mandag 28. desember 2015

Vekestart veke 53, litt juleoppdatering

 Det er 53 veker i 2015, det finns vist ei god forklaring på kvifor, men eg har ikkje sett meg inn idet. Iallfall blir dette ein slags bonusvekestart :)

For intereserte kan eg fortelje at undersøkinga eg hadde rett før jul gjekk greit. Det må vere lov å grue seg når undersøkinga heiter nerverotblokade av isjasnerve?! Det gjekk heldigvis greit, ikkje vondt(berre ubehageleg) og resultatet får eg over nyttår.
Eg fulgte ikkje med på røntgenbilete undervegs, men det såg akkurat ut som biletet under. Det er spesielt å følgje ei nål som leitar etter nerverota inni ryggen, slik i sanntid...eg snudde meg!
Bildet er lånt her: http://www.smerteterapeuten.no 
Jula kom! Det var som venta, og vi var brukbart i rute. Vi hadde mat, tre, pynt, gåver etc. og vi hadde tid. På lillejulaften var det tradisjonell pynting av treet, med mykje mimring om julepynten. Noko frå barnehagen, noko frå skuletid, noko kjøpt på ferieturar rundt om, og arvepynt som må behandlast ekstra forsiktig. Det var gode minner og munter stemning.
Snømannen eg sydde då gutane var små(som eg nok hadde lagt fint tilbake i kassa om eg var først...) fekk hedersplass på ei hylle, og dei har starta diskutere kven som skal arve den...
Lite gje julestemning som denen karen kjøpt i solvarme Florida!
Bitte små julekuler på snor. Knuselege, så ligg fint i eiga eske når dei ikkje heng på treet.
Arv frå bestemor og bestefar.

Engel sydd av meg, for sikkert 15 år sidan.

Engel kjøpt i Sverige

Kulaste snømann i gata... :)
Og einaste i første del av jula, med regnregnregn!
Jul er mykje tradisjon og "same procedure as last year", når det gjeld mat og pynting og framgangsmåte. Det er ikkje den tida av året eg er mest for fornying! Sjølv om enkelte ting blir gjort med variasjon, som type blomster på bordet eller antall kaker. Det er lell ei slags grunnliste som må vere oppfylt.Eg må ha brune pinnar, det må vere dronning Maud-fromasj ein dag og helst loff til alle brødmåltid. Så slik vart det i år også!

Julaften går fort, med alle siste-liten-ting som skal gjerast. Det er som det skal vere, men når kyrkjeklokkene ringer klokka fem, er det høgtid, uansett! Det er stor glede i å ha gjengen min samla, lese juleevangeliet, ete godt og lenge, glede seg over gåvene, og til slutt berre vere saman! Merkar godt at gutane har vorte bortimot vaksne, det er rolege dagar. Men litt påfunn dukkar opp! (som å henge lyslenke på hjortehorna i trappa!)
Julepynta middagsbord

Dei andre juledagane har gått til sakteliv innimellom, å vere gjest, ete godt og mykje, prate, lese bøker og julehefter, sjå ein film eller to (I tillegg til å ligge vak og vente på tenåringar som er på vift, prøve å finne igjen døgnrytma når ein skal på jobb, fundere på neste måltid og prøve skia for første gong denne sesongen)
Selfie i romjulssol


EN MORGEN
En morgen skal skoddene fjernes,
lyset trenge
gjennom veggene av blindhet,
de svarte ordene henge
urørlige som flaggermus
under takbjelkene i hjernen.
Og du ser med mer enn dine øyne
er alt omkring deg -
alt du kalte din virkelighet
alt du viktet deg med
og gjorde ord om - alt
er bare virvlende støvfnugg
som tjener til å gjøre
lyset synlig.
- Hans Børli

Eg planlegg ei årsoppsummering på bloggen, både for dei som les til vanleg og fordi det aldri vart julebrev i år... Den kjem nok om nokre dagar!

Håpar du har ei god romjul og vips så er eg her igjen!
Romjulsdraum:
juletre, fyr i omnen og kryssord

mandag 21. desember 2015

Vekestart veke 52

Nesten jul- 4 tente lys i går. Eldsteson heime på juleferie. Yngsteson har starta på juleferie. Liv i huset til uvante tider. Baking og vasking for det meste unnagjort. Handling stort sett ferdig. Nesten i mål med gåver. Juletreet innkjøpt. Julekaker vi har fått, kjøpt på julemesse, bakt åleine og saman med andre. Kvite damaskdukar heng nystrøkne på trappegelenderet. Det blir heilt sikkert jul her i huset! Men det er dagar igjen til julefreden skal senke seg.

Sommarfuglar i magen likevel i kveld, ikkje for julegåver og andre juleting. Men for nerverotsblokkade av isjasnerve i morgon. Kom litt brått på at eg skulle få time før jul. Passar litt dårleg rett før jul. Men alt for å finne ut om noko kan gjerast med ryggen for å få den betre! Helst litt fort...

I postkassa ligg det, i tillegg til julebrev og reklame for uendeleg mykje eg ikkje treng til jul, stadig brev frå NAV. Har tenkt meg om. Eg er veldig glad NAV finst. Eg skulle berre så gjerne ikkje trengt å bruke tenestene deira! Det kostar for sjølvbilete og humør å søke og bli vurdert. Heldigvis trur begge partar at det berre er forbigåande at eg treng dei.




Og straks er det jul!


Idag snur sola(jada, den snur ikkje, slik på eigentleg) Men den varta opp med gullskyer og fantastisk solnedgang idag! Og eg seier som pappa alltid seier; "eg ser dagen har vorte lenger allereie" Hurra for optimistane blant oss!
Tomatsild! Veldig godt. No skal eg slutte å lage, og
starte å ete av alt det gode vi har i hus!
Og vekas vers må bli fjerde vers av adventssangen vi syng når vi tenner lys på søndagane:

No tenner vi det fjerde lys,
og natta vert til dag.
Vi ventar på ein Fresarmann
for alle folkeslag!

Og heldige meg som har ein kontornisse!

fredag 18. desember 2015

Juletradisjonar

Eg reknar med du har dine juletradisjonar som er viktige for deg? Eg har iallfall enkelte som eg må ha med for at det skal bli jul(neida, det blir jul uansett, men dersom eg får dei små ekstra tinga, kjennes det ekstra godt!)

Før det er advent, må lammelåret saltast og hengast opp til tørk. Før ordna eg pinnekjøt også, men det har eg byrja kjøpe.

Eg likar å pynte huset til advent, som ei førebuing til jul. Henge opp stjerna, finne fram julekrybba og sette inn ein figur kvar dag i desember(tja, det hender det blir 3 enkelte dagar, for ungane er så store at dei ikkje minner meg på det lenger) Finne fram og fylle i adventskalenderen. Legge på lilla dukar. Ta fram bunken med julemusikk-cdar, og spele dei etter logikken "det minst julete først" og så det meir "sakrale" etterkvart. Etterkvart har også ungane funne ut at mors merkelegaste julemusikk ikkje er så verst! Iår har eg dessutan oppdaga at NRK Klassisk sender masse julemusikk i desember, så radioen på kjøkkenet står stadig på.

Lukta av sviblar er lukta av både advent og jul, og dei står både her og der rundt i huset.



Eg er glad i julekaker! Eg høyrer at mange seier dei ikkje er det, men eg er glad i kaker(og marsipan og sjokolade og nøtter!) Eg må ha berlinerkransar, eg vil gjerne ha brune pinnar og kransekakestenger. Iår vart det to sortar lefse også. Takk til Mari som foreslo fellesbaking. Det vart ein munter og mjølfyllt kveld med prøving og feiling og bratt lærekurve, men felles lefsebaking er no som ein fast tradisjon å rekne!


Tidleg på kvelden, litt frynsete i kantane...
Ferdig smurt! Nam!

Men eg treng ikkje pepparkaker! (for det hadde vi aldri heime då eg var lita, det er nesten som eit nymotens påfunn å rekne)

Det eg MÅ ha, og som kan lagast i god tid er frukt- og nøttekaka mi! Det er ein tradisjon eg og mannen har laga saman, og det er av dei viktige tradisjonane!

Eg har aldri sett "Reisen til julestjernen" og eg syns "Tre nøtter til Askepott" er kjedeleg.

Men "Love actually" er ein juleklassikar eg gjerne ser, om eg finn den på ein eller annan kanal. At "Sølvguttene" syng jula inn, er derimot tradisjon, iallfall i bakgrunnen. Å gå i kyrkja julaften er eg ikkje vant med, men høgtidsgudsteneste 1.juledag kan vere fint.

Eg brukar lage rull og sylte, og idag luktar heile huset "jul", sidan eg har kokt sylta og lagt i press. I fjor oppdaga eg dessutan at det er veldig enkelt å lage tomatsilg og sursild, så det er ein tradisjon eg tek med vidare. Årets tomatsild er allereie grundig prøvesmakt...og det blir nokre glass til gåver, og så må eg kanskje lage ein runde til før jula, for den vart veldig god!

Eg syns det er artig om vi får laga eit julebrev, men det ser dårleg ut iår. Familiefoto er også fint, men det utgår nesten kvart år. Nek til fuglane og krans på døra rekk eg sjeldan ordne.

Eg likar å ha heimebakt brød i jula, og no er frysaren full. Berre vi ikkje et det opp før jul... Havrekjeksen er iallfall så godt gøymt at eg må huske å leite den fram att til jula, så den blir ikkje borte.



Og når eg les over dette, ser eg at eg nok har ein masse tradisjonar eg likar å ta med frå år til år! Det gir gjenkjenning, mimring og gode minner. Eg kosar meg, stort sett, med førebuingane, det er noko med å gjere det samme på nytt. Ringe mamma for råd, spørje familien kva kaker vi skal ha, planlegge dessertar, finne fram julepynten +++

Men når treet er ferdig pynta lillejulaften, er vi stort sett alltid fornøgde, både med førebuingar, treet og vaskinga. Då er vi mest klare for å sette oss ned, saman og nyte julefreden.

"Same procedure as last year" er vel det som kjenneteiknar mange av oss i juletider :)
(Men det vart jul det året mannen leverte doktorgradsavhandlinga 21.desember og eg hadde betennelse i begge skuldrene. Det vart berre på ein annan måte)

søndag 13. desember 2015

Vekestart veke 51 (3.søndag i advent)

Vi er framme ved 3.søndag i advent. Akkurat no snør det ute(om ein er velvillig i tolking av nedbøren)og det er roleg i stova. Det vart ein roleg dag idag, etter altfor mange havrekjeks i går og ein kranglete rygg i natt og i dag. Men det går seg vel til? Iallfall hjelp det med smertestillande, varmeflaske og ein liten gåtur med piggsko! Eg fekk berre ikkje gjort det eg hadde tenkt...og det kan vere litt tungt for tålmodet.

Lussekattar bakte eg tidleg i veka, så dei var berre å tine i dag og nyte til frukosten. Saman med dei av havrekjeksane som ikkje vart heilt vellukka(vi snakkar 1. og 2.sortering kjeks. 1.sortering er i eigne boks på ein hemmeleg stad, nesten forsegla!) vart det frukost i sofaen framfor omnen. Julemusikk, ferskpressa appelsin juice og godt selskap, om ikkje forma er på topp, veit vi å kose oss!

