Viser innlegg med etiketten luksus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten luksus. Vis alle innlegg

onsdag 10. juli 2019

Onsdag kveld

Eg sitt og tenkjer på at eg burde legge meg, men så kjem eg på at det er ferie!
Ute er solnedgangen eit syn, det er klar, blå himmel og tosifra temperatur. Eg ser på frå inne, for eg hostar, og tenkjer at eg like gjerne kan bli frisk før neste ferieetappe.

Men før idag var eg ute i solveggen! Med solhatt og bok. Og såg utover den fantastisk grønne plena, som ikkje er nyslått. Men som er full av kløver og humler! Heia humlene!





Igår kveld fann eg årets avling av markjordbær også, 2 små til meg og 1 stor til mannen. Luksus!



Og så får eg berre prøve å ikkje irritere meg over at vaskemaskina har stoppa, at meldinga mi til reparatøren ikkje hadde kome fram, slik at han ikkje hadde rett del då han var her i dag, og at vi difor må klare oss utan vaskemaskin eit par veker til....

torsdag 31. januar 2019

Italienske sko!

Då vi var i Italia i haust hadde eg ei heilt klar plan om å kjøpe meg sko. Ei så klar plan at mannen innsåg at han berre måtte henge på den siste dagen når eg gjekk målbevist til verket og planen. Før eg fekk meg sko, ville det meste anna bli sett på venteliste.

Til slutt fann eg ein fin skobutikk. Mannen sette seg på ein ventestol. tok fram ei bok og eg fekk beskjed om å ta meg god tid. Dette var ein så fin butikk at du slett ikkje kunne finne ein sko i hylla og berre prøve.  Nei, her måtte eg peike på utstillinga og forklare kva sko eg ville prøve, så vart den rette storleiken henta på lageret og eg fekk prøve. Feil storleik? Dei henta ein anna storleik. Og såg eg plutseleg eit anna par som eg hadde lyst på, var det samme prosedyre. Til slutt sto det mellom to ulike. Håndsydde, italienske gule sko, eller gule, høghæla pumps. Altså to ulike par med gule sko... Valgets kval! Og ein kan knappast kjøpe to par gule sko på samme dag? Dei kosta tross alt litt...


Etter prøving og synsing og prøving og elle-melle, vart det dei gule, håndsydde (som takk og pris var på sal) Dei var tross alt italienske!

 Italienske sko!

Desse har vore med på fest og julebord og familieselskap til no. Eg er så fornøgd!

Men vel heime i Noreg byrja eg å angre. Ikkje på kjøpet, men på at eg ikkje hadde kjøpt begge para... No byrja ei ny jakt. Eg har leita på nettbutikkar, søkt etter gule sko, yellow shoe, gule med hæl etc. Og eg har vore innom alle skobutikkar eg har gått forbi. Det viser seg at gule pensko ikkje er så vanleg på vinteren i Noreg.


Men så: der sto dei! I ein av dei lokale butikkane. Ikkje var dei så dyre heller. Men eg måtte tenke meg om, og kven veit, kjem dei på sal snart? Nei, det gjorde dei ikkje, verken romjulssal eller januarsal. Og klok av skade, så har dei no fått ein god og trygg heim, eg kunne ikkje risikere at nokon annan tok dei rett framfor nasen min medan eg akkederte for eller mot kjøp.


Skogal, sa du?

fredag 1. desember 2017

1.desember

Å, endeleg er det 1.desember.
Men eit par brå innsmett på timeplanen,  og eg er ikkje riktig i rute. Og det er heilt i orden. Eg har fått vere til hjelp ein annan stad, og eg trur nok eg skal klare å ta igjen  ein forsinka start!




 Fjøs med både adventsstjerne og juletre! 


No sitt eg på toget. Ser på bilda eg tok medan eg venta på bussen. Et lauper med kvitost og klementin. Høyrer julemusikk på Spotify. På mange måter har eg ei fristund! 

