fredag 28. desember 2018

4.juledag

Fjerde dag jul. Eg har vore på jobb, det er ikkje berre lett å snu om til jobbmodus etter ei veke fri. Eg har henta dei nye brillene min, og svimlar litt rundt med ny styrke, trur det blir bra etterkvart. Eg har laga fiskesuppe, lukke med fisk etter mykje god, men tung, julemat. Eg har vaska klær, eg les bok, eg drikk te og har ete havrekjeks med edamerost til kveldsmat.




Eg planlegg ei slag oppsummering av juledagane våre. Eg syns vi har hatt ei slags "breddejul", vi har treft mange og vore innom mange ulike stader. Alt vart ikkje som planlagt, men det går an å legge nye planer! Det blir ikkje oppsummering no. No skal eg sjå på juletreet, vite at i morgon er ein nesten planlaus dag (bortsett frå bretting av klær og handling av mat og litt slikt, og kveldsmat hos vener)

torsdag 20. desember 2018

Jule-en, jule-to, jule-TRE!

Igår, 19.deseber, ny tidlegrekord, pynta vi treet. Det er fordi vi skal bort, og det er kjekt å kunne gle seg litt over treet før vi reiser -og så står det forhåpentlegvis med nåler og pynt også når vi kjem tilbake :)

Litt rart å pynte utan ungane, første gong på ca 21 år? Men vi greide oss godt, med itt pepparkaker og julemusikk, og eg slår det fast igjen: vi har for mykje pynt! Så idag kjøpte eg litt nytt...




Fint vart det iallfall, sitat pappa "finaste treet vi har hatt". Det seier han omtrent kvart år. Og til i morgon kveld, lever vi med både advent og jul, adventsstake og lilla dukar, og juletre og englekor!


mandag 17. desember 2018

17.desember

Idag har eg sprunge rundt, med tunga på slep og høge skuldre, og kom nesten i mål med julegåvene. Var så fornøgd, til eg kom på at lista ikkje var fullstendig...men pytt, dagevis igjen, og eg har ei klar  vag plan for det som gjenstår.
Senking av skuldre

Då eg kom heim, hadde fått sitte i ro ei lang stund, løst eit par sudoku, ete litt og høyrt julemusikk, fann eg ei anna liste eg kunne jobbe etter. Vaskemaskina har vaska treningsklær, ullklær og 60gr-vask. Oppvaskmaskina har vorte full, vaska frå seg og nesten vorte full igjen. Eg har laga fikenmarmelade, som vi skal ha til ost i jula. Og eg har lag krumkaker. Då seier eg med ferdig med baking til jul (trur eg), dersom ikkje noko viktig skulle bli etterlyst i siste sekund.

Fettfri bakst

Men krumkaker. Eg trur dei må vere veldig fettfattig? Rett nok er det mykje smør i røra, men når eg ser kva som ligg igjen i jernet og på benken etter steiking, trur eg det meste av smøret har rent bort!


søndag 16. desember 2018

Rosenkål

Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg får dilla på ting innimellom. Det startar gjerne med at eg les ei oppskrift, tenkjer at dette såg fristande ut og så prøver eg -og dersom det stemmer så blir det ei dille ei stund.
Ein sommar åt eg avokado- og agurksalat til alt! Kanskje var det samme sommar at eg åt jordbærsalsa til grillmaten også. Eg hadde ein lang periode eg omnsbakte grønsaker med appelsinsaft, timian og olje. Nam, det er det forresten lenge sidan eg har ete... I haust har eg ete masse bakt blomkål, bitar av blomkål med olje, salt og ulike krydder, som middag åleine eller som tilbehør. Eller bakt brokkoli, det er også godt.

Og akkurat no er det rosenkål som gjeld. Eg et rosenkålsalat så ofte eg kan!



Eg har kjøpt fersk rosenkål, med det går sikkert bra med frossen også. Kokar den opp, 2 min, og avkjøler litt i kaldt vatn. Deler i to, legg i salatskål med tørka tranebær (kan bruke rosiner, granateple eller kva du vil, noko søtt) finhakka rødløk og rista gresskarkjernar (eller hasselnøtter, mandlar, pinjekjernar) tar på sitronsaft og litt olivenolje, salt og peppar. Et som eigen rett, med litt bacon eller spekeskinke, eller som idag, tilbehør til medisterkaker og potet. NAM!


Veldig ofte har eg ikkje alt som står i oppskrifta, då ser eg kva anna eg har, du tek det du likar, tenkjer eg!

onsdag 12. desember 2018

12.desember

Det nærmar seg jul, halve advent har gått. Eg er godt stressa for det eg ikkje har gjort, og fornøgd med ein del av det eg har gjort.

Ho som har kuppa jula på jobb!
Og alltid hårpynt når det er trekning av adventskalender.

Julegåvene stressar meg, sjølv om det byrjar falle på plass (manglar lell ein del, det blir innspurt i helga!)

Når ungane er ute av huset, må ein bake sjøl...

Kakene er i boks, så og seie, 2 slag til skal lagast, men det bør eg rekke. Sidan vi skal bort, men eg har innkjøpsansvar, skriv eg liste på liste, over det som skal pakkast med herifrå og det som skal kjøpast når vi kjem fram. Eg likar å skrive liste på papir, og stryke ut punkt for punkt.

Når det gjeld adventskalender er vi heilt ute å kjøre, trur vi tok luke nr 11 idag, og nokre luker er opna berre for å sjå kva som er der...kven veit, kanskje det er kjekt å finne noko i kalenderen i romjula også?

