Det er torsdag kveld. Eg er så trøtt at eg ikkje veit om eg orkar å gå å legge meg.
Det var mange ballar i lufta på jobb, og det er ikkje så lenge til ferie, og kva er det for slags lov som bestemmer at kaoset trivst best i ferietider?
Vi har fått planlagt noko som gjorde at eg sov dårleg i natt, kanskje søv eg betre i natt då? Vi har bestemt detaljer av typen klokkeslett for feiring, kaker og fjelltur, men mannen veit ikkje at eg har planlagt bordpynten også. Vi har delt ut informasjon, og eg har skrive lister, mange lister, ulike lister og starta på neste liste for neste feiring.
Eg er sår i halsen, har veska full av ulike typer halsllinser og lurer på når det slår ut. Men no har halsen vore sår lenge, kanskje det berre er at eg søv for lite?
Eg har kjøpt ei gåve til ei anna feiring, sagt at vi pakkar til den i morgon, og gløymt å skaffe kort. Eg traff ei eg ikkje har sett på lange tider på butikken, og det var kjekt. Ferie og familie er kartlagt og redegjort for. Eg har handla mat, men det vart ikkje med brød heim sjølv om eg skreiv det på lista. Det er visst snart helg, men eg lurer på om eg rekk få det med meg før den er over?
Så, heilt plutseleg er det sol på stoveveggen. Medan det på andre sida av huset er svarte, tunge skyer. Eg trekk pusten djupt og ser på sola og skyene, fargene og lyset.
Like brått er lyset og fargene borte, og det er grått i minst 50 nyanser der ute, og eg kjem på at eg må sette middagsrestane i kjøleskapet, tømme oppvaskmaskina og tørke over kjøkkenbenken.
Snart skal eg sove! Trur eg.
Viser innlegg med etiketten forviklingar. Vis alle innlegg

torsdag 21. juni 2018
tirsdag 30. januar 2018
Flaks, sa du?
Eg kan ganske mange ting! Eg er god på gjærbakst, kanskje ikkje like god på langpannekaker. Eg er ein racer på å skrive tekstmeldingar, og eg skriv ganske feilfritt. Eg kan brygge te, mykje og ofte, i kanne og kopp. Eg har ikkje krympa ullklær i vask på lenge, og eg likar å vaske klær (litt mindre å bretta og legge på plass, men...) Eg kan stryke ein damaskduk når det trengs, og eg brettar håndklær ganske fint. Eg klarer stort sett å huske å kjøpe mjølk, brød og frukt før vi er tomme. Vi har nesten alltid raust med middag i kjøleskap og frysar. På jobb held eg brukbart styr på streptokokkar og stafylokokkar. For ikkje å snakke om kor god eg er til å kjøpe sko! Eg har rett og slett brukbar kontroll på mange ting.
Men datamaskiner slit eg litt med. Og nettbrett. Og telefon. Eg satsar på at dei virkar, og ser gjerne vekk frå alle oppdateringar. Eg trykker "utsett" eller "senere" så lenge eg kan. Nokon syns eg gjer det for lenge og for ofte. (det er litt vanskeleg å seie "dei om det", for det er desse nokon som må trå til med nødhjelp, viser det seg.)
Til slutt blir eg innhenta av skjebnen, eller kvardagen... Som i "eg får ikkje gjort det eg skal!", uttrykt med litt hissig stemme, irritasjon i skuldrene og høgt blodtrykk. Program virkar ikkje som eg har tenkt, dei stoppar, seier dei er utdaterte. Eg får ikkje åpne dei, eller dei snakkar ikkje saman. Mi indre hurpe busta seg opp!
Igår, eller rettare sagt forrige helg, men eg har vore borte, så eg utsette problemet, fekk eg ikkje tak i bilda mine. Eg måtte krype til korset og be mannen om hjelp. Og mannen ville hjelpe. Bortsett frå at skjebnes ironi ville det slik at harddisken på mannen sin pc fekk eit illebefinnende omtrent samtidig, og han vart litt opptatt med å redde det som reddast kunne. Og eg, sutrande jomfru i nød, sjølforskyldt nød rett nok, måtte vente.
Jaja, eg kan no prøve sjøl, tenkte eg (det var berre så lite fristande, eg meiner, eg trong passord og måtte lese både her og der. Det kan vere difor eg har utsett det.) Ikkje fekk eg det til heller! Ting lasta seg opp og vart borte, feilmeldingane var dei same som før. Eg vart litt irritert, hissig, og i følge høgst usikre kilder, høglytt.
Han fann tid til å hjelpe meg! Han fann ut at eg hadde hoppa over minst 4 nødvendige oppdateringar tidlegare, og at no støtta ikkje noko noko lenger (eller noko slikt) Han fann i tillegg ut at eg nok hadde forstått ting betre om eg las det som sto, istaden for å berre prøve. Men mannen er klok, og forsto kjapt at å fortelje meg dette var å leve farleg, og gjekk i staden igang med å fortelje kva eg skulle gjere.
Eg hadde passorda eg trong (naturlegvis...) og dei virka (flaks! Eg har ein tendens til å endre passord, men ikkje endre huskelappen. Jada, ein skal ikkje ha huskelapp, men altså!)
Og etter utallige trykk og ok og godkjenn, og ei ventetid som var lenger enn lang, virka alt! Litt sånn "Voila!" Eg hadde oppdaterte versjonar både her og der, eg hadde kontakt med bildearkivet og eg kan blogge. Skjønnar ikkje kva mannen masar om, no virkar alt, så eg tek på skylappar igjen og neste oppdatering kan eg vel sjå bort frå?
(Eg innser at eg må følge med meir. Eg kunne mista masse som eg har på mac´n. Eg kunne måtte bruke masse pengar på ny maskin, men eg slapp! Då kan eg vel kjøpe ny kjole for dei pengane?)

søndag 24. september 2017
Rein mat
Eg er opptatt av kva vi et, kvar maten kjem frå, korleis den er dyrka eller avla fram. Eg er ikkje så opptatt av økologisk, men likar kortreist mat. Eg likar å plukke bær sjøl, mannen er med på elgjakt, eg er vant med hjortekjøt frå skogen heime, og pappa har fiska mykje fisk som vi har fått nyte godt av i mange år.
Eg er mot matsvinn, og prøvar halde orden i kjøleskapet og passe på at ikkje maten blir dårleg. Eg kjøper gjerne mat frå den disken med varer som held på å gå ut på dato. Det har vorte litt meir utfordrande når vi berre er to heime, for vi et ikkje like mykje som 4 gjer, og eg strevar med å nedskalere innkjøpa mine. Brød for eksempel, får pels før eg veit ordet av det, og då går det i komposten. Rart kor mykje det gjer at junior, som gjerne smurte 6 skiver til matboksen, har flytta ut...
Eg har ein kjøkkenhage som i år har fått vokse seg stor og frodig, og det er lov å lese mellom linjene uryddig, med både grønkål og spinat som no er oppeten. Det er igjen sukkererter, og det er skikkeleg livskvalitet å gå ut og ete ferske, sprø erter rett frå belgen. Straks er rødbetene ferdige og, og då blir det bakte beter med fetaost...umm!
