tirsdag 21. mai 2019

Årets første

Livet på bøljan blå. Seiltur. Livet med båt +++masse andre klisjar.

Kva treng ein på tur når ein skal vere borte eit døgn...


Fakta er at sjølv om eg grua meg, såg litt svart på å handle og pakke og komme oss avgarde 18.mai, rydde inn i båten og ein del anna, så vart det bra. Sjølv om det bles ganske mykje meir enn varsla. Sjølv om det var dønningar. Eg fekk båt, eg fekk sol og eg fekk tur!

Blå himmel og hav
Fruen fra havet med vind i håret

Mannen er tålmodig og pedagog, så vi sette ikkje opp segl før eg hadde fått passe kursen og rokult og fart ei god stund. Med segl gjekk det fort, vi kryssa oss ut fjorden (ikkje spør, men det er det det heiter)og fann hamna vi skulle til.

Naboar på sjø og land.
Ny standard på båtturmiddag
Tradisjonell båtfrukost! 
Vel framme ved hamn, hadde vi selskap av naboane i byen, vi fyra grill og prata og åt potetgull medan vi venta på at lammelåret var ferdig på grillen. Lammesteik, tzatziki og potetsalat i solnedgang ved kysten er fint! (og det finns ikkje eit bilde som beviser eller motbeviser dette)














Eg sov slik passe godt, vakna og såg at sola var på veg opp. La meg igjen og vakna til duskregn. Frukost med egg og bacon, gåtur (og flått) og båttur heim igjen. Fortsatt dønningar. Men no, nokre dagar etter er det sol og vennskap eg huskar!

søndag 19. mai 2019

17.mai

17.mai er tradisjon! Men det viser seg jo at tradisjonar endrar seg! Ungane er ute av huset, vi skal ikkje rekke flaggheising og diktlesing på skulen, gjerne før fuglane vaknar. Vi treng ikkje sjå barnetoget. Vi skal ikkje selge lodd eller bære bord på dugnad.
Så då gjer vi heilt andre ting, eller gjer vi no eigentleg det?

Frukost for to

Rekordtidleg ute med å stryke skjorter og sjå
over bunaden iår.
Det må gjerne bli ein tradisjon!

Flaggheising!

Så det vart lang frukost, med egg og spekemat og bunad. Frykteleg upraktisk plagg å dekke bord og lage mat i.

Etterpå gjekk vi til byen (= såre bein og gnagsår) i strålande solskinn. Vi la att både jakke og sjal heime, og var meir enn varme nok. Vi var i Salem, åt kake, traff kjente, sang nasjonalsangen +++

Vi såg på borgartoget, før vi kjøpte is og gjekk heim igjen. Opp alle motbakkane. I bunad og med gnagsår, det er vel tradisjon? Det var heilt greit å skifte til noko lettare, legge beina høgt og slappe av litt då, før grilling og pavlovakake på kvelden.

Fruen i blomsterengen!
Det går fint an å få nye tradisjonar!

mandag 13. mai 2019

Nokon må gå

Det har vore ein lang vinter og vår på jobb. Etter beskjeden i februar om at det måtte bli nedbemanning og omorganisering på jobb, har eg fått prøvd tålmodet mitt! Det har vore frister og planer, nye frister, andre planer, meir utredning, og mykje meir. Det har stått om oss i avisene. Landbruksministeren har meint ting. Eg har meint ting, som ikkje har vore det same som leiinga har meint, og mest inni meg.

Ok da, ikkje berre inni meg. Også på framsida av avisa...

Det har vore ein lang vinter og vår. Eg har venta, eg har akseptert, eg har vore ueining, eg har vore sint og lei meg. Det har vorte mykje venting, det har ikkje vore greit. Galgenhumoren har herja fritt.

Sist veke kom brevet, med beskjed om at nokon må gå, og at eg er av dei som må gå. Straks 26 år med same arbeidsgivar, nokon vil seie eg har grodd fast. Eg vil seie eg har trivdes og vore trufast. Vi er fleire i same båt no, det hjelper. Litt. Det er nokon å vere lei seg saman med.

Nokon andre har bestemt at slik er det. Av årsaker eg ikkje kan gjere noko med, blir jobben min og oppgåvene mine borte. Det står svart på kvitt. Pengar veks ikkje på trær og økonomi er ikkje lett å forstå.

Så då går eg.

Jobbintervjuet eg var på i mars gjekk bra. I august går eg inn dørene til ny jobb på St.Olavs hospital. Det blir "nye tider, nye skikker". 26 år etter at eg vart bioingeniør, skal eg jobbe som det. Det blir ny lærdom, heilt sikkert noko(les mykje) å strekke seg etter. Det er frykteleg godt å ha ein ny jobb å gå til! Det er skummelt herfrå til eg veit ikkje kvar, å starte på nytt, lære nytt, bli kjent med nye. Eg trur det blir bra! Etterkvart.

Men først skal eg avslutte der eg er. Rydde kontoret, kanskje gråte litt over det eg forlet, ta farvel med gode kollegaer. Så skal eg ha ferie. Og så kjem august...

torsdag 9. mai 2019

Heimekontor

Eg har aldri heimekontor, men idag vart det det.



I selskap med te i mummikopp og blomstrande greiner frå eit plommetre. Og mac og ein bunke papir. Eg skal systematisere innhaldet i papira og samkjøre med tankar i hovudet. Overraskande nok tek det lenger tid enn eg hadde planlagt. Ord som kompetanse, sertifikat, utdanning og erfaring skal samordnast.
Men det er vel godkjent med lunsjpause sjølv på heimekontor?


Samordne litt meir, så lunsj!

mandag 6. mai 2019

Kom mai, du skjønne milde!

For det kunne vore noko, varme, milde maidagar. Der ein ikkje leitar etter vottar, lue, varmare jakke og vintersko... Men vi hadde ikkje skifta til sommardekk på bilen! Det var like greit!

Eit par småglimt frå dei første maidagane:

April ga oss fruktblomstring!

Mai ga oss hagl og snø på taket!

 
Skogen baby!


Winter wonderland 5.mai
Eg gler meg på varme, solfylte dagar. Men det brukar kome ein vinter til, eg veit det, eg berre let meg rive med av den første varmen... Idag har det vore meir sol enn snø, det har vore fuglesang. Det blir sommar (eller helst litt meir vår) og eg får nok sol på kroppen etterkvart. Eg berre ber om at det ikkje blir frost, for kirsebærtreet vi planta i fjor treng lune netter!