Viser innlegg med etiketten oppskrift. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppskrift. Vis alle innlegg

onsdag 20. mars 2019

Appelsinmarmelade

Av og til tenkjer eg at det eller det kan eg lage. Oftast blir det med tanken. Men i går kjøpte eg økologisk appelsin, fann sitron i kjøleskapet (for det gløymte eg å kjøpe) og jammen hadde eg nok sukker, så då var det berre å sette i gang og koke appelsinmarmelade.


Eller berre .... appelsinen skulle vaskast og kuttast, litt kjedeleg. Men adskillege lettare enn sist, for mannen har kjøpt mykje betre knivar. Eg brukte oppskrifta frå sist, appelsinmarmelade, bortsett frå at eg denne gongen laga av 2 kilo appelsin. Det treng du ikkje gjere om du ikkje har veldig skarp kniv og mange du vil gje syltetøy til, for det vart riktig mange glass :)

Ferdig kutta!


Saktemat

Solskinn på eit glas!

Men sånn etterpå er det heilt i orden å ha laga masse appelsinmarmelade, godt å ha til påske. Den vart passe bitter, passe søt og passe stiv.

Og grovt brød med appelsinmarmelade er godt med te til kveldsmat!

søndag 16. desember 2018

Rosenkål

Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg får dilla på ting innimellom. Det startar gjerne med at eg les ei oppskrift, tenkjer at dette såg fristande ut og så prøver eg -og dersom det stemmer så blir det ei dille ei stund.
Ein sommar åt eg avokado- og agurksalat til alt! Kanskje var det samme sommar at eg åt jordbærsalsa til grillmaten også. Eg hadde ein lang periode eg omnsbakte grønsaker med appelsinsaft, timian og olje. Nam, det er det forresten lenge sidan eg har ete... I haust har eg ete masse bakt blomkål, bitar av blomkål med olje, salt og ulike krydder, som middag åleine eller som tilbehør. Eller bakt brokkoli, det er også godt.

Og akkurat no er det rosenkål som gjeld. Eg et rosenkålsalat så ofte eg kan!



Eg har kjøpt fersk rosenkål, med det går sikkert bra med frossen også. Kokar den opp, 2 min, og avkjøler litt i kaldt vatn. Deler i to, legg i salatskål med tørka tranebær (kan bruke rosiner, granateple eller kva du vil, noko søtt) finhakka rødløk og rista gresskarkjernar (eller hasselnøtter, mandlar, pinjekjernar) tar på sitronsaft og litt olivenolje, salt og peppar. Et som eigen rett, med litt bacon eller spekeskinke, eller som idag, tilbehør til medisterkaker og potet. NAM!


Veldig ofte har eg ikkje alt som står i oppskrifta, då ser eg kva anna eg har, du tek det du likar, tenkjer eg!

tirsdag 12. juni 2018

Potetsalat

Eg er kresen! Er det andre som er det?
Enkelte ting syns eg at eg er ganske god på, og så er det ting eg unngår å lage. Som sukkerbrød og marsipankake. Krever tålmod og litt som eg ikkje har av nøyaktigheit og pynting.

Men potetsalaten min, den er akkurat rett! Syns eg. Og den krever ikkje all verda av pynting og slikt. Eg kokar potet, gjerne nypotet med skalet på. Avkjøler litt, men det er best om poteten er lunka når resten blir tilsett. Eg kokar egg, nesten hardkokt. Eg hakkar kvitløk og blandar saman med olje, edikk og sennep og litt salt og pepar (1 dl edikk, 2 deler olje, 1 fedd kvitløk og 1 ts dijonsennep). Eg hakkar egg og paprika og vårløk. Deler poteten i 6-8 biter. Blander saman i eit stort fat, saman med det eg har av urter, feks koriander, basilikum, persille og dill.



No treng du berre grillmat, sol, grøn salat og fine folk! (det hadde vi på laurdag)

Og forresten: dill! Den lukta er så god. Smaken også! Og eg huskar at tante hadde dill i drivhuset sitt, ho klipte den opp og dryssa over potetfatet til middag. Eg likte ikkje dill den gongen. Men lukta av dill på varm potet, åh! No et eg gjerne dill, på potet, i eggerøre, i salat, på fisk.

Sånn apropos fisk, på søndag fann eg eit stykke laks i frysaren, den biten fekk salt, pepar og dill, vart stekt i smør og så slo eg sitronsaft over. Og det var restar av potetsalat til! Nam!

torsdag 9. mars 2017

Marsglede

Trur eg må omdøpe temaet til marsglede!
Det er vår ute! Det er glede i seg sjølv. Og så har besøket mitt hjelpt meg å bake sitronkjeks.


Dei passa veldig godt på dette fatet eg har fått av mamma. Og til drakk vi sitronte i flortynne tekoppar. Det var nesten som Te-plis! (eit innlegg om gode barndomsminner)Veldig gode! Stort sett fulgte vi denne oppskrifta fra Jamie Oliver.

(Når eg i tilleg har fått ein lang tur i skogen med sol i ansiktet og svette på ryggen, kan ikkje dagen bli betre)



søndag 20. mars 2016

Vekestart veke 12, om påske, egg og vår

No byrjar "den stille veke", som er dagane frå palmesøndag til skjærtorsdag. Vi skal vere heime det meste av denne tida, eldstejunior skal jobbe og eg har (kanskje urealistiske) planer om alt eg kan rekke når eg har dagen disponibel...men eg veit at først skal eg ete frukost og lese avisa, tømme kanna med te, og så er det brått "Påskelabyrinten" på radio. Ingen kan gjere noko anna samtidig då?! Så skal eg sette på ei vaskemaskin, og plutseleg ser at vi treng meir brød eller mjølk eller epler, og då må eg ein tur ut. Når eg kjem heim, kjem eg på at det eg skulle gjere når eg var ute, var å vaske bilen. Når eg sett mjølka inn i kjøleskapet, kjem eg på at eg skulle jo vaske der, men det rekk eg ikkje no, sidan eg må henge opp klær før eg skal lage middag. Og etterpå må eg jo utnytte at eg har fri, og sove middag. Kanskje eg skal få med meg påskekrim også, og då er jo dagen omme! Til mitt forsvar vaska eg vindu igår!
Og eg har prøvd ut fleire oppskrifter på egg til frukost, og fleire skal det bli! Dei påskene vi er heime, har det vorte tradisjon med nye typer egg kvar dag. Vi har prøvd ut egg benedict tidlegare, og det vart så godt at det må vi ha iår også(eg må berre ut og kjøpe spinat før frukost i morgon) I går laga vi eggemuffins, det var veldig godt og enkelt! Ein liten omelett til kvar på ein måte. Idag laga vi djevleegg, det høres ikkje bra ut! Men det smakte godt!

4 egg
1 ss smør
1 ts sennep
finhakka vårløk
finhakka rødløk
salt, peppar
tabascosaus
Hardkok egg og avkjøl. Del i to og trykk ut plomma. Rør eggeplomma saman med smør og sennep, bland inn løk, smak til med salt og peppar. Drypp 6-8 dråpar tabasco i eggekvite"skalet" og fyll i røra. Server!
I påska må ein ha fin, gul frukost!
Djevelegg

Eg trur vår eggetradisjon er vel så sunne som dei påskeegga som blir skrive opp og ned om i avisene om dagen! Ikkje for at vi ikkje har søtsaker...det er vanskeleg å unngå, men dei egga vi snakkar mest om, er dei vi et til frukost. Eg er veldig glad i søtsaker, eg er særleg glad i sjokolade...sukk! Men eg blir matt når eg ser kor griske og desperate vi blir av billeg smågodt. I går var det forresten tomt for smågodt på REMA. Men frukt var det rikeleg av.

Ute er det øspøs-påskeregn. Det er også ein slags påskevær. Eg har gått tur i skogen idag. Fottur, det frista ikkje med ski. Is og delvis vatn i løypene, såg eg, men godt strødd på vegen eg gjekk. Det hadde vore fint med sol frå skyfri himmel, tekopp på terrassen og kanskje lunsj ute, men det blir visst ikkje denne påska. Det har sin sjarm å sitte inne i sofaen, drikke te, lese krim og småprate med resten av familien og!
Der nede ligg Trondheim
Når eg ser ut, er det grått og sølete på vegen, skitten, grå snø med grus i på plena og lite som minner om vår. Det er rart å tenkje på at om to månader kjem det mest truleg til å vere grønt og frodig. Eg klarer ikkje heilt sjå det for meg! Eg veit det ligg blomsterløk under snøen og jorda som kjem til å kome fram med blomster før graset blir grønt. Eg veit hekken som no nesten er borte under snøen, skal bli grøn og frodig. Men enno er det nesten som ein urealistisk draum! 

Det hemmelig under

Så rart det er å våkne
en tidlig tidlig morgen
før åsene er åser
og trærne er blitt trær
Det hemmelige under
Som også heter våren
har ennå ikke rukket
å ta på sine klær.
Et glimt av fryd i luften
Som hjerte ikke fatter.
Det sunne pust fra noe
Som blir i evighet.
En munter sølvblank gjenlyd
Fra en usynlig latter:
Akk menneske, så lite,
Så ingenting du vet!

av Inger Hagerup.

God veke til deg! Enten du har ferie, heime eller borte eller må jobbe og har mest vanlege dagar, tenk at snart er det vår!

onsdag 24. februar 2016

Appelsinmarmelade

Eg er ei enkel sjel, det er vel berre å innrømme det. Når det skulle vore rydda, vaska eller bretta klær, er eg lett å avlede med noko som der og då verkar artigare!
Idag skulle det vore rydda, og bretta klær. (sikkert vaska også, men det likar ikkje ryggen så godt å gjere, så der kan eg unnskyde meg litt) I går las eg at no er tida for å lage appelsinmarmelade. Jepp, eg beit på med ein gong! Eg kjøpte blodappelsin, sitron og sukker. Og starta leite i oppskriftsbøker og på nettet etter den perfekte opskrifta.
Eg fann flerie som lova godt, og nokre som tok lang tid(og der var eg ikkje, tålmod er ikkje mi styrke!) Så her er mi oppskrift, ei blanding av fleire andre, trur eg:

Appelsinmarmelade

1 kg blodappelsin
1 sitron
0,5 l vatn
1 kg sukker

Vask appelsinane og sitronen godt i lunka vatn og tørk dei. Del kvar frukt i 4 båtar og skjær i tynne skiver(med skalet på). Dette er litt kjedeleg, og det var igrunnen nok med 1 kg appelsin for meg... Ta vare på steinane du finn og legg desse i ein gasklut som skal koke med saman med frukta. Legg i ein kjele og tilsett vatn. Kok i ca 45 minutt under lokk(no skal skalet ha vorte ganske mørt)
Marmalade i produksjon

Tilsett sukkeret og kok til det byrjar tjukne, no utan lokk. Dette kan du sjekke ved å ta opp litt marmelade på ei skål og sjå på konsistensen når den blir kald. For meg tok det ca 2 timar. Altså saktemat! (og trur du ikkje eg rakk brette alt av reine klær medan eg venta. Og sjå to episodar av ein tv-serie!) Ta ut posen med steinar. Fyll marmeladen på reine, varme glas og avkjøl. Sett kjøleg.

Nam!


Og etterpå har eg ete rista brød med marmelade og drukke sterk te til! Lukke!

onsdag 9. desember 2015

Julegåvetips

Igår laga eg julegåver, og sidan mottakarene allereie har fått dei, uinnpakka, kan eg dele med deg kva eg laga.
Eg angra bittelitt på ambisjonen om å lage gåvene, for eg er tidsoptimist og ein mester i å utsette, så plutseleg var eg i tidsnød... Hehe, men det gjekk, med arbeid under press og litt svette!
Eg laga rugknekkebrød ala rudolf og fikenmarmelade, saman med litt ost har du vips eit heilt måltid.

Fikenmarmeladen fann eg oppskrifta på her; fikenmarmelade med valnøtter

Oppskrifta på knekkebrød er frå ei dansk bok eg kjøpte ein gong:
280 g rugmjøl
200 g kveitemjøl
2 ts salt
3/4 dl nøytral olje
2 1/2 - 3 dl vatn
Pynt: sesamfrø, valmuefrø, riven ost, hakka nøtter

Varm omnen til 220 g. Bland alt til ein fast deig.
Del deigen i to og kjevle til ein tynn deig.
Stikk ut reinsdyr eller ande formen(eller del opp i meir vanleg kjeksformer)

Pensle med vatn og dryss på pynt.
Steik i ca 15 minutt, til dei er gyldne(og sprø)




No skriv eg lister over innkjøp og kva som må gjerast, og prøvar å finne ting eg kan stryke frå lista, slik at eg kan gjere artige ting i istaden for! Eg høyrer julemusikk, et klementin og har planlagt lefsebaking med gode vener over helga!

torsdag 5. november 2015

Eplekake


Eg har jo som forsett å bake i november og til no har det vorte grytebrød med havre og valnøtter(nydeleg med brie!) og eplekake.
Eg tenkte eg skulle dele oppskrifta på eplekake med deg, for den vart svært populær her i huset. Det er ikkje så nøyaktige mål, det passar meg godt :) og det går an å ta det ein har av enkelte ting.

75-100 g smør/ margarin
150 g sukker
3 egg
250 g lettrømme/ kesam/ vaniljekesam/ cottage cheese
(jeg har brukt det jeg har, og gjerne en blanding)
200 g kveitemjøl
2 ts bakepulver
2-3 epler i båtar
kanel
perlesukker

Sett steikeomnen på 180 gr. Smør ei 24 cm springform og dryss med mjøl.
Rør sukker og smør kvitt. Tilsett egg, eitt og eitt, bland godt for kvart egg. Rør inn rømme. Rør inn mjøl og bakepulver. Hell røra i forma.
Stikk eplebåtar i mønster i røra, dryss over kanel og perlesukker. Steik midt i omnen i ca 45 minutt.
God lunken med litt is...


tirsdag 20. oktober 2015

tyttebærmimring

Då eg gjekk tur på laurdag, hadde eg naturlegvis pose i lomma. Ikkje hundepose, eg har ikkje hund. Men pose for å plukke bær i, om eg fann. Første delen av turen, som eg gjekk med tante May, hadde ikkje bærplukketempo. Det var "trim og prat", som er ein utmerka kombinasjon. Men etterpå, då eg venta på å bli henta, måtte eg ut i skogkanten og sjå om eg fann tyttebær. Og eg fann:) Store, raude, modne tyttebær vart plukka i posen, og dei får blåbæra som var der, gjekk rett i munnen!
Eg huskar at mamma alltid prioriterte tyttebærplukking på hausten då eg var lita. Eg forsto lite av det! Gå frivillig i skogen og plukke bær!? Og så små som tyttebær er, det tok kjempelenge før det monna noko i bøtta. I tillegg smakte den altfor skarpt for ein liten baremunn. Eg huskar eg og søskenbarnet mitt var med mamma og tante og plukka tyttebær ein gong, og vi to(kanskje 6 år gamle) fann ut at vi ville plukke både blåbær og tyttebær i samme bøtte. Det var ein skuffelse etterpå, for det vart jo ikkje noko godt å ete... Så på tyttebærtur masa eg aldri om å få bli med. Men no, som vaksen, forstår eg gleda i å plukke bær, og ikkje minst få gå ute i skogen, gjerne åleine, med luktene, fargene, lydane, samtidig som eg plukkar bær som kan bli til godt syltetøy! For ikkje å snakke om å finne rørte tyttebær i frysaren og kunne ete dette på varmt, heimebaka brød! O, lukke og kvardagsluksus!

Då eg kom tilbake til mamma og pappa på laurdag, fekk mamma tyttebæra mi. Og ho forsto å sette pris på gåva! No er forresten ikkje tyttebær så surt lenger heller, ikkje når den er så moden som den eg plukka no, så vi smaka litt medan vi fann ut at vi skulle lage trollkrem!
Vi hadde 3 dl tyttebær og blanda med 1 eggekvite og 1 dl sukker, og så var det berre å piske til det blir stiv skum, luftig og rosa.

