Viser innlegg med etiketten et opp maten din. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten et opp maten din. Vis alle innlegg

onsdag 2. januar 2019

Årets første skitur

Det er mangt som kan vere årets første, lurer på om ikkje det må bli eit nytt tema på bloggen. Idag kunne det vore time hos fysioterapeuten, fiskemiddag eller handletur, men det som gjeld idag er skitur!

I fjor gjekk eg rekordmange skiturar, og med den "vinteren" vi har no, må ein verkeleg utnytte snøen når den er der. Inntil vidare trur eg det blir vanskeleg å få til like mange turar i år. Eg vakna til kvit bakke og snøvær, og etter nokre ærend hit og dit, fann eg ut at eg berre måtte ut på ski. Lurt, viste det seg, no regnar det.

Levering av forsinka julesnø utanfor kjøkkenglaset



Gjekk ut medan det enno var dagslys. Det var stille i skogen, lite folk og ikkje oppkøyrte løyper. Eg gjekk lysløypa, og medan eg var ute, forsvann dagslyset. Det var litt tungt å gå, med regntung snø, men det tel vel som ekstra god trening? Eit par plassar rann bekken på tvers av løypa...då var det greit eg ikkje hadde særleg fart. Vel tilbake i bilen, var det heilt mørkt.

Stemningsfyllt, stille, god tid, kvalitetstid for meg!

Mørkret kjem stille


(Og til middag hadde vi laks med sitronpeppar og laks med ingefær og chilisaus. Heilt innanfor med fisk til middag etter mange kjøtmiddagar i jula. Det er forresten mykje godt å finne på butikken no, etter langhelg. Eg kikkar bevisst i hyllene med mat som snart går ut på dato, og idag altså salmalaks.)

søndag 16. september 2018

Fårikål

Idag har vi hatt fårikål til middag. Med norsk nypotet til (heiter det nypotet lenger i september?) Det var akkurat så godt som det brukar vere. Kanskje fordi vi ikkje har det så ofte? Kokt lenge i går, sett i kjøleskap i natt, kokt vidare idag medan potet kokte. (Å kjøle ned fårikål i kald vatn har eg dårleg erfaring med)
Så kan ein jo diskutere om det luktar godt, men det høyrer liksom med!


Eg huskar første gong eg laga fårikål. Vi var ganske nygifte, altså er det snart 25 år sidan. Huset vi leigde, var rosa. Inne. I dei fleste rom. Og med rosa meiner eg babyrosa... Trur dei som budde der før hadde fått tak i 20 liter maling, minst, som dei hadde brukt på stove, kjøkken, gang og soverom. Berre doen var ei anna farge, den var ca 1 kvm, utan vindu og var mørkeblå. Iallfall fekk vi lov til å male om! På stova skulle vi tapetsere også, og det var vi ikkje så gode på (=hadde aldri gjort det før) så vi inviterte ein kompis til å hjelpe oss. Veldig usikker på om han hadde gjort det før heller? (Eg var ganske indisponert til oppussing, for eg hadde prolaps i ryggen, den gongen også, når eg tenkjer meg om. Problem med å løfte og problem med å stå) Men som Pippi seier "dette har jeg ikke gjort før, så dette kan jeg", så vi gjekk igang med innstsvilje og godt humør!

Når ein er nygift, det er haust og ein har invitert til dugnad, vil ein jo gjerne imponere med god mat som takk. Eg hadde laga mykje mat før, pizza, brød, lasagne, stekt fisk, hjortesteik og ymse anna, men aldri fårikål. Det var liksom utanfor hybelkjøkkenstandard. Det var rett og slett ein slags test på om eg kunne lage mat på rett. Eg las oppskrifter og kjøpte kjøt og kål. Eg fulgte oppskrift, og vart litt skuffa over kor enkelt det i grunnen var. Legg lagvis og la koke, lenge. Voila, bon appetit og værsegod og her er det fårikål.  Eg brukar den oppskrifta enno. Det hender eg leitar litt rundt på internett, men det blir den same, gode, gamle oppskrifta som vinn! Kvifor endre noko som funkar?

Og i morgon? Då blir det fårikålrestar.

PS: lammekjøtet er frå i fjor. Smakte like godt. Smart å ete ut av frysaren no, mest mogeleg. Den fylles med bær, seinast i dag vart det ein liter tyttebær med heim frå skogen, og elgjakta startar om ei veke.