Eg kan ganske mange ting! Eg er god på gjærbakst, kanskje ikkje like god på langpannekaker. Eg er ein racer på å skrive tekstmeldingar, og eg skriv ganske feilfritt. Eg kan brygge te, mykje og ofte, i kanne og kopp. Eg har ikkje krympa ullklær i vask på lenge, og eg likar å vaske klær (litt mindre å bretta og legge på plass, men...) Eg kan stryke ein damaskduk når det trengs, og eg brettar håndklær ganske fint. Eg klarer stort sett å huske å kjøpe mjølk, brød og frukt før vi er tomme. Vi har nesten alltid raust med middag i kjøleskap og frysar. På jobb held eg brukbart styr på streptokokkar og stafylokokkar. For ikkje å snakke om kor god eg er til å kjøpe sko! Eg har rett og slett brukbar kontroll på mange ting.
Men datamaskiner slit eg litt med. Og nettbrett. Og telefon. Eg satsar på at dei virkar, og ser gjerne vekk frå alle oppdateringar. Eg trykker "utsett" eller "senere" så lenge eg kan. Nokon syns eg gjer det for lenge og for ofte. (det er litt vanskeleg å seie "dei om det", for det er desse nokon som må trå til med nødhjelp, viser det seg.)
Til slutt blir eg innhenta av skjebnen, eller kvardagen... Som i "eg får ikkje gjort det eg skal!", uttrykt med litt hissig stemme, irritasjon i skuldrene og høgt blodtrykk. Program virkar ikkje som eg har tenkt, dei stoppar, seier dei er utdaterte. Eg får ikkje åpne dei, eller dei snakkar ikkje saman. Mi indre hurpe busta seg opp!
Igår, eller rettare sagt forrige helg, men eg har vore borte, så eg utsette problemet, fekk eg ikkje tak i bilda mine. Eg måtte krype til korset og be mannen om hjelp. Og mannen ville hjelpe. Bortsett frå at skjebnes ironi ville det slik at harddisken på mannen sin pc fekk eit illebefinnende omtrent samtidig, og han vart litt opptatt med å redde det som reddast kunne. Og eg, sutrande jomfru i nød, sjølforskyldt nød rett nok, måtte vente.
Jaja, eg kan no prøve sjøl, tenkte eg (det var berre så lite fristande, eg meiner, eg trong passord og måtte lese både her og der. Det kan vere difor eg har utsett det.) Ikkje fekk eg det til heller! Ting lasta seg opp og vart borte, feilmeldingane var dei same som før. Eg vart litt irritert, hissig, og i følge høgst usikre kilder, høglytt.
Han fann tid til å hjelpe meg! Han fann ut at eg hadde hoppa over minst 4 nødvendige oppdateringar tidlegare, og at no støtta ikkje noko noko lenger (eller noko slikt) Han fann i tillegg ut at eg nok hadde forstått ting betre om eg las det som sto, istaden for å berre prøve. Men mannen er klok, og forsto kjapt at å fortelje meg dette var å leve farleg, og gjekk i staden igang med å fortelje kva eg skulle gjere.
Eg hadde passorda eg trong (naturlegvis...) og dei virka (flaks! Eg har ein tendens til å endre passord, men ikkje endre huskelappen. Jada, ein skal ikkje ha huskelapp, men altså!)
Og etter utallige trykk og ok og godkjenn, og ei ventetid som var lenger enn lang, virka alt! Litt sånn "Voila!" Eg hadde oppdaterte versjonar både her og der, eg hadde kontakt med bildearkivet og eg kan blogge. Skjønnar ikkje kva mannen masar om, no virkar alt, så eg tek på skylappar igjen og neste oppdatering kan eg vel sjå bort frå?
(Eg innser at eg må følge med meir. Eg kunne mista masse som eg har på mac´n. Eg kunne måtte bruke masse pengar på ny maskin, men eg slapp! Då kan eg vel kjøpe ny kjole for dei pengane?)
Viser innlegg med etiketten internett. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten internett. Vis alle innlegg
tirsdag 30. januar 2018
torsdag 19. november 2015
Den stundeslause
Idag tidleg: "mamma, kan du kjør mæ å kontrabassen te skol´n før du ska på jobb?" Klart eg kan! Morgonrutinene gjekk litt fortare enn vanleg, og etter ein liten omveg til sentrum, var eg på jobb og skulle berre ta fram nøkkelkort, nøklar, databriller og mobil. Mobil?! Den hadde i farta vorte att heime... Ei slags krise, høgt blodtrykk og hurtig pust. No veit jo dei fleste kvar eg er på dagtid, så dei som verkeleg treng det, kan nå meg på det merkelege fenomenet fasttelefon, men kva med facebook, instagram og snapchat? Eg måtte berre byrje å jobbe lell, eg skulle berre sende ein epost til mannen og forklare situasjonen først.
Det viste seg at eg ikkje hadde tilgang på epost heller!!! Katastrofe!
Ok, puste djupt og sette igang med jobben.
Men etter ei stund trong eg jo epost for jobben sin del også, og eg lurte på om andre kollegaer hadde problem. Nei. Altså berre å kontakte ITavd på jobb. Prøvd å ringe ein slik plass? "Vi nås enklest på epost!" Neppe i mitt tilfelle... Men etter litt hadde eg kontakt. Ok, vanlege sprøsmål som om eg har prøvd restart? Ja. Hatt trøbbel før? Nei. Virkar alt anna? Ja. Litt prøving og feiling med fjernstyring av pc. "Har du 2 skjermar?" Nei. Sukk i andre enden. "Er det ein laptop kanskje?" Nei. Nytt sukk. Så meir prøving. Feil på feil. "Vi må prøve noko anna".