Litt utpå dagen kom eg på at eg har dei søtaste luciatog i keramikk, som fekk kome opp av eska si og pryde huset! Junior meiner eg pyntar i overkant, forstår ikkje kva han meiner :)


Og idag er det berre ein sang som gjeld; Luciasangen:

Svart senker natten seg
I stall og stue
Solen har gått sin vei,
Skyggene truer
Inn i vårt mørke hus
Stiger med tente lys,
Santa Lucia, Santa Lucia

Natten er mørk og stum
Med ett det suser
I alle tyste rom
Som vingene bruser
Se, på vår terskel står
Hvitkledd med lys i hår
Santa Lucia, Santa Lucia

Mørke skal flykte snart
Fra jordens daler
Slik hun et underfullt
Ord til oss taler
Dagen skal atter ny
Stige av røde sky
Santa Lucia, Santa Lucia


For små jenter er Lucia eit slags høgdepunkt, eller ein skuffelse... Eg huskar eg drømte veldig om å få gå Lucia. Naturlegvis mest om å vere Lucia! Det er den største drømmen...å få gå med lyskrans, først! Men først var det dei store jentene som var Lucia, og akurat då eg nådde den alderen, endra dei(det eg oppfatta) som faste reglar og det var dei minste som gjekk Lucia. Jaja, det vart aldri meg! Ikkje var eg terne i Luciatog heller, før eg var omtrent 20. Vurderte å ta ein runde i nabolaget idag, med mannen som stjernegut, men det vart ikkje. Hehe :)Lyskrans og kvit jakke, ser du det for deg?
Har du forresten høyrt Slaget om Lucia med Ingrid Bjørnov? Det bør du unne deg!!! Ein tøysar ikkje med kven som skal vere Lucia!






Og ad forrige innlegg, mannen meiner at kaos no, fleire dagar før jul, ikkje tel som julestress, men normalt liv. Nuja, han om det! Eg blir litt stressa, det er kanskje fordi eg ikkje får gjort så mykje sjølv.

lørdag 12. desember 2015

It´s beginning to look a lot like christmas (og eit overraskande møte)

Truddde du at du skulle få sjå eit ferdigpynta julehus no?? Ikkje her hos oss, nei!

Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg har enkelte ting som gir julestemning; som lukta av juletre(som er furu), lukta av hjortesalt(kakemenn), synet av eit stort fruktfat(med ein heil ananas på) lyden av kyrkjeklokker kl 17 på julaften, lyden av "Sølvguttene" som syng jula inn. Lukta av pinnekjøt og sviskesuppe, lukta og synet av sviblar i fleng. Det er så mange ting!

Og så er det kaoset i huset før jul...det slår aldri feil, og det høyrer med! Rett før alt kjem i orden er det fullt kaos! Eg har vakse opp med å pynte juletreet julaftan, og at oljekaminen gjerne vart gjort rein samtidig, den dagen... Eg har vakse opp med at mamma pakka inn dei siste gåvene etter middag på julaftan. Alt dette er tradisjonar, samtidig tenkjer eg at det er godt å vere ferdig litt før. Rekke å sitte i sofaen og kjenne skuldre senke seg og høyre julemusikk. Ha tid til å ta ein runde med julegåver før jul, kunne sitte ned litt der eg er innom. Eg tenkjer det er godt, men får eg det til?
Meg i ein ganske kort julekjole...
trur eg skal gå for ein litt lengre variant i år!

Jada, det er berre 12.desember idag, men sidan eg må vere ferdig til jul seinast 21.desember iår pga ein tur innom sjukehuset den 22. kjenner eg at eg mistar to dagar. Og då eg såg meg rundt i huset idag, kjente eg klart og tydeleg at julestemninga kraup innover meg :) hehe! Julemusikken spela, eg hadde laga ein altfor stor deig til havrekjeks(og angra, og dei vart for tjukke, for tynne, lite stekt, brune/bretne etc før eg fann ut av det), mannen har byrja vaske og pusse eit golv for å kunne olje det(med den sideeffekten at det rommet måtte tømmast...) Her er det berre å sjå på bileta og kjenne julestemninga sige inn i kroppen!

Men vi rakk ein lang, koseleg adventsfrukost med
levande lys, julemusikk og aviser!

Sofa i sofa, ein stol på vandring...

Havrekjeks, og mystisk nok har eg berre bilete av dei vellukka kjeksa!?

Fullt spisebord og ein tv på vandring

Det overraskande møtet?
Eg veit å gjere andre ting også, og eg vart med mannen på julehandel idag. Eg gjorde ikkje så mykje, men eg fekk kjøpt nokre kalendergåver til ungane (for eg hadde verkeleg ikkje alt klart den 1.desember.) Og medan eg gjekk der, møtte eg plutseleg og overraskande på Casa Didriksen og lille Dis som var innom Trondheim i helga! Det var utruleg artig :) Men trur du ikkje vi gløymte å ta selfie? Uproft!

onsdag 9. desember 2015

Julegåvetips

Igår laga eg julegåver, og sidan mottakarene allereie har fått dei, uinnpakka, kan eg dele med deg kva eg laga.
Eg angra bittelitt på ambisjonen om å lage gåvene, for eg er tidsoptimist og ein mester i å utsette, så plutseleg var eg i tidsnød... Hehe, men det gjekk, med arbeid under press og litt svette!
Eg laga rugknekkebrød ala rudolf og fikenmarmelade, saman med litt ost har du vips eit heilt måltid.

Fikenmarmeladen fann eg oppskrifta på her; fikenmarmelade med valnøtter

Oppskrifta på knekkebrød er frå ei dansk bok eg kjøpte ein gong:
280 g rugmjøl
200 g kveitemjøl
2 ts salt
3/4 dl nøytral olje
2 1/2 - 3 dl vatn
Pynt: sesamfrø, valmuefrø, riven ost, hakka nøtter

Varm omnen til 220 g. Bland alt til ein fast deig.
Del deigen i to og kjevle til ein tynn deig.
Stikk ut reinsdyr eller ande formen(eller del opp i meir vanleg kjeksformer)

Pensle med vatn og dryss på pynt.
Steik i ca 15 minutt, til dei er gyldne(og sprø)




No skriv eg lister over innkjøp og kva som må gjerast, og prøvar å finne ting eg kan stryke frå lista, slik at eg kan gjere artige ting i istaden for! Eg høyrer julemusikk, et klementin og har planlagt lefsebaking med gode vener over helga!

mandag 7. desember 2015

Vekestart veke 50

Det er så mykje eg kan skrive, om å vere på kurs der alt er aktuelt, nært og lærerikt! Om å vere tante på besøk hos verdens finaste Andreas (5) som fekk meg til å legge puslespill og leike gjemsel. Om å kome heim og gå direkte på konsert der junior deltok. Om å få ein lang tur i skogen i  sol og snø, og plukke granbar til advents pynting. Om å gå på korkonsert med julemusikk.
Eg kunne også skrive om at alt eg har bakt til jul er oppspist... 😊

Men det får bli eigne innlegg. Idag skal du få eit adventsvers og eit par bilete av adventspynten min

Tenn lys !
To lys skal skinne for kjærlighet og tro,
for dem som viser omsorg og alltid bygger bro.
Må fanger få sin frihet og flyktninger et hjem.
Tenn lys for dem som gråter og dem som trøster dem.

