Viser innlegg med etiketten Januar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Januar. Vis alle innlegg

fredag 10. januar 2020

Linskjorter og havregryn

Eller noko slikt. Havrelefse og striskjorte er det iallfall ikkje.

Og juletreet er ute, og pynten er pakka saman. I fleire store esker med julepynt.
Trur eg har funne alt, men det brukar å vere igjen minst ein ting #gamaltjungelord
Eg ante uråd då eg fann ei kasse som liksom var til overs. Der skulle nisseskogen pakkast ned, så fekk eg med den også.

Eg trudde nålene satt fast, til eg byrja ta ned pynten...



Klart for loftet

søndag 5. januar 2020

Jula varer litt til...

Jula varer, om ikkje til påske, så iallfall ei veke til her i huset.
(om den blir ståande til 20.dag veit eg ikkje, men i år går vi fort forbi 13.dag!)



Og eg rakk to turar på ski denne helga!
(og er bra er det, for no pøsregnar det...)

onsdag 1. januar 2020

Godt nytt år!

Det har nok vore ein bra slutt på 2019 og ein god start på 2020, for eg har nesten ingen bilder som kan dokumentere kva som skjedde!

Men i går kveld -nyttårsaften- var vi på vennefest, med spleiselag, "same procedure as last year" (eller eigentleg som 2014, vi var dei samme folka, minus det meste av barn, som no har vorte ungdom/vaksne, og vi brukte samme meny! Eg laga baconkledde dadlar og foccacia, som i 2014) Og samme "oppskrift" er fint! Det var raust med god mat, dessert i lange baner, 4-stemt sang og alvor og latter og tullprat.


Men utsikt frå stova har eg bilde av.  Det var solnedgang og eg tenkjer at dette er standarden for 2020; lys der framme!


søndag 13. januar 2019

20.dag jul

Igår var det 19.dag jul, og vi rydda bort jula. (vi har hatt nesten ei veke med julepynteskene ståande i stova, i tilfelle rydde- og pakkelysten skulle komme. Den gjorde ikkje det. Ikkje før igår. Eg har kjøpt nye esker og hatt voldsomme ambisjonar om å systematisere pynten. Trur eg vil bli skuffa på det punktet i desember...)

Eg har brukt mykje tid på å samle saman pynt og sette den på spisebordet, litt etter litt, i håp om at eg skulle huske alt.

Idag fann vi denne.



Jaja, eg fekk litt pynt som junior hadde kjøpt i Riga også, den kom heller ikkje med i kassene.



tirsdag 30. januar 2018

veke 4

No er januar snart over. På søndag høyrte eg fuglane sang då eg låg i senga og nytte at det var søndag og at eg slapp sprette opp tidleg. Dagane blir lysare og lysare, igår var det ikkje mørkt då vi var ferdige med skituren kl halv fem (yepp, vi har vorte slike folk som tek skitur etter jobb og før middag! Kven skulle tru det?)

Men altså, veke 4.

På måndag var eg med mamma på sjukehuset og der fann vi denne sjarmerande plakaten på venterommet! Det gjorde godt i bioingeniørhjertet.


Tirsdag gjekk eg tur og nytte utsikta! Hav og himmel og fjell. Uslåeleg kombinasjon! Romsdalen altså, har det meste.


Onsdag tok eg ferge, og kunne sjå verdas finaste fjell frå fjorden.


Torsdag skulle eg heim igjen.  Og kunne nyte denne "vente på bussen"-utsikta. Her er det like fint sommar som vinter. Og både grøn og kvit vinter. Hadde begge deler medan eg var i Romsdalen denne gongen.


Fredag var eg hos fysioterapeuten, og han vart einig om at eg no skal sette inn ein ekstra innsats på styrketrening. Enkelt for han å bli einig om det! Så ryggen min og eg prøvar å bruke dette utstyret kvar dag, helst oftare. (ikkje vedomnen då, men det gjer det meir komfortabelt)


På laurdag var det sol og silkeføre og nykjørte spor på ny snø. Snakk om luksus! Eg kosa meg, sjøl om eg angra litt opp dei siste bakkane. Det er slitsomt å gå motbakkar, sjøl på ganske nye ski og i sol.


På søndag tok vi ein tur og såg til båten. Akkurat no virkar det veldig lenge til sommar og båtliv! Båten hadde det bra, under presenning, snø og is, mannen tok vekk snø og is og så får vi drøyme om sol og varme etterkvart.

søndag 21. januar 2018

Veke 3

Veke 3 i 2018 er straks slutt. Og eg skal finne bilder å dele med deg.

 På måndag pakka eg ut denne fine stettvasen (kvifor heiter det stettvase? Det er forsåvidt stett,  men vase?) som eg har gått. No treng eg berre småkaker å legge oppå.

I tillegg var vi ein tur i byen rett etrer jobb, fekk gjort nokre ærend,  kjøpt tulipanar -og vi åt middag på thai-restaurant. Vi var svolte,  det var kaldt,  latskapen tok oss, og der var utrulig kjekt å ha tid til kunne vere så impulsive !

På tirsdsg åt gi elggryta eg hadde laga ferdig på måndag. Fint å kome frå jobb og ga ferdig middag klar til å ete! Restane stakk eg innom til junior med. Han var på jobb, og syns ferdig middag var fint å få levert på døra.  


Så har eg brukt nokre dagar til å leite etter parasitter.  Då er det artig å finne slike fine typer! 


Trur dette er mitt nye motto!  ...men usikker på om eg har det i meg...

Vi har hatt jubileum. 26 årsjubileum for sangoktetten mannen syng/sang i. Uansett om dei ikkje er så aktive lenger, er det jubileum -kvart år! Med sang, mat, prat, latter,  kaker og rangling. I år også med escape-room og lunsj på kafé.  Og middag hos oss for 16 stk. Kosa meg med å pynte bord. Maten var bestilt og andre hadde med kaker, så eg hadde det enkelt.

Nokre gjestar overnatta, og då vart det brunsj og tapasrester på søndag. 

Og kveld vart det togtur til Romsdalen igjen. Kaldt og skikkeleg vinter på togbyttet på Dombås.  

Det var i grove trekk denne veka. Bilder litt hulter til bulter, frå nesten alle dagar.  No klar gir veke 4!

mandag 15. januar 2018

Veke 2

Det er alltid litt spennende å lage seg nye prosjekt, som dette med eit bilde for kvar dag, for huskar eg det? Tek eg bilder som er interessante og brukbare? Og det krever litt for meg, maksimalisten, å halde meg til eit bilde...for av og til har eg mange ting eg vil dele! Men det får eg ta i eigne blogginnlegg.

Og det kan hende at vekestarten, med dikt, blir sett litt på pause framover. vi får sjå.


Det har lett for å bli mykje kjøt i jula, så måndag den 8. slo vi til med  stekt torsk med chorizopølse og ertepure. Det var godt det! Oppskrifta
fann eg hos Mat på bordet

På tirsdag var eg på kurs om timeføring og slikt.Kanskje ikkje så spennande, men nyttig.
Sist veke hadde eg med meg ein nevø som hadde arbeidsveke på jobben min. Han fekk prøvd litt ulikt, og ikkje minst uvant! Men han takla fint både det eine og det andre. 


"Elg i solnedgang"
Onsdag møtte vi ein stor elg då vi skulle på skitur.
Heilt greit å sitte i bilen og sjå på! 

Torsdag var vi på konsert med junior og bandet han spelar i.
Vi drog opp snittalderen på konsertpublikum.
Bra konsert! (og stolt mor)

Fredag køyrde vi til Romsdalen. Biltur med innlagt middagspause, lefse til mellommat i bilen og "Klassisk vorspiel" på NRK klassisk.
Og vi måtte vente litt på ferga. 

Januarlyset, altså!
Det var altså så fint i januarsola rett før den gjekk ned
på laurdag ettermiddag. Kvite fjell og raudt uthus. Og vi feira pappa
sin 88årsdag, litt på forskot.

På søndag var eg innom dette huset og tok litt farvel.
No kjem det nye eigarar, og det er litt rart, for her budde Gudrun og Erling
og eg var masse på besøk då eg voks opp. Det er lenge sidan dei døydde, men
det har vore kjentfolk der etterpå. Kanskje eg blir kjent med dei nye også?

torsdag 11. januar 2018

Veke 1

Eg var innom bloggen Petrus og Petrine, ho hadde ei plan om eit bilde for kvar dag i 2018. Og eg vart inspirert! Har eg eit bilde for kvar dag, mon tru?

Frukost 1.nyttårsdag

2.januar Skitur.
Det har vorte nokre slike bilder i det siste. Fint!

Kontorutsikt 3.januar

4.januar vart det visst berre ein skjermdump av eit
vinterdikt av Hans Børli
5.januar hadde vi pinnekjøt

6.jabuar var det ny skitur

7.januar kom "Cora", og det var dårleg sikt ut kjøkkenglaset
Kanskje eg skal prøve med dette i veke 2 og?

mandag 8. januar 2018

Det er over!

Jula er over.

Ikkje meir sein, lang frukost med både sild og sylteflesk, julebrød med brun ost og havrekjeks med edamer. Og ei kanne te.
Ikkje meir frukostdessert.
Pinnekjøtt, ribbe, laks, kalkun, alt er over no. Dronning Maud-fromasj og karamellpudding er historie. Julekaker og delfiakake midt på dagen. Kransekakestenger og konfekt før middag. Kveldsmat med alt godt!
Skiturar på dagtid. Julehefter og nye bøker, lese til langt på natt.
I helga hadde vi "juleavslutning", begge ungane heime, vi hadde pinnekjøtt og jordbær med vaniljekrem. Lefser og smultringar.
...og trange bukser!
Konfekt midt på dagen!
Men no er det slutt! Ungane er ferdige med juleferien, vi er to igjen i heimen. Eg veit kor mange som er i huset når eg legg meg, og kan stole på at det stemmer når eg vaknar på natta. Eg veit omtrent kor mykje mat eg har igjen. Julepynten er pakka saman, og stort sett sortert. Eskene er tilbake på loftet. Det er betre plass i stova og mørkare utan stjerne i vinduet.
Vi er snart ferdige med julematrestene, julebrødet er oppete og tomatsilda syng på siste vers. Eg har rydda i julegåvene eg fekk, og ser igjen golvet på kontoret.
Det er vemodig og godt på same tid!

Denne julepynten hang igjen når alle kassene var vel plassert på loftet...
Ein slags tradisjon det og, at noko blir gløymt!

All den fine pynten, men den må pakkast ned!

Idag hadde vi stekt torsk med ertepure og choritzopølse til middag. Fantastisk godt etter all kjøttmaten!


Eg er klar for kvardag. Jobbing, døgnrytme, rutiner!
Men det blir vel jul i 2018 og?! Heldigvis er det lenge til, mange gode kvardagar, ryddig måltidsrytme og treningsøkter!

fredag 5. januar 2018

Årets første fredag

I kveld er det stille i stova. Trur vi er slitne etter å ha jobba hardt for å kome tilbake til kvardagen!  Eg treng iallfall helg no.

Juletreet står enno, og skal få stå til søndag. I morgon skal vi avslutte  jula med sjølvsalta og sjølvtørka pinnekjøtt og jordbær til dessert. Pinnekjøttet ligg i vatn no, og vi har igjen fløte frå jul (som eg håpar ikkje er sur) som blir saus til jordbæra. Begge sonene har sagt dei skal kome, det blir stas!

Det er i det heile mykje mat i jula,  og dermed mykje restar.  Vi har hatt diverse varianter av restemat, og eg trur vi har tatt godt vare på det meste!  Pizza med kylling- og osterestar. Ribbe med wokgrønsaker.  Julepølse med rotmos. Idag pai med litt tørr edamerost,  diverse løk og juleskinke.

Restepai

I morgon blir det pinnekjøtt

Dei fleste julekakene  forsvann  då mannen hadde besøk ein kveld. (Men det er delfialake og lefser i fryseren!) Og eg meiner det skal ligge eit julebrød i fryseren,  som eg skal ta fram I morgon når minstemann kjem heim frå nokre dagar i København.  Då blir nok han glad!

Det blir bra med kvardag i matveien.  Og elles i livet. "Ordning og reda", fast rytme (eller iallfall nesten) og gulrot som snacks i matpakka.
God helg!