Viser innlegg med etiketten segling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten segling. Vis alle innlegg

onsdag 31. juli 2019

Bjørnsund


På heimtur med seglbåten fekk mannen meg med på ein omveg (eller heiter det omsjø?) Vi la ut mot Bjørnsund, som er eit fiskevær på Romsdalskysten. Det budde folk her fram til 60-talet, då vart dei tvangsflytta og no er alle husa feriehus.
Vi var heldige med været, vi hadde god tid, og fekk sett oss grundig rundt. Mannen hadde aldri vore her før, og eg hadde ikkje vore der sidan ca 1973, på besøk hos tanta til mamma, som var av dei som vart tvangsflytta. Den gongen var det eit forferdeleg vær, så ille at eg huskar den enno. Den gongen var det folk som ikkje turde vere med båten tilbake til land. (Er det rart eg har båt no? Igrunnen ja)
Her kjem nokre mange bilder frå rusleturen vår rundt på nordre Bjørnsund i sommarsol og vindstille.

Isbjørnen på Bjørnsund.
Til minne om dei som vart borte på havet

Blomster




Knallfarger!


Nordre Bjørnsund

Fyret 


Ikkje alle dagar havet er så stille

Det er mange fyr i dette farvatnet

Kveldstemning i hamna

Solnedgang


Og neste morgon sto vi opp nesten før fuglane, og la i veg over Hustadvika, som ligg rett bortanfor Bjørnsund. For admiralen (=meg) var veldig spent på det havstykket, som vanleg. Men etter fire turar over Hustadvika, byrjar eg lure litt. Det blir stillare og stillare hav for kvar gong, denne gongen var det nesten ikkje dønningar heller. Og vi kom tidleg til Kristiansund, vi hadde fyllt diesel og lagt til kai før kl 12.00, så vart god tid til å slappe av, vere turist og lese bok.

Hustadvika ein tidleg morgon.
Eg klagar ikkje!

tirsdag 21. mai 2019

Årets første

Livet på bøljan blå. Seiltur. Livet med båt +++masse andre klisjar.

Kva treng ein på tur når ein skal vere borte eit døgn...


Fakta er at sjølv om eg grua meg, såg litt svart på å handle og pakke og komme oss avgarde 18.mai, rydde inn i båten og ein del anna, så vart det bra. Sjølv om det bles ganske mykje meir enn varsla. Sjølv om det var dønningar. Eg fekk båt, eg fekk sol og eg fekk tur!

Blå himmel og hav
Fruen fra havet med vind i håret

Mannen er tålmodig og pedagog, så vi sette ikkje opp segl før eg hadde fått passe kursen og rokult og fart ei god stund. Med segl gjekk det fort, vi kryssa oss ut fjorden (ikkje spør, men det er det det heiter)og fann hamna vi skulle til.

Naboar på sjø og land.
Ny standard på båtturmiddag
Tradisjonell båtfrukost! 
Vel framme ved hamn, hadde vi selskap av naboane i byen, vi fyra grill og prata og åt potetgull medan vi venta på at lammelåret var ferdig på grillen. Lammesteik, tzatziki og potetsalat i solnedgang ved kysten er fint! (og det finns ikkje eit bilde som beviser eller motbeviser dette)














Eg sov slik passe godt, vakna og såg at sola var på veg opp. La meg igjen og vakna til duskregn. Frukost med egg og bacon, gåtur (og flått) og båttur heim igjen. Fortsatt dønningar. Men no, nokre dagar etter er det sol og vennskap eg huskar!

mandag 29. april 2019

Ny sesong

Båten er på fjorden!

Det er så godt når akkurat båtutsettet er over. Det er ein skummel dag, syns eg. Er alt i orden? Vil den flyte? Er båten tett etter vinteren? Vil motoren starte? Eit utall spørsmål! Og eg kan ikkje gjere noko med noko!

Totalt ubrukeleg admiral, men veldig
dekorativ da!

Lekk båt? Tja, den ville gått rett ned om eg hadde ansvaret. Motor som ikkje starter? Vi ville blitt liggande ved kai... Etc!



Hurra for mannen som held hodet kaldt og som kan fikse evt feil. Det var ingen feil! Båten var tett, motoren starta på første forsøk og vi fekk opp segla. Og vi var vener gjennom heile prosessen! (eg eg seier ingenting om korleis andre par oppførte seg)
Båten har funne plassen sin!

No ligg båten på plassen sin, og med litt tilvenning, er eg nok klar for segling igjen eg og. Først skal det vaskast og ryddast og flyttast inn!