Og innimellom skriv eg litt på huskelista mi, for eg har naturlegvis med meg notatbok! I morgon skal eg pynte heime. Stjerne, blomster, krybbe, og kanskje bake? Om ikkje anna skal eg gå tur i skogen og plukke noko grønt til å pynte med!

tirsdag 19. september 2017

Veke 38

Tirsdag. Ettermiddag. Joggetur i skogen, best etterpå. Åleine heime. Ostesmørbrød og Pepsi max. Ut og treffe fine folk i kveld. Oppvaskmaskina som jobbar. Prat på telefon med viktige folk i livet mitt. Regn i dag tidleg. Jobb. Sol no. Blå himmel. Norske epler som snurpar i munnen. Søte plommer.
Kvardagen altså.

Piano

Jeg skjønte ikke vitsen med de svarte dagene
ikke før jeg forsøkte å spille på dem
det klinger annerledes
når jeg får inn noen hvite
innimellom
Trygve Skaug



fredag 23. juni 2017

Kunsten å koble av

Fredag. Ei lita samling papir på kontorpulten som skulle gjerast noko med, eit dataprogram som ikkje samarbeida og eit hode som hadde problem med å konsentrere seg. Sol og varmt ute. Og fredag altså. Heldigvis var det sjokolade på bordet i lunsjen!

Eg avtala med meg sjølv at eg skulle gå tur når eg var ferdig på jobb. Rett heim og skifte til shorts og singlett, i det fjerne tunge skyer, men rett i skogen med meg. Eg har skrive om det før, skogen er min stilleplass, der eg ladar batteria og eg kallar det gjerne mindfullness å gå der. 2 km motbakke, ikkje ein frustrasjon igjen! Eg og skogen, idag luktene av tidleg sommar, klissvåt myr og fuglesang over alt. Herleg!

Bittelitt vått i myra. Sikkert bra for huden med
gjørmebad??



Tyttebær

Storknebb

Blåne bak blåne


Fann ei rute der eg var nesten åleine, tømte tankane for irritasjon over datamaskiner, planla middag, funderte litt, plaska rett ut i kalde bekkar for å skylle av skoa og tok litt bilder. Mindfullness på høgt plan! Vel heime vart skyene svarte og tora slo, før det kom regn, i mengder. Godt å vere inne!



No er det sofateneste, NRK jazz, eg er passe mett etter sommarpizza og eg har mokkabønner. No er det helg!


tirsdag 14. mars 2017

Den siste barnebursdagen

Idag feirar vi at minstemann er 19 år. Vi har hatt nystekte rundstykker til fellesfrukost. Eg rakk til og med ein tekopp før jobb, o lukke!
Vi har ete oss gode og mette til middag, på pulled pork med potetbåtar, bakte søtpotetstavar og cole slaw. Vi har ete kake til dessert! Enno sitt til og med jubilanten i ro i sofaen, vi høyrer musikk og slappar av. Det gjer godt!



Vi har i alle år feira bursdag med dei av familie som er i nærleiken, også i år. Vi hadde faddertante med familie på taco og blåbærpai på laurdag, og det var ho so sa det, "dette er jo den siste barnebursdagen min som tante, det er vemodig".

Dårleg bilde, litt over 19 pr sidan, men du ser kanskje storleiken på magen....?

Og då slo det meg, dette er det siste året han bur heime, han flytter i august...neste år feirar han ein annan stad, mest sannsynleg. Og det er jo vemodig. Han ertar meg litt, når han får spørsmål om korleis det blir å flytte: "det blir nok verst for mamma".

Og kanskje blir det størst endring for meg? Han skal jo ut og prøve noko nytt, ta valg og lage sitt liv endå meir til sitt. Og eg? Eg skal fortsette, på same stad, men utan det som har vore ei viktig oppgåve i mange år, mammajobben. Eg må finne andre oppgåver, gjere ting på ein anna måte. På same tid blir det fint, trur eg! Det er masse som ikkje har vore i fokus dei siste åra, som no kan bli :)

(For ikkje så snakke om at eg ikkje treng ligge "på lett" i helgene og vente på nokon som er ute. Eg vil vite kor mange som kjem til middag idag, og når, og ikkje minst vite kva eg har i kjøleskapet)

Men enno gler eg meg over å ha junior heime! Nattevåk, matmangel og klesvask til tross, det er mest gleder og moro. Eg får input på jazzmusikk, eg blir dratt med i endelause dilemmadiskusjonar og elleville tankeeksperiment. Eg lagar mat, og får nesten alltid godord til takk! Huset fylles stadig av vener, og det er tilgang på levande musikk til nesten alle døgnets timer. Akkurat slik eg vil ha det! (sjølv om eg av og til syns det er bittelitt slitsomt... Det er noko med å aldri vite kven som er i huset, kva som skjer og når det skjer. Kom dei eller gjekk dei no?) Men når eg tenkjer på at det neste år ikkje er slik, då tek eg gjerne endå meir liv i huset no! (og tom brødboks, ikkje meir Pepsi max igjen i kjellaren, tom fruktskål og at den fine, dyre sjokoladen min er vekk. Eller, det siste er ikke sant! Den er min!)

Fine minstemann! For lenge sidan....
Eg kan nesten kjenne den mjuke babyhuda og den
gode lukta enno!



mandag 13. februar 2017

Vekestart veke 7

Tjolahopp! Måndag, vekestart, fullt opp av skitne klær på vaskerommet og livskraftige hybelkaninar i krokane. Men kva gjer vel det? Eg har hatt ei super helg, som ga energi til mange måndagar. Vaskamaskina er frisk og rask og ingen i heimen har støvallergi(heldigvis!) Eg har trena både ryggen og kondisen, og eg er i rute med blogging :)

I helga hadde eg besøk, vi var på kafe, vi var på konsert, vi gjekk i butikkar, vi hadde festmiddag, fin lunsj, vi har prata og skratta og sove godt. Godt med venskap som ikkje krever dagleg kontakt, men som er der når ein treffest. Gler meg til neste gong vi ser dykk, Heidi og Jorun!
 
Trondheim viste seg frå si finaste side både dag og kveld!
Det må jo bli ein bra middag når det er bordkort og gåve!


Eg har nesten gløymt parkeringsbota eg fekk før helga. Eg har fått morsdagsgåve og morsdagsmiddag. Telefonsamtale med sonen i nord. Eg har jobb å gå til, og tilrettelegging så eg klarer den.

Yuhu, idag er det positiviten som blomstrar!

Dette diktet er et hus

Av Gro Dahle

Velkommen inn i diktet mitt!
Bare kom!
Her kan du gå rett inn i stua
uten engang å ta av deg på føttene.
Det er en myk sofa her inne.
Der kan du sette deg, hvis du vil,
eller du kan gå opp trappa til annen etasje
hvor sola skinner inn gjennom vinduet
eller du kan gå ned trappa til kjelleren.
På kjøkkenet er det kake
på et blått fat og to glass rød saft.
Kanskje til og med en skål med godteri.
Nå skal jeg helle opp saft til deg,
og så kan vi sitte og drikke saft og spise kake
her inne i diktet
og snakke om lys og mørk sjokolade.

Eg håpar eg har ein mjuk sofa, i alle betydningar, som du vil sitte i, medan vi et kake og snakkar om lys og mørk sjokolade! Eg vil gjerne vere her, saman med deg.
Håpar du får ei strålande veke!
Frå konsert med junior.
Det er han med det lange håret og kontrabassen.

lørdag 7. januar 2017

Laurdag

Eg er ein stor tilhengar av helg! Eg hadde nok ikkje sett pris på berre helg, men vekslinga kvardag/helg er fin.
Idag hadde eg ingen planer, men jammen har eg klart å fylle dagen lell. Først var det frukost. Lenge! Tekanne med julete, aviser, kryssord, ein havrekjeks med edamerost til frukostdessert. Klementin.
Etterpå vart det bytur. Eg hadde ingen konkrete planer med kva eg skulle, berre kikke litt på salg for å sjå om eg fann noko eg ikkje viste eg trong. Rolegare i byen no enn rett før jul, heldigvis! Då er det så fullt at eg får litt klaustrofobi, og stikk heim at så fort eg kan. Etter ei stund fann eg ein kafe, drakk te, åt lunsj og las avis. Fekk sms frå ein kollega på bytur, og det vart spontant treff på kafe. Så triveleg! Etterpå fann eg sko, fornuftige pensko med lav hæl. Eg har ei stund vore bekymra for at eg har mista litt grepet på skokjøp, for eg har nesten ikkje kjøpt sko på lenge. Før var eg meir impulsiv på den fronten. Men det viste seg at det handlar om å finne dei rette skoa. I tillegg fann eg ein lett genser i ull, som eg også har vore på leit etter.
Lunt inne medan snøen regnar bort