Men av og til maten bli for rein, same kor gode tankar det er som litt bak! Vi er i fårikåltider igjen, og til glede for gamle og nye lesarar, resirkulerar eg dette innlegget frå oktober 2012:
![]() |
| Eksempel på å bli kjent med maten, og vite kvar den kjem frå. |
Eg er mot matsvinn, og prøvar halde orden i kjøleskapet og passe på at ikkje maten blir dårleg. Eg kjøper gjerne mat frå den disken med varer som held på å gå ut på dato. Det har vorte litt meir utfordrande når vi berre er to heime, for vi et ikkje like mykje som 4 gjer, og eg strevar med å nedskalere innkjøpa mine. Brød for eksempel, får pels før eg veit ordet av det, og då går det i komposten. Rart kor mykje det gjer at junior, som gjerne smurte 6 skiver til matboksen, har flytta ut...
![]() |
| Fangst frå kortreist bærtur |
Men av og til maten bli for rein, same kor gode tankar det er som litt bak! Vi er i fårikåltider igjen, og til glede for gamle og nye lesarar, resirkulerar eg dette innlegget frå oktober 2012:
Fårikålen som vaska seg
Her ein dag laga eg ertesuppe, det er langsom mat som det tek tid å lage. Det er tradisjonsmat som vekkjer gode bandomsminner! Og ikkje minst er det matprodusjon som utløser mengder av husmorpoeng! Først kokte eg svineknoke i flerie timar, så tilsette eg ertene som hadde ligge i vatn sidan dagen før og tilslutt hadde eg oppi gulrot, potet og sellerirot. Eg hadde ikkje timian, det var ein skuffelse, men det gjekk bra lell.
Då suppa var ferdig seint på kvelden, avkjølte eg den og sette den vaskekummen på vaskerommet til neste dag. Dei fleste likte den, særleg eg, og særleg likte eg at eg hadde ferdig middag som berre skulle varmast opp då eg kom heim frå jobb!
Samtidig fekk eg flashback til fjorårets fårikålmiddag, eg rødmar enno....
I fjor haust skulle vi ha fårikål ein dag, det er ekte haustmat, men det tek litt lang tid å lage. Men eg hadde naturlegvis høyrt at fårikål er minst like god dagen etter, så då kunne eg like gjerne lage den dagen før og ha maten raskt klar dagen etter. Eg handla inn, fann fram den store kjelen, la kjøt og kål lagvis, hadde peppar i pepparfårikålboksen, salta og slo på vatn. Gryta vart sett plata, den putra og kokte lenge, fårikållukta spreidde seg i huset(den lukta er eigentleg ikkje god, men....) Eg gledde meg til middagen neste dag!!
For å ta best mogeleg vare på maten, avkjølte eg gryta i kaldt vatn på kjøkkenkummen, og så bar eg den ned på vaskerommet og sette den i vaskekummen som eg fyllte med kaldt vatn. Snakk om å vere ei god husmor og kjenne slektskap med alle fårikålkokkar i slekters gang! Neste dag skulle eg berre koke potet og varme fårikålen.
Neste dag gjekk eg innom vaskerommet og sette på vaskemaskina, mørk 60gr-vask, og såg glad og lukkeleg på kjelen med mat.
Då eg skulle henge opp klesvasken var det merkeleg vått på golvet å vaskerommet, og forresten, kvifor seglar fårikålkjelen rundt i vaskekummen?!
Jo...det var fordi vatnet frå vaskemaskina blei tappa opp i vaskekummen, den eg hadde korka godt igjen for at fårikålen skulle stå kaldt...Gryta var no full av såpe-og skyllevatn i tillegg til resten av maten, golvet var fullt av sauefett... Humøret sakk, husmorstoltheita fekk seg ein alvorleg knekk og det var godt eg var åleine i rommet!
Kva gjer ein når slikt skjer? Sjølv om ein har laga mat i årevis, er over 40 år og i det meste taklar livet? Jo, ein ringer mamma! "Mamma, fårikålen er full av såpe! Kan den reddast?" Svaret frå mamma var enkelt og greit: "Start på nytt!"
Eg gjekk til butikken med ei tordensky over hovudet, kjøpte inn alt eg trong, det vart sein middag den dagen, men det vart fårikål!
Nyvaska fårikål er ikkje å anbefale, såpe er ikkje godt og smaken var vaska bort... Ikkje hadde eg brukt MILO heller....

| Fårikål uten såperestar |
torsdag 1. juni 2017
Det såg ut til å bli ein slik dag...
Det er 1.juni idag. Første sommardagen så og seie. Nokon må ha gløymt å oppdatere Yr.no, for det var 5 gr og plaskregn då eg sto opp. Eg var trøytt, men ingen ting mot han på andre sida av bordet som skulle ha eksamen idag, og nok skulle stoppa lesinga tidlegare går kveld. Ein stor kopp te hjalp før eg måtte ut i regnet.
Vel inne på jobb var det varmt og tørt. Eg låste opp dører, skifta til labklær og sandalar. Det er veldig stille på laboratoriet før kl 8 om morgonen! Ro i hodet og tid til å finne fram det ein treng for dagen. Heilt til brannalarmen går... Først eit bittelite håp om at det var brannøving, men sidan det er eksamenstid for studentane vi deler hus med, slo det meg at det ikkje var truleg. Då var det ut (nemnde eg at det regna?) og finne oppmøtestaden, som er på parkeringsplassen. Ikkje på nokon måte under tak. Fann ein ekstra labfrakk, for det var kaldt, og regnjakka og dei gode skoa var i 4.etasje, og eg var i første. Omsider kom brannbilen, og etter gjennomgang både her og der, slo dei fast at det var falsk alarm.
Så gjekk det stort sett greit ei stund, unntatt nokre småting. Men eg vart ferdig med eit lass prøver som skulle analyserast for parasittar, ja det er snakk om parasittar i bæsj! Og vel heime hadde eg huska å skru opp varmen, så det var slett ikkje så verst!
I ettermiddag har telefonen låst seg, såpass grundig at eg byrja lure på om det verkeleg var min telefon. Eg prøvde det meste, av opplåsingsmønster, koder og pålogging, eg fekk beskjed om feil mønster og feil kode og ikkje minst feil pålogging! Bittelitt desperat (og telefonavhengig) må eg innrømme at eg vurderte å ta ein tur på telefonbutikken... Tilslutt måtte eg restarte alt, eit par spennande minutt gjekk før den viste seg å ville samarbeide igjen.
No satsar eg på at resten av dagen går greit. Vi hadde restar til middag, det er eit pluss på så mange måtar. Eg slapp lage middag, og vi åt opp restane! Eg skal på trening, det er eit pluss. Eg får besøk av ei venninne som skal overnatte. Det blir forhåpentlegvis tid til å prate og oppdatere seg på livet!
Og ute er det ei bleik sol som lurer seg gjennom skyene. Kan det vere at regnet gir seg?
![]() |
| Nuja... det er litt sol og blå himmel, men regn! |
(og han med eksamen var ganske fornøgd med dagen)
mandag 26. september 2016
Bilblues volum 3
Eg har rett og slett ei fylletabbe å berette om! Les og lær av tante si bitre erfaring!
I helga har vi vore i konfirmasjon på austlandet. Det var stas! Vi traff opptil fleire vi ikkje har sett på lenge, og oppdatert oss på det eine og det andre. Vi traff nokon vi ikkje hadde møtt før, det gjekk også bra. Bunaden fekk lufta seg(og den passa). Kakebordet var raust! Været var fint. Konfirmanten var flott i bunad og brått vaksnare enn før.
