Viser innlegg med etiketten tålmod. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tålmod. Vis alle innlegg

søndag 25. februar 2018

Jazzcamp og fullt hus

Ofte er det ganske roleg heime hos oss. Mannen og eg har stort sett oversikt over planene for dagen, og kven som skal kva, når. I profilen min står det tenåringsmor, men det gjeld berre 3 veker til. Då blir yngstemann 20 år, og det er litt rart... Men akkurat no får eg testa ut om eg enno er fleksibel og kan snu meg rundt i ein fei!

Musikkjunior har hatt vinterferie, iallfall slik av og til, denne veka. I morgon er det opptaksprøve for vidare skulegang, og dit er det fleire enn han som skal. Den som bur i nærleiken av slike opptaksprøver, kan drive ein slags jazzcamp eller "mors bed and breakfast m/øvingsrom og servering av middag" om ein vil. Og besøk og liv i huset er kjekt, så velkommen til oss!
I går kom ein ekstra kontrabass i hus, med musikar, og idag kom ein trommis med deler av trommesett (det heiter sikkert noko anna?) Vi har hatt elggryte til middag og til frukost var det eltefrie rundstykker. Alle skulle få enkeltrom, og kølapp til badet. I tillegg får eg gå til jobb i morgon, for eg driv visst utleige av bil også! Og det var jo litt dumt at det var akkurat no "lille, grønne lynet" fekk behandlingsstopp og er avskilta og ligg avkledd hos ein hoggar...

Etter ein samtale med ingeniørstudenten, som har hatt reunion med kompisar frå militære og gått på toppturar heile helga, har vi gjort om på romfordelinga. For han hadde tenkt å komme innom i natt, og hadde lovt seng til ein som skal ta første flybuss i morgon tidleg. Vi har altså utvida til bed and breakfast, (nesten) ski in/ski out. Godt vi har ekstra dyner, feltseng, brød i frysaren og hjarterom!

Og enno har eg igjen ein sovesofa og i verste fall ein madrass til å sove på stovegolvet, om du skulle vere i nød. Litt usikker på om huset kjem til å sove i natt, det kan vere dei første står opp før dei siste legg seg.


Men tidleg idag, då var det eg og ein bukett tulipaner i februarlyset! 


tirsdag 30. januar 2018

Flaks, sa du?

Eg kan ganske mange ting! Eg er god på gjærbakst, kanskje ikkje like god på langpannekaker. Eg er ein racer på å skrive tekstmeldingar, og eg skriv ganske feilfritt. Eg kan brygge te,  mykje og ofte, i kanne og kopp. Eg har ikkje krympa ullklær i vask på lenge, og eg likar å vaske klær (litt mindre å bretta og legge på plass, men...) Eg kan stryke ein damaskduk når det trengs, og eg brettar håndklær ganske fint. Eg klarer stort sett å huske å kjøpe mjølk, brød og frukt før vi er tomme. Vi har nesten alltid raust med middag i kjøleskap og frysar. På jobb held eg brukbart styr på streptokokkar og stafylokokkar. For ikkje å snakke om kor god eg er til å kjøpe sko! Eg har rett og slett brukbar kontroll på mange ting.

Men datamaskiner slit eg litt med. Og nettbrett. Og telefon. Eg satsar på at dei virkar, og ser gjerne vekk frå alle oppdateringar. Eg trykker "utsett" eller "senere" så lenge eg kan. Nokon syns eg gjer det for lenge og for ofte. (det er litt vanskeleg å seie "dei om det", for det er desse nokon som må trå til med nødhjelp, viser det seg.)

Til slutt blir eg innhenta av skjebnen, eller kvardagen... Som i "eg får ikkje gjort det eg skal!", uttrykt med litt hissig stemme, irritasjon i skuldrene og høgt blodtrykk. Program virkar ikkje som eg har tenkt, dei stoppar, seier dei er utdaterte. Eg får ikkje åpne dei, eller dei snakkar ikkje saman. Mi indre hurpe busta seg opp!

Igår, eller rettare sagt forrige helg, men eg har vore borte, så eg utsette problemet, fekk eg ikkje tak i bilda mine. Eg måtte krype til korset og be mannen om hjelp. Og mannen ville hjelpe. Bortsett frå at skjebnes ironi ville det slik at harddisken på mannen sin pc fekk eit illebefinnende omtrent samtidig, og han vart litt opptatt med å redde det som reddast kunne. Og eg, sutrande jomfru i nød, sjølforskyldt nød rett nok, måtte vente.
Jaja, eg kan no prøve sjøl, tenkte eg (det var berre så lite fristande, eg meiner, eg trong passord og måtte lese både her og der. Det kan vere difor eg har utsett det.) Ikkje fekk eg det til heller! Ting lasta seg opp og vart borte, feilmeldingane var dei same som før. Eg vart litt irritert, hissig, og i følge høgst usikre kilder, høglytt.

Han fann tid til å hjelpe meg! Han fann ut at eg hadde hoppa over minst 4 nødvendige oppdateringar tidlegare, og at no støtta ikkje noko noko lenger (eller noko slikt) Han fann i tillegg ut at eg nok hadde forstått ting betre om eg las det som sto, istaden for å berre prøve. Men mannen er klok, og forsto kjapt at å fortelje meg dette var å leve farleg, og gjekk i staden igang med å fortelje kva eg skulle gjere.


