Viser innlegg med etiketten julegåver. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten julegåver. Vis alle innlegg

tirsdag 1. januar 2019

Breddejul!

Eg veit ikkje om "breddejul" er eit uttrykk som er definert, men eg tek det i bruk og definerer at det passar for årets jul for oss!
Før jul las eg ein artikkel ein eller annan stad om folk som alltid hadde feira jul på same måte, og som fekk store problem når det ikkje vart slik. Eg syns eg har lagt eit godt grunnlag for at mine soner skal kunne feire jul nesten kvar som helst, og lell kjenne det er jul...

4.søndag i advent i barndomsheimen

For ein månads tid sidan bestemte vi oss for å feire jul i Romsdalen, fordi vi såg at det kunne vere både fint og nødvendig. Plana var å feire saman med mamma og pappa. I tillegg ville vi treffe svigers og søster til mannen, og kanskje fleire av mine søsken. Eg kom på at vi kunne ha juleselskap 2.juledag. Og plutseleg fann lillesøster ut at dei ville kome i selskap også. 30 mil er ingen avstand for eit skikkeleg juleselskap! Eg pakka med meg julekaker, julemat og anna julerelatert!

Etterkvart som jula nærma seg, endra ein del ting seg. Mamma og pappa trong å vere på helsehuset, og eg tenkte først at dei kunne kome heim på julaften.
Istaden besøkte vi dei på dagen og feira med storebror og familie på kvelden. 10 stykk, med pinnekjøt og dronning Maud-fromasj, mange gåver, muntre kommentarar og kaffe og kaker. Og ikkje minst slektsprat til langt på natt, initiert av den yngre garde. Og ja, eg gløymte ein Albert, men vi var innom mange Anders og Knut med T og Knud med D. Og oppdaga at oldemor mi Amalie eigentleg heitte Petra Amalie, og at før den store utskiftinga i 1859 låg garden ein annan stad i bygda.


Vi klarte få litt friskluft og trim også, det er
berre å stå opp og gå ut medan det enno er mørkt.
Då får ein med starten på dagen og lyset som kjem, og frukosten smakar ekstra godt.
(og at det regne og var glatt gjer det ekstra fint å kome inn att)

1.juledag var vi invitert på full pakke til mannen sin barndomsheim, der søstra hans var. Frukost, gudsteneste, kalkun med alt mogeleg tilbehør til middag og eit raust kaffebord, saman med svigers og bror til mannen. 16 stykker er akkurat passe. Prat, spel, og igrunnen alt som høyrer til eit ekte juleselskap.
Gamal julepynt

2.juledag hadde eg invitert alle i min næraste familie til lunsj. Alle kunne ikkje, vi vart 23 stykker, det mangla 6 personar, men dei hadde gyldig forfall. Det gjekk unna på maten, lydnivået var ikkje for pyser, men det var så kjekt å treffast! Hjelpande hender i fleng, bord vart flytta av "seg sjøl" når eg tenkte høgt og funderte på om vi ikkje skulle hatt bordet frå kjellaren til å ete lunsj ved. Oppvaskmaskina jobba minst trippelt skift, kakebordet var fyllt med mykje godt og jammen stilte ikkje slektsgranskarane frå julaften med slektskahoot! Der scora dei poeng med både den eine og den andre. Slektsforskninga som storesøster dreiv med på tidleg 90-tal, og som endte som bok, var utgangspunkt og fasit. Og det vart etterlyst oppdatering av boka og det vart lagt planer om å lese seg opp på andre greiner av slekta neste jul. Store og små søskenbarn, kinasjakk og sjakk på tv. Det var godt å vere saman! Sjølv om helse og hukommelse og slikt ikkje spela på lag heile tida, hadde vi ein fin dag saman. Ein dag å huske!

Minst sju slag!

Eg likar godt å ha jul i eigen heim, men i år var det rett å reise bort. Det vart ei god jul! Med familie, på begge sider, med gode minner og litt såre tankar om at livet endrar seg.
Eg ser verdien i å kunne snu fort om på planer, lage det beste ut av dei dagane vi har, utan at det blir feil. Jul er mange ting, men å vere saman er ein viktig del!

Romjulsfrukost

Og så er det fint å kome heim, til sitt eige, til klesvask, romjulsjobbing og vener. Litt slakkare tempo, tross jobbing, og mykje mat. Ein draum om snø og skiturar, som aldri vart noko av, på grunn av regn og is. Nyttårsaften med gode vener. Ungane heime, natterangling og snart kvardag.
Eg har lese ut boka eg fekk til jul, "Jordmor på jorda" av Edvart Hoem. Den foregår i mine heimtrakter, og eg fann linkar til slektspraten vi hadde i jula.

Lyset gjer godt. Også i januar 2019.

Godt nytt år!

fredag 22. desember 2017

22.desember, kva har eg brukt dagane til?

Idag er det 22.desember, og første juleferiedag. Eg vakna i mørket, sto opp, slo på lyset i stjerna og og fyra opp. Ute hadde det snødd i natt, så etter dei siste dagane med is og regn og varmegradar, hadde forsvunne under eit (tynt) kvitt lag. Eg laga ei kanne te og skar ei skive av julebrødet eg bakte i går. Høyres det ut som ein klisje? Det kan høyrest slik ut, men det er heilt sant! 
Frukost

(Og peparkakebakarane som forsvann ut av huset ei stund etter at avisbodet hadde levert avisene i dag tidleg, hadde både rydda og vaska etter seg, stort sett)
I november, då det verka uengeleg lenge til jul(kanskje ikkje så lenge som då eg var 8 år, då var det omtrent like lenge frå 1.desember til julaften som frå jul til sommarferie) skreiv eg fleire lister med kva eg skulle gjere i desember, og har eg klart å følgje mine eigne planer? (altså, eg har jo varma fiskekeker til middag, vaska klær, vore på jobb og slikt, men i tillegg) Ikkje huskar eg kva eg skreiv heller...men no skal eg sjå det punkt for punkt:

  • julemusikk! Ja! Dette har eg klart. Om morgonane på veg til jobb har eg høyrt på NRK klassisk, og kosa meg med å sleppe politiske debattar etc, kanskje eg berre skal fortsette den vanne?
  • julebakst, eg har bakt berlinerkransar og brune pinner. Julebrød i fleire rundar, dei har ein tendens til å bli oppetne ganske fort! Felles bakekveld med vener, eg bakte lefser og delte med dei andre, og fekk kolakaker, havrekjeks og krumkaker i bytte. Ein god tradisjon vi skal halde ved like! Den engelsek fruktkaka er laga for ei stund sidan, og skal nytast når juletreet er tent i morgo kveld.
  • juleblomster, kanskje ikkje så mykje som planlagt, men eg er på runde to med sviblar og amaryllisen blormstrar. Ny azalea blomstrar saman med den eg kjøpte til jul for 3 år sidan. Krans på døra har vi ikkje, men eg har kjøpt juletre. Einer med lys og kuler i nisjen i trappa, det skaper stemning i heimen. 
  • adventskalender. Eg har vore kalenedergeneral på jobb, men heime har det vore litt til og frå. Det hadde litt med ein liten Romsdalstur i starten av desember å gjere, eg kom på etterskot med både det eine og det andre. Trur eg har igjen meir enn halve tekalenderen, men den kan eg gjerne drikke i romjula og på nyåret også! Felleskalender med mannen og kalender dei dagane ungane er heime, har vorte berre nesten... Men kanskje neste år?!  
  • julekrybba kom fram 1.desember, og har fått ein ny figur nesten kvar dag. No manglar berre Maira og Jesusbarnet. Denne vesle stjerneguten pyntar opp på stova og syng med kvar gong eg sett på julemusikk! (trur eg)

  • LYS! Eg har tent levande lys, eg har hatt lyslenker, eg har stjerne med lys, kuler med lys og lysestake i kjøkkenglaset. Det gjer så godt! 
  • lammerull og sylteflesk. Eg har laga begge deler, og tomatsilda er laga. Alt er testsmakt og godkjent, no ventar eg berre på å kunne ta det fram til julaften. Gler meg! Og eg har kjøpt røkt villaks, juelansjon, gode ostar, rømmesild, fenalåret er fedig og klart til smaking. Nam! Svolte treng vi ikkje vere denne jula heller!
  • klementin, det er advent altså! Lurer på kor mange kilo vi har ete...
  • Ta fram julepynten lille julaften, og pynte huset, altså i morgon. Det blir kjekt!
  • julegåver er vel også ein del av advent. Trur det meste er i hus no, men eg har igjen ein del innpakking. Det får bli i natt eller noko.

  • eg har kjøpt julegodteri og gøymt unna, og det skal bli stas å ta fram. Alltid marsipanfrukter og i år også norske nøtter. Det er smak av barndom det!
  • julehatt! Den og julegenser blir nok ein fast tradisjon i desember, til spesielle høve. Særleg på jobb, der enkelte har lurt på kva eg eigentleg driv med! Både julegenser og Lucia har eg tatt meg av i år :)
  • Julebrev er det dårleg med, kanskje det blir tid i romjula? Eg kosar meg iallfall med å lese det alle de andre sender meg!
(om eg er så i ruta at eg har tid til å sitte her og blogge i det vide og breie? Tja? ! Det er ein måte å unngå at eg gjer for mykje, for ryggen syns vel at eg har strekt meg vel langt i det siste. Så då prøvar eg leve litt saktare, til glede for resten av familien, som heller vil vaske enn at eg skal bli liggande)

I skogen er det ferdig pynta!
Og jul blir det! Uansett! Med eller utan hybelkaninar i krokane... 

torsdag 14. desember 2017

14.desember

Eg er åleine heime, og etter jobb idag tok eg meg saman og tok meg lista  ei av listene mine og reiste på ein handlerunde for å kunne krysse av ein del punkt når det gjeld gåver. Eg blir svett og varm og litt matt allereie før eg startar slike dagar...men du verda så godt etterpå. Kjøpesenter rett før jul er stress, uansett, men eg måtte innom for enkelte ting fekk eg berre der. Eg vart naturlegvis ikkje ferdig, men eg har ei plan og ei ny liste med det som manglar.
Shoppinga vart avslutta med middag på kafe, eg er tross alt åleine heime! Og medan eg åt, kryssa eg ut det eg hadde gjort og sette nye punkt på lista.

I aksjon

Klar til utdeling

Fordelt i poser

Vel heime rydda eg spisebordet, tente lys og sette på julemusikk. Aksjon innpakking var igang. Den som leitar, finn, og etterkvart fann eg igjen klistremarker, gåveband og meir papir. Det passa godt å gjere dette åleine heim. Då kunne eg kikke på det som skal vere her i huset også, utan at nokon kom innom på feil tid. Og eg er så fornøgd med enkelte av gåvene, at det held hardt å ikkje fortelje om dei. Må vel vente litt med å avsløre?