Om å vere mor feks. Til to soner som er over 18 år, som lever sine eigne liv. Den eine er i militære, utanfor dekning for tida. Eg lærer tålmod...og å stole på både son og autoriteter. Den andre er heilt klart innanfor dekning, men strekker tålmodet lell om prøvar å vere autoriteten.
Eg øver meg på å leve med ryggen som ikkje gjer som eg vil alltid. Eg må tenkje nytt om fleire ting der, som aktivitet og kvile. Eg har funne ut at eg kan gå langt om eg går sakte. Og eg kan plukke bær, om eg plukkar få kvar dag.
Eg lærer noko nytt om å vere i storfamilie, om roller og livet. Om livets gang, på godt og vondt.
Tau er viktig i båt |
Og eg lærer om båt, om segl, om fokk og vindretningar. Om eg har lært meg å segle enno, veit eg ikkje, men eg plukkar stadig opp noko nytt. Eg klarer eit fleirtal av gongene å snu båten i rett retning, eg veit når det er medvind og motvind, eg les fart på gps-apparatet. Eg kveilar tau, eg fortøyer båt, eg dreg inn skjøter og brukar vinsj. Men eg er ikkje sjømann, enno...
Sjømannen ber ikke om medvind. Han lærer seg å segle. Gustav LindborgHa ei strålande veke!
Eg skal i gang med den tredje veka etter ferien, eg har nesten snudd døgnet tilbake på rett kjøl(sjå der, sjølivet blandar seg inn). August er her i morgon, kanskje med eit lite drag av seinsommar? Men eg satsar på varme dagar og fløyelsmjuke kveldar!
"Noen ganger er det alright" |
Jeg synes det er en god tanke, at jeg alltid kan lære noe nytt- DU har lært masse og er flott i sinn og skinn.
SvarSlettTakk, snille du! Det å kunne -og ville- lære noe nytt, er en viktig egenskap som jeg tror gir livsglede!
SlettDe glimtene du sender fra båtlivet ser fantastiske ut! Fortsett med det.
SvarSlettJeg har det siste året begynt å venne meg til tanken på at familien etter hvert utvides. Nye mennesker skal innlemmes i våre gale innfall og påfunn og i vår rytme. Det er spennende, artig og veldig koselig.
Det har blitt litt ferie på meg. At det resulterer i litt ekle tall i regnskapet blir en utfordring som må løses - litt fri må jeg ha. Vi har hatt en kort, men fin tur til Vestlandet. Akkurat nå er det bare vi gamlingan som er hjemme. Koselig det også... :-)
Det kjem nok fleire båtglimt :)
SlettVi har ikkje kome til utviding av familien enno, men ser for meg at det blir spennande! Og som du seire, koseleg!
Ferie må ein ha, så håpar eg at du får gode tal i regnskapen utover hausten.