Ha ei strålende veke! Med lys, englar og ein smak av julebaksten!



mandag 30. november 2015

Vekestart veke 49

Hæsjtag #advent #adventskalender #julegåver #været #kvar_er_snøen #innekos #julekaker #lefsebakst #internasjonal_søndag +++

Det er advent, folkens, mitt "vere til stades i november"-prosjekt er til ende, og det har gått bra! Eg har rett nok kjøpt ein del julegåver, bakt dei første julekakene(som omtrent er oppetne allereie)men eg starta ikkje advent og jul for tidleg, og det er godt!
No, derimot, er eg klar for julemusikk, adventspynt og lys, masse lys! Ei mørk tid treng lys, og det er deileg med stjerne, lyskule, lyslenker etc. Og levande lys i kvar ein krok!



I går hadde vi adventsbesøk, på graut og den første smaken på julekaker. Eg vart gripen av akutt lyst til å bake tjukklefse på laurdag, det har eg gjort to gonger før i mit liv... det gjekk bra, og eg har eit par nyttige tips til meg sjølv til neste gong eg sett igang :)
Men mitt innsalg av lefser og brune pinnar på gårsdagens kakebord var ikkje det einaste, gjestane hadde med mykje spennande som indisk kokoskonfekt og indisk snacks med spinat og chili. Thailandsk snacks med kylling og brød. Tyske romkuler og berlinerbrød! Ingen fare for å gå svoltne frå bordet!! Og vi utveksa litt tradisjonar og undring over ulike skikkar!
Vi tøysar ikkje kakebord!

I dag har eg fått unna dei første posane til adventskalenderen(jada, ungane er store, men det er kjekt med tradisjonar og det er ikkje store ting, men litt å gle seg over) Eg har sett på snøen som av og til har vore regn, av og til sludd og så vorte snø igjen... Eg håpar vel på skikkeleg vinter, ein slik som ligg i ro. Og eg håpar på gode resultat på klimamøtet i Paris! Og kanskje eg håpar litt på at vi alle er villege til å hjelpe ved til å endre oss?

Listene over ting som skal gjerast til jul er meir og meir detaljerte, og blir det fram til laurdag, då skal eg byrje å gjere noko med dei! Men først skal eg på kurs 3 dagar om å vere hørselshemma og i jobb. Det både gler og gruar eg meg til. Når eg har meldt med på, har eg erkjent endå ein gong at eg høyrer dårleg, og at eg vil lære meir! Men mest trur eg at det blir bra!!!
Eg brukar BAHA kvar dag, lærer litt etter litt, og blir meir fortruleg med bruken. Det er berre å fortsette altså!

Det var 1.søndag i advent i går. Vi tente det første lyset og sang, som vi brukar. Vi vekslar litt på kva vi syng, men dette verset likar eg godt:

Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.

Eivind Skeie


God veke til deg!


tirsdag 24. november 2015

Den første veka med BAHA

No har eg hatt BAHA i ei veke, korleis har det vore?
Her kjem ein liten statusrapport:

Hørselen er ikkje tilbake. Det hadde eg ikkje venta heller, men det verkar som om ein del rundt meg trudde det var det som skulle skje.
Eg var kjempespent på korleis det ville bli å få BAHA på. Eg syns det var fasinerande då lyden vart skrudd på og eg høyrte lydane frå datamaskina. Lydar som ikkje var i rommet, som gjekk inn i apparatet og via beinet til den høyrande øra! Det virka altså!

Eg "knotar" framleis litt meg å sette på apparatet, det er ikkje så lett å finne fram bak øret og under håret alltid. Men det brukar gå greit, eg har ikkje gitt opp enno. Men litt frustrasjon kan herje om morgonen, særleg når håret kilar seg mellom skruen og apparatet...

 Apparatet på plass! Her med oppsatt hår. Med håret nede er det ingen som ser BAHA.

Eg var litt spent på om apparatet ville kjennest tungt ut når det er på, men det merkar eg lite til. Skruen sitt tydeligvis heilt fast!

Virkar det?!
Eg høyrer særleg godt håret mitt som skrapar mot apparatet... Eg trur vel at eigentleg høyrer eg håret på andre sida og, men det er eg så vant til at eg ikkje legg merke til det. Kanskje blir det slik på den døve sida også etterkvart? Igår trudde eg det var noko galt med bilen, for det var så rar skrapelyd då eg var ute og køyrte, det viste seg å vere kragen på jakka...
Men meir alvor: Ja, eg trur eg merkar bedring. Særleg på dei som sitt på den døve sida av meg. Det var litt rart den første dagen eg klarte høyre det som skjedde til venstre for meg. utan å vri meg, utan å vere så anstrengt og konsentrert at kroppen knyttar seg! Før har eg snudd og vridd meg for å høyre, med dertil stiv nakke, eller eg har gitt opp og ikkje deltatt i samtalen.
Men eg treng mykje meir trening enno! Eg skrur lyden opp og ned alt etter kva som skjer rundt meg. Eg må lære meg å huske å gjere det. Eg øver å å sette det på. Huske å ta det av før eg går i dusjen. Komme inn i rutinen med å ta det på om morgonen. Aktivt høyre etter korleis lyden er, når det virkar og når eg kunne trengt meir støtte.
Det kjem nok fleire innlegg om temaet hørsel!



Vekestart veke 48

Ny veke, den starta vel formelt sett i går...
Tirsdag. Snø ute, strengt tatt er det vel slaps.
Ettermiddag, mørkt ute, fyr i omnen inne.
Middagstid, når eg berre røyser meg frå sofaen for å lage den.
Stilletid. Åleinetid. Tenketid.
Og snart kjem dei andre heim.
Då skal vi prate, ete, sjå inn i flammane i omnen og gjere ingenting,
saman!