Medan mamma laga trollkrem og eg pizza, fortalde mamma om si tante, Karen Anna(som var uttala KarnAnna), som var veslesøster til bestefar. Ho var fødd i 1889, jobba som syerske og var ei dame med klare meiningar. Eg huskar henne godt, for ho levde til eg var 14 år, men ho budde på aldersheim så lenge eg huskar. Mamma brukte vere med henne på tyttebærplukking, for tante Karen Anna likte godt å plukke bær, men ikkje å gå åleine. På grunn av eksem på hendene brukte ho gummihanskar når ho plukka, som for meg virkar ganske tungvint og klumpete! Men dersom det måtte til, var det vel greit. Ho var redd for orm, så når dei gjekk i solvarme lier, brukte ho støvlar og smurte løk på støvlane for å skremme vekk ormen! Så dette med bærplukking sitt nok i genene mine.

Og tante Karen Anne er også opphavet til "matlei"-pålegget over alle hos oss: Brødskive med eit tynt lag smør, så bananskiver og ripsgele på toppen. Dette laga mamma til meg då eg var lita, og eg har laga det til mine ungar. Tante KarnAnna brukte loff, og hadde ei tynn skive eple under bananskivene, men den detaljen har vorte borte hos oss. Dette er ein sikker vinnar på matlei-dagar! KarnAnna brukte servere dette når ho hadde misjonsfrening, og då var det sikkert skråskårne skiver og fine fat også.

Dårleg bilde, men eg hadde ikkje tid til meir, vi skulle ete!

Og trollkremen? Kjempegod! (og det vart nok til dessert både laurdag og søndag for mamma, pappa og meg)

tirsdag 21. juli 2015

Tebrød

Då vi kom heim(og heim her betyr til mamma og pappa) på ferie, fekk vi servert tebrød. Mamma hadde ikkje fått laga så mykje som ho gjerne ville, men desse hadde ei historie og eg fekk ein tur ned "memory lane", så eg fekk mykje syns eg! Tebrød(eller testokkar, eller kanskje ein norsk versjon av biscotti, småkaker, kjørt barn lyder mange namn) var sommarkaker for mor(altså mi farmor, som alle kalla mor, både barn, svigerbarn, barnebarn og naboar) Ho brukte å lage ein stor porsjon av desse på sommaren, det er tørre kaker som er enkle å ha på lager , dei er lette å lage (eg vil tru dei fleste av oss har det som trengs for å lage dei i skapet til vanleg) og greie å servere (men ho må ha gøymt boksen, for dei blir lett borte…)
Her er foto av mor si handskrivne oppskrift(og mamma sine ekstranotatar)

250 gr sukker
250 gr smør
2 egg
1 liten kopp fløte (ca 1,5 dl)
1 ts hjortesalt
1 ts vaniljesukekr
500 gr mjøl

Start med å røre smør(eg brukte margarin) og sukker kvit, og tilsett egg.

Tilsett så fløte(eg brukte matfløte), mjøl, hjortesalt og vaniljesukker.
Bland til ein laus deig. 
Sitron frå kjøleskapet og fancy zestjern kjøpt i Houston 
Og så har nokon av oss litt trøbbel med berre å følje oppskrifta. Og oppskrifta (og dei eg smakte hos mamma) minte litt om biscotti. Så eg hadde rive sitronskal i 1/3 av deigen og blanda nøtter(hasselnøtter, mandlar og valnøtter) i 1/3 av deigen, og så vart siste tredjedel med "original"smak.

Ein tek det ein har, det vart blanda nøtter

Del i 9 deler, trill ut til stenger(bruk mykje mjøl, deigen er laus). Legg 3 stenger på kvar plate, trykk litt flate og steik 12-15 minutt ved 200 gr. Eg stekte alle tre bretta med stenger før neste trinn.




Ta ut(og avkjøl litt) og skjær i bitar på skrå, ca 1,5 cm breie. Legg med snittsida ned og sett inn i ovnen igjen til tørking(eg tørka ca 45 min ved 70 gr varmluft og hadde alle tre bretta inni samtidig), og hadde ei glipe på omnsdøra. Prøv om kakene er sprø, og tørk evt lenger)


Avkjøl på rist og legg i tett boks. Dersom du har kontroll på boksane, burde du ha småkaker til kaffen eller tekoppen til både deg sjølv og gjestar ei lang stund!

Om eg kosa meg med te og tebrød til kveldsmat? Kva trur du!