Og eg sitt der, loggar meg på igjen etter diverse endringar, ventar litt til. Loggar meg på på nytt. For eg sitt der, med fasttelefonen på øyret. Utan tilgang på pc, utan mobil, ventar. Ein rask tur fra 4.etg til 1.etg for å sjå om eg var pålogga ein pc der, nei. Så får eg beskjed om å legge på, men vere tilgjengeleg, på fasttelefon. Utan pc...
Så der satt eg. Kun papir og blyant. Ei kjensle av å vere utilgjengeleg. Rastlaus. Og med sjølvinnsikt om nettavhengigheit...
Eg planlegg innkjøp for helga. Skrur lyden opp og ned på den nye høreapparatet. Ser på skjermen der musepeikaren flyttar seg på leiting etter løysing. Hentar ein kopp te, til. Ser ut. Gråe skyer over byen. Haustsol som lyser opp. Tenkjer at dette kunne eg ta bilde av, før eg kjem på at mobilen med kamera ligg heime. Etter ei stund fekk eg låne ei ny fagbok av ein kollega, eg har lese om bakterielle årsaker til øyrebetennelse, både ytre og indre, hos hund og katt. Lærerikt, og eg vart ikkje forstyrra av epost eller "eg skal berre sjekke været" eller "så artige bilder på instagram".
Tenkjer på kor vant eg er til å vere tilgjengeleg. Heile tida. At eg mislikar å vere utan nett og telefon! Snart er det desember og advent. Advent var tidlegare fastetid, ikkje så mykje no. Kanskje eg skulle ta litt pauser frå nettet i desember? Ikkje vere utilgjengeleg, men skape meg lommer med fri? Eg skal ta tanken med vidare...
Og i kveld kom det snø! Eit melisdryss over byen. Litt lysare, litt lettare!

![]() |
| Slik kan utsikta frå jobb sjå ut. Men ikkje idag, for eg hadde ikkje mobil å ta bilder med... |
tirsdag 7. januar 2014
Bloggen er på Facebook!
Bloggen har fått eiga side på Fcabook, så får vi sjå om det blir fleire som les :
Dersom du vil "like" sida, går du inn her:
https://www.facebook.com/livetddenkjrlighetenogbamsemums.blogspot.no
tirsdag 19. februar 2013
Trå varsamt i veven
Ein skal passe seg ute på verdsveven!
Den som googlar meg finn sikkert både blogg, facebook, twitter,
jobbrelaterte ting, fritidsaktiviteter, kanskje andre ting og. Det er
ikkje hemmeleg at eg jobbar, og det kan vere praktisk at ein kan
finne meg på heimesidene til jobben. Det er ikkje spesielt mykje
informasjon om meg på Berg kyrkje sine sider, anna enn at eg sitt i
menighetsrådet(kan du forstå at ikkje alle kallar det sokneråd, eg
syns det er eit skikkeleg stasord! Muleg at eg må lage ein eigne
bloggpost om gode ord?) Det er ikkje til å unngå i dagens samfunn
at folk finn informasjon ein ikkje legg ut sjøl.
![]() |
| Slik ser det ut utanfor eit vindu på jobb |
Men så kjem vi til twitter og facebok,
der er det eg sjølv som legg ut, for ikkje å snakke om bloggen. På
twitter prøvar eg vere kortfatta og mystisk og tvetydig, på
facebook er det litt augeblikksbilete. Bloggen er litt både og, men
mange ord oftast! Eg prøvar ikkje bruke namn på folk eg skriv om,
utan å spørje først, eg legg ikkje ut bileter utan at folk har
godkjent det. Det er slik loven seier det skal gjerast, og det føles
greit, og eg likar best når andre følgjer same reglar. Eg trur
særleg huset sine tenåringar syns det er ein grei regel.
Men av og til skriv eg utan å
tenkje!!!
Ein sein kveld ringte mi mor: «Du er
heime, ja?!» Ja, eg har igrunnen vore heime i heile kveld. Mine
foreldre hadde derimot ikkje vore heime, dei hadde mellom anna treft
pappa sin kamerat. Denne kameraten er aktiv på facebook, og vi er
vener. Pappa og kompisane hans, karar på +/- 80 år er aktive på
internett, dei kan mail, nettbank og er godt oppdatert på nyheiter!!
Kompisen hadde lese på
facebookstatusen min, og spurte som naturleg var: «skal Kirsti til
flytte Tyskland i 2,5 år?» Mine foreldre var store spørmålsteikn!
Dette var nytt for dei, og sidan eg aldri kom særleg langt med
tysken på skulen, var det vel ikkje dit dei såg for seg at eg
skulle dra først. Ikkje rart mamma kasta seg på telefonen så snart
dei var heime!!
![]() |
| Epler frå barndomsheimen |
Kvifor trudde plutseleg alle at eg
hadde gløymt å informere om ei viktig hending? Eit «kjedebrev» på
facebook....som eg heilt ubevist hadde lagt ut som status:
«Jeg skal til Tyskland i 27 måneder.»
Slike utsagn er jo greie for oss som
veit kva det gjeld, men meir forvirrande for andre!!! Eg fekk
forklart meg og eg trur blodtrykket roa seg i foreldreheimen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)