Viser innlegg med etiketten musikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten musikk. Vis alle innlegg

mandag 25. februar 2019

Mors jazzpensjonat

Det er den tida på året at alle unge som driv med musikk søker mot byar med musikkutdanning og opptaksprøver. Det er muleg eg ikkje er i eit heilt vanleg miljø, slik sett, eg brukar gjere det overraskande godt i musikkquiz med jazzfokus, men eg kjenner mange som har meldt seg på opptaksprøve.


Då treng dei ei seng. Gjerne også nokon å snakke med,  litt trøst, oppmuntring etc. Men iallfall ei seng! Og tilgang på brød og kaffe. Og dusj. Senga er minst viktig. 
Slik var det ifjor.  Samme prosedyre i år. Men nye gjestar. I går kveld dirra huset av spenning. 

Dagens soloppgang. Fin start på dagen.

Og det var spenning i lufta i dag tidleg, folk sang skalaer på badet og på kjøkkenet. Korleis går det, kven går vidare. Eg var nervøs på alle sine vegne, og stressa av om dei ville rekke det. Eg meiner, når det er 45 minutt til oppmøte, dei enno ikkje har dukka opp til frukost og så skal ta buss til byen. Ja, buss forresten? Kvar går den, når går den, og treng vi 10 minutt gåtid i sentrum også!? Dei rakk det, naturlegvis, dette er unge menn med full oversikt. Kanskje.

Det trengs både trøst og hurrarop! Alt blir betre med sjokolade og kaffe. Konsentrerte unge menn med ei plan. Og latter og tull og tøv!
Dei er hyggelege! Ikkje minst! Då kan eg godt slenge ut ein middagsinvitasjon også, eller bake bollar. Dei sett inn i oppvaskmaskinen og tek ut. Dei dekker bordet, ryddar på stova og pratar med meg. 

Eg får innsikt i nye ting.
Og snublar i eit par tre saksofonist, gitarer og ein kontrabass... 


No er snart første dag over, og vi får vite kven som får vere med i morgon. Det er tøffe tak, også for den som står på sidalinja. Men først skal vi ete middag, det blir visst fullt hus og nokon har spurt om vi har endå ei ledig seng.

Så får vi ta listene etterkvart, og legge planer for morgondagen utfrå det. 

onsdag 22. august 2018

Møblert heim

50 er jo berre eit tal, og ein er ikkje eldre enn ein føler seg. Men mange syns at når ein er 50 år kan ein reknast mellom dei vaksne. Og vaksne folk har jo møblerte heimar?
Kva er ein møblert heim? Eg måtte søke litt på det store nettet, men finn at det er fleire meiningar:

  • Hva har piano og sausenebb til felles? De er ting som bør finnes i et møblert hjem.
  • Du må _hvertfall_ ha piano for å komme fra et "møblert hjem"
  • Det er ikke størrelsen eller "penheten", men at det er piano, fylte bokhyller og dannede mennesker der.

Frå ulike debattforum

Vi har overfylte bokhyller(sjekk), eg har arva sausenebbet til oldemor(og frå mannen si farmor, og vi har sausenebb vi fekk i bryllaupsgåve), om vi er danna får nokon andre svare på, men no har vi iallfall piano.
Eg har kjøpt piano! Plutseleg bestemt, ganske godt gjennomført med musikkjunior som konsulent. Det kom idag. Flyttemennene ville helst ha tatt ut nokre vindu, evt bygd veranda med verandadør. Iallfall bør eg ha det før pianoet skal ut igjen, men no står det her! Kjapp rydding og vasking av kroken før flyttemennene kom, fjerning av møblar, som enno har ei litt udefinert rolle i stova...og vips var vi møblerte!





Eg skal prøve å ta opp igjen gamle kunster, eg blir aldri konsertpianist, men det skal vere bra å trene hjernen. Og det blir nok trening, lese notar, oversette notar til tangentane og få det til å bli ein melodi.

Trur vi definerer oss inn i gruppa "møblerte hjem"! Med musikk!

onsdag 14. juni 2017

Allereie no?!

Idag har minstemann (noko meir enn 1.92 høg) hatt siste eksamen på videregåande. Han har rett og slett gjort unna grunnskulen og videregåande, og mor står som eit spørsmålsteikn igjen.

Var ikkje dette no nettopp?
Her er det rett før han skal starte i barnehagen.
Ok, så var det i 1999...
Alla dessa dagar som kom och gick,
inte visste jag att det var livet.
Stig Johansson

Eg kjenner det litt slik .....
Klisje, eg veit det, men 5 år i barnehage og 13 år på skule, i ettertid så har det gått ganske fort.

Eg har forsåvidt registrert at han har gått på skule, for det har vore ein del diskusjonar rundt det viktige med å gjere lekser og slikt, eller det var vel mest dei første åra. Han syntest ikkje han lærte noko, så kvifor jobbe? Noko må han ha fått med seg likevel! (Eg mistenkjer at dei må ha lurt inn ein del kunnskap på skulen, som junior trudde han hadde plukka opp sjølv)

Det har vore dagar og år med lekser, gløymte gymklær(både før gymtimen, og i sekken etterpå), overraskande prøver, lange dagar, skogtur i regn. Det har vore skulekjøkken og pannekakefrukost, forvirrande framandspråk, ekskursjon for å sjå på kryp i fjøra, vanlege skuledagar med niste og matematikk. Det har vore lærarar som har sett gull, og oppmuntra til vidare arbeid. Det har takk og pris vore musikktimar som lyspunkt!
Det var trening, det har vore sykkel, det har vore celloøving med både glede og motgang for far og son. Det var elbass og bandøving i stova vår, til varierande entusiasme frå mor. Det vart kontrabass og øvingsrom i kjellaren. Det har vore masse musikk i heimen, og masse fine folk innom.
Smått om senn kunne eg sleppe taket, for han tok ansvaret sjølv for både lekser og øving og nistesmøring.

Og dei tre siste åra har det vore masse musikk! Gleda var stor over å kome inn på musikklinja for tre år sidan. Det har vore knallhard prioritering av tid og søvn, og det viktige(les musikkfag) har fått fokus. Det andre har vorte gjennomført, av og til til mors lette frustrasjon over tidsbruken. Det har vore seine kveldar med siste innspurt, kven har ikkje vore der? Det har vore litervis med kaffe(det har han ikkje frå meg), diskusjonar rundt kjøkkenbordet med medelevar, kollekvier med taco og kveldar med Risk.

Forrige veke satt eg svett, nervøs og kjempestolt på eksamaneskonsert, utan å kunne gjere noko mer enn å vere der. Det gjekk bra med både mor og son! Og idag altså siste munnlege eksamen, gjennomført med stil (eg måtte vente veldig lenge på oppdatering, han skulle jo ha lydprøve til avslutningsfesten i morgon, må vite. Då må mødre finne seg i å vente, viser det seg).

Gratulerer! 

Og vi er over i ein ny epoke, som eg veit lite om. Storebror har gått opp stien for første året med folkehøgskule, men så? Mor finn stadig noko nytt å lure på...men det er visst ikkje mitt problem lenger? (Særleg! Eg hevdar min rett til å spørre og mase og blande meg inn lenge enno! Eg øver meg på å godta at eg ikkje blir høyrt så mykje lenger. Øver. Eg er litt førebudd alså, eg har lært mykje sidan eg skreiv dette)

Stor og liten bror. I sola med is. Med ullklær.
Satsar på at dei har fått med seg litt i oppveksten, om
klær og kosthald.

onsdag 7. desember 2016

7.desember

Eg tenkjer på ein eller annan nissesang , frå ein eller annan julekalenderserie på NRK der dei syng noko ala "for idag er det 7.desember" (eller kva dag det nov var) Hm, berre det eg kjem på. Har eg sett den fast i hovudet ditt også no? Eg må kanskje google?

Det er utruleg mange minner rundt slike adventsseriar på tv. "Jul i Skomakergata" er jo ein klassikar, naturlegvis hadde eg appesin med nellikspikar og gjekk rundt og sang på Jon Blund-sangen og sa "stol på tøffe Tøflus". Eg huskar Eli og Teodor, "Vertshuset Den Gyldne Hale" (med tegn og tale), Amalies jul, Jul i Blåfjell, Portveien 2 og det har sikkert vore fleire? (Portveien 2 var forresten første gong "Tenn lys" vart sunge. Starta som sang i barnetv og endte som klassikar) Vi prøvar få med oss "Snøfall" iår, det går ikkje kvar dag, men heldigvis finns det nett-tv!
Slike seriar gjer noko med folk, for det er noko dei fleste ser på, virkar det som når vi sitt i lunsjen og pratar.

Den gongen det var snø i desember...

Det eg eigentleg skulle skrive om idag, er julemusikk. Det er også ein stor stemningsskapar. Eg spelar dagen lang, til enkelte andre si fortviling, både på jobb(der er eg ganske diskret altså) og heime. Eg har progresjon i stemningsmusikken, og enno held eg meg til lett musikk(altså ikkje Sølvguttene enno) og "Its snowing on my piano" med Bugge Wesseltoft. Har du ikkje høyrt den, anbefalar eg å finne den. (den ligg på spotify)

"Have yourself a merry litle christmas" med Ella er også ein stemningsskapar.  Lytt og nyt!

Før syntes ungane at min musikk var meir rar enn musikk, men no har eg nesten overbevist dei! Dei spør faktisk om vi ikkje skal sette på The source, of christmas.


På ein skala frå ein til mammas julemusikk når det gjeld rart, er denne på ein sterk 9ar!
Dette var dagens lille adventsmusikkglimt og tips frå meg!


søndag 13. november 2016

I´m your man

Eg er ikkje spesielt interessert i musikk, eg likar musikk, eg høyrer på forskjelleg, men eg har aldri hatt det som ei hovudinteresse. Eg har spela piano og sunge i fleire kor, litt for musikken og mykje for det sosiale. Eg har lytta til musikk av ulikt slag, og noko har eg likt og noko har eg ikkje likt. For tida er "sjefs-pusharen" min junior, som spelar mykje rart til meg. "Høyr på dette, mamma" og eg blir servert alt frå klassisk til smalspora jazz, ulike taktartar og dissonansar. "høyr DER, det er bra!"
Du snakkar om perler for svin...det er ikkje alt eg får med meg.
Men enkelte artistar har eg høyrt mykje på, som Dumdum Boys i russetida, Phil Collins ei stund, Van Morrison seinare. Lell må eg vel tilstå at eg høyrer mest på radio og det som blir spela der til ei kvar tid. Hurra for P2 som serverer ganske breidt utval av musikk! (det hender eg har høyrt om det nye jazzgruppa junior skal på konsert med!)

Og eg har høyrt mykje på han det er skrive masse om dei siste dagane: Leonard Cohen. Kvar eg plukka opp han, huskar eg ikkje. Men eg veit at sommaren 1988, då "I´m your man" kom ut, var han musikken i bilen til og frå sommarjobben. På kassett. Dette var tross alt 80talet. 20 minutt i bilen til og frå jobb. Tidlegvakt og seinvakt, men eg huskar best turane på tidleg morgon. Tidlege morgonar på veg til sjukeheimen, med soloppgang (for eg trur ikkje det regna den sommaren...) og stille fjord, då var Leonard Cohen soundtracket mitt. "Take this waltz", "Ain´t no cure for love" og "Tower of song".  Eg kan sangane enno. Dagen kom sakte, men sikkert, eg kunne sjå at andre kom ut, åpna vindauger og møtte dagen på turen min til jobb. Eg hadde selskap av Leonard i bilen.