I går skulle junior og eg køyre heim att. Mannen skulle vere igjen for å jobbe i Oslo. Den andre junioren skulle vere igjen og treffe vener. Været var bra, humøret upåklageleg og fartsgrensene høge. Mor fekk passasjersetet.
På Lillehammer var det passe med dopause, beinstrekk og drivstoff til både folk og bil. Sukk! Hastverk er lastverk og av og til er det for seint å angre. "Mamma, du fyller bensin" sa junior. Vi har dieselbil.... Eg har pulsklokke, og ein slik beskjed får pulsen rett til værs, eg har bevis!
Kva gjer ein når slikt skjer? Eg skal love deg at eg rakk tenkje svært mykje på veldig kort tid! Eg gjekk inn på bensinstasjonen, der var det ingen som kunne hjelpe meg. Han bak meg i køa(muleg han var før meg, eg kan ha brøyta meg veg framover i køa) sa "ikkje start bilen!!!" Så då gjorde eg ikkje det, og vi fekk hjelp til å flytte/skubbe bilen vekk frå pumpa.
(her skulle eg naturlegvis hatt eit illustrasjonsbilete av ei drivstoffpumpe, eller av mine stressraude kinn eller noko, men eg hadde fokus heilt andre stader)
Så ringte eg nødnummeret til bilmerket. Den samtalen var omtrent som følger:
"Øh, hallo...eg har fyllt bensin på dieselbil. Kva skal eg gjere?"(sagt med fortviling i stemma og høg puls, ikkje kvilepuls)
"Jeg er ikke mekaniker, så det vet jeg ikke", sa dama i den andre enden.
"Eg er heller ikkje mekanikar, eg ringer for å spørre om råd."
"Jeg kan ikke svare deg, men vi kan sende en bil om du vil. Det er en startpris på 4000 kroner"
"Javel, men har du ingen eg kan spørje om råd hos først?!"
"Joda, du kan ringe serivcemann og spørre selv, om du vil."
"Det ville vore fint, kan eg få nummeret kanskje?"
Eg fekk nummeret og ringte. Den samtalen gjekk litt betre:
"Hei(med litt desperasjon og ekte fortviling i stemma) eg har fyllt 3 liter bensin, og eg har dieselbil..."
"Hvor stor tank har du? Vi sier det er greit med opptil 10% feil"
"Eg har 60 liters tank..."
"Ja, men da går det greit, vet du! Fyll så fullt du klarer med diesel, så går dette så bra!" sa den snille mannen.
Eg kunne nesten byrja grine. Eg hadde sett for meg i det minste tømming av tanken og at det ville kreve at vi sette igjen bilen på verkstad på Lillehammer, og eg såg for meg at mannen måtte reise dit etter jobb idag og hente bilen. Evt at eg måtte bli over til i dag. Evt at vi måtte skifte motoren, eller noko anna billeg... (for googlar du "fylle bensin på diesel" skal eg love deg at katastrofene står i kø!) Heilt trygg var eg lell ikkje, så eg ringte eit anna nødnummer. Han sa mykje det same som forrige snille mann: "fyll full tank og kjør videre. Vi har mange slike telefoner hver dag, vår erfaring er at det går helt bra når man får tynnet ut bensinen!". I tillegg råda han meg til å fylle på ofte på turen. "Problemet" med nye bilar, er at dei knapt nok treng meir enn lukte på drivstoffet for å kjøre, så vi greide ikkje presse nedpå meir enn 13 liter før vi var heime.
Eg satt i alarmberedskap på resten av turen og lytta etter ulydar (Var det ein rar lyd? Nei, det var berre den litt rare frijazzen på radio. Det der då? Nei, det var asfalten som er humpete. Osv...) Ikkje det beste for ryggen å stresse slik og spenne musklar, godt eg hadde time hos fysioterapeuten idag.
Eg har no stifta interesseorganisajonen "Vi som fyller bensin. På dieselbil." Der har eg allereie ei som har meldt seg som æresmedlem(fylte full tank med bensin og køyrte vidare...), og ein som er støttemedlem(fyllte litt bensin og tømte tanken). Vi har plass til uendeleg mange som måtte kjenne at dette er foreninga for dei! Her er både hjarterom og husrom!
Eg tenkjer forresten at det er bra det var eg sjølv som gjorde det, for eg hadde vorte urimeleg sur om nokon andre i familien hadde vore så dumme og fulgt så dårleg med på kva dei gjorde...no er eg berre litt oppgitt over meg sjølv.
Når slike ting skjer, er det godt å ha ein snill mann! Som rett nok vart litt stressa då vi ringte og fortalte kva som hadde skjedd...
PÅ BRUA
Elvevatn og kald haustluft.
Ein kjærast
med mjuk overarm.
Helge Torvund
Ønskjer deg ein god veke!
Og husk: det er ikkje likegyldig kva ein har i tankane!
Og for meir om meg og bilproblem, sjå under etiketten "bil" i menyen til høgre... Det er ikkje første gongen eg har hatt trøbbel på tur!
I helga har vi vore i konfirmasjon på austlandet. Det var stas! Vi traff opptil fleire vi ikkje har sett på lenge, og oppdatert oss på det eine og det andre. Vi traff nokon vi ikkje hadde møtt før, det gjekk også bra. Bunaden fekk lufta seg(og den passa). Kakebordet var raust! Været var fint. Konfirmanten var flott i bunad og brått vaksnare enn før.
![]() |
![]() |
| Vi er på veg nordover! |
Kva gjer ein når slikt skjer? Eg skal love deg at eg rakk tenkje svært mykje på veldig kort tid! Eg gjekk inn på bensinstasjonen, der var det ingen som kunne hjelpe meg. Han bak meg i køa(muleg han var før meg, eg kan ha brøyta meg veg framover i køa) sa "ikkje start bilen!!!" Så då gjorde eg ikkje det, og vi fekk hjelp til å flytte/skubbe bilen vekk frå pumpa.
(her skulle eg naturlegvis hatt eit illustrasjonsbilete av ei drivstoffpumpe, eller av mine stressraude kinn eller noko, men eg hadde fokus heilt andre stader)
Så ringte eg nødnummeret til bilmerket. Den samtalen var omtrent som følger:
"Øh, hallo...eg har fyllt bensin på dieselbil. Kva skal eg gjere?"(sagt med fortviling i stemma og høg puls, ikkje kvilepuls)
"Jeg er ikke mekaniker, så det vet jeg ikke", sa dama i den andre enden.
"Eg er heller ikkje mekanikar, eg ringer for å spørre om råd."
"Jeg kan ikke svare deg, men vi kan sende en bil om du vil. Det er en startpris på 4000 kroner"
"Javel, men har du ingen eg kan spørje om råd hos først?!"
"Joda, du kan ringe serivcemann og spørre selv, om du vil."
"Det ville vore fint, kan eg få nummeret kanskje?"
Eg fekk nummeret og ringte. Den samtalen gjekk litt betre:
"Hei(med litt desperasjon og ekte fortviling i stemma) eg har fyllt 3 liter bensin, og eg har dieselbil..."
"Hvor stor tank har du? Vi sier det er greit med opptil 10% feil"
"Eg har 60 liters tank..."
"Ja, men da går det greit, vet du! Fyll så fullt du klarer med diesel, så går dette så bra!" sa den snille mannen.
