Viser innlegg med etiketten bær. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bær. Vis alle innlegg

mandag 19. august 2019

Blåbær, bringebær, jordbær, multer, rips...

Dei som har lese bloggen over tid, veit at eg har eit velutvikla hamstergen! Sjå feks her Urkvinnen og her. Eg likar å samle. På hausten gjeld det særleg bær! (elllers i året handlar det om sko, kjoler og teserviser...)

Eg hadde oppteljing i går, og fann ut at no har eg jordbærsyltetøy (eg har sjølv plukka bæra i butikk) bringebærsyltetøy (eg har kjøpt bær direkte frå bonden) multesyltetøy (eg har plukka sjølv! Både i Estenstadmarka og i Trollheimen) blåbær (plukka sjøl i marka) og ripssyltetøy og ripsgele (plukka sjølv hos ei venninne med meir bær enn ho trong)
Vi har ete jordbær med fløte, rips med vaniljesaus og blåbær med vaniljesaus. Eg er eit dessertmenneske!

Mindfullness i skogen!


Vi bør kunne møte vinteren ganske trygge på å ha nok syltetøy og antioksidanter tilgjengeleg.


Men det er noko med bær, som er meir enn at det er fint å finne igjen. Det er godt å plukke! Eg kosar meg når eg får gå i skogen å plukke (bringebær og jordbær høyrer med, sjølv om eg kjøper) Å gå i skogen, rusle, plukke litt her og der, fylle bøttene, kjenne lukta av lyngen. Kanskje bli litt våt når ein går over myrene. Gleda over å finne ein ny stad med bær. I år fann eg ei multemyr den ingen andre hadde vore før, og då eg kom tilbake etter ei veke, hadde ingen vore der etter meg. Eg ser mange multegleder i åra framover på den myra! (Grunnen til at eg fann den, var at eg skulle prøve om det var ein snarveg mellom to stiar. Det kan vi vel slå fast at det ikkje var, sjølv om eg fann fram! Og tilbake igjen.)




Og medan enkelte likar å plukke bær,,
samlar andre på gode fotomotiv!

Matbua full av gleder!

I tillegg veit eg no at september og ny elgjakt nærmar seg, så det står elgkjøt på menyen annakvar dag. For vi må lage plass i frysaren til evt elg spm blir jakta i år!

Og om litt er det klart for tyttebær! Eg gler meg!

onsdag 10. juli 2019

Onsdag kveld

Eg sitt og tenkjer på at eg burde legge meg, men så kjem eg på at det er ferie!
Ute er solnedgangen eit syn, det er klar, blå himmel og tosifra temperatur. Eg ser på frå inne, for eg hostar, og tenkjer at eg like gjerne kan bli frisk før neste ferieetappe.

Men før idag var eg ute i solveggen! Med solhatt og bok. Og såg utover den fantastisk grønne plena, som ikkje er nyslått. Men som er full av kløver og humler! Heia humlene!





Igår kveld fann eg årets avling av markjordbær også, 2 små til meg og 1 stor til mannen. Luksus!



Og så får eg berre prøve å ikkje irritere meg over at vaskemaskina har stoppa, at meldinga mi til reparatøren ikkje hadde kome fram, slik at han ikkje hadde rett del då han var her i dag, og at vi difor må klare oss utan vaskemaskin eit par veker til....

søndag 12. august 2018

Urkvinnen

Min indre hamster elskar hausten! Det er nok urkvinna i meg som slår til, og tenkjer at vi må hauste medan det er noko  å hauste. Før i tida var det lite REMA og Kiwi å få hjelp hos utpå vinteren (det er litt dumt at ho ikkje ser forskjell på nyttig og mindre nyttig, det er lett å få tak i klær på vinteren no for tida. Og serviettar, blomstervaser etc, det blir ikkje brukt opp på same måten som bær og annan mat)

Idag har eg vore på blåbærtur, fann ein knaus med masse bær. Måtte gje meg då alt eg hadde tatt med for å plukke i var fullt. Regnet kom ikkje før eg var nesten ferdig å plukke og det var stille og fredeleg, det er fordelen med å gå langt inn i skogen før ein startar å plukke (men det er litt skummelt å gå alle bakkane ned igjen, for tenk om eg snublar? Heldigvis har bøtta lokk og eg heldt meg på beina!) Eg møtte nokre få andre som var ute i same ærend, og då snakkar vi litt om bærhausten og i vage ordelag om kvar vi har vore "Joda, det er masse bær, når du går innover. Litt sånn bak der, kanskje det er bær der? Eg var ikkje der altså, men meir over slik" Det går eit skille i skogen på kvar du byrjar å prate med dei du treffer, ikkje berre nikkar og mumlar hei. Det er heilt fasinerande, for etter ei flate og opp ein bakke, så snakkar alle. "Vått på myra idag", eller "lite folk ute, endå sola skin" og "du skal på bærtur, ja?"

Vel heime fekk eg hjelp til å renske og no har eg sylta over 2 kg bær. Det blir fint å ha til vinteren! (men urkvinna veit det er meir der ute...og lurer på når ho kan ta ein tur til) Frysaren er snart full av bær, for vi har sylta jordbær og bringebær tidlegare i sommar, og eg har fått lovnad på å plukke rips. Snart er det tytebær også, og det er noko av det kjekkaste å plukke.


Til dessert hadde vi blåbær og vaniljesaus. På blåbær skal det være raust med sukker, og vaniljesaus. Det er smaken av seinsommar og sjølvplukka bær og litt mørkare kveldar på hytta. Vaniljesaus vart laga av sausepulver og tørrmjølk, for på hytta var det rasjonering på mjølka, det var langt og tungt å bære, men vaniljesauspulver og tørrmjølk kunne fraktast fram på snøscoter på vinteren og brukast utover sommaren. Kanskje var det stekt fjellfisk til middag også, med potet, gulrot og rømme, akkurat slik det skulle vere ein laurdag på hytta? For garnfisket er betre når nettene blir mørkare, det veit alle.


Det er rart kva ei skål blåbær kan få fram av minner.