Eg har lese mykje av det som står i avisene no, og tenkjer at eg nok skal ta fram igjen denne musikken, og kanskje høyre ting eg ikkje har høyrt før også.


Du skal som vekestart få eit fint sitat av Leonard Cohen:

"There is a crack, a crack in everything. That's how the light gets in"

(Det er sprekker i alt, det er der lyset kjem inn. Ingenting er perfekt, men det er sprekkene som slepp lyset inn!)

Og idag er det farsdag, og mannen fortener ei skikkeleg feiring. Det er jo han som er "my man". Og feiring har vi hatt: vi har feira med pannekakefrukost, gåver, tur i skogen, lesetid i sofaen og middag. Idag kalvesteik med løkkompott, portvinssaus og potetbåtar. Vi har utsett desserten... så mette er vi!


Ønskjer deg ei strålande veke! 

søndag 14. august 2016

Vekestart veke 33

Ferietida er offisielt over. I morgon også for husets yngste. I morgon startar han på siste året på videregåande. Når skjedde dette? han brukte då ikkje vere så stor... Han er lite lysten på lekser og tidlege morgonar, men gler seg nok innerst inne på mykje lærdom om favorittsysselen musikk!

Men no blir det meir rutine på alle, og det krever instramming -for alle- på soving og ikkje minst stille vekkeklokka. Kjøleskapet og brødboksen må ha ei vis grunnutrustning til ei kvar tid. Det hadde vore fint med middagsliste. Vi får sjå...
Det er meldt sommarvær igjen, etter ei veke med grått og regn. Det blir ein liten sommar igjen! Tid til litt meir samling av solvarme i kroppen! Det blir bra for fleire ting, som bærplukking. Idag har vi ete blåbærpai, med sjølvplukka blåbær.

Full konsentrasjon og innsats!

Igår var vi på musikkfestival, ein liten sjarmerande festival i ein hage! Eg kjente litt på #min_indre_hipster, eller iallfall var det ein del andre der som var kulare enn meg. Vi høyrte junior spele saman med bandet han spelar i. Og vi fekk med oss litt anna musikk, mykje fint og heilt anna enn det eg brukar høre på. Ein kjekk konsekvens av å vere musikkmamma!

Bildet lyg, det var godt med bølger!

Og det er lettare å kome seg ut på tur når det er sol. Kanskje blir det gode tider for segling også? Vi hadde eit tur i litt frisk vind idag, iallfall friskare enn vi hadde tenkt. Men vi kom i land tørre og som vener, full av ny kunnskap(særleg eg). Det er noko med styring av båt i bølger, vindstyrke og mengde segl som skal opp og ned, vindmelding som ikkje er  heilt korrekt... Vindretning i forhald til retning på fjorden, beskjedar som blir gitt, men ikkje forstått etc. Men som sagt, vi får det til og blir betre og betre, så gode at mannen byrjar mase om at eg må lære meg å legge til kai. Det er eg slik i teorien einig i, når det kjem til praksis er eg litt meir usikker.

AUGUST

Slutten er vakrest
hvisker svaberget og
løfter den brune kroppen
din litt nærmere solen
vakrest er slutten og
august presangen til
dem med hjerte
for sirisser
rognebær og
solnedganger
Arne Ruste
Ønskjer deg ei god veke!

mandag 14. juli 2014

Vekestart veke 29

Veke 29 er veka er har grudd meg til sidan ferielista var klar. Vi er få på jobb og vi har mykje å gjere. No er veka her! Og i tillegg til før nemnte punkt er det tropevarme i Trøndelag. Sist veke fekk vi melding om at hus og klimaanlegg her ikkje er dimensjonert for slik varme, altså blir det varmt inne også… På den andre sida er det varmt når ein er ferdig på jobb også! Det er berre å gå ut, sitte ute, sole seg litt, ete grillmat, drikke masse vatn. I tillegg så er det jo snart min tur til å ha ferie, då skal nokon andre vere inne, stå opp tidleg, medan eg søv lenge, et frukost lenge med te og avis. Gledar meg!