Vel heime vart det middagskoking, til junior og meg, mannen er borte i helga. Kylling fyllt med edamerost og surra i bacon, og grønsaker som fekk steike med i panna. Masse smak!
Eg har bakt kake til kyrkjekaffe i morgon, og noko eg skal ha med som gåve på ettermiddagsbesøk. Eg har prøvesmakt litt, saman med ei ny kanne med julete. I kjellaren har junior "jam" med musikkompisar, og eg høyrer musikk medan eg bloggar.

Kjem på at eg skulle vaske klær i dag, alle adventsdukane ligg i kjellaren, klar til vask. Der blir dei nok liggande til måndag! Det er jo lenge til advent? Kassene med nedpakka julepynt blir ikkje sett på loftet før måndag, det kan jo vere at eg finn noko eg har oversåg då eg rydda i går? Eg hadde ei lita opptelling på englar, eg ga meg med telling på 75 stk, det er mange fleire... Slik gr det når ein har samla i alle år!

Resten av kvelden går nok med til samme travle program som resten av dagen! Har du hatt ein fin laurdag?

mandag 26. desember 2016

Førjulsdagar og plutseleg jul

Eg hadde ei plan om å blogge kvar dag i desember, det gjekk nesten. Eg hadde ei plan om å skrive både 21. og 22. og 23. desember, ikkje minst eit "god jul"-innlegg på julaften! Kvifor vart det ikkje? Livet skjedde. Eg tenkte å gje deg eit lite glimt av det som skjedde.

21.desember hadde vi grautfest (det går heilt fint å kjøpe Fjordland-graut. Den kan varmast i mikrobølgeomn og så tømmast over i ein kjele) Dette er ein vennefest/kurvfest, alle tek med litt, og vi byttar på kvar vi er. Iår var det hos oss. "Ungane" byrja bli store, men jammen vil dei fleste vere med om dei kan. Så vips var vi 22 stk! Då krever det litt organisering av møblar på førehand(vi har ikkje spiseplass til så mange, eigentleg ikkje plass i det heile, men der det er hjarterom etc), litt rydding og litt innkjøp. Det vart fullt hus, latter og prat og graut, spekemat og kakebord. Utruleg kjekk kveld! Kjenner meg så rik med så mange fine folk i livet mitt! Men tid til blogging vart det ikkje...
Klart til grautfest

Kake må man ha!

22.desember var det jobb, rydding etter grautfest, litt førebuing til jul, innkjøp av dei siste gåvene, planlegging, ta fram julepynt, sjå over dukar og vips hadde dagen gått.
Siste innspurt på jobb

23.desember, fridag, lillejulaften. Ute snødde det, rett nok våt snø, men det er kvitt! Mannen meinte vi låg utruleg godt an til jul, men det er merkeleg kor mykje som skal gjerast lell. Lang handleliste, sjølv om ein trur det meste er kjøpt. Sende julebrev, ja, det vart litt seint. Lage dessert; Dronning-Maud-fromasj, som er vår faste julaftendessert. (funfact: eg ser tv-program om Maud sine fotografi sånn ved sida av no). Huske å legge pinnekjøtet i vatn. Tenkje på at ein skal stryke dukar. Pakke inn gåver. Få nokon til å sette fot på treet. Ein etterlengta frisørtime.
Og til slutt: pynting av juletre. Då hadde vi det så fint at eg nesten fekk vondt. Plutseleg dett ting på plass. Gutane tok nesten bølgen av glede over all den fine julepynten, både den dei hadde lagd sjølv som små og den vi har kjøpt opp igjenom åra. Masse historier som må forteljast, bilder som blir sendt ut på sosiale medier av både alligatoren og pingvinen, hjortehorna som er pynta med lys, og ikkje minst alle kommentarane som kjem tilbake. Tøys og tøv! Til slutt påsmurte julebrødskiver, kaffe og te, berre lyset frå juletreet og stjerna, musikk med Bugge Wesseltoft i bakgrunnen. Ingen som skal noko. God tid! Men ikkje til blogging.




