Viser innlegg med etiketten utfordring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utfordring. Vis alle innlegg

fredag 12. oktober 2018

Vindmøllekamp og andre ting eg ikkje har gjort før

Eg vann mot vindmøllene! (sjå forrige innlegg) Eller, vi fekk igang ein samtale og fann ei løysing. Eg trudde nok vi skulle kome til det, men det er alltid litt spennande medan vegen blir til (eller som ei eg kjenner sa "båten blir til mens vi ror") Idag hadde vi ein riktig hyggeleg samtale, og har ein avtale vidare, om det skulle bli nødvendig. Puh, då kunne eg senke skuldrene.

Pappa (88) og eg plukka litt epler på søndag.

Sist helg var eg i Romsdalen. Der var det mykje frukt. Eg fekk to typer epler frå svigermor, og vinterepler og pærer frå pappa. No er matbua full av frukt og det luktar godt i kjellaren!
Men i tillegg til å ete epler og pærer til frukost og lunsj, det er så luksus å ta fram epler frå pappa sin hage til lunsj, så må eg gjere litt meir med frukta, elles er eg redd dei blir ødelagte. Eg har laga eplekake. Eg funderer på eplesaft, det gjorde vi i fjor, det krever berre at eg er heime nokre dagar på rad. Det er det litt knapt med for tida.
Og eg har hermetisert pærer! Det har eg ikkje gjort før. Men eg hadde jo pærer. Eg har Norgesglass og eg har opptil fleire oppskriftsbøker. (Vrange tunger vil ha det til at vi har fleire kokebøker enn strengt tatt nødvendig. Eg forstår ikkje kva mannen meiner med det. Sist vi talte opp var det ikkje meir enn 43...) Eg googla litt, las litt og sette igang.

Perfekt bloggepære
Med blad og stilk!

Pærebåtar koker i sukkerlake

Nyvaska Norgesglass

Iallfall, hermetisering av pærer er ikkje så vanskeleg, men det tek litt tid. Det skal vaskast glass og strikk, og frukta skal renskast og delast opp. Det skal lagast sukkerlake og frukta skal kokast og over på reine, varme glass. Uansett korleis eg gjer akkurat det, blir det kliss med sukkerlake... eg vaska igår og eg vaskar idag, men nye klissete flekkar dukkar stadig opp! Det blir vel bra etterkvart.

Resultatet

Men til slutt: 3 glass med hermetisk frukt! Snakk om husmor!

Og i morgon reiser eg til Oslo for å treffe studievener. Det er 25 år sidan vi var ferdige bioingeniørar. Kva har skjedd sidan sist!?

onsdag 10. oktober 2018

Å slåss mot vindmøller

Uttrykket blir brukt om å sloss ein nyttelaus kamp. Og det kan eg ikkje seie eg gjer, men eg kjenner meg litt lita og eg kan ikkje stammespråket, så det krever si kvinne.

Og eg ser ikkje for meg ei slik postkortvindmølle med stråtak, eg ser for meg ei moderne, stor ei, som kan vere over 200 meter høg. Det kjenner eg at eg slåss mot når eg  tek opp telefonen for å ringe.

Heimesjukepleie, sjukehus, koordinerende eining i kommunen. Ingen kan love noko, ingen kan gjette - verken dei eller eg - eg forstår det. Og det er ingen tidsfrister. Alt ser ut til å avhenge av alt anna, og kva som kjem først og sist er ikkje godt å vite.

Eg har snakke med innestemme, utestemme og i stadig større bokstavar. Eg forklarer fakta, om igjen, eg snakkar sant, utan å pynte på. Eg prøvar å ikkje bli sint. Det kan halde hardt, men tener ingen. Så får vi sjå.

Eg er ikkje den første i ein slik kamp. Eg blir ikkje den siste, kanskje må eg ta kampen på nytt igjen ein annan gong.

Eg gjer så godt eg kan. og krysser fingrane for at det blir bra, til slutt. For alle.

onsdag 22. august 2018

Møblert heim

50 er jo berre eit tal, og ein er ikkje eldre enn ein føler seg. Men mange syns at når ein er 50 år kan ein reknast mellom dei vaksne. Og vaksne folk har jo møblerte heimar?
Kva er ein møblert heim? Eg måtte søke litt på det store nettet, men finn at det er fleire meiningar:

  • Hva har piano og sausenebb til felles? De er ting som bør finnes i et møblert hjem.
  • Du må _hvertfall_ ha piano for å komme fra et "møblert hjem"
  • Det er ikke størrelsen eller "penheten", men at det er piano, fylte bokhyller og dannede mennesker der.

Frå ulike debattforum

Vi har overfylte bokhyller(sjekk), eg har arva sausenebbet til oldemor(og frå mannen si farmor, og vi har sausenebb vi fekk i bryllaupsgåve), om vi er danna får nokon andre svare på, men no har vi iallfall piano.
Eg har kjøpt piano! Plutseleg bestemt, ganske godt gjennomført med musikkjunior som konsulent. Det kom idag. Flyttemennene ville helst ha tatt ut nokre vindu, evt bygd veranda med verandadør. Iallfall bør eg ha det før pianoet skal ut igjen, men no står det her! Kjapp rydding og vasking av kroken før flyttemennene kom, fjerning av møblar, som enno har ei litt udefinert rolle i stova...og vips var vi møblerte!





Eg skal prøve å ta opp igjen gamle kunster, eg blir aldri konsertpianist, men det skal vere bra å trene hjernen. Og det blir nok trening, lese notar, oversette notar til tangentane og få det til å bli ein melodi.

Trur vi definerer oss inn i gruppa "møblerte hjem"! Med musikk!