Men eg hadde nesten ferie i helga, "Norges framtid", altså tenåringane mine, har hatt sommarjobb hos besteforeldre og måla hus. (Det har vore litt rart og stille her heime, det retta seg fort då dei kom heim igjen) No ville dei hentast og mannen og eg sette oss i bilen. Bilen har jo ny girkasse, og har vist seg frå si beste side etter ein heller traurig start. Vi hadde musikk og lydbok og bestemte oss for å kjøpe mat og ete på Dovrefjell. Ei god plan, som vart litt amputert av at himmelen fekk svarte skyer på alle kantar, det buldra og slo og vi såg lynet slå ned i alle fjell rundt oss. Men vi fekk i oss maten og nytte naturen ei god stund og møtte ikkje regnet før etter fleire kilometer.

Lunsj under mørk himmel


Det varte ikkje så lenge, men var heftig mens det sto på!

Mannen hadde funne lydbok til oss i hylla. "Det suser i sivet" var opplesing på barnetv i barndommen, men ingen av oss huska så mykje før vi byrja høre. Trur eg fekk med meg fleire nyanser i den boka ni enn for 35-40 år sidan!

På retur dagen etter var regnet som sunket i jorda, og det var varmt, sol frå skyfri himmel og god stemning. Øverst i Romsdalen ligg det jettegryter, som ikkje alle av oss hadde sett før. Vi gjorde stopp der, og det var fint, sjølv om eg blir svett av unge menn som hoppar rundt på svaberg ved ein brusande foss… Det var sandstrand der og, den kvitaste, finaste sand, men flomelver er ikkje til å bade i! Eg skulle vel klart å berre ligge der ei stund også!
Føtter i sand

Nokon hadde laga eit hjarte i sanden


Men vi skulle vidare! Vi kom opp på fjellet igjen, og til eit vatn der det er fint å raste. Nokre i familien bada, ikkje eg! Alle åt god mat, vi tok bilder og kosa oss. Så enkelt det eigentleg er å gjere noko anna enn å stoppe på ein kafe, ete og kjøre vidare(iallfall når det er 25 plussgrader 1000 moh og det er sol)

Føtter i vatn (kva er det eigentleg med dette å fotografere eigen føtter? Eg er hekta)


Sol, vatn og sand (og ikkje ein fot i sikte)

Utsikt frå lunsjplassen

På turen vidare fann vi "Knutsen og Ludvigsen" i musikksamlinga, og dei gjekk på godt volum og med god sangstøtte frå både framsete og baksete. Rytmeseksjon og fri improvisasjon forekom og! Etterpå høyrte vi vidare på "Det suser i sivet", det trudde iallfall eg, men enkelte i baksetet hadde støydempande øretelefonar på og høyrte på noko heilt anna. Ok, det kan bli for mykje idyll også!

Her er ein link til "God morgen Norge" Den gikk for full musikk i bilen igår, og passa jo bra sidan vi var rett ved Dovregubbens hall!

Måtte du få ei strålande veke! Mi veke er bra, tross jobb, det er jo ein viktig del av livet, og min ferie kjem snart!

Eit par biletglimt til frå helga;
Nyskjerrig kalv!
Arbeidskar, let seg ikkje uroe av at eg tok bilder
Ein heilt grei solnedgang

Ei slik helg gir feriekjensle på få timar, engergipåfyll og gode minner!

tirsdag 13. mai 2014

Når mor er pinleg!

Korleis går det eigentleg med utelivet? Altså eit anna uteliv enn når eg steller kjøkkenhage og kompostbinge. Hadde ikkje eg uttalte planer om minst eit kulturarrangement i månaden? (Du kan lese meir om dette her Kulturåret og utelivsdama , som er ei veldig misvisande overskrift, men som har gitt frykteleg mange besøk på bloggen!)