Min skog! Heilt nykjørt skiløype, eg var førstemann.
#mykindommindfullness
(og her er det nesten ikkje motbakkar eingong)

Ute er det snø og kaldt, i helga fekk eg lufta skia mine fleire gonger, og det er lite som gjer meg meir glad enn ein skitur! Rett nok mislikar eg ofte motbakkane, eg pustar og peser og mumlar lavt, men så kjem eg opp og det meste er glemt. Eg er rusten i nedoverbakkane enno, redd for å falle er berre første del av redselen, men sesongen er enno ung, og eg blir vel meir stødig etterkvart?

I morgon er det Luciadagen, og kven veit kva som kan skje... Luciatog er iallfall framme både på pianoet og på kjøkkenet. Dei må vere mellom mine mest vellukka kjøp, eg blir i så godt humør når eg finn dei fram!
Skulle det dukke opp fleire Luciatog, blir dei nok med meg heim!


Og dagens impulskjøp var ikkje julegåver, men nye briller. Det var eit dyrt impulskjøp det! Men truleg vel verdt det! For det har vore veldig vanskeleg med det som skjer på nært hald i det siste... bakteriar, lita skrift og dårleg lys og slikt. Det kostar å vere progressiv!

Lukta av jul møter meg i gangen når eg kjem frå jobb

Blåtimen sett frå kontorplassen på jobb


fredag 7. desember 2018

7.desember

Desember er eksamenstid. Ingeniørstudenten skal ha fem før jul, heldigvis er det berre tre igjen. Det viser seg at desember er tid for studietur også, musikkjunior er på veg tilbake til Norge etter togtur, med jam og konsert og opplevingar i både Danmark, Tyskland, Polen og Sverige.
Eg sitt ikkje heime og bit naglar lenger, men litt prega av eksamen og studietur blir eg. Eg må nok berre stole på at dei klarer seg sjølv og har lært det eg har prøvd å få inn! Sove nok, ete regelmessig, huske pass og billettar(gjeld han på studietur), passe klokka(gjeld begge) og ringe til mor innimellom. Ting tydar på at det har gått inn ein god del kunnskap!

Så kva gjer mor? Mor bakar! Eg syns det skal vere ein del kaker til jul. Iår skal vi bort i jula, men eg skal ha med litt av kvart, så eg bakar lell. Det er noko med lukta av krydder, kanel og kardemomme og ingefær . Lukta av hjortetakksalt når ein tek kjeks ut av omnen. Lukta av barndommens jul!
Til no har det vorte berlinerkranser, biscotti, julebrød, brune pinner og havrekjeks. Alt smakt og godkjent!




Eg trur eg treng krumkaker, kransekakestenger, delfiakake, lefser og noko ala pepparkaker(men helst noko som ikkje krever kjevling, for ryggen syns at ein halv porsjon havrekjeks var rikeleg nok å kjevle ut)! Eller treng...eg har lyst på! Dessutan planlegg eg lussekattbaking saman med nokre andre.

Så slik går dagane! Vasking er utsett på ubestemt tid!

torsdag 6. desember 2018

6.desember

Eg har byrja høre julemusikk. Eg trur det er ein smart ting å gjere, iallfall julemusikk som gir gode minner og lave skuldre. Eg byrjar litt forsiktig, og skur opp julefaktoren og høgtida til nærare julaften vi kjem.

Igår fann eg den nye plata til Odd Nordstoga på spotify, den var fin. Og eg leita fram ei juleplate eg har hatt fleire år, som heiter "Julepust". Perfekt til sofa, vedfyring og te. Skuldrene senka seg. Eg skal innta ny dose kvar dag framover.


 Ute fall snøen stille, og det var ingen ting eg måtte rekke!

onsdag 5. desember 2018

Winterwonderland

Idag gjekk eg til og frå jobb, eg klarte å la bilen stå i ro. Ein halvtimes tid i nysnø og winterwonderland. Og lyset som kom meir og meir.




Og rett etter at eg kom på jobb, kom sola. Alt var rosa, alle hus, himmelen og nabohusa. Eg sneik meg ein tur ut for å sjå og nyte desembermorgonlyset!



Heim att var det snøkave det meste av vegen og eg vart meir og meir enn snømann, slo fast at eg hadde valt feil jakke og feil vottar. Betre lukke neste dag!




No håpar eg veldig at snøen legg seg, det er så lyst og fint med snø! Og i fjor var skisesongen godt igang på denne tida, eg berre nemner det.

5.desember

Eg kjøpte piano i haust. Eg har ikkje brukt det så mykje som eg tenkte. Men no spelar eg julesangar. Det er koseleg! Og syng litt med.

Og andre i heimen går forbi og tek ein sang. Eg har funne fram alle mulege julesangnotar. Eg slit litt med kryss og b, og les ikkje notar så fort som før. Men øving gjer mester? Og det er mange dagar igjen til jul, betre og betre dag for dag.



(så får vi sjå kva vi gjer med juletreet, for pianoet står på "juletreplassen")

tirsdag 4. desember 2018

4.desember

Vi har julekrubbe.
Ein særdeles enkel stall, spikra av meg då ungane var små. Gipsfigurar frå svigermor. Fyllt opp med englar frå samlinga mi.


Ein figur for dag, dersom eg huskar det. Iår er den forfremma til å stå på pianoet. Kvardagsmagi, ein slags kanlender det også, å fylle inn i krubba. Ein figur kvar dag, gjetar, sau, ku, englar, Josef og Maria og på julaften Jesusbarnet.

mandag 3. desember 2018

3.desember

Adventskalender.

Då eg var lita var det grunn nok til å stå opp ein kald desembermorgon. På kjøkkenet hang eit strieteppe(jada, dette var 70talet!) med 24 små sokker sydd i filt, trur dei var raude, gule og grønne. Og påsydd dato. