Viser innlegg med etiketten sorg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sorg. Vis alle innlegg

tirsdag 26. mars 2019

Mamma

Eg sa "ein gong til, please". Eg tenkte på skitur då, men no tenkjer eg på mamma.

Mamma døde i helga, og vi fekk vere saman med henne dei siste dagane, både pappa og vi søskena. Det var godt, midt i det triste!
Det er noko med foreldre, dei har alltid vore der, så når dei dør, blir det eit hol i livet!

1969

Så meir enn endå ein skitur, kunne eg ha ønska ein telefon til frå mamma, som byrja med at "det er ikkje noko eg vil" eller "du lagar kanskje middag no?" Eg kan ikkje ringe henne fleire gonger og fortelje at eg er vel heime etter lang biltur. Ikkje sende bilder og vente på telefon om at brøda mine ser så gode ut at ho nesten kjenner lukta.

Eg kan ikkje spørje om råd, for det gjer ein sjølv om ein er over 50 år. Eg kan ikkje sette meg med strikking, vise fram og få hjelp til å lese mønsteret. Eg tok meg i det idag, då eg gjekk forbi ein klesbutikk at "den genseren der ville mamma ha likt".
Mamma hadde "husmorskule" for meg i 2015, og eg lærte å
lage fiskekaker


Men eg tenkjer også på det å berre vere saman! Utan at det skal skje noko, spørjast om noko. Ete frukost når eg er på besøk, laga middag, prate om været. Det vi gjer med alle vi har rundt oss. Det kan eg ikkje lenger med mamma.

Mamma og pappa var velkomstkomite då vi
hadde over segla Hustadvika med båt.

Eg ser på bilder, frå mamma var ung, eg var lita, juleselskapet vi hadde sist jul. Og til meir eg ser, til meir huskar eg. Eg skriv på minneorda til kyrkja. Eg snakkar masse om mamma! Livet både går vidare og har stoppa litt opp no...

Mamma og meg (og bakhodet til onkel Kjetill?)
Ganske sikker på at mamma har sydd kleda mine.

Det er mange kapittel som blir lukka når ei mor dør. Heldigvis har eg mange gode minner!

søndag 15. november 2015

Vekestart veke 47

På fredag skreiv eg om den gode fredagskjensla, kor godt eg har det. At eg gleda meg på ei god helg. Det har eg også hatt, men fredagskvelden vart ganske brått omsnudd då nyheitene om angrepet på Paris kom. Eg som satt i mi trygge, varme stove, og plutseleg kjente eg meg utrygg, usikker og motlaus. Korleis det var for dei som sto midt oppi det, er ikkje råd å forstå. Eg vart påmint dagane etter 22.juli 2011, uvissa. Så fort livet og verda snur! Eg veit at slike ting skjer mange stader i verda, mykje oftare enn eg klarer ta det innover meg. Men Paris er så nært, det kunne nesten vore her...

Det blir ekstra viktig for meg å treffe vener, vere saman med familien, gjere noko fint saman slike dagar. Så det passa godt å vere invitert i selskap i går, ete godt, le og snakke om livet.  Idag har vi hatt sakte brunsj i sofaen, med fyr på omnen og nystekte scones, nypressa juice og ei stor kanne te!
Brubsj

Eit dikt til trøst, undring og ettertanke må du få med frå denne helga og inn i veka som kjem.

Godnatta til du som gråter
Tårene dine faller
som regn i rommet.
Det går en elv gjennom nettene
og elven synger
om sjøen av tårer.

Hvis du ser noen som er ute på sjøen om
natten,
så er det sorgen og sorgens sønn
som er ute og ror.
Nå kan dere snart trekke tårene inn.
For til og med sorgen må sove.

Gro Dahle

Og i løpet av dagen skal eg sjå om eg ikkje får skrive litt leselogg igjen. Eg har lese mange bøker i haust, og det er lenge sidan eg har skrive noko om bøker, det er på tide!
He ein fin søndag og ei god veke!

mandag 19. oktober 2015

Vekestart veke 43

Måndag. Eg syns det er litt artig at statistikken for bloggen viser at det er ekstra mange innom på søndag kveld og måndag formiddag, det tyder på at nokon ventar på at det kjem eit vekestartinnlegg. Og no skal du få premiering for at du kikkar innom!

Måndag er jobb, med eit møte eg hadde grudd meg til, men som viste seg å gå mykje enklare enn frykta. Er ikkje det typisk?! Her gruar eg meg til ingen nytte... Og at det viser seg at å sette seg saman og snakke er ei mykje betre kommunukajsonsform enn mail? Ok, vi kom iallfall fram til felles forståing og ei løsning som var bra.
Då eg kom heim vart eg møtt med allsang frå hybelkaninane, som hadde fest i trappa og hadde danna fagforening. Det var ikkje å råd å utsette vaskinga lenger!
Etter middag har dei mørkebrune bananane vorte til banankake etter ei ny oppskrift eg har funne. Huset luktar av godt av kake og eg gler meg til prøvesmaking etterpå!
Alt i alt kan vi seie at dette har vore ein aktiv dag! (og eg håpar å kunne fylle på husmorpoengkontoen!)

I helga har eg vore i Romsdalen. (Alle som følgjer meg på snapchat / instagram / facebook har truleg oppdaga det allereie, for eg har teppebomba sosiale medier med bilder av fager Romsdalsnatur i haustfarger og sol. Vil du følge meg heiter eg "kirstisaebo" på snap og "kisabo" på instagram)

Tenk å vakne til lyset som kjem over fjellet
Grunnen til at eg reiste, var trist. Eg var i gravferd til ei eg har kjent i snart 35 år. Ho tilhøyrte den utvida storfamilien, som søster av mi svigerinne. Men likevel opplevde eg ho som nær. Ei dame med stort hjarte og oppriktig interesse for dei ho møtte. Vi har møttes i selskap, kvardag, på fjellet, rundt matbordet. Det var naturleg å følge henne denne dagen.

Når eg først reiste, vart eg der i helga og besøkte mamma og pappa. Det har vore ei roleg helg, med lite program. Godt! Sein frukost, fjelltur, sein middag, trollkrem til dessert, prat og mimring, togtur til og frå. Fjellturen starta i litt gråvær, men så kom sola og det er ikkje finare enn heime då. Heilt objektivt!
Haustfarga myr
Mektig fjell

Dagen etter gjekk eg på skatte- og fotojakt i fjøra. Litt sol, litt dramatisk himmel og ei mengde motiv å velge i!

Ein skatt i fjøra

Det er jo ikkje til å kome frå at det er vakkert!

Nei, her skal ikkje hjorten kome til!

Barndomsheimen

Og om nokon lurer på korleis det går med operasjonssåret, tok eg stinga sist måndag og kirurgen var svært fornøgd med kor pent arret hadde vorte!!! Eg kan ikkje uttale meg så hardt, såret ligg under håret og bak øret... Så no kan eg vaske håret når eg vil og eg har kome inn i rutinen med å rense huda og skruen kvar dag. Enno er det litt problem med å sove på venstre side, men satsar på st det går seg til.

Vekas dikt er prega av gravferd, haist og alle dei fine trea eg har sett i helga.



NESTE GANG VIL JEG VÆRE ET TRE

Neste gang vil jeg være et tre,
stå i en trivelig park eller en lang allé.

Jeg vil ha tunge grener og en svær, dyp rot
så jeg kan drikke av jorden og få et langt livs mot.

Fugler skal bo hos meg. Jeg blir fuglens hus.
Svaler får bygge rede. Jeg bærer vindenes sus.

Et ekorn får gjerne komme. Jeg kan stå og se
den brune halen som danser fra tre til tre.

Sommeren går. Jeg skifter farve og lød.
Om våren irrende grønn. Om høsten rød.

Når løvet faller står jeg der uten vern,
med naken stamme så de tror jeg er gjort av jern.

Så kommer det sne. Jeg blir hvit eller grå,
men alltid den samme. Der jeg står får jeg stå.

Og så kommer våren. Vinden gir meg sin penn.
Men jeg kan ikke skrive med grønne hender
så det får stå hen.

Kanskje jeg mumler litt. Et dikt, en sang.
Sølvperler når det regner. Stans opp og lytt en gang.

Og så er det høst igjen. Du vasser i løv.
Lukt av karbol og ether. Og av gammelt støv.

Til tiden er inne og det kommer en mann en dag,
med en motorsag.

Så når det er slutt
tar det bare et halvt minutt.
(Rolf Jacobsen, fra samlingen ”Tenk på noe annet”, 1979)



Ønskjer deg ei strålande veke!

søndag 5. januar 2014

Vekestart veke 2/ rare dagar

Godt nytt år, alle som er innom!
5 dagar inn i det nye året har eg allereie rekt å bli tante (for 18.gang!) og vore i gravferd,  ein kan verkeleg seie at "Sorgen og gleden de vandrer til hope"! Men det er vel slik livet er, topp og botn side om side…

Vekestarten denne gongen er frå Jon Fosse si bok "Stein til stein" som vi fekk til jul:

Nattsalme

Det finst ei jord som opnar opp
sitt djup av svarte natt
og løyner både sjel og kropp
til ingenting er att
 
Det finst ei natt som møter deg
og tek deg mildt imot
og lèt deg kvila æveleg,
di hand, di sjel, din fot
 
Det finst frå Gud i alt som er,
i jord og nattevrimmel,
di sjel er hans, du er hans verd,
du lyser fram hans himmel 
Jon Fosse

(den står forresten i den nye Salmeboka, dersom nokon andre og har skaffa seg den.)