Eg hadde passorda eg trong (naturlegvis...) og dei virka (flaks! Eg har ein tendens til å endre passord, men ikkje endre huskelappen. Jada, ein skal ikkje ha huskelapp, men altså!)
Og etter utallige trykk og ok og godkjenn, og ei ventetid som var lenger enn lang, virka alt! Litt sånn "Voila!" Eg hadde oppdaterte versjonar både her og der, eg hadde kontakt med bildearkivet og eg kan blogge. Skjønnar ikkje kva mannen masar om, no virkar alt, så eg tek på skylappar igjen og neste oppdatering kan eg vel sjå bort frå?

(Eg innser at eg må følge med meir. Eg kunne mista masse som eg har på mac´n. Eg kunne måtte bruke masse pengar på ny maskin, men eg slapp! Då kan eg vel kjøpe ny kjole for dei pengane?)

tirsdag 18. oktober 2016

Livet med BAHA

Eg satt og kikka litt på gamle innlegg ein dag, og oppdaga at det har gått eit år sidan eg fekk operert inn skrue for BAHA, og snart eit år sidan eg byrja bruke apparatet.
Korleis har det eigentleg gått, når eg ser tilbake? Brukar eg BAHA? Har eg glede av det? Når brukar eg det mest? Har eg fått ekstrautstyr?

Veska med det rare i, alt utstyret samla ein stad er
lurt. Lettare å få det med seg då!

Ytre sett er det lite å sjå, håret dekker både skruen og BAHA. Det har fordeler og ulemper, for då er det heller ingen som ser at eg brukar høreapparat. Frisøren har lært seg at ho skal klippe forsiktig, og skvett ikkje lenger når ho kjem borti skruen.
Eg har vore lite plaga med såret etter at det hadde grodd saman. Eg kom fort inn i rutinen med å rense rundt skruen kvar kveld, og berre ein gong i vår vart det litt irritert og betent. Då er det ein fordel å jobbe med bakteriologi, eg tok prøver og fann ut kva bakterie som vaks og kva antibiotika som skulle til.

Inni håret her skjuler det seg eit døvt øre og
ein BAHA
Eg er litt til og frå med å bruke BAHA. Då eg akkurat hadde kome inn i ein god vane, vart det nokre veker heime med dårleg rygg, og eg syns det er unødvendig -og slitsomt- å bruke det når eg er åleine heime. Etterpå tok det litt tid å kome inn i vanen med å bruke det igjen. Så no øvar eg på å bruke det kvar dag, igjen. Eg kjenner at når eg er vant med å bruke det, manglar det noko når eg ikkje har det på. Når eg kjem på jobb, tek eg på BAHA og finn fram databrillene, først då er eg klar for arbeid. Eg syns også det hjelper mot tinnitusen, dei dagane eg ikkje har brukt BAHA på jobb, blir tinnitus verre utpå ettermiddagen. Eg blir meir sliten og får vondt i hodet, kanskje fordi eg har anstrengt meg meir?

BAHA
Eg har fått Roger pen (mellom vener kun Roger) og streamer.  Roger er ein slags mikrofon, som sender lyden rett inn i BAHA (eller andre høreapparat) Det er fasinerande når det er mykje støy rundt meg, og eg held over den "gode" øra og hører betre enn før! Den er særleg til hjelp i bilen, då henger eg den på mannen og får stemma hans "rett inn" og eg blir ikkje så forstyrra av bilstøyen. Eg har også brukt den litt i lunsj på jobb, då kan eg enten legge den på bordet eller gi den til den eg skal snakke mest med. Ellers er eg heilt avhengig av å ha personen eg skal snakke med på rett side, eller bare vere der og ikkje få med meg så mykje...
Roger kan også koblast på telefon, radio og tv, men det har eg ikkje hatt så mykje behov for, iallfall ikkje enno.


Oppsummering så lang: Eg brukar BAHA meir og meir, og Roger til og frå.

Men alt i alt lever eg betre med hørselstapet no enn for 2 år sidan. Då var alt nytt, eg måtte venne meg til ein ny måte å lytte på. Skuldrene var høgt oppe og eg sleit med å forstå lydbildet. No veit eg at eg ikkje kan stole på kvar eg trur lydar kjem frå, og ser meg godt for ute i trafikken og snur meg heilt rundt når nokon snakkar til meg bak meg, for å finne ut kvar dei er. Eg plasserer meg strategisk når eg skal snakke med folk og innimellom vel eg å koble ut, dersom det berre er småprat og det er for mykje som forstyrrer. Eg treng ikkje få med meg alt, og av og til må eg kvile.

I helga var eg i ein ukjent situasjon, med masse, jamn støy ein heil dag. Vi sette båten på land, det var ei stor mobilkran som dura og gjekk heile dagen. Båtane kom på land, og folk brukte høgtrykkspylar for å vaske. Det var lydar på alle kantar. Eg høyrte ikkje når mannen snakka til meg, dersom han ikkje aktivt tok kontakt først. Eg hadde problem med småprat med folk eg ikkje kjenner, eg prøvde diskret å bytte plass slik at eg fekk dei på "godsida", for eg orka ikkje byrje å forklare hørselproblema mine. Eg fann også ut at eg ikkje kunne hjelpe til med å få båtane på land og på plass i krybbene, for eg ville vere farleg for både meg sjølv og andre når eg ikkje klarte å høyre beskjedane. Eg fann meg andre oppgåver. Men det var slitsomt, og eg likte ikkje å oppleve så tydeleg at hørselsproblema la hindringar. Eg er nok heldig i kvardagen som ikkje har så store problem då. Dagen etter var eg heilt utslitt!

