torsdag 1. juni 2017

Det såg ut til å bli ein slik dag...

Det er 1.juni idag. Første sommardagen så og seie. Nokon må ha gløymt å oppdatere Yr.no, for det var 5 gr og plaskregn då eg sto opp. Eg var trøytt, men ingen ting mot han på andre sida av bordet som skulle ha eksamen idag, og nok skulle stoppa lesinga tidlegare går kveld. Ein stor kopp te hjalp før eg måtte ut i regnet. 

Vel inne på jobb var det varmt og tørt. Eg låste opp dører, skifta til labklær og sandalar. Det er veldig stille på laboratoriet før kl 8 om morgonen! Ro i hodet og tid til å finne fram det ein treng for dagen. Heilt til brannalarmen går... Først eit bittelite håp om at det var brannøving, men sidan det er eksamenstid for studentane vi deler hus med, slo det meg at det ikkje var truleg. Då var det ut (nemnde eg at det regna?) og finne oppmøtestaden, som er på parkeringsplassen.  Ikkje på nokon måte under tak. Fann ein ekstra labfrakk, for det var kaldt, og regnjakka og dei gode skoa var i 4.etasje, og eg var i første. Omsider kom brannbilen, og etter gjennomgang både her og der, slo dei fast at det var falsk alarm.


Så gjekk det stort sett greit ei stund, unntatt nokre småting. Men eg vart ferdig med eit lass prøver som skulle analyserast for parasittar, ja det er snakk om parasittar i bæsj! Og vel heime hadde eg huska å skru opp varmen, så det var slett ikkje så verst! 

I ettermiddag har telefonen låst seg, såpass grundig at eg byrja lure på om det verkeleg var min telefon. Eg prøvde det meste, av opplåsingsmønster, koder og pålogging, eg fekk beskjed om feil mønster og feil kode og ikkje minst feil pålogging! Bittelitt desperat (og telefonavhengig) må eg innrømme at eg vurderte å ta ein tur på telefonbutikken... Tilslutt måtte eg restarte alt, eit par spennande minutt gjekk før den viste seg å ville samarbeide igjen. 


No satsar eg på at resten av dagen går greit. Vi hadde restar til middag, det er eit pluss på så mange måtar. Eg slapp lage middag, og vi åt opp restane! Eg skal på trening, det er eit pluss. Eg får besøk av ei venninne som skal overnatte. Det blir forhåpentlegvis tid til å prate og oppdatere seg på livet!  

Og ute er det ei bleik sol som lurer seg gjennom skyene. Kan det vere at regnet gir seg?
Nuja... det er litt sol og blå himmel, men regn!
(og han med eksamen var ganske fornøgd med dagen)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar