tirsdag 27. september 2022

Eg, ein influencer?

Då har eg altså vorte kontakta av ein journalist, på grunn av ting eg har skrive på bloggen!! Eg såg ikkje det komme, for eg er ikkje så aktiv med blogg. For så vidt var det bloggpost frå 2017… men eg står inne for det eg skriev. Eg skreiv om ungar som flyttar ut.
No har det gått 5 år sidan minstemann flytte. Det har vorte ny kvardag. Samtidig har dei budd heime i feriar, med sommarjobb, medan dei ventar på ny bustad, etter eit opphald i utlandet osv. Det har vore fint! Meir og meir tenkjer eg på det pappa brukte seie når vi reiste, etter ei helg eller ein ferie med ungar, turar, planer og mykje ståk: «det er kjekt når de kjem og kjekt når de reiser» Den nye kvardagen, med betre tid, ingen som skal kjørast, ingen som MÅ ha middag kan vere stille, men den har gode sider og. Eg kan lett sitte lenge på jobb, middagen tek vi enkelt, søndagsfrukosten, men egg og laurdagsaviser og NRK Klassisk har vorte vår gode stund. Det er ikkje så slitsomt om mannen er på jakt ei veke, eller må reise i jobben, det er berre emg sjølv å tenkte på.
Andre gonger er det veldig stille i huset. Det kunne gjort seg med nokon som ville presentere ny musikk, lage middag, ta ein diskusjon eller forklare noko (eller slå plena)
Samtidig, livet skjer! Og kva har skjedd dei siste åra? • 4 dødsfall i nær familie • 2 barndomsheimar å tømme • Vi har kjøpt seglbåt • Vi har kjøpt hytte (les gard) • Eg har mista jobb • Eg har fått ny jobb • Eg har vorte hageentusiast, og har 2 hagar… • Vi har starta i kor
Når så mykje skjer, er det i grunnen godt å ikkje ha små ungar som treng pass, oppfølging og aktivisering. Eg likar å ha tru eg veit kva dei driv med, bommar stadig der… Men eg veit den eine er i Bergen og at den eldste reiste til Wien i går og blir der til jul. Det hender dei svarer på medlingar, og dei ringer, meir eller mindre fast. Eg syns dei klarer seg godt i livet og verda. Noko er hardt arbeid i starten, noko er flaks og lukke! Intervjuet ligg her Det er veldig rart å lese kva eg sjølv seier… Det er stas på ein litt rar måte!

søndag 11. september 2022

Georginer og gravferd

Eg håpar ikkje denne sommaren er den nye normalen. Denne sommaren har vore lang, men ikkje på ein god måte. Det har vore både georgine og gravferd, i fleirtal. Georginer vil eg ha kvar sommar, men ikkje gravferder.

Forrige innlegg handla om georginer. Hagen min har handla mykje om georginer i sommar, eg har pusla og stelt og venta og luka og omsider fått knoppar og etterkvart blomster. Eg har forskjelleg anna her også, men det er georginene som er mest spennande, og krevande. 

I midten av juni voks georginene godt, og det byrja kome knoppar på dei første.


I midten av juni døydde storebror. På ein måte var det brått og uventa, på den andre sida noko vi visste kunne skje snart. Mange år der vi mista han gradvis, hadde gitt forvarsel, men når det skjer er det rart og tomt... Å miste eit søsken er rart. Vi var fire, no er vi tre igjen. Tre søstre, utan broren vår. Den stødige karen, ofte med eit smil, også når språket var nesten borte. Ertekroken som lillesøster aldri klarte å lure. Sjølv dei siste åra kunne han stikke ein finger i sida på meg og le godt, det lyste kjærleg storebror-erting av han! Broren min som passa meg då eg var lita, som i mange år ringte når han var på biltur, som var uendeleg stolt av søstrene sine og familie. 

Heldig er den som har ein storebror som passar på seg

Veka med gravferd var kanskje den finaste værveka i sommar, og vi hadde fleire kveldar med kveldsmat, prat og besøk i solnedgang i Måndalen. Svigermor fekk permisjon frå Helsehuset, og var saman med oss.

 

Solnedgang som lader batteriet
Juni 2022

Det tek litt tid å kome tilbake til kvardagen etterpå. Noko er jo endra for alltid, livet er endra. Men ein viss normalitet må det bli, og det vart nokre veker jobb før ferien kom. 

Georginene voks. Men været snudde, det var kaldt, vått og litt trist for blomster i grunnen.. Dei voks sakte. Ferien kom. Med regn og korona. Og svigermor var sjuk.

Ferien var likevel fin. Det var familietid, fjellturar, musikk, god mat. Jordbær, rips og solbær. 

Og georginene starta å blomstre! 






Georginer frå hagen
11 ulike på ein gong!

Nokre dagar etter at ferien vår var over, døydde svigermor. Etter lang tid med alvorleg sjukdom var det slutt. Ei god svigermor er borte, den eldste generasjonen no er plutseleg oss... 



Då vi var i Romsdalen denne helga, blomstra georginene hennar. Som eg har overtatt ansvaret for, saman med hagen. Store sko å fylle!