringe til mor innimellom. Ting tydar på at det har gått inn ein god del kunnskap!

Så kva gjer mor? Mor bakar! Eg syns det skal vere ein del kaker til jul. Iår skal vi bort i jula, men eg skal ha med litt av kvart, så eg bakar lell. Det er noko med lukta av krydder, kanel og kardemomme og ingefær . Lukta av hjortetakksalt når ein tek kjeks ut av omnen. Lukta av barndommens jul!
Til no har det vorte berlinerkranser, biscotti, julebrød, brune pinner og havrekjeks. Alt smakt og godkjent!




Eg trur eg treng krumkaker, kransekakestenger, delfiakake, lefser og noko ala pepparkaker(men helst noko som ikkje krever kjevling, for ryggen syns at ein halv porsjon havrekjeks var rikeleg nok å kjevle ut)! Eller treng...eg har lyst på! Dessutan planlegg eg lussekattbaking saman med nokre andre.

Så slik går dagane! Vasking er utsett på ubestemt tid!