Frå dagens tur


Jeg tror på ordene
Ja, jeg tror på ordene,
og jeg tror på ordenes evne til å formidle,
beskrivelser, refleksjoner, meninger,
alle disse ordene
som bærer sekker på ryggen,
vesker over skuldrene, under armene.
De viktige ordene, de store ordene
som står der på arket
som søyler i setningen, holder taket oppe,
løfter himlingen helt opp i skyene,
vegger av ord og bærebjelker,
ord hugget i marmor, støpt i bronse.
Men også de små ordene tror jeg på,
de enkle, hverdagslige ordene
som ingen ser,
som hjelper til, som støtter opp,
som holder verden i gang,
lar setningene folde seg ut
i all sin prakt. 

- Gro Dahle


Ønskjer deg ei god veke!
Med små ord, enkle ord som gir trøyst og støtte! Og store mektige ord som driv den framover!

torsdag 19. november 2015

Den stundeslause

Idag tidleg: "mamma, kan du kjør mæ å kontrabassen te skol´n før du ska på jobb?" Klart eg kan! Morgonrutinene gjekk litt fortare enn vanleg, og etter ein liten omveg til sentrum, var eg på jobb og skulle berre ta fram nøkkelkort, nøklar, databriller og mobil. Mobil?! Den hadde i farta vorte att heime... Ei slags krise, høgt blodtrykk og hurtig pust. No veit jo dei fleste kvar eg er på dagtid, så dei som verkeleg treng det, kan nå meg på det merkelege fenomenet fasttelefon, men kva med facebook, instagram og snapchat? Eg måtte berre byrje å jobbe lell, eg skulle berre sende ein epost til mannen og forklare situasjonen først.
Det viste seg at eg ikkje hadde tilgang på epost heller!!! Katastrofe!
Ok, puste djupt og sette igang med jobben.

Men etter ei stund trong eg jo epost for jobben sin del også, og eg lurte på om andre kollegaer hadde problem. Nei. Altså berre å kontakte ITavd på jobb. Prøvd å ringe ein slik plass? "Vi nås enklest på epost!" Neppe i mitt tilfelle... Men etter litt hadde eg kontakt. Ok, vanlege sprøsmål som om eg har prøvd restart? Ja. Hatt trøbbel før? Nei. Virkar alt anna? Ja. Litt prøving og feiling med fjernstyring av pc. "Har du 2 skjermar?" Nei. Sukk i andre enden. "Er det ein laptop kanskje?" Nei. Nytt sukk. Så meir prøving. Feil på feil. "Vi må prøve noko anna".

Og eg sitt der, loggar meg på igjen etter diverse endringar, ventar litt til. Loggar meg på på nytt. For eg sitt der, med fasttelefonen på øyret. Utan tilgang på pc, utan mobil, ventar. Ein rask tur fra 4.etg til 1.etg for å sjå om eg var pålogga ein pc der, nei. Så får eg beskjed om å legge på, men vere tilgjengeleg, på fasttelefon. Utan pc...

Så der satt eg. Kun papir og blyant. Ei kjensle av å vere utilgjengeleg. Rastlaus. Og med sjølvinnsikt om nettavhengigheit...
Eg planlegg innkjøp for helga. Skrur lyden opp og ned på den nye høreapparatet. Ser på skjermen der musepeikaren flyttar seg på leiting etter løysing. Hentar ein kopp te, til. Ser ut. Gråe skyer over byen. Haustsol som lyser opp. Tenkjer at dette kunne eg ta bilde av, før eg kjem på at mobilen med kamera ligg heime. Etter ei stund fekk eg låne ei ny fagbok av ein kollega, eg har lese om bakterielle årsaker til øyrebetennelse, både ytre og indre, hos hund og katt. Lærerikt, og eg vart ikkje forstyrra av epost eller "eg skal berre sjekke været" eller "så artige bilder på instagram".

Tenkjer på kor vant eg er til å vere tilgjengeleg. Heile tida. At eg mislikar å vere utan nett og telefon! Snart er det desember og advent. Advent var tidlegare fastetid, ikkje så mykje no. Kanskje eg skulle ta litt pauser frå nettet i desember? Ikkje vere utilgjengeleg, men skape meg lommer med fri? Eg skal ta tanken med vidare...

Og i kveld kom det snø! Eit melisdryss over byen. Litt lysare, litt lettare!

Slik kan utsikta frå jobb sjå ut. Men ikkje idag, for eg hadde ikkje
mobil å ta bilder med... 




søndag 15. november 2015

Leselogg haust 2015

Eg har ikkje vore flink å halde i gang leseloggen min. Eg les masse, men gløymer å skrive det ned... Men idag skal eg prøve å gje deg nokre lesetips!

I går var eg i selskap, og vi byrja snakka om bøker(takk, Bente!) Eg kom på så mange gode bøker eg har lese, og bøker eg har på lista mi over "ting å lese". Eg fekk forresten ei godt tips, kjenner du nokon som les masse, så be om topp10-lista deira når dei spør kva du ønskjer deg. Det finns så mange gode bøker der ute som ein aldri vil oppdage sjølv!

Kva har eg lese i haust?