Her var det mylje lyd!
Eg har vore på kurs "Behold jobben" på Briskeby kompetansesenter, det var veldig bra, nyttig og lærerikt. Når eg sitt her og skriv, kjem eg på at eg har ein ganske ferdig presentasjon om hørselen min som eg skal halde for kollegaene mine, det bør eg gjere snart... For eg har eit ansvar for å informere om hørselen min, og utfordringane eg har. Sjølv med gode hjelpemiddel, og til tross for at eg høyrer godt når vi sitt to stykker og pratar, får eg problem når det blir bakgrunnsstøy, som andre som pratar saman eller i telefonen eller annan støy. Skuldrene går opp og eg brukar meir krefter. Der har eg eit stykke å gå, for eg er ikkje flink til å seie frå om at eg ikkje høyrer, evt at andre må vere stille eller gå ein annan stad å prate, for eg likar ikkje å vere til bry. Kanskje er det grunnen til at andre kanskje ikkje alltid tek hørselsproblema mine på alvor...

Og jamfør forrige innlegg, om å gå ut av komfortsona. Eg datt fort ut av komfortsona mi, utan å ha noko val, då hørselen på eine øret vart vekk over natta! Eg måtte berre, trass motvilje, leve med og godta endringane. Eg kom ikkje langt med endringsuvilje... Eg vart stiv i skuldrene og lei meg, utan å kunne endre nokon ting! Eg måtte leve idet. Og der er eg litt enno. Eg tenkjer på kor behageleg det hadde vore å høyre på begge ørene, og at det ville vore endå større endring om hørselen hadde vorte vekk på begge ører.
Og om å kjøpe båt: seglbåt er eit godt val! Stillare enn vind i segla kan det nesten ikkje bli, og då klarer eg høyre beskjedane som blir gitt, og delta i samtalen!

Vind i 

søndag 31. juli 2016

Vekestart veke 30

Eg lærer stadig noko nytt, om båtlivet, men óg om andre ting.
Om å vere mor feks. Til to soner som er over 18 år, som lever sine eigne liv. Den eine er i militære, utanfor dekning for tida. Eg lærer tålmod...og å stole på både son og autoriteter. Den andre er heilt klart innanfor dekning, men strekker tålmodet lell om prøvar å vere autoriteten.
Eg øver meg på å leve med ryggen som ikkje gjer som eg vil alltid. Eg må tenkje nytt om fleire ting der, som aktivitet og kvile. Eg har funne ut at eg kan gå langt om eg går sakte. Og eg kan plukke bær, om eg plukkar få kvar dag.
Eg lærer noko nytt om å vere i storfamilie, om roller og livet. Om livets gang, på godt og vondt.

Tau er viktig i båt

Og eg lærer om båt, om segl, om fokk og vindretningar. Om eg har lært meg å segle enno, veit eg ikkje, men eg plukkar stadig opp noko nytt. Eg klarer eit fleirtal av gongene å snu båten i rett retning, eg veit når det er medvind og motvind, eg les fart på gps-apparatet. Eg kveilar tau, eg fortøyer båt, eg dreg inn skjøter og brukar vinsj. Men eg er ikkje sjømann, enno...

Sjømannen ber ikke om medvind. Han lærer seg å segle. Gustav Lindborg
Ha ei strålande veke!
Eg skal i gang med den tredje veka etter ferien, eg har nesten snudd døgnet tilbake på rett kjøl(sjå der, sjølivet blandar seg inn). August er her i morgon, kanskje med eit lite drag av seinsommar? Men eg satsar på varme dagar og fløyelsmjuke kveldar!

"Noen ganger er det alright"

fredag 29. april 2016

Mi indre burugle

Eg veit ikkje heilt kva ei burugle er, men eg trur bestemt det er ei litt småhissig, lett irritert, utålmodig sjel...omtrent som eg om dagen. (sjølv mannen seier, under press, at han merkar at eg er utålmodig)

Det går jo bra med ryggen, eg har stadig mindre vondt, eg klarer meir og meir. Og eg har god tid til å sjå på det eg ikkje klarer... eller ikkje har lov til å gjere noko med, altfor god tid. Eg blir ei litt mindre hyggeleg utgåve av meg sjølv. Eg har god tid til å sjå på ting som skulle vore gjort, vi snakkar vasking av bad, flekkar på skapdører, visne blomster etc etc.
Men eg prøvar jo å ikkje vise det(særleg at det virkar)
Så istadenfor å mase og seie "har du ikkje tatt opp brød?!" seier eg med silkemjuk røyst: "Når du likevel skal hente brød i frysaren, kan du vel ta med det som ligg i vaskemaskina?". Eller istadenfor å brumme "Kvifor er det berre EG som ser at det trengs å støvsugast her?!", smiler eg sukkersøtt og seier "Kanskje du tørkar opp den flekken der når du likevel skal støvsuge?"
Eg trur kanskje eg er gjennomskua... Det er ikkje artig å møte ein mindre søt og hyggeleg versjon av seg sjølv i trappa, det er omtrent så langt eg kjem meg, og der skulle det iallfall vore støvsuga!

Eg ser altså hårstrået på min manns skulder, men ikkje hybelkaninkolonien på mine eigne strømper (eller feil, det gjer eg verkeleg! Men eg får ikkje avliva den) Altså må eg berre lese fleire bøker, gå fleire turar og satse hardt på at det snart blir så varmt at eg kan bruke tid ute i solveggen! Eg må flytte fokus til noko anna, og har du forslag blir eg (og resten av familien)  glad!

(og når alle restriksjonar ang kva eg kan gjere er oppheva, kjem eg til å oversjå alle hybelkaninar og syltetøyflekkar i vekevis!)