Å miste ei god venninne, som var på same alder som meg, har sett igang mange tankar. Eg har vore lei meg og trist, eg har ledd over gode minner og sukka litt over ting vi aldri rakk. Eg har møtt mange fine folk, som eg har delt sorga med, både familie og vener av henne, men eg heller skulle møtt i ein trivelegare samanheng. Å få delta og gjere noko praktisk er godt, og å vere med i gravferda er ei god avslutning. Men det nye året byrjar utan henne…


Livet går lell vidare, det er ikkje slutt på jula, det er kake igjen, og juletre, blomster, sjokolade og pynt. Det er litt romjulsstemning i stova med stille ettermiddag, mørkt ute og mannen som søv på sofaen. Men kvardagen kjem vel snart og tek meg…

Om det kjem noko oppsummering av 2013 her på bloggen? Det kan skje så mangt når ein får tenkt seg om!

fredag 27. desember 2013

Julefred, julejobb, julemat, julesorg, juleglede

Jula er iår litt blå, med sakn i hjartet, midt i julestemning, jobbbing, selskap, sakte kveldar og god mat. Vennskap som har vore der lenge, nye som veks sterkare.

Julekvelden var rolegare enn på mange år, med soner som heilt klart har vorte større! Ingen kasta opp av spenning over ventetida til vi fekk opna gåver. Derimot var det samstemmig jubel over endeleg å få Dronning Maud-fromasj og vi vaska opp saman før vi pakka ut gåvene. Og når mor sovna på sofaen etter gåveutdelinga, ordna nokon andre opp med kaker på fat og bestemte kva spel vi skulle spele(for ein skal spele på julaften)
Første juledag starta seinare enn nokon gong før, og var delt mellom testing av helikopter(takk til tante og onkel som meiner at det skal vere noko å leike med første juledag sjølv om ein har vorte "stor") og bruk av loop-boks(jada, eg har gitt den bort, eg skreiv på kortet, men det er stort sett det eg veit om den…)
Spisebordet litt før julefreden senka seg...

Spisebordet då klokkene ringte jula inn
Eg høyrer seriøs og munter juelmusikk i skjønn forening. Desember er julemusikk for meg. Men alt til si tid. Julemusikk med overraskande vri har vore godt denne jula, min favoritt er denne:
Og det finns ein sommarvariant også!!!

Og all julepynten kom fram i løpet av lillejulaften…ny og gamal, tradisjon og raritetar i skjønn forening! Mannen hadde foreslått at ungane kunne pynte juletreet medan eg var på jobb lillejulaften, men han forsto fort at han tok feil!!! Tradisjonar tullar ein ikkje med! Juletreet pyntar ein under mors strenge kontroll.
Englekoret!

A new fairy in the tree 

Litt av den litt rarare pynten :)

 Og heilt til slutt: juleselfie!!!

Og i hjartet er det sorg og gode minner, som gjer at eg plutseleg dett litt ut. 

søndag 22. desember 2013

Vekestart veke 52

Eg ser at veldig mange andre slår til med ferdigpynta hus og alt på stell, både på blogg, facebook og instagram. Det er ikkje slik her!

Eit heilt vanleg spisebord i førjulstida...

Det var mykje som stoppa opp på torsdag då Hanne Kari døydde, Det blir stille når nokon går ut av tida. Det skal bli jul, men eg treng litt tid til andre ting også, som å tenkje, minnast, prate med andre og berre sitte litt i ro. Høyre julemusikk, tenne lys, lese aviser. Det meste er innan rekkevidde for å bli ferdig i tide, og resten får berre vere…

Fjerde søndag i advent

Idag har vi hatt besøk av lillesøster(jada, småsøstre er småsøtre, uansett om dei nærmar 40!) og familien, vi har ete middag, bytta gåver og smakt på julekakene. Årets første juleselskap gjorde godt for sjel og kropp.

Eg er, med litt hjelp frå andre, oppe i 6 slag! Og etterpå var fatet tomt!


På fredag var eg med på båreandakt. Der sang vi Aftonbön av Karin Boye, og eg tenkte at den ville eg dele med dykk no. Julesangar og vintervers får kome seinare.

Aftonbön

Ingen stund är såsom denna,
kvällens sista, tysta timma.
Inga sorger längre bränna,
inga stämmor mera stimma.

Tag då nu i dina händer
denna dagen som förflutit.
Visst jag vet: i gott du vänder
vad jag hållit eller brutit.

Ont jag tänker, ont jag handlar,
men du läker allt och renar.
Mina dagar du förvandlar
så från grus till ädla stenar.

Du får lyfta, du får bära,
jag kan bara allting lämna.
Tag mig, led mig, var mig nära!
Ske mig vad du sen må ämna!
Karin Boye


God veke, god jul og vær tilstades i livet!



torsdag 19. desember 2013

Det blir stille når nokon går ut av tida

Idag kom meldinga eg har vist ville komme, men håpa ikkje skulle komme riktig enno.
Ei kjær venninne er død.

Det er vondt, trist, tomt og heilt uverkeleg.
Eit dikt har ligge og venta på denne dagen, i håp om at den var lenge til…

Jeg finner nok fram

Døden er ikke så skremmende som før.
Folk jeg var glad i
har gått foran og kvistet løype
De var skogskarer og fjellvante
Jeg finner nok fram

Kolbein Falkeid


Det blir stille utan henne, det er ei for lite i flokken min, ei som manglar. Ei eg har kunne diskutere livet med, delt bøker med, gått på kafe med og utveksla mengder med sms´ar med. Latter og alvor! Eg har visst det ville bli slik ein dag, men eg var ikke førebudd lell...

Kvil i fred, kjære Hanne Kari!