  • "Det vokser ett tre i Brooklyn" Betty Smith Ei utruleg fin oppvekstskildring frå New York på starten av 1900talet. Godt språk, det var slik at eg hadde lyst å merke av enkelte setningar, fordi dei var så gode. Eg måtte lese sakte for å glede meg over språket :) I tillegg ei historie som fangar deg. Eg har anbefalt boka vidare, og dei som har lese den, er einig med meg! Les! (eg har skrive om denne boka før, men den fortener meir framsnakk!)
  • "Historia om det nye namnet" og "The story of the lost child" Elena Ferrante Bok 2 er ferdig lest, og eg er igang med bok 3. Eg likte godt bok 1, men vart endå meir fanga av bok 2, så eg klarer ikkje vente til bok 3 kjem på norsk, og les den på engelsk... Må vere eit godt tegn? Historia om dei to venninnene frå Napoli utviklar seg, jentene blir eldre, liva tek ulik retning. Tradisjonar, arv, skjebnar, valg, bøkene har alt!
  • "De usynlige" Roy Jacobsen Ei bok eg hadde høyrt mykje skryt av, men som ikkje hadde fanga meg. Så fann eg den på salg, og den vart med heim. Den er bra! Ei historie om eit liv på ei øy, om fattigdom, armod, småkårsfolk. Men også om pågangsmot, vilje, styrke, kunnskap. Les! 
  • "Sju dagar i august" Brit Bildøen Ei veke i august, kor mykje kan skje? Mykje! Sorg, sakn, kjærleik, tvil, valg... Ei veldig "tett" bok, ikkje mykje ytre handling, men ei bok som fanga meg.
  • "Fugletribenalet" Agnes Ravatn Krim? Triller? Tragikomisk? Eg veit sanneleg ikkje! Ei historie om eit liv som plutseleg måtte ta ei ny vending. Overrsakingar rundt kvar ein sving. Heller ikkje så mykje ytre handling, men kven har ikkje tenkt mykje og latt seg dra med av fantasien...
  • "Jernblod" Liza Marklund Krim. Du får det du ventar. Siste bok om Annika Bengtzon, samlar mange trådar. 
  • "Norsk sokkel" Heidi Linde Eg likar bøkene til Heidi Linde, også denne. Mange historier som hang saman, på tidvis svært overraskande måtar! Underfundig, humor og alvor.
  • "Agaat" Marlene van Nieker To kvinner i SørAfrika. Ei kvit og ei farga kvinne. Ei som er sjefen og sm har prøvd å forme den andre. Har ho klart det? Urettferd og skeivt! Ei slags oppsummering av livet dei har hatt saman. Denne er eg ikkje ferdig med, den er ikkje av dei mest lettleste, men engasjerande.

På leseslista: 
  • "Bror din på prærien" Edvart Hoem
  • "Hvitt hav" Roy Jacobsen
  • eg skal lese meir dikt! Og har fleire diktbøker på "lista", som må skaffast! Anbefalar å 
Har du ei bok eller tre å foreslå?

Vekestart veke 47

På fredag skreiv eg om den gode fredagskjensla, kor godt eg har det. At eg gleda meg på ei god helg. Det har eg også hatt, men fredagskvelden vart ganske brått omsnudd då nyheitene om angrepet på Paris kom. Eg som satt i mi trygge, varme stove, og plutseleg kjente eg meg utrygg, usikker og motlaus. Korleis det var for dei som sto midt oppi det, er ikkje råd å forstå. Eg vart påmint dagane etter 22.juli 2011, uvissa. Så fort livet og verda snur! Eg veit at slike ting skjer mange stader i verda, mykje oftare enn eg klarer ta det innover meg. Men Paris er så nært, det kunne nesten vore her...

Det blir ekstra viktig for meg å treffe vener, vere saman med familien, gjere noko fint saman slike dagar. Så det passa godt å vere invitert i selskap i går, ete godt, le og snakke om livet.  Idag har vi hatt sakte brunsj i sofaen, med fyr på omnen og nystekte scones, nypressa juice og ei stor kanne te!
Brubsj

Eit dikt til trøst, undring og ettertanke må du få med frå denne helga og inn i veka som kjem.

Godnatta til du som gråter
Tårene dine faller
som regn i rommet.
Det går en elv gjennom nettene
og elven synger
om sjøen av tårer.

Hvis du ser noen som er ute på sjøen om
natten,
så er det sorgen og sorgens sønn
som er ute og ror.
Nå kan dere snart trekke tårene inn.
For til og med sorgen må sove.

Gro Dahle

Og i løpet av dagen skal eg sjå om eg ikkje får skrive litt leselogg igjen. Eg har lese mange bøker i haust, og det er lenge sidan eg har skrive noko om bøker, det er på tide!
He ein fin søndag og ei god veke!

fredag 13. november 2015

Klar, ferdig helg!

Det er fredag.
Middagen står og blir ferdig av seg sjøl i omnen. Eg har avtala tid med mannen, og kanskje passar det for 17åringen å ete saman med oss også?
Huset er ryddig nok. Iallfall for levande lys, sofa og lesing av bok.
Eg har gått tur, for å kaste glass- og metallsøppel. Er det ikkje rart kor fort den dunken inni kjøkkenbenken blir full, og kor vanskeleg det er å få kasta det? Men no er det gjort og eg er godt fornøgd med meg sjøl. Eg har fått stramma inn litt på brillene mine, slik at dei sitt betre på. Eg byrjar å venne meg på å bruke dei! Eg har kjøpt mengder med klementiner og bittelitt sjokolade til fredagskos. Eg har møtte ein nabo på butikken og fekk ein triveleg fredagsprat. Eg gler meg på selskp i morgon kveld, og satsar på at ryggen tåler høge hælar.
Eg har fått time for tilpassing av det beinforankra høreapparatet. Eg har venta tålmodig og spurt berre ein gong om kvifor eg ikkje har fått time før, har eg no ein avtale til veke. Det blir spennande! Eg gler meg og er topp motivert for å lære å bruke det.
Eg har fått time hos smerteklinikken for meir utredning av ryggen, det er eg litt meir spent på. Men det skjer iallfall ting, og no veit eg når eg skal inn. Det er motiverande!
Ute er det ein merkeleg haust, på ein måte godt med lune dagar, men burde ikkje november vore kaldare?!
Fredag! Ei heil helg framfor oss, og eg skal starte med å nyte denne kvelden!
Gog helg!
Fint å bu i by når det ser slik ut i nabolaget!

Haust 
Dagens solnedgang!

onsdag 11. november 2015

Å sjå detaljar...

Jaja, tida går og synet blir ikkje betre med tida! (det var vel å håpe på for mykje)
Eg huskar då eg byrja med briller, ca 13 år gamal. Plutseleg var det vindu på husa på andre sida av fjorden og trea hadde blad og var ikkje berre ein grønn masse. Det var stor stas!
Men alt blir ein vane, og no syns eg det er heilt normalt å sjå godt på langt hald.
Det er ikkje like stor stas når det alltid er for mørkt når ein skal lese, bokstavane er for små i alle samanhengar og brillene ikkje virkar. . Skal ikkje briller vare evig, det står ikkje noko dato for "best før" på dei!? For ikkje å snakke om dei artige vitsane eg har latt falle over andre som har klaga på synet. Dei har byrja slå tilbake.
Eg har slutta å lese avisa om morgonene, eg les berre overskriftene i avisa om morgonen. Slikt sparar ein jo verdifulle minutt, men det er kjedeleg! Så etter ei stund med lesebrillene i bruk meir og meir, lett snublande i korridorane på jobb fordi eg ikkje orkar skifte til dei vanlege brillene og alltid med mest mogeleg lys på, gjekk eg til optikaren.
Optikaren mumla vel noko om at eg kunne hatt glede av å kome før, og var enig i at eg kunne trenge nye glass. Så byrjar det spennande valget av ny innfatning. Men sidan eg lever i tida og av og til er svært effektiv, gjekk det fort! Det gjeld å gå for magekjensla og å tørre vere litt modig. Litt svett etterpå, når eg ikkje huska heilt korleis den såg ut...men angrar ikkje!
No har eg fått oppdaterte briller. Eg snublar framleis i korridorane...og er svært forsiktig i trappa, for det progressive feltet kan gjere den mest avbalanserte aggresiv medan ein lærer seg å bruke det! Eg snur sakte på hovudet, for elles seglar ting rundt meg. Og det tek litt tid å venne seg på den nye justeringa for skeive hornhinner, så eg bommar på dørhandtak og slikt. Snakkar av erfaring...
Men snart er eg vant til det, og ser godt både fjernt og nært!

 
Førbilde

Etterbilde

Eg ser betre! Eg kan lese sjølv den minste skrift på krydderglas og brev som kjem, eg les avisa til frukosten! Luksus!
Og no skal eg berre tenkje meg grundig om og kanskje bestille ein frisørtime også...

mandag 9. november 2015

Vekestart veke 46


Lite å melde eller mykje å melde, det kan vere to sider av samme sak: vanskeleg å sette ord på. Så trur eg held meg til berre å dele andre sine ord som vekestart idag, så får vi sjå om eg kjem sterkare tilbake seinare i veka.
Men ei lita oppteljing av novembergleder skal du få:

  • eg har bakt eplekake og nøttekake med krem 
  • eg har laga lammelår og sosa kjøtt med elg
  • eg har gått tur, i novembersol og plutseleg novembermørke, sidan det blir mørkt tidleg no! Eg har gått i tung, våt myr, og på tørre fjellryggar. Eg har sett masse mose, og veit kvar eg skal samle granbar.
  • eg har brent lys og tent i omnen, sitte stille og sett på flammane. Lese og høyrt radio i ei halvmørk stove.
  • eg et klementin kvar dag, og trur c-vitamin hjelp!
  • junior er heime, det er meir liv i huset og besøk til seine natta. Kjekt når flokken er samla, sjøl om det  er litt vanskeleg å få alle til å vere heime samtidig. Men ein felles middag har vi klart den veka han er heime...


TA VARE

på vennene ta VARE
på vennligheten, vis gjerne
litt selv om du kan, dagen er blå
og dagen er grønn, dagen 
er hvit - det er ikke annet
enn livet det her, vi er alle borte - nå
eller om litt, take it easy menneske
but take it, det er ikke
annet enn virkelighet
vet du, snart er 101 inne snart
er 101 ute - jeg sier:
vennlighet varer lenger, ta VARE
på vennligheten, ta VARE
på vennene - HEI HEI! ta nå
vare på hverandre. 
Jan Erik Vold

God veke til deg! Håpar nokon tek vare på deg, og at du tek vare på venene dine!

torsdag 5. november 2015

Eplekake


Eg har jo som forsett å bake i november og til no har det vorte grytebrød med havre og valnøtter(nydeleg med brie!) og eplekake.
Eg tenkte eg skulle dele oppskrifta på eplekake med deg, for den vart svært populær her i huset. Det er ikkje så nøyaktige mål, det passar meg godt :) og det går an å ta det ein har av enkelte ting.

75-100 g smør/ margarin
150 g sukker
3 egg
250 g lettrømme/ kesam/ vaniljekesam/ cottage cheese
(jeg har brukt det jeg har, og gjerne en blanding)
200 g kveitemjøl
2 ts bakepulver
2-3 epler i båtar
kanel
perlesukker

Sett steikeomnen på 180 gr. Smør ei 24 cm springform og dryss med mjøl.
Rør sukker og smør kvitt. Tilsett egg, eitt og eitt, bland godt for kvart egg. Rør inn rømme. Rør inn mjøl og bakepulver. Hell røra i forma.
Stikk eplebåtar i mønster i røra, dryss over kanel og perlesukker. Steik midt i omnen i ca 45 minutt.
God lunken med litt is...