Eg kunne nesten byrja grine. Eg hadde sett for meg i det minste tømming av tanken og at det ville kreve at vi sette igjen bilen på verkstad på Lillehammer, og eg såg for meg at mannen måtte reise dit etter jobb idag og hente bilen. Evt at eg måtte bli over til i dag. Evt at vi måtte skifte motoren, eller noko anna billeg... (for googlar du "fylle bensin på diesel" skal eg love deg at katastrofene står i kø!) Heilt trygg var eg lell ikkje, så eg ringte eit anna nødnummer. Han sa mykje det same som forrige snille mann: "fyll full tank og kjør videre. Vi har mange slike telefoner hver dag, vår erfaring er at det går helt bra når man får tynnet ut bensinen!". I tillegg råda han meg til å fylle på ofte på turen. "Problemet" med nye bilar, er at dei knapt nok treng meir enn lukte på drivstoffet for å kjøre, så vi greide ikkje presse nedpå meir enn 13 liter før vi var heime.
Eg satt i alarmberedskap på resten av turen og lytta etter ulydar (Var det ein rar lyd? Nei, det var berre den litt rare frijazzen på radio. Det der då? Nei, det var asfalten som er humpete. Osv...) Ikkje det beste for ryggen å stresse slik og spenne musklar, godt eg hadde time hos fysioterapeuten idag.
Eg har no stifta interesseorganisajonen "Vi som fyller bensin. På dieselbil." Der har eg allereie ei som har meldt seg som æresmedlem(fylte full tank med bensin og køyrte vidare...), og ein som er støttemedlem(fyllte litt bensin og tømte tanken). Vi har plass til uendeleg mange som måtte kjenne at dette er foreninga for dei! Her er både hjarterom og husrom!
Eg tenkjer forresten at det er bra det var eg sjølv som gjorde det, for eg hadde vorte urimeleg sur om nokon andre i familien hadde vore så dumme og fulgt så dårleg med på kva dei gjorde...no er eg berre litt oppgitt over meg sjølv.
![]() |
| På tur sørover møtte eg denne karen |
PÅ BRUA
Elvevatn og kald haustluft.
Ein kjærast
med mjuk overarm.
Helge Torvund
Ønskjer deg ein god veke!
Og husk: det er ikkje likegyldig kva ein har i tankane!
Og for meir om meg og bilproblem, sjå under etiketten "bil" i menyen til høgre... Det er ikkje første gongen eg har hatt trøbbel på tur!
mandag 11. april 2016
Kveldsmatprat og knekkebrød
Av og til når vi nye høgder når vi pratar saman. Som i kveld. Vi åt kvelsmat. Med mitt nesten nystekte brød, etter ny oppskrift, som eg nesten fulgte. Eg brukte den iallfall som ei slags rettesnor. Brødet var godt. Det passa med både ost, skinke og syltetøy. Og sikkert andre pålegg når vi kjem så langt.
Digresjon: Eg blir litt erta fordi eg ikkje er så flink til å følgje oppskrifter. Eg let meg gjerne inspirere, men det er ikkje alltid eg har akkurat det som skal oppi, og det blir litt meir av noko, mindre av noko anna og ingenting av det siste. Det brukar gje eit brukbart resultat, men kanskje ikkje så reproduserbart alltid.
Vi hadde sognemorr i dag, det er lenge sidan sist. "Å, no blir eg så minna om kveldsmat hos gomor og gofar", seier junior. "Og der brukar eg alltid ete eit knekkebrød til slutt." Altså måtte vi ha knekkebrød. Frøknekkebrød, også kjent som frukostknekkebrød.
Her må eg innrøme eg har svikta som mor. Eg har ikkje klart, trass all mi faglege tyngde og påverkingskraft, å få sonene til å smøre på på rett side! Dei tek etter faren, som legg smør og pålegg PÅ frøsida! Det er jo feil! Alle veit jo at smøret og pålegget skal på den andre sida. Det har eg lært heime. (Då åt eg forresten berre brunost på knekkebrød. Eg har vorte dristigare på den fronten, eg kan slå til med både smøreost, kvitost og blåmuggost. På ein riktig vill dag, kan eg ta skinke! Men aldri oppå frøa!)
Så eg måtte berre seie frå idag, igjen. "Eg veit at ein skal smøre på den andre sida! Det er rett! Det har eg lært heime! I ein trygg og god heim", sa eg. "Å", sa junior, "så æ har ikke vokst opp i en trygg og god heim!?" Sjakk matt...
Digresjon: Då eldstejunior gjekk i barnepark, åt han kun frøknekkebrød med leverpostei. Stabburet leverpostei i gul boks. (Sidan det var eg som smurte på, var leverposteien på rett side!) Han var ganske finspist, så at han åt dette, litt mjuke knekkebrød med leverpostei var toppers. Bestevenninna byrja ete det samme, og slik niste heitte i mange år berre "bestevenn-knekkebrød" hos oss og den andre familien. No går desse to barneparkvenene på folkehøgskule saman! Slik går det når ein har pålegget på rett side!

tirsdag 8. september 2015
Skuffa!
Skuffa!
I morgon skulle eg opererast. Eg skal
operere inn beinforankra høreapparat, som skal hjelpe meg no når
det venstre øret ikkje virkar lenger. Operasjonen er utsett! Eg er
skuffa!
Det er mykje i verda som er verre,
heilt klart. Dette kjem ikkje i klasse med flyktiningetragediene, som
eg nesten ikkje klarer ta heilt inn over meg, finanskriser og slike
ting, dette gjeld jo «berre meg».
Men for meg i min kvardag hadde det
vore fint å få tatt opersjonen no, eg har jo allereie venta ei
stund. Det tek tid før såret gror og eg kan byrje å bruke
høreapparatet, det tek tid å tilpasse seg og trene seg opp med nytt
utstyr. Det er mange ting med hjelpemiddel etc som ikkje kjem på
plass før eg har det beinforankra høreapparatet på plass.
Så eg vart litt paff då kirurgen
starta forundersøkelsetimen igår med å seie at «som du veit er jo
operasjonen utsett» . Nei, det veit eg ikkje! Eg såg sikkert ut som
eit spørsmålsteikn! Posten leverer ikkje ut brev på laurdagar her
hos oss, det kan vere grunnen til at eg ikkje viste noko...for då eg
kom heim, låg brevet der. Heldigvis har eg fått ny dato, men eg må
vente nokre veker og det var eg ikkje innstilt på.
Men timen med kirurgen var i sum bra.
Han forklarte godt, hadde god tid og svarte på alle mine spørsmål.
Kan eg vaske håret før såret har grodd? Nei. Eg må kjøpe
tørrshampo!(viktig? Nei. Greit å vite? Ja!) Er det vondt, undervegs
og etterpå? Nei, vanlegvis ikkje(dessutan finns det
smertestillande), men ta det er lurt å ta det med ro. Treng eg møte
fastande? Nei. No har eg det litt klarare for meg korleis operasjonen
skal gjennomførast, korleis det blir etterpå og kva som kan gå
galt(ja, dei kan bore for djupt, det hadde eg ikkje trengt så mykje
kunnskap om... )
Eg likar jo å tru at eg er ganske
endringsvillig, men eg er ikkje det akkurat no, tydelegvis. Eg må ut
og kjøpe «tålmodskrem», trur eg, for det heiter å smøre seg med
tålmod... Kvar kjøper ein det? Nokon som har noko å anbefale?
Hjelp det med mørk sjokolade for tålmodet? Eg må omstille meg,
fortsette på jobb, vente. Det gode er at eg rekk meir av det eg
skulle gjort før operasjonen!
Det melder seg ein del spørsmål om
heilt uvesentlege ting også(for slike som meg gjer det det!) Ikkje
spørsmål eg spurte kirurgen om, men meir private og trivielle ting
... Skal eg lese bøkene eg har kjøpt for å lese når eg skal ta
det roleg etter operasjonen i ventetida? Kor mange nye bøker treng
eg eventuellt? Har du nokre lesetips? Har eg «rett» på ein
trøstepresang sidan eg må vente(eg «treng» ny vinterkåpe)? Treng
eg kanskje noko nytt av andre ting? Ein ny te, med roande effekt?
Jaja, det har eg tid til å fundere på dei neste vekene. (Og eg har det med å oppleve forviklingar rundt operasjon, det kan du lese meir om her: Forviklingar Men sjøl om dei ikkje fann det dei leita etter den gongen, så tvilar eg på at dei vil finne igjen hørselen min, sjølv om dei borrar eit hol!)
lørdag 9. mai 2015
Fram og tilbake
Av og til lurer eg på kvifor det tek så lang tid å få gjort ein enkelt ting. Som i dag.
Eg skulle i kjellaren med ein pose på potet. Det bør ikkje ta så lang tid, det er berre to trapper ned. Men…
Då eg kom inn på matbua, såg eg ein pose med juicekartongar, og kom på at eg kunne ta med ein opp og sette i kjøleskapet. Så gjekk eg forbi fryseskapet og tenkte at det ville vere lurt å ta opp elgkjøttdeig no, slik at den ville tine til middag. Forresten, det ligg vel nokre klær i vaskemaskin? Best å ta med dei opp og henge opp, og då kan eg jo sette på ei maskin til!
Så er det å få med alt opp ei trapp, henge opp skjortene eg har vaska, dei kan henge på badet, så tørkar dei fortare. Inn på badet, å, søppelbøtta er full, best å gå ut med søpla med det samme. Og når eg først er ute, kan eg sjå om posten har kome? Ikkje det nei, inn igjen og finne ny pose til bøtta. Ingen pose på badet, opp på kjøkkenet og hente ein ny. Tek like godt med boksen med restar som skal i komposten. Sette den frå seg og legge pose i bøtta på badet. Henge opp skjorter. Så gå ut med det som skal i komposten. Notere bak øret at det er nesten tomt for strø til komposten, må huske å kjøpe meir. Innom rommet til junior for å høyre korleis han kjenner seg, med hoste, tett nese og litt feber. Opp ei trapp og der ligg det ein juicekartong og pakka med kjøttdeig, nesten så eg lurer på kvar det kjem frå, men tek det med opp på kjøkkenet.
Sånn! Då ligg ikkje potetene på kjøkkenet lenger, men på matbua, der dei høyrer heime. Men jammen tok det si tid å bære dei ned!
Syns eg fortener ei pause med avisene no! (Før eg ser noko meir som skal flyttast på)
mandag 9. juni 2014
Langhelg og bilkjøring med forviklingar (vekestart veke 24)
Det har vore pinse, og for lenge sidan kom invitasjon til barnevelsignelse til vesle Marcus i Bergen, vår yngste nevø, denne helga. Etter litt fundering slo vi fast at dette var ei super helg for å teste den nye bilen som var bestilt.
Dei som har fulst bloggen ei stund, veit at eg har eit ambivalent forhald til bilar, det er ein del dårleg erfaring ute og går! Eg har brukt meir tid enn eg likar på bilverkstader, og eg har strevd litt med å henge med når eg får spørsmål om eg vil ha ny coilrekke eller om når registerrreima sist var skifta. Du kan lese meir om det her: Å sjå Noreg i 3.gir Men sist veke fekk vi endeleg den nye bilen, og alle har vore glade og nesten gjort seg ærend for å ha ein grunn til å kjøre den.
Så fredag pakka vi i bilen, nikka fornøgd til kvarandre om den gode fotplassen og bagasjeplassen, og sette oss inn og starte på dei nesten 60 mila som låg framom oss. Det var god musikk på anlegget og god stemning! Eg hadde smurt matpakker, kjøpt frukt og drikke, laga sunn snacks som gulrotstavar, sukkererter og usalta nøtter som låg i kjølebagen og berre venta på ei pause oppe på ein eller annan nasjonalromantisk vakker rasteplass!
Første del gjekk bra, og vi kjøpte oss middag etter ca 1/3 distanse. Det skulle vi aldri ha gjort….for då starta problema. På veg til ein fjellovergang, byrja automatgirkassa å vere vel automatisk, det kom varselverktøy opp på dashbordet, og stemninga i bilen sakk som eit blylodd midtfjords! Eg mistenkte først mannen for å tulle med meg, men det var ikkje så vel. Det vart telefonering hit og dit, vi fekk tak i veghjelp og sto etterkvart ganske fast på ein verkstad inni skogen med ein bil som kun gjekk i 1.gir. Men klokka gjekk og vi forsto at dette ville bli, i beste fall, veldig seint ankomst til Bergen. Det viste seg at næraste leiebil var i Trondheim, som var 20 mil unna og der vi faktisk starta! No byrja galgenhumoren å slå inn!
Etter endå fleire telefonar og medan klokka gjekk endå meir, vart det bestemt at både vi og bilen skulle fraktast tilbake til Trondheim. Skuffa! Men så mykje anna var ikkje å gjere enn å sette seg i bilen, den nye, fine bilen, som hadde alt, men ikkje gir denne dagen, og bli dratt opp på bergingsbilen. Å legge ut bilete som det over på Facebook og Instagram, gir masse sympati og trøyst og hjelp til å halde motet oppe forresten!
Vi kom tilbake til Trondheim 11 timar etter at vi starta, omtrent samtidig med at vi skulle vore i Bergen… Slitne og litt motlause! Etter familieråd fann vi ut at leiebilen vi fekk var for liten til at vi orka starte med ny frisk klokka fem neste morgon. Så fann vi ut at fly heller ikkje var noko alternativ, verken flytider eller pris passa, og vi gjekk og la oss.
Helga vart ikkje som planlagt! Vi fekk ikkje med oss familieselskap, grilling, barnevelsigning og berre det å vere saman med famile. Vi har enno ikkje fått møte Marcus, vi har ikkje spela kubb og leika sisten med dei andre søskenbarna, og prøvar no legge planer for sommaren slik at vi får det til då iallfall.
Vi var skuffa og lei oss då vi kom heim, og trong ein "liten" mental snuoperasjon for å nyte helga heime. (Men jammen var bilselgaren skuffa og lei seg på våre vegne og, vi fekk mykje god hjelp der! Han var ikkje noko glad for å måtte treffe oss på laurdag for å ta bilen inn på verkstad.)
Men vi har fått sol på eiga terrasse, eg har ligge i sola og lese aviser og bøker og fått kvilepuls. Eg har sykla tur, sidan den eine foten skal behandlast forsiktig, og det gjekk bra. Vi har langtidsgrilla svineribbe på grillen, for andre gong og det gjekk bra denne gongen også! Då treng ein god tid og mykje tålmod, lav varme og spennande krydder. Fin mat å invitere gjester på!
Vi skulle jo eigentleg i barnevelsigning i helga, vi skulle treffe ein liten kar som er ny i slekta. Og diktet må vere til han den veka:
Dei som har fulst bloggen ei stund, veit at eg har eit ambivalent forhald til bilar, det er ein del dårleg erfaring ute og går! Eg har brukt meir tid enn eg likar på bilverkstader, og eg har strevd litt med å henge med når eg får spørsmål om eg vil ha ny coilrekke eller om når registerrreima sist var skifta. Du kan lese meir om det her: Å sjå Noreg i 3.gir Men sist veke fekk vi endeleg den nye bilen, og alle har vore glade og nesten gjort seg ærend for å ha ein grunn til å kjøre den.
Så fredag pakka vi i bilen, nikka fornøgd til kvarandre om den gode fotplassen og bagasjeplassen, og sette oss inn og starte på dei nesten 60 mila som låg framom oss. Det var god musikk på anlegget og god stemning! Eg hadde smurt matpakker, kjøpt frukt og drikke, laga sunn snacks som gulrotstavar, sukkererter og usalta nøtter som låg i kjølebagen og berre venta på ei pause oppe på ein eller annan nasjonalromantisk vakker rasteplass!
![]() |
| Ok, noko anna hadde snike seg med i matpakka, skuffa soner trøsteet potetgull |
![]() |
| Mannen spelar gitar for å halde moralen oppe |
Etter endå fleire telefonar og medan klokka gjekk endå meir, vart det bestemt at både vi og bilen skulle fraktast tilbake til Trondheim. Skuffa! Men så mykje anna var ikkje å gjere enn å sette seg i bilen, den nye, fine bilen, som hadde alt, men ikkje gir denne dagen, og bli dratt opp på bergingsbilen. Å legge ut bilete som det over på Facebook og Instagram, gir masse sympati og trøyst og hjelp til å halde motet oppe forresten!
![]() |
| Utsikta framover når ein blir bilberga |
Helga vart ikkje som planlagt! Vi fekk ikkje med oss familieselskap, grilling, barnevelsigning og berre det å vere saman med famile. Vi har enno ikkje fått møte Marcus, vi har ikkje spela kubb og leika sisten med dei andre søskenbarna, og prøvar no legge planer for sommaren slik at vi får det til då iallfall.
Vi var skuffa og lei oss då vi kom heim, og trong ein "liten" mental snuoperasjon for å nyte helga heime. (Men jammen var bilselgaren skuffa og lei seg på våre vegne og, vi fekk mykje god hjelp der! Han var ikkje noko glad for å måtte treffe oss på laurdag for å ta bilen inn på verkstad.)
Men vi har fått sol på eiga terrasse, eg har ligge i sola og lese aviser og bøker og fått kvilepuls. Eg har sykla tur, sidan den eine foten skal behandlast forsiktig, og det gjekk bra. Vi har langtidsgrilla svineribbe på grillen, for andre gong og det gjekk bra denne gongen også! Då treng ein god tid og mykje tålmod, lav varme og spennande krydder. Fin mat å invitere gjester på!
![]() |
| Potetsalat med egg, paprika, løk og urter i fleng |
![]() |
| Ribbe på grillen |
Det
største mysterium
er
ikke mer enn det
at
en ørliten kropp
er
våknet til jorden.
Den
nyfødte ser.
To
luker i himlen går opp.
Selv
femtrinns-raketter
og
kjernefysikk
blir
puslingers puslespill
når
det nyfødte barn
med
et eneste blikk
beviser
at Gud er til.
Andre Bjerke
Alle gode ønskjer til Marcus! Og ei god veke til alle de andre der ute!
søndag 8. desember 2013
Vekestart veke 50
"It´s beginning to look a lot like christmas"… kanskje ikkje inne hos oss, men ute var det skikkeleg julekort med snø, lav sol og lys på mange tre og stjerner i vindua idag! Og kaldt, jammen godt vi har masse ved!
Eg har hatt ei kort, men god, helg heime. På fredag såg det ei lang stund ut mørkt ut for heimturen. Alt det dårlege været gjorde Gardermoen om til ei hektisk maurtue av desperate folk som ville heim, no! Det er jammen ikkje så lett når avgangar blir innstilt fordi flya står i ro på stader med mykje vind eller snø, eller mangel på pilot og kabinpersonale etc. Mange blir sinte på dei bak skranken, eg vart litt oppgitt over mangelen på informasjon, humøret sakk saman med synkande blodsukker og aukande kø. Først vart avgangen utsett, så kansellert. Neste fly var også kansellert og då var det visst ikkje flerie fly... Heldigvis løste det seg, eg fekk bytta billetten og flyet gjekk til Trondheim
! Eg brukte rett nok 9 timar på heimturen, men slapp overnatte på Gardermoen eller ta nattbuss. No håpar eg berre det ikkje blir meir vær denne veka, så tur både opp og ned går greit.
![]() |
| Tyholttårnet og ei lav desembersol |
! Eg brukte rett nok 9 timar på heimturen, men slapp overnatte på Gardermoen eller ta nattbuss. No håpar eg berre det ikkje blir meir vær denne veka, så tur både opp og ned går greit.
![]() |
| Venting... |
Det er tid for levande lys, stjerner med lys, lyslekkjer+++, det blir endå mørkare nokre dagar før det snur. Pappa brukar seie allereie dagen etter "at no har det vorte lysare"! Det er kanskje vel optimistisk, men eg gler meg på lengre dagar og meir lys, som alltid på denne tida. Det passar godt med adventslys og sang når vi tenner lysa. Vi syng oftast "No tenner vi det første lys"(på nynorsk, tross bokmålsungar) men denne av Eivind Skeie er også fin. Legg ved dei to første versa idag:
Tenn
lys !
Et
lys skal brenne for denne lille jord.
Den
blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må
alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må
jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.
Tenn
lys !
To
lys skal skinne for kjærlighet og tro,
for
dem som viser omsorg og alltid bygger bro.
Må
fanger få sin frihet og flyktninger et hjem.
Tenn
lys for dem som gråter og dem som trøster dem.
Eivind Skeie
![]() |
| To lys, 2. søndag i advent |
![]() |
| Det fyllest opp i julekrybba |
No må eg finne senga snart, det er tur til Oslo igjen i morgon tidleg tidleg!
Eg skal jobbe, kanskje kjøpe julegåver, ikkje bake noko før eg kjem heim til neste helg. Eg planlegg faktisk å sitte ganske stille på kveldane, ete marsipan og lese, evt sjå lite krevande ting på tv, og skulle eg kjede meg, skal eg utvide horisonten, men ikkje før!
Ha ei strålande veke!
onsdag 17. juli 2013
Å sjå Noreg i 3.gir...
...eller biltur i sus og motordur!
Vi har Sharan. Den ser ikkje så verst ut, men ein skal ikkje skue bilen på lakken. Eg og den har vore litt avmålte mot kvarandre i mange år, igrunnen heilt sidan den slo seg litt vrang rett etter at vi kjøpte den. Den har slått seg vrang fleire gonger etterpå, det hjelp ikkje på samarbeidsviljen frå mi side. Eg må lell yte den rettferdigheit og seie den har vore bra, dei periodane den ikkje har stått på verkstad.
Tenkt deg å køyre heim frå konfirmasjon 30 mil unna, så seint som mogeleg 16.mai, med trøytte ungar og finklær og sludd og 2 gr og stopp når du er halvvegs... Då er det sanneleg godt det fins veghjelp og leiebilar!
Eller kva med når mannen skulle hente meg nyoperert på sjukehus, 20 mil unna, og fekk motorstopp etter 10 mil... Det var også 16.mai, forresten, den bilen kan kalenderen. Då fekk vi hjelp på ein liten bilverkstad på timen.
I periodar har den vore alt anna enn vasstett, og eg har køyrt bil med regnklær innnandørs for å unngå dusjen frå takluka, og brukt bøtte for å tømme dørken.
Det var ikkje stas den gongen vindusviskarane ikkje virka heller, når vi køyrte i styrtregn. Vi fulgte ikkje rådet om å køyre fort, slik at vatnet berre kunne renne av rutene av lufttykket... Heldigvis byrja viskarane å virke igjen etter ein times tid. Då køyrte vi heim i eitt strekk, turde ikkje skru av motoren!
Eg har vore sint og frustrert og lei, men så har den vore innom verksted og kome ut igjen litt betre enn før, men oftast ikkje heilt frisk. Eg har vorte på fornamn med servicemennene, som kanskje helst hadde sett at eg ikkje kom, med bilfrustrasjon i blikket og tordensky over hovudet!
Med gammal bil, kjem ein til det punktet at kvar reperasjon blir vurdert etter om det vil lønne seg. Og dersom det kjem flerie reperasjonar etter kvarandre, då blir det litt sånn at no må i berre slite litt til på den.
Og denne sommaren... Ingen bilferie, men tur til foreldre og svigerforeldre, treffe søsken og gå å jazzfestival. Det er over 30 mil kvar veg, samt småkøyring der. På tur dit juksa den litt, men fekk den i 4.gir etter 9 mil! På tur tilbake fekk vi den aldri meir enn i tredje gir. Gleder og frustrasjonar med automatgir, alle i bilen heldt pusten kvar gong vi var ferdige med ei 60sone, ville den liflige lyden av giring kome no? Nei. Det var mykje bråk i bilen. Ein må berre puste med magen og sjå ut på naturen og nyte det ein ser. Og vi har laga meir eller mindre gode sangar om å sakne 4.gir og knusktøre ordspel og vitsar.
I morgon skal bilen inn på sjukestova, næraste på avlastningsopphald nokre dagar, så blir det ny vurdering, skal den få hjelp eller flytte til dei evige eksosskyer?

tirsdag 11. juni 2013
Minusting(motvekt til all den ekle positivismen)
Er du som meg er det enkelte ting som kan gjere den flottaste dag til ein gråværsdag humørmessig, med irritasjon og sutreleppe! Dette innlegget er meint som motvekt mot enkelte ekkelt hyggelege og positive innlegg som av og til snik seg inn på bloggen, fysj!
Minusting:
Minusting:
- smular på kjøkkengolvet når eg kjem barbeint og trøytt og skal ete frukost
- oppvaskmaskina tømt og klar til å ta imot skitne koppar, og full av skitne koppar på toppen fordi "æ trodd det va reint inni"
- hår i sluket på badet
- store rekningar som kjem uventa
- eit vått, brukt handkle oppå reine klær
- ein kollega eller eit familiemedlem som ikkje er tankelesar, og difor ikkje gjer som eg hadde tenkt eller ønska
- når eg har brukt tid på å rydde, og ingen ser det
- telefonselgarar, say no more...
- at avisa ikkje kjem til rett til
- ulydar i bilen
- når nokon seier eg ser sur ut og eg ikkje er det! (men eg kan fort bli det)
- kjedelege, tjukke bøker som ikkje held det dei lovar
- bussen som er i rute, når eg ikkje er det
- folk som slår plen tidleg på søndag morgon
- "bad hair day"
- når ingen forstår meg, det går i ring det der...
- når enkle ting skjær seg på ein alt anna enn enkel måte
- når tålmodet mitt ikkje strekk til... Dei dagane når eg ikkje vil forstyrrast, og nokon ikkje les signala eg trur eg sender ut.
- når kontoen er tom og eg finn noko eg
heilt sikkertnesten ikkje kan leve utan fram mot neste lønning - når folk trur eg tullar når eg snakkar om noko alvorleg, som kongelege bryllup

I mangel av ekte tiara eller krone
Nei, æsj, denne lista kunne lett vorte som ei einaste lang liste over landeplager, men det blir jo berre surt! Betre å fokusere på noko positivt!
(Men det er jammen litt artig og: å finne og sette ord på "plagene", det slår meg at dei ikkje er så store i verdsmålestokk! Eg står i fare for å framstå som ein sutrekopp...)
He ein stålande dag, utan irriterande ting som ødelegg :)
![]() |
| Trøsteblomster for noko som ikkje vart som eg trudde, som krever tålmod og tid. |
Etiketter:
forviklingar,
kvardag,
livet,
mammaliv
Plassering:
Trondheim, Norge
tirsdag 21. mai 2013
Forviklingar
Eg huskar eg såg "Forviklingar" då det gjekk på TV, ein gong i fjern fortid. Eg forsto ikkje programmet og humoren, men eg huskar forteljarstemma og musikken klart og tydeleg. Enkelte dagar har det med på sett og vis å vere akkompanjert av samme musikk og kunne med fordel hatt ei slik forteljarstemme som forklaring og trøyst....
Det byrja så fint, eg hadde togbillett til Røros, der skulle det gjerast litt vedlikehald på høgre fot. Etter ein roleg formiddag heime, kunne eg sette meg på toget og reise oppover. Sidan vegen vart stengt av ras nokre dagar før, så opna og så stengt igjen, var eg veldig glad eg hadde togbillett!
Lite er som å sitte på toget og lese litt, sjå litt ut av vindauget, ete litt niste, berre vere der og bli frakta fram til målet! Heilt utan ansvar, berre passe på billetten sin og oppføre seg som forventa.
Vel framme på Røros fann eg sjukehuset, ikkje noko stor bragd kanskje, men då visste eg iallfall kvar eg skulle møte neste dag. Eg vurderte å kjøpe vottar, det var veldig kaldt, men eg gjekk heller på hotellet. Etterpå tok eg ein liten spasertur i Røros sentrum, noko som ikkje er å forakte! Vakkert by!
Alt var stengt, så det var berre å sjå på detaljar og vindusshoppe. Det er jo veldig billeg, og kan anbefalast! Tusle rundt i fred og ro, i kaldt fjellvær, men fint lell.
Så langt, alt vel. Men kvar er forviklingane?
Eg skulle møte på sjukehuset kl 0800 neste dag, så eg testa ringelyd og tidspunkt på mobilen fleire gonger for å vere sikker på at eg ikkje skulle forsove meg. Eigentleg var eg litt usikker på om eg kom til å sove, for eg var spent på neste dag. Eg forsov meg ikkje, eg sov overraskande godt og vakna i rett tid, åt ikkje frukost, vaska beina grundig for gong nr x denne veka, reinhald er ein dyd, og tusla opp til sjukehuset.
Der var det stille og roleg, for mange hadde ikkje kome på at raskaste veg var stengt, og var difor forsinka. Klappa meg sjølv på skuldra for at eg hadde vore lur og reist dagen før. Eg fekk sette føtene rett i fotbad, ingen fare for skitne bein! Legen kom og lurte på om eg ville ha operasjon, noko eg takka ja til(legar no tildags er forresten veldig unge! Det har vel ingenting med min alder å gjere?) Eg trudde igrunnen eg hadde takka ja for lenge sidan, og at det var difor eg var der. Han trykte litt her og der på foten og teikna opp med tusj kvar det skulle skjærast.
Rakk ringe mannen for å seie at no starta straks operasjonen, så han kunne starte på turen for å hente meg, sidan det tross alt var over 20 mil å køyre. Høyrde ei litt stressa røst, han måtte gjere ferdig noko først. Det går sikkert bra, sa eg.
Så var det rett inn på operasjonsstova, der eg vart plassert på bordet og pakka inn i grønt. Grønt er mi farge! Etter meir vasking(!) og lokalbedøving, starta det som skulle vere dagens høgdepunkt for meg! Etter ei stund byrja legen mumle og brumme bak munnbind og forheng, og ville ha opplest diverse frå papira mine. Eg lurte på kva som skjedde! Nei, han fann ikkje det han trudde han skulle finne... Neihei... Fann andre ting, får vere nøgd med det ein har! Så vart eg sydd saman og sendt til påpassing. Eg kunne ikkje reise heim åleine, må vite, eg måtte hentast av vaksen og ansvarleg person!
Den vaksne og ansvarlege ringte og sa at han var på veg, eg fekk mat og drikke og alt såg bra ut! Når ein ikkje får lov å drikke, blir ein veldig tørst! Det var godt å ha ei seng å sløve i, sjukehuset hadde trålaust nett, eg hadde tatt med lesestoff og eigentleg var taket fint å sjå på, så det kan hende eg sov litt. Det har dessutan ein viss underhaldningsverdi å følgje med på alt som skjer, observere og småprate.
Melding frå mannen, no var han kome til Selbu. Fint:) Litt meir sløving i senga, lese litt, surfe på nettet, halde kontakt med omverda via instagram, twitter og facebook. Aldri åleine når ein har nett og sosiale medier!
Telefon frå mannen etter ein liten time, han var tilbake i Selbu....med bilproblem! (det er no eg særleg høyrer forteljarstemma frå Forviklingar i hovudet mitt) Ei lita stund såg eg for meg å måtte feire 17.mai på Røros i joggebukse og på krykker! Jada, kjente at det ikkje var heilt etter plana! Men når mannen fekk sagt litt meir, kom det fram at han både hadde funne bilverkstad og fått låne bil hos det som var dagens helt for oss:
Eg vart oppgradert og flytta ut av overvakingsrommet og inn på eige rom, med tv! Det var skikkeleg luksus, meir mat fekk eg og vips sov eg :)
Så kom mannen, med leiebil, og henta meg. Eg var på full fart(nuja) mot trappa, før eg fekk tips om heisen lenger bort i gangen. Å køyre biltur med mannen er fint, det er god tid til å prate saman, noko som ofte er mangelvare i kvardagen. Eg fekk debrifa operasjonsdagen og mannen fekk debrifa bilproblema.
Vel framme i Selbu, sto bilen nyreparert og kjekk og venta på oss, heldigvis. Det var berre å flytte pikk og pakk over frå lånebilen. Berre...vel, godt eg hadde mannen med til å bære. Eg hadde nok med å stokke bein og krykker.
Då eg omsider fekk tak i tenåringane heime, for å forklare at vi var forsinka, fekk eg nesten inntrykk av at vi ikkje var sakna...
Det byrja så fint, eg hadde togbillett til Røros, der skulle det gjerast litt vedlikehald på høgre fot. Etter ein roleg formiddag heime, kunne eg sette meg på toget og reise oppover. Sidan vegen vart stengt av ras nokre dagar før, så opna og så stengt igjen, var eg veldig glad eg hadde togbillett!
Lite er som å sitte på toget og lese litt, sjå litt ut av vindauget, ete litt niste, berre vere der og bli frakta fram til målet! Heilt utan ansvar, berre passe på billetten sin og oppføre seg som forventa.
![]() |
| Å sove på hotell er luksus, nyreidd seng, ingen plikter :) |
![]() |
| Det klassiske motivet |
Alt var stengt, så det var berre å sjå på detaljar og vindusshoppe. Det er jo veldig billeg, og kan anbefalast! Tusle rundt i fred og ro, i kaldt fjellvær, men fint lell.
Så langt, alt vel. Men kvar er forviklingane?
Eg skulle møte på sjukehuset kl 0800 neste dag, så eg testa ringelyd og tidspunkt på mobilen fleire gonger for å vere sikker på at eg ikkje skulle forsove meg. Eigentleg var eg litt usikker på om eg kom til å sove, for eg var spent på neste dag. Eg forsov meg ikkje, eg sov overraskande godt og vakna i rett tid, åt ikkje frukost, vaska beina grundig for gong nr x denne veka, reinhald er ein dyd, og tusla opp til sjukehuset.
![]() |
| Dokumentasjon: Foten før |
![]() |
Rakk ringe mannen for å seie at no starta straks operasjonen, så han kunne starte på turen for å hente meg, sidan det tross alt var over 20 mil å køyre. Høyrde ei litt stressa røst, han måtte gjere ferdig noko først. Det går sikkert bra, sa eg.
Så var det rett inn på operasjonsstova, der eg vart plassert på bordet og pakka inn i grønt. Grønt er mi farge! Etter meir vasking(!) og lokalbedøving, starta det som skulle vere dagens høgdepunkt for meg! Etter ei stund byrja legen mumle og brumme bak munnbind og forheng, og ville ha opplest diverse frå papira mine. Eg lurte på kva som skjedde! Nei, han fann ikkje det han trudde han skulle finne... Neihei... Fann andre ting, får vere nøgd med det ein har! Så vart eg sydd saman og sendt til påpassing. Eg kunne ikkje reise heim åleine, må vite, eg måtte hentast av vaksen og ansvarleg person!
![]() |
| Dokumentasjon: Foten etter |
Melding frå mannen, no var han kome til Selbu. Fint:) Litt meir sløving i senga, lese litt, surfe på nettet, halde kontakt med omverda via instagram, twitter og facebook. Aldri åleine når ein har nett og sosiale medier!
Telefon frå mannen etter ein liten time, han var tilbake i Selbu....med bilproblem! (det er no eg særleg høyrer forteljarstemma frå Forviklingar i hovudet mitt) Ei lita stund såg eg for meg å måtte feire 17.mai på Røros i joggebukse og på krykker! Jada, kjente at det ikkje var heilt etter plana! Men når mannen fekk sagt litt meir, kom det fram at han både hadde funne bilverkstad og fått låne bil hos det som var dagens helt for oss:
Eg vart oppgradert og flytta ut av overvakingsrommet og inn på eige rom, med tv! Det var skikkeleg luksus, meir mat fekk eg og vips sov eg :)
![]() |
| Klar for henting, merk den lekre "blåsokken" på foten! |
Så kom mannen, med leiebil, og henta meg. Eg var på full fart(nuja) mot trappa, før eg fekk tips om heisen lenger bort i gangen. Å køyre biltur med mannen er fint, det er god tid til å prate saman, noko som ofte er mangelvare i kvardagen. Eg fekk debrifa operasjonsdagen og mannen fekk debrifa bilproblema.
Vel framme i Selbu, sto bilen nyreparert og kjekk og venta på oss, heldigvis. Det var berre å flytte pikk og pakk over frå lånebilen. Berre...vel, godt eg hadde mannen med til å bære. Eg hadde nok med å stokke bein og krykker.
![]() |
| Selbu, klar for siste etappe heim |
Då eg omsider fekk tak i tenåringane heime, for å forklare at vi var forsinka, fekk eg nesten inntrykk av at vi ikkje var sakna...
![]() |
| Vel heime! Home, sweet home! |
Abonner på:
Innlegg (Atom)