Vel… det er rart med det, enkelte ting glipp litt… Mars gjekk i ei fart utan at eg fekk fyllt på kulturkontoen. Men med eit nødskrik rakk eg det i april, eg vart invitert på konsert med koret ei venninne syng i. Det var riktig bra! Og kombinert med ut å gå ut og ete saman med finfine damer etterpå, var det jo veldig godt for både kropp og sinn!

I mai har eg allereie(allereie?! vi er snart halvvegs) vore på ein konsert, men det var vel knappast mi forteneste… Mannen bestilte billettar til seg og tenåringane på konsert med det eg forstår er ei gitarlegende av dei sjeldne. Denne gitarlegenda skulle kome på Jazzfesten i Trondheim, og eg tenkte at eg kunne jo få ein stille kveld i heimen(kjøpe det potetgullet eg likar best, ikkje dele med nokon, sjå det eg ville på tv etc). Men så viser det seg at junior#1 ikkje hadde planer om å gå på konsert, han hadde derimot eigne planer(note to self: guten er snart 18 år, det er normalt å ha eigne planer i helgene, foreldra må berre lære) Då hadde vi brått ein billett til overs, som eg fekk gleda av!


Og eg er ikkje ukjent med gitar, på det glade åttital lånte eg gitar og "Lillebjørns gitarbok" frå storesøster, og lærte meg "Lille,vakre Anna" heilt sjøl. Eg kan den enno, for eg prøvde stadig lære meir, men kom aldri lenger på grunn av manglande øving, så den er på sett og vis overlært, trur eg! (eg prøvde å lære meg å spele trompet også, men det stoppa heilt opp, før eg hadde lært meg ein einaste sang, eg fekk knapt lyd i den) Og eg deler jo hus med flerie gitaristar(og gitarar), så eg veit at det er mange finesser eg ikkje forstår meg på.

Gitarkoffert i motlys




Det var vel ikkje dagens høgdepunkt for junior#2, som sto saman med kompisen, då eg i køa inn til konsertlokalet spurte kven vi skulle høre…. "Mamma!!!(les med oppgitt stemme) "du burde vite kæm vi ska på konsert med!" Men tålmodig forklarte dei både kva artisten heitte, at han er gitarist, kva gruppa heitte, kvifor han er ei legende etc etc. Så då konserten byrja var eg meir på trygg grunn!

Det var slett ikkje ille, sjølv om eg forsto eg ikkje kunne konkurrere med blodfansen som sto rundt meg på alle kantar. Dei fleste andre kjente jo igjen stykka som vart spela, og jubla ekstra når det eg etterkvart tolka som høgdepunkt kom. Eg kjente kun igjen det stykket som mannen har spela på gitar, og eg vil nok seie at legenda var hakket betre, men han hadde jo eit band å støtte seg på, mannen har berre meg som støttande publikum.


Når eg er på slike konsertar, der eg ikkje kjenner artisten, eller musikken eller historiene, syns eg av og til det blir litt kjedeleg. Det hender jazzkonsertar blir litt vel frie, utan melodi eller gjenkjenning, og eg blir litt uroleg, byrjar lure på om eg skal gå og kjøpe litt drikke eller gå på do. Men dette var ein bra konsert på den måten, det var sitteplassar og eg likte musikken(ikkje var den så høg heller, for det likar ikkje damer med nedsett hørsel) Men det er fasinerande å lese anmelding i avisa dagen etter, for det journalisten meiner noko om, er ofte på ein annan planet enn meg! Javel, var starten litt trå? Eller ukonsentrert bassist? Journalistane stiller nok meir førebudd enn meg!





(Og sånn apropos at mor er pinleg; då eg vandra rundt i huset på jakt etter gitarar å ta bilete av, var eg innom junior#1 og prata i veg, før eg oppdaga at han var på skype med ein kompis… Like greit å fordele flauheita jamnt over avkommet!)