mandag 2. november 2015

Ting eg har lyst å gjere i november

Kvart år kjem november. Haustferien er over, det er lenge til jul, det er mørkt ute, det regnar... Eg har dei siste åra planlagt novemer, slik at eg kan nyte også den månaden! Litt fordi eg likar advent og jul så godt, har eg tidlegare starta advent og jul altfor tidleg. Dei siste åra har eg klart å vere bevist på dette, og det har vore fint!
Så kva skal eg bruke november til?
  • Bake brød og bollar. Det er så godt og det tek ikkje så lang tid, når eg har bestemt meg. 
  • lage dessert på søndagane. Dessert er ikkje kvardagsmat, men eit lyspunkt. Det er mykje å velge mellom, frå enkel is til eplekake eller fromasj eller.... nam!
  • gå endå meir tur i skogen. No viser forskning at «naturen «sletter» bekymringer», og det har eg vist lenge! Det siste året har eg traska masse i skogen, det er godt for kroppen, ryggen, hørselen+++ Det ligg igjen både kilo og bekmringar i motbakkane der eg har gått!  http://www.norskfriluftsliv.no/naturen-sletter-bekymringer/ Utnytte dagslyset så langt det går, så gjer det ikkje så mykje om kveldane er mørke.
  • lage middagsliste igjen, det er mykje kjekkare på ettermiddagane når eg veit kva eg skal lage. Meir variert blir det og. Og då passar det å starte med stor helgehandel igjen også.
  • plukke granbar og mose til adventskrans. Det kan eg ta på ein eller fleire av skogturane mine.
  • lage julegåvelister. Med stor, fin familie er det mange å huske på, og det er mykje enklare å finne gode idear når ein sitt i sofaen og ikkje spring rundt i butikkane med høg puls.
  • ha besøk av junior som har ei friveke i november, feire ein 60årsdag, gå på julemesse, feire 75årsdag. Fine sosiale treffstader!
  • tenne masse levande lys! Inne og ute. Fyre i omnen og sjå inn i flammane.
  • Ete klementin. Fylle på med frisk frukt og grønsaker, det trengs i haustmørket.
  • gå på kafe, ta med bok og drikke te. Gjerne åleine, men eg kan godt få selskap!
  • lage middag som tek lang tid, i helga vart det chili con carne. Skikkeleg hot, passa godt i grått regnvær. Eg bakte eltefritt brød til, så det var skikkeleg saktemat. Til helga skal vi ha lammelår, trur eg, eller lammefrikasse, sidan det er farsdag og mannen syns det er så godt.
Det vart 11 punkt, kanskje det kan inspirere deg også? 
Dette er mitt prosjekt, eg forstår at det ikkje passar for alle. Men eg tenkjer at alle har godt av å vere tilstades i livet, der du er no!
 
Slik var det i skogen i dag. Mørk himmel, vind og mild luft.

søndag 1. november 2015

Vekestart veke 45

Hu hei kor det går, no er det allereie november! Men det er ein rar november, +10 gr og regn, ikkje frost og is akkurat. Erteblomstrane blomstrar nesten meir enn dei gjorde i sommar og det går greit med sommardyne på natta(eller, eigentleg ikkje. Det var frost sist veke, så eg har funne fram ullteppe!)
Vi har vore på kino og sett "James Bond" idag. Det er ikkje akkurat tung underhaldning, men det høyrer med å sjå dei filmane. Action kan vere artig, det er mykje som skjer og du får det du ventar deg. Men dette var første gong på kino med hørsel på berre ei øre. og det var slitsomt! Må lyden vere så høg!? Junior på 17, som passar godt på hørselen sin, brukte ørepluggar sidan lyden var så høg, og eg satt med handa over det gode øret for å dempe lyden, elles var det berre skrall! Det må då vere vanskeleg for fleire?

Over til noko heilt anna: eg har tenkt på rause folk i det siste. Du veit dei som får deg til å slappe av, kjenne deg vel, verdifull og viktig. Dei som er tilstades, men ikkje tek fokuset frå andre. Som er så trygge at dei ikkje må dytte unna oss andre. Eg har så lyst å vere slik! Men oppdagar ofte i møte med andre at eg får lyst å snakke mest om meg sjølv, i staden for å lytte. At eg vil framheve meg sjølv, framfor å halde dei andre sine gode sider fram. Tenkje mest på kva eg kan seie for å kome i godt lys sjølv, når nokon andre fortel noko... i det heile, eg ser lett meir innover enn på dei eg møter! Eg veit jo sjølv korleis det er npr nokon tek fokuset, dominerar, gjer oss andre små, får oss til å kjenne oss dumme...
Eg søkte på synonym til raus, og fekk fram storsinn, gavmild, sjenerøs, rundhånda. Eg syns dei orda er veldig konkrete, eg tenkjer også på ein person med stort hjarterom, som ikkje er sjølvhøgtideleg, som omfamnar den dei møter, uansett om dei er einige eller ikkje. Ein som er trygg på seg sjølv, og difor kan gå litt utanom det som er forventa. Det er så godt å kjenne slike folk, treffe dei, vere saman med dei, og forhåpentlegvis la seg smitte!

To kloke

Det er ein
som er så klok
at i lag med han
skjønar eg
kor dum eg er.
Så er det
ein annan
som er så klok
at i lag med han
er eg klok
eg og.

Erling Indreeide
Frukosten idag var iallfall raus på ein måte. Med heimbaka brød, egg, ansjos, ferskpressa
grapefruktjuice og te!

Ha ei strålande veke i november!
Eg trur forresten eg skal halde på novemberforsettet mitt frå dei siste åra; Å nyte november og ikkje ta advent og jul på forskot. Enno verkar jula langt unna, det er for lite preg av haust og vinter. Men i butikkane finn du julemat, julebøker, julepynt og har du kjøpt julekjolen!? Eg vil ha november som november, og skal legge ein plan for kva eg skal bruke han til!  Er du nyskjerring,  finn du fleire innlegg under etiketten november på høgre side av bloggen. 

torsdag 29. oktober 2015

Mindfullness i myr

Det er sikkert fleire dagar sidan eg har lagt ut bilder frå skogtur, hehe! Så eg må berre dele nokre bilder frå dagens tur med deg!
Det var sol, men i skuggesidene låg rimen på bakken etter nattekulda. Note to self: Eg burde faktisk ha funne fram piggskoa mine, for det var ganske glatt. Både blad med rim på og vatn som hadde frosse, tina og frosse igjen.


I enden av stien her, kan du nesten sjå bakbeina på ein joggar. Trur han vart litt forundra då han kom rundt ein sving og nesten snubla i meg som låg og fotograferte rimlagte strå i vegkanten!

Kunsferdig rimlagte strå

Mindfullness i myra, det er terapi for kropp og sjel, det! Idag var det frosse til, og det heldt meg nesten... Lite som er så kaldt som isvatn i skoa, hehe! Men ull hjelp! Og både klær og sko tåler vaskevatn.



Då eg kom forbi her, kom eg på ei sitan av Leonard Cohen:
There is a crack, a crack in everything 
That's how the light gets in. 
Sola kom igjen ei åpning den tette skogen, lyset varma og tina isen!
Ta deg ein tur ut i hausten!