Dagens frukost var bra om ikkje anna! Med kvitveis frå skogturen igår og te i Mummikopp. Her reknar vi på plusspoeng!

torsdag 19. november 2015

Den stundeslause

Idag tidleg: "mamma, kan du kjør mæ å kontrabassen te skol´n før du ska på jobb?" Klart eg kan! Morgonrutinene gjekk litt fortare enn vanleg, og etter ein liten omveg til sentrum, var eg på jobb og skulle berre ta fram nøkkelkort, nøklar, databriller og mobil. Mobil?! Den hadde i farta vorte att heime... Ei slags krise, høgt blodtrykk og hurtig pust. No veit jo dei fleste kvar eg er på dagtid, så dei som verkeleg treng det, kan nå meg på det merkelege fenomenet fasttelefon, men kva med facebook, instagram og snapchat? Eg måtte berre byrje å jobbe lell, eg skulle berre sende ein epost til mannen og forklare situasjonen først.
Det viste seg at eg ikkje hadde tilgang på epost heller!!! Katastrofe!
Ok, puste djupt og sette igang med jobben.

Men etter ei stund trong eg jo epost for jobben sin del også, og eg lurte på om andre kollegaer hadde problem. Nei. Altså berre å kontakte ITavd på jobb. Prøvd å ringe ein slik plass? "Vi nås enklest på epost!" Neppe i mitt tilfelle... Men etter litt hadde eg kontakt. Ok, vanlege sprøsmål som om eg har prøvd restart? Ja. Hatt trøbbel før? Nei. Virkar alt anna? Ja. Litt prøving og feiling med fjernstyring av pc. "Har du 2 skjermar?" Nei. Sukk i andre enden. "Er det ein laptop kanskje?" Nei. Nytt sukk. Så meir prøving. Feil på feil. "Vi må prøve noko anna".

Og eg sitt der, loggar meg på igjen etter diverse endringar, ventar litt til. Loggar meg på på nytt. For eg sitt der, med fasttelefonen på øyret. Utan tilgang på pc, utan mobil, ventar. Ein rask tur fra 4.etg til 1.etg for å sjå om eg var pålogga ein pc der, nei. Så får eg beskjed om å legge på, men vere tilgjengeleg, på fasttelefon. Utan pc...

Så der satt eg. Kun papir og blyant. Ei kjensle av å vere utilgjengeleg. Rastlaus. Og med sjølvinnsikt om nettavhengigheit...
Eg planlegg innkjøp for helga. Skrur lyden opp og ned på den nye høreapparatet. Ser på skjermen der musepeikaren flyttar seg på leiting etter løysing. Hentar ein kopp te, til. Ser ut. Gråe skyer over byen. Haustsol som lyser opp. Tenkjer at dette kunne eg ta bilde av, før eg kjem på at mobilen med kamera ligg heime. Etter ei stund fekk eg låne ei ny fagbok av ein kollega, eg har lese om bakterielle årsaker til øyrebetennelse, både ytre og indre, hos hund og katt. Lærerikt, og eg vart ikkje forstyrra av epost eller "eg skal berre sjekke været" eller "så artige bilder på instagram".

Tenkjer på kor vant eg er til å vere tilgjengeleg. Heile tida. At eg mislikar å vere utan nett og telefon! Snart er det desember og advent. Advent var tidlegare fastetid, ikkje så mykje no. Kanskje eg skulle ta litt pauser frå nettet i desember? Ikkje vere utilgjengeleg, men skape meg lommer med fri? Eg skal ta tanken med vidare...

Og i kveld kom det snø! Eit melisdryss over byen. Litt lysare, litt lettare!

Slik kan utsikta frå jobb sjå ut. Men ikkje idag, for eg hadde ikkje
mobil å ta bilder med... 




tirsdag 8. september 2015

Skuffa!

Skuffa!

I morgon skulle eg opererast. Eg skal operere inn beinforankra høreapparat, som skal hjelpe meg no når det venstre øret ikkje virkar lenger. Operasjonen er utsett! Eg er skuffa!
Det er mykje i verda som er verre, heilt klart. Dette kjem ikkje i klasse med flyktiningetragediene, som eg nesten ikkje klarer ta heilt inn over meg, finanskriser og slike ting, dette gjeld jo «berre meg».
Men for meg i min kvardag hadde det vore fint å få tatt opersjonen no, eg har jo allereie venta ei stund. Det tek tid før såret gror og eg kan byrje å bruke høreapparatet, det tek tid å tilpasse seg og trene seg opp med nytt utstyr. Det er mange ting med hjelpemiddel etc som ikkje kjem på plass før eg har det beinforankra høreapparatet på plass.

Så eg vart litt paff då kirurgen starta forundersøkelsetimen igår med å seie at «som du veit er jo operasjonen utsett» . Nei, det veit eg ikkje! Eg såg sikkert ut som eit spørsmålsteikn! Posten leverer ikkje ut brev på laurdagar her hos oss, det kan vere grunnen til at eg ikkje viste noko...for då eg kom heim, låg brevet der. Heldigvis har eg fått ny dato, men eg må vente nokre veker og det var eg ikkje innstilt på.
Men timen med kirurgen var i sum bra. Han forklarte godt, hadde god tid og svarte på alle mine spørsmål. Kan eg vaske håret før såret har grodd? Nei. Eg må kjøpe tørrshampo!(viktig? Nei. Greit å vite? Ja!) Er det vondt, undervegs og etterpå? Nei, vanlegvis ikkje(dessutan finns det smertestillande), men ta det er lurt å ta det med ro. Treng eg møte fastande? Nei. No har eg det litt klarare for meg korleis operasjonen skal gjennomførast, korleis det blir etterpå og kva som kan gå galt(ja, dei kan bore for djupt, det hadde eg ikkje trengt så mykje kunnskap om... )

Eg likar jo å tru at eg er ganske endringsvillig, men eg er ikkje det akkurat no, tydelegvis. Eg må ut og kjøpe «tålmodskrem», trur eg, for det heiter å smøre seg med tålmod... Kvar kjøper ein det? Nokon som har noko å anbefale? Hjelp det med mørk sjokolade for tålmodet? Eg må omstille meg, fortsette på jobb, vente. Det gode er at eg rekk meir av det eg skulle gjort før operasjonen!


