søndag 22. mars 2020

Lukta av nybakt brød

Eg har bakt brød. Det er frykteleg lenge sidan sist, så det føles på sin plass å skryte litt av meg sjøl! Som vanleg startar eg omtrent med ei oppskrift, og ender med å slumpe det saman til passe seig. Slik også idag.

Men det som gjer at eg skriv om det no, er alle minna som kom over meg medan eg stekte brød. Ute var det sol, fuglesang og snøsmelting. Ein ekte vårdag. Då eg sette brøda i omnen, måtte eg sette opp glaset på stova, for det vart så varmt inne.


Nybakt





Og då kom dei, minner som lukter kan hente fram. Lukta av brødbakst, lukta av vår og minna om slike dagar. Når mamma bakte brød og eg kom inn til lukta av nystekte brød, og lukta av vårdagen ute, sidan mamma hadde sett opp kjøkkendøra for å lufte på kjøkkenet. 
Og så vart det ekstra rart, sidan eg tenkjer mykje på mamma om dagane no, det er eit år sidan ho døydde, og dagane var fulle av sorg, gode minner og planlegging av gravferd. (Og eg tenkjer på dei som står midt i dette no, når det er restriksjonar på gravferder og det å få vere saman)

Så eg laga meg ei god skive med smør og brunost, og tenkte på alle skivene mamma smurte til meg. Det er mykje omsorg i ei påsmurt skive!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar