Viser innlegg med etiketten empty nest syndrom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten empty nest syndrom. Vis alle innlegg
tirsdag 27. september 2022
Eg, ein influencer?
Då har eg altså vorte kontakta av ein journalist, på grunn av ting eg har skrive på bloggen!! Eg såg ikkje det komme, for eg er ikkje så aktiv med blogg. For så vidt var det bloggpost frå 2017… men eg står inne for det eg skriev. Eg skreiv om ungar som flyttar ut.
No har det gått 5 år sidan minstemann flytte. Det har vorte ny kvardag. Samtidig har dei budd heime i feriar, med sommarjobb, medan dei ventar på ny bustad, etter eit opphald i utlandet osv. Det har vore fint! Meir og meir tenkjer eg på det pappa brukte seie når vi reiste, etter ei helg eller ein ferie med ungar, turar, planer og mykje ståk: «det er kjekt når de kjem og kjekt når de reiser»
Den nye kvardagen, med betre tid, ingen som skal kjørast, ingen som MÅ ha middag kan vere stille, men den har gode sider og. Eg kan lett sitte lenge på jobb, middagen tek vi enkelt, søndagsfrukosten, men egg og laurdagsaviser og NRK Klassisk har vorte vår gode stund. Det er ikkje så slitsomt om mannen er på jakt ei veke, eller må reise i jobben, det er berre emg sjølv å tenkte på.
Andre gonger er det veldig stille i huset. Det kunne gjort seg med nokon som ville presentere ny musikk, lage middag, ta ein diskusjon eller forklare noko (eller slå plena)
Samtidig, livet skjer! Og kva har skjedd dei siste åra?
• 4 dødsfall i nær familie
• 2 barndomsheimar å tømme
• Vi har kjøpt seglbåt
• Vi har kjøpt hytte (les gard)
• Eg har mista jobb
• Eg har fått ny jobb
• Eg har vorte hageentusiast, og har 2 hagar…
• Vi har starta i kor
Når så mykje skjer, er det i grunnen godt å ikkje ha små ungar som treng pass, oppfølging og aktivisering.
Eg likar å ha tru eg veit kva dei driv med, bommar stadig der… Men eg veit den eine er i Bergen og at den eldste reiste til Wien i går og blir der til jul. Det hender dei svarer på medlingar, og dei ringer, meir eller mindre fast. Eg syns dei klarer seg godt i livet og verda. Noko er hardt arbeid i starten, noko er flaks og lukke!
Intervjuet ligg her
Det er veldig rart å lese kva eg sjølv seier… Det er stas på ein litt rar måte!
Abonner på:
Innlegg (Atom)



