Ikkje meir sein, lang frukost med både sild og sylteflesk, julebrød med brun ost og havrekjeks med edamer. Og ei kanne te.
Ikkje meir frukostdessert.
Pinnekjøtt, ribbe, laks, kalkun, alt er over no. Dronning Maud-fromasj og karamellpudding er historie. Julekaker og delfiakake midt på dagen. Kransekakestenger og konfekt før middag. Kveldsmat med alt godt!
Skiturar på dagtid. Julehefter og nye bøker, lese til langt på natt.
I helga hadde vi "juleavslutning", begge ungane heime, vi hadde pinnekjøtt og jordbær med vaniljekrem. Lefser og smultringar.
...og trange bukser!
Konfekt midt på dagen! |
Vi er snart ferdige med julematrestene, julebrødet er oppete og tomatsilda syng på siste vers. Eg har rydda i julegåvene eg fekk, og ser igjen golvet på kontoret.
Det er vemodig og godt på same tid!
Denne julepynten hang igjen når alle kassene var vel plassert på loftet... Ein slags tradisjon det og, at noko blir gløymt! |
All den fine pynten, men den må pakkast ned! |
Idag hadde vi stekt torsk med ertepure og choritzopølse til middag. Fantastisk godt etter all kjøttmaten!
Eg er klar for kvardag. Jobbing, døgnrytme, rutiner!
Men det blir vel jul i 2018 og?! Heldigvis er det lenge til, mange gode kvardagar, ryddig måltidsrytme og treningsøkter!
Ja, det er både godt og vemodig å pakke ned jula. Fin beskrivelse :-)
SvarSlettAlt godt i 2018!
Pludrehanneklem
Takk, og godt 2018 til deg!
Slett