Det melder seg ein del spørsmål om heilt uvesentlege ting også(for slike som meg gjer det det!) Ikkje spørsmål eg spurte kirurgen om, men meir private og trivielle ting ... Skal eg lese bøkene eg har kjøpt for å lese når eg skal ta det roleg etter operasjonen i ventetida? Kor mange nye bøker treng eg eventuellt? Har du nokre lesetips? Har eg «rett» på ein trøstepresang sidan eg må vente(eg «treng» ny vinterkåpe)? Treng eg kanskje noko nytt av andre ting? Ein ny te, med roande effekt? Jaja, det har eg tid til å fundere på dei neste vekene. (Og eg har det med å oppleve forviklingar rundt operasjon, det kan du lese meir om her: Forviklingar Men sjøl om dei ikkje fann det dei leita etter den gongen, så tvilar eg på at dei vil finne igjen hørselen min, sjølv om dei borrar eit hol!)

tirsdag 28. april 2015

Hekseskudd

På søndag skulle eg berre strekke meg etter noko, litt sånn på skrå bak meg.
PANG, der small det til i ryggen! Vondt, vondt, vondt. Og dessverre veldig kjent, sjøl om det er nokre år sida sist.
Eg brukte eit par minutt på å puste djupt, sakte prøve å bevege meg, 'stråler det ned i foten? ' 'klarer eg reise meg opp?' 'Går det bra å gå?' Ingen stråling, eg kom meg opp på to, eg kunne gå! Jippi! Eg har hatt flere prolaps,  og er operert, eg har litt panikk for at det skal komme igjen.
Eg har vore hos fysioterapeut og lege, vi er enige om at det er hekseskudd. Ingen prolaps.  Men, det  er VONDT dette også. Eg klarer ikkje sitte. Eg varierer mellom sofa og seng, eg går sakte, korte turar,  eg passar på å ete smertestillende med jamne mellomrom. Eg gjer øvingar for å få opp blodsirkulasjon og bevegelse. Eg får behandling, trøyst og gode råd hos fysioterapeuten.

Eg les bøker. Eg har god grunn til å kjøpe bøker eg har ønska  lenge ☺ hurra for Kindle. Eg har fått låne bøker. Eg høyre radio. Eg prøvar å halde moralen oppe og brukar tålmod(trur eg snart må kjøpe meir...) Eg les blogger,  held meg orientert på sosiale medier. Nettbrettet er i flittig bruk. Eg er meir orientert enn vanlig,  og veit at eg er heldig når eg ser korleis det er rundt om i verda. Eg irriterar meg litt over at sola skin ute og at eg ikkje kjem meg på tur. Og irriterar meg over at eg irriterar meg over bagatellar.
Utsikt frå sofaen. Ute er det sol.

Soveromsvegg

Eg gler meg over at oppdragelsen gir frukter, og at eg har soner med empati og som kan lage mat. Eg er glad eg har ein tålmodig mann, som forklarar meg at eg snart er frisk igjen, at 'brakkesjuka' vil gje seg og at det ikkje er krise med skitne vindu. Eg blir nemlig så fryktelig oppmerksom på slike ting når eg ikkje klarer gjerne noko med det...men til vanlig lever eg godt i selskap med  hybelkaninene!
Eg veit det gå over. Eg syns berre det passa så dårleg å bli sjuk no igjen. Eg er lei av ein kropp som ikkje virkar når vil. Eg syns litt synd i meg sjøl,  rett og slett!

mandag 23. februar 2015

Husmorskule

Eg har hatt eit todagerskurs på mamma sin husmorskule!
Eg hadde lyst å lære å lage fiskemat, syns at når eg har runda 46 år er det på tide…og eg fekk plass på vinterferiekurset!

Men for å lage fiskemat treng ein råvarer, og vi var heldige og ha leveringsdyktige bakmenn.
Lettmatros og styrmann

Fiskeflåten på veg mot land

Litt ruskevær første dagen, men dag to var det kjempefint!

Fram med vekta! 

Sjølv om sjefen for fiske har fiska i så mange år at han alltid har opplevd meir fangst, så vil eg seie at vi hadde godt om råvarer! Torsk, lyr, hyse, sei, kolkjeft vart med opp. Skate fekk vere med opp, men vart diskvalifisert. Flyndra, knurren og ueren vart ikkje med til land ein gong.
Heldigvis har det vorte slik at fiskaren leverer frå seg kun fiskefiletar. Lettmatrosen vart god til å filetere, og eg slapp.

Så var vi klare for matlaging!
Først på med forkle.
Forkleselfie

Så prøvde eg finne oppskrifta vi skulle bruke. Men det viser seg at etter omtrent 59 år som husmor treng ein ikkje skrivne oppskrifter, derimot har mamma dei i hovudet og fingrane. Eg derimot, med ikkje like lang fartstid, fekk skrive ned ei omtrentleg oppskrift, som kan brukast saman med erfaring.
Vi startar med fiskefilet.

Opp i foodprocessoren, saman med salt, potetmjøl og muskatnøtt. Kjør saman og så spe med mjølk.
Hyse eller lyr, eg kjenner ikkje igjen fiskeart når det
er filet(ikkje alltid som fisk heller)

 
 
Læraren sjekkar om eleven har gjort som ho skal.

Det vart godkjent, og vi byrja steike kaker.


Litt av resultatet. Det vart 120 fiskekaker!

Dagen etter var det også mykje fisk. Då laga vi fiskeball. Det er mykje likt i oppskrifta, men her er det også løk og peppar. Det vart 90 stykker. Eg kjente meg som ei dreven husmor etterkvart som timane gjekk på kjøkkenet!

Her er det filet av kolkjeft
(det veit eg fordi eg veit det)

Fiskeball som kokar
Og idag har vi hatt fiskeball til middag. Heimelaga mat smakar godt, mat ein har laga sjølv smakar om muleg endå betre!!
Fiskeball med bacon, potet, gulrot og kålrot.

Og til slutt, litt natur:
Då eg venta på å sjå fangsten, gjekk eg rundt i fjøra og fekk sjå mykje vakkert!
Naust #1

Naust #2 


Samme fjell og fjord på biletet både over og under
her, sola gjer ein forskjell!



torsdag 10. april 2014

Hovmod står for fall (sukk!)

Eg huskar for nokre år sidan, då mine eldre søsken byrja klage over kor mørkt det hadde vorte og kor små bokstavane hadde var! Eg flira både i smug og høgt og foreslo at eg kunne lese høgt for dei, snakk om gamle folk! Men på eit eller anna tidspunkt har noko skjedd med lyset i heimen hos oss også, lampene lyser ikkje så godt lenger og aviser etc har skifta til uforsvarleg lita skrifttype. For ikkje å snakke om krydderglas?! Kvit mikroskrift på svart botn! Eg har måtte ty til briller frå Nille og sterkt lys for å tyde noko som helst.
Det er fleire år sidan eg måtte krype til korset og byrje med progressive glass(også kjent som "mors aggresive") Det gjorde mest vondt i viljen, for eg har brukt briller i over 30 år og andre såg ikkje endringa. Det er ikkje briller eg er i mot, eg har hatt det meste(og verste) der :) Store blå i plast, studentbriller, "kattebriller", grønne, svarte, brune. Men i vinter har eg fått meir og meir problem, eg syslar med veldig små ting på jobb, som bakteriar og slikt, og eg har prøvd og prøvd, men augene protesterar og det er måte på kor sterkt lys ein kan ha før andre reagerer… Det hjelper på humøret å vitse litt om å vere trangsynt, fjernsynt og vidsynt, ha for korte armar etc, men det hjelper ikkje stort på synet.
Eksempel på småtteri, dette er forresten ein salmonellatype

Så det vart tur til optiker, som var skuffande klar i konlusjonen om at her har alderen gjort mykje for synsevnen! No har eg briller til bruk ved småarbeid og pcbruk, i tillegg til brillene eg har for å kunne kjøre bil og finne fram i butikken eller på flyplassar. Dette gir gir uante forviklingar og problemstillingar… For kva gjer ein når ein til ei kvar tid treng to par briller for å kunne sjå nært og fjernt om kvarandre, eg må nesten bytte for å sjå kollegaen på andre sida av bordet klart, og så bytte tilbake for å sjå klart det eg har framfor meg. Eg har ei mental sperre på å bruke brillesnor, det lukter møllkuler og gamal dame lang veg! På den andre sida…det har sine praktiske sider også; då veit eg iallfall kvar brillene er! Til no har eg prøvd ut diverse variantar av sambruk, så får vi sjå kva konklusjonen blir.
Under følgjer eksempel:



Eg må vel berre ta møllkuler i lommene og kjøpe nokre fancy brillesnorer, for briller i munnen eller i håret er ikkje så egna. Briller i panna er verken fancy eller praktisk.

Eg er forresten godt fornøgd med dei nye brillene, eg fann noko som ikkje lyste "terminalbrille etter statens regulativ", og vart veldig frista til nye briller sånn til fulltidsbruk også.

Og eg har lært, alle blir eldre og ser dårlegare. Også eg, sukk! Så no nikkar eg forståelsesfullt når nokon klagar på lyset og skriftstorleiken og gir diskret tips om at det finns hjelp å få og at vi er fleire i same båt.



fredag 22. november 2013

Hos frisøren

Eg lurer på om eg er litt sløv.
Eg har aldri vore særleg opptatt av hår, med styling og stell og slikt. Eg har hatt veldig, veldig kort hår, det er lenge sidan, og aldri nokon suksess! Eg har hatt ganske langt hår, langt ned på ryggen, så tjukt og krølla hår at det trong 12 timar for å tørke og knapt lot seg greie... Eg måtte ha grov børste og det fanst knapt ein hårstikk som greidde halde villnisset samla. Då eg var lita hadde eg lyst, krølla hår med hårsløyfe i, eg fekk mykje skryt for den varianten. No har eg ei ganske roleg og enkel frisyre som ikkje krev så mykje meir enn vaks og ein kam av og til. Ei frisyre som krev at eg er ofte hos frisøren passar ikkje for meg!
Jula 1970, ikkje ferdig pynta, men med hårsløyfe!

Eg har ei glattetang eg av og til lurer på om eg skal prøve. Det har ikkje vorte enno, men den har berre ligge 1 år i skapet. Eg har grå hår, også kjent som sølvtrådar, som eg ikkje giddar farge for å skjule(eller så er eg så gjerrig at eg ikkje vil betale for å dekkje dei til?)
Men av og til ser eg i speilet og ser at NO må eg gjere noko. Eg må klippe meg, helst NO, evt i går.  Og då bør det vere ledig hos frisøren, NO. Eg reknar meg eg ikkje er åleiene, sjølv om det høyrest ut som dei fleste andre er meir planlagte enn meg.

Det glade nittitall! Har aldri hatt behov for kjøpekrøllar!

Igår var eg hos frisøren. Å sette seg i frisørstolen er som å skru på ein pauseknapp, det er ikkje noko anna som skjer då. Først er det litt prat om korleis eg vil ha håret, og litt diskusjon om lengde og slikt. Eg minner om at håret mitt krøllar seg som det sjølv vil, og frisøren strekker litt idet. "Vil du vaske håret?" spør frisøren så. Ja takk, gje meg hodebunnsmassaje og bruk god tid! Varmt vatn og lukka auger, det er berre å slappe av!

Så er det tørking og greiing av hår. "Jammen har du tjukt hår!" Ja, det har eg jammen, og det er eit passe krevande samtaletema. Eg kan seie at det var tjukkare før eg fekk ungar, og så seier frisøren at det er vanleg at det endrar seg etter fødslar. Og vips er vi inne på noko eg syns kan vere litt problematisk: small-talk! Eg høyrer dårleg, og endå dårlegare når nokon legg vått hår over øyrene mine. I tillegg kan eg godt berre sitte der, utan å diskutere været(det er ikkje kaldt ute, evt det er kaldt ute, det har regna eir enn vanleg etc), cupfinalen(kvifor skal det vere tema hos frisøren?! Eg må skryte på meg at eg heiar på Molde berre for å halde samtalen i gang her i Bartebyen) eller kor lenge eg har budd her, evt kvar det er best å bu i byen. Så kan vi snakke om jobb, ungar, juletradisjonar etc. Om sommaren er ferie eit fint tema, og skulle det bli heilt krise, kan ein snakke om sjukdom. SjakkVM er litt betre, men eg er truleg den einaste i Norge som ikkje har sett ein einaste kamp og difor ikkje forstår når folk snakkar om kor spennande det er å følgje med på TV. Ikkje kan eg reglane heller... Eg har mest lyst og berre sitte der, ikkje småprate. Heldigvis forstår mange frisørar det og let meg berre sitte der.

Det hender eg let att augene og forsvinn litt inn i meg sjølv. Då får eg plutseleg beskjed om å legge hovudet litt på skakke og halde det slik, men i havsøvne gløymer eg meg og får hjelp til å skakke på rett måte. Ok, så er ikkje frisørstolen ein stad å sove.
No er vi på punktet der det må sjekkast om håret er like langt der det skal vere langt eller kort, og der eg må minne om at mine krøllar gjer som dei sjølv vil. Det er fabelaktig å ha funne ein frisør som faktisk tek hensyn til det! Neste punkt er kva eg brukar av stylingprodukt. "Øh...eg tørkar håret...og det er det." Då får eg tilbud om både det eine og det andre som samlar krøllane, definerar håret eller hindrar brusing(til dags dato ikkje funne noko som eigentleg virkar!), og eg brukar gje meg etterkvart, og prøvar noko nytt kvar gong. Er eg heldig får eg no ein hårtørkar plassert over håret. Då kan eg halvsove eller lese gamle ukeblad, drikke te og all samtale er utelukka! Det kallar eg luksus!

Til slutt er det berre å betale, inkludert svare på om eg treng shampo eller stylingprodukt. "Nei takk, eg har det eg treng" og håpe at håret veks sakte, slik at eg ser grei ut på håret lengst mogeleg.
Dagen etter frisøren


(Eg meiner ikkje henge ut den som steller håret med omtanke eller glattetang, men eg er ikkje heilt der! Eg blir fasinert av dei som står opp ein halv time før for å stelle håret, det har aldri vore aktuelt for meg! Og for den som måtte lure, eg er like håplaus når det gjeld sminke!)

tirsdag 20. august 2013

Krone på verket

Då er krona på plass! Den kom på plass på kronprinsessa sin fødselsdag, det passa jo godt!? No satsar eg på at eg ikkje treng gå til tannlegen på lenge!

Eg har forresten eit spørsmål, som sikkert fleire sitt med:

Kva er passe belønning for å måtte sette krone på ei tann?

Vi snakkar fleire tannlegebesøk, bedøving, boring, avstøpning++, slikt kan då ikkje berre gå ubemerka hen? (og kom ikkje med at krone er dyrt, og ein difor ikkje kan få premie, det går av ein annan konto(iallfall mentalt) og er heilt irrelevant)



mandag 27. mai 2013

Kvardagslukke

Rundt om på bloggar eg les, skriv mange om kvardagslukke, feks her Mammadamen  og her Livet i Casa Didriksen. Og det sett jo igang tankar også hos meg, kva er kvardagslukke for meg? Er det det samme som gir lukke no som for 10 år sidag, 20 år sidan? Vil det være det samme om 5 år? Kvardagslukka er dei nære tinga for meg, ikkje det som skjer rundt om i landet eller verda. Eg burde vore opptatt av det og, men idag handlar det om det nære. Det blir eit slags feel-good-innlegg, så orkar du ikkje det, er du advart!

Eg har tatt eit kjapt tilbakeblikk i hukommelsen, kva var fint før? I studietida var det eit høgdepunkt å kjøpe Amagasinet og lese når eg tok pause frå studia i helga. Det var forresten veldig fint når studielånet kom også :)

For 15 år sidan, med ein nyfødt og ein på 19 mnd var kvardaglukka når den største satt i ro og kikka i bok ved sida av meg medan eg amma den minste. Då dei starta i barnehagen, var kvardagslukka når vi kom oss ut av barnehagen utan altfor mange slåsskampar om å opne og lukke porten i barnehagen, opne og lukke bildøra, bære sekken sjølv eller ikkje.... Det gjekk mykje på å finne ein måte å leve saman på, som passa både store og små. For mor var vel kvardagslukka også ei god natt søvn...

Å lese høgt for ungane medan dei åt kveldsmat, få ei god avslutting på dagen og ein god start på natta. Grovskive med syltetøy og Morovers av Andre Bjerke passar godt saman! Kornblanding og Harry Potter, dei seks første bøkene lese medan gutane åt kveldsmat. Gyldne stunder! Ikkje lenge sidan dei snakka om at det var lange sidan vi hadde hatt høgtlesing.
Å bake bollar og finne ut kva som passar som fyll, syltetøy, sjokolade, seigmenn. (Seigmenn var ikkje så bra! Smelta og rann ut av bollen og utover steikeplata)
Å lese vaffeloppskrift og måle opp ingredienser, steike og lage plakat for vaffelkiosk og "selge" dei til mor og far.

No, med tenåringar i huset, er det andre ting som framkallar lukkekjensla.
Kvardagslukka for mor er å sjå at gutane har det bra! At det går godt, at dei har vener, at dei finn ut av livet meir og meir, litt etter litt.

Kvardagslukka kan også vere
  • å sitte saman og ete middag, at kjenne maten smakar, at vi kan prate om korleis vi har det, der vi er på kvar vår plass i løpet av dagen. Å kjenne at vi høyrer saman!
  • å lage pizza saman, finne den perfekte pizzaen! Før tenåringane stikk ut til sine vener og vi vaksne sitt igjen. Å vere godkjent for å hente dei der dei har vore. 
  • å minnest noko vi har gjort saman, og legge planer for neste ferie.
  • å bli vekt av ein son som spør om han kan lage amerikanske pannekaker til søndagsfrukost.
  • å få sitte i fred og lese ei god bok, drikke god te frå yndingskoppen.
  • å treffe gode vener, kunne prate om smått og stort, gleder og sorger. 
  • å kjenne gleda over at huset er større(og at påbyggingskaoset var verdt det...)
  • å ha på radioen medan eg lagar middag
  • å høyre at dei andre låser seg inn og ropar hallo når dei kjem heim
  • å vite at det er potetsalat igjen etter middagen, som eg kan ete til kveldsmat saman med spekeskinke!!!
Potetsalat, god til middag, suveren til kveldsmat!

Yndlingskoppen


Og eg kunne fortsette og fortsette... Ikkje så dumt, det blir nok fokus på det som ikkje er bra, ikkje virkar, som irriterer.

Kveldstemning med solnedgang sett frå stoveglaset





fredag 24. mai 2013

"Tålmod er ei dyd"

Jada, det vil eg tru!
Dersom alle var tålmodige, ville verda stått stille! Eg ser det difor som mi plikt å vere utålmodig no om dagane...
Har du ønska deg nokre rolege dagar? Ein liten draum om stille dagar, der du kan sitte i sofaen og berre sitte? Ikkje noko som burde gjerast, berre lese og sjå tv og høyre radio? Oh yeah! Det ønskar eg meg stadig vekk, ingen barn som skal fraktast, ingen oppvask som skal ryddast, ingen klær å brette. Eg har fått nokre slike dagar i sofaen, og tenkte dette skulle bli bra. La planer om slaraffenliv deluxe!

Det viser seg at ein ønskjer seg det ein ikkje har!

Eg gløymte å realitetssjekke... Kvardagen gjekk sin vante gang utan å ta hensyn til at eg sitt i ro. Krykker dei første dagane gjorde meg litt inmobil og upraktisk, har du prøvd å bære eit glass med vatn når du går med krykker? No er krykkene kasta, men eg er framleis ikkje spesielt kjapp og lett på foten når eg manglar noko som ligg på soverommet, ei trapp ned. Det er forresten ikkje allverda å sjå på tv på dagtid heller. Eg har brukt mange dagar på å roe meg ned og lande i sofaen og innsjå at grunnen til at eg sitt her er foten og at den skal ha ro. Gløymer eg det, hovnar foten opp og blir gretten!
Enkelte onde tunger i heimen har hevda at eg har framstått som utålmodig, nærast som ein kveks i ei fyrstikkeske...
Bilde lånt herifrå: http://sofiebj.blogg.no
Men dei siste dagane har eg klart å senke skulderene, eg har kome meir i balanse med mitt eige tålmod. Ikkje heilt tålmodig, ein skal ikkje overdrive heller :) Men eg legg ei plan for dagen; skifte bandasje på foten, ete frukost, lese aviser, sette på oppvaskmaskina, gå ein liten tur, lese aviser, og ha sofaen som base. Alle klarer leite i haugen(vi snakkar om ein stor haug) med reine klær for å finne to ganske like strømper, rein t-skjorte eller boxer. Er vi tom for pålegg og brød, viser det seg at ingen svelt ihjel!! (Men at nokon har ete opp sjokoladen eg trudde låg i kjøleskapet, det er alvorleg og går utover tålmodet!!!)

Ein ekte venn i nøden! Sofalivet krever aviser og radio, helst P2! 

Eg er på grensa til skoavhengig... Det er både ei ulempe og ein fordel no. Ulempa er at eg ikkje kan bruke kva som helst av sko. Fordelen er at eg har mykje å velje i! Crocs er store og gode og mjuke og passar til nyopererte føtter som ikkje vil ha det trangt, flaks eg har 4 par :) Dei brune med sløyfe har fordelen at dei er flate og ikkje trykker på såret. Eg har meir spennande i skoskapet, så no er det sjanse for å gjenoppdage gamle skattar.