Julaften! Lang frukost. Kjøpe den siste julegåva, organisere dei siste innkjøpa. Nokon reiser for å sjå etter båten, med alt uværet som er meldt er det godt å ha gjort det! Legge på juledukar, finne fram blomster. Sjå om det er meir pynt som skal settast fram. Endeleg få fram strykebrettet og stryke damaskduk og tøyserviettar. Høyre julemusikk på radioen. Sette på pinnekjøt til kok, og kjenne sjølvaste lukta av jul spre seg i huset. Sjå Disney på tv. Plutseleg få invitasjon til å vere med på julegudsteneste i Nidarsomdomen. Stor oppleving! Stresse bittelitt heimover, og få pynta bordet og så var det middag! Julekveld, juleevangeliet, julegåver, kaker, samvær med familie.
Stryking

Nidarosdomen

Det blir julepynta bord

Endeleg middag!


I går hadde vi familieselskap, med ribbe til middag, kaffe og kveldsmat. Vi spela spel, gjekk tur, prata og var saman. Idag har det vore lavt tempo, mykje sofa og endeleg fisk til middag.

Eg rakk ikkje å blogge før no, er det så nøye? Eg er rik og heldig!

Utsikt ut kjøkkenvinduet idag. Det var sol ei lita stund.
Og det er snø!

tirsdag 20. september 2016

Vekestart veke 38

Eg har hatt fridag idag! O lukke! Kabalen på jobb gjekk opp utan meg, og eg kunne la humla suse. Og det har eg gjort. Går klokka fortare på fridagar? Eg meiner "poff! Så er dagen over?"
Men det kan vere noko med tempoet; først unte eg meg å ligge ein time lenger enn vanleg, og så var det frukost. Litt skuffa over været, det låg skodde heilt inntil husveggen. Men været var fullgodt til å lese avis, drikke ei kanne te og halvvegs følge med på P2. Så måtte eg lese litt i boka mi, meir om den seinare, før eg fann ut at ut måtte eg, same kva vær det var.
Langbein på tur

Fint treningsstudio!

Doggdropar i spindelvev
Skogen viste seg å ligge over skodda! Herlig! Å stå der og sjå ned på skodda. Nyte sola, varmen, fargene, nokre overmodne bringebær, nevar med blåbær, nokre få tyttebær. Bli våt og skitten i myra. Kome heim og ta ein dusj, og så var det jammen tid for lunsj. Tida går fort i godt selskap, hehe.
Etterpå skulle eine bilen til "doktor", men eg rakk litt meir lesing etterpå, no ute i septembersola, før det vart restemiddag.
På ein måte har dagen hatt lite dødtid, men samtidig mykje tid til å gjere det eg hadde lyst til! Må ha ein fridag til snart!

Det har vore diktkåring i NRK. I heile sommar har det vore dikt og diskusjon på P2, og alle mine gode forsett, eg er jo glad i dikt, om å følge med, har drukna i det vanlege livet, eg har berre fått med meg litt her og der.(Ja, eg veit det finns nettradio og podkast, men då må ein ha tid til å høyre det ein annan gong, og ikkje minst konsentrasjon) På søndag var det "finale" og den skulle eg iallfall få med meg. Vel, eg er glad det er mogeleg å lese om det på nettet etterpå og...
Her er diktet som vann:

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Olav H. Hauge 

Kven har ikkje draumen? Om noko vidunderleg?
At det må opne seg nye dører, nye mulegheiter, ein ny veg? Betre helse, vidundermedisin til seg sjølv eller andre. Framsteg på eit eller anna vis. Ny jobb, eller kanskje jobb, skule. Tid til dei rundt. Ei pause frå slitet, jobben, sjukdom. Det er så mange ting vi ber på av draumar! Ofte mest inni oss.
Eg les at Hauge ønskte seg ei lun vik, der han fekk fri frå sjukdommen. Håpar han fann det. Og håpar du finn ei vik der du får pause!
Dame som les i solveggen


Før prøvde eg å skrive litt leselogg, men det har sklidd heilt ut. Eg les likevel ein god del bøker, og må få anbefale to til deg:
På fødselsdagen min fekk eg "Alltid tilgivelse" av Anne B Ragde(jada, å hinte kraftig om boktitlar hjelper!) Det er bok nummer 4 om familien på Neshov, og eg vart heilt forelska i dei då første boka kom. Fjerde bok var som dei forrige, lesverdige! Har du ikkje lese nokon av dei, start med "Berlinerpoplene", og bli kjent med gardsliv, familiehistorier, grisungar og Københavnhomser. Og ikkje minst gravferdskonsulent Margido.

Eg har også lese om igjen ein krimserie av Leif GW Persson i sommar og haust. Ikkje krim av typen hardkokt, dyster privatdetektiv, men om svensk politi og -trur eg- ganske truverdig om arbeidet deira. Naturlegvis med meir eller mindre dumme kollegaer, udugelege sjefar og vanskelege oppgåver, slik som mange kan kjenne på i eige arbeid innimellom. Det er tjukke bøker og store historier, med trådar til verkelege hendingar og kjente personar. Eg elskar slike bøker! Og då eg las anmelding av den nyaste boka, "Bombemakeren og kvinnen hans", i avisa på laurdag, kom eg til å laste den ned på lesebrettet  mitt ganske fort. Ikkje rart eg måtte legge inn lesetid idag! Anmeldaren skreiv at dette er krim du ikkje les samtidig som du ser tv, og det er heilt sant! Dei krever at du er der! (og eg anbefalar å lese bøkene i rett rekkefølge, for historiene heng på eit vis saman)
Her har du tusenvis av sider du kan gle deg til å lese!

(og for å hovere litt: eg har pakka inn 12 julegåver idag!)

lørdag 16. juli 2016

Kan det vere alderen?

Eller har eg berre vorte vaksen? (då er det vel og alderen...)

I sommar har mannen og eg vore på fleire bilturar, utan barn, slikt skjer når dei såkalla "barna" har passert 18 og heldigvis har eigne liv og eigne interesser. Det har vore riktig så trivelege turar vi har hatt, både heilt til Austlandet og ein liten instantferie til Nordmøre. Vi har kosa oss!

Men noko har skjedd, vi gjer heilt andre ting enn før. Den som sit i passasjersetet har kartet framme, og følgjer nøye med på fjordarmar og fjell og vegnummer. Vi har med mat og drikke, og kan ta pauser når det passar(og det gjer det stadig vekk for ryggen min) Vi høyrer radio, og vi pratar. Eller det er heilt stille.
Meisingsetvågen

Og vi køyrer omvegar fordi det såg så fint ut i den vika der nede, kan vi kome oss dit? Og der ser vi ein annan veg, eller ei ferge langt ute i fjorden og vi legg planer om ein ny biltur seinare. Då kan vi køyre der, og over dit, og så får vi sett... Jada!
Og vi har køyrt fleire mil omveg for å kjøpe ost, og ein god is vi hadde fått anbefalt og som dei hadde på same gardsutsal. Når vi først var der, i Torjulvågen, fulgte vi vegen heilt til endes, for dette var ikkje ein stad ein køyrer gjennom, hit køyrer ein og snur.


Vi har stoppa og sett på utsikta, og kommentert at det hadde gjort seg om dei tok ned skog, slik at vi hadde sett fjorden og ikkje berre tre. Vi stoppa nesten i eit grustak, for det gjorde vi alltid når eg var lita. Turen er ikkje berre for å kome til målet, vi har  tatt oss litt meir tid i sommar!
Kjærestepar i over 25 år ...

Kan det vere alderen?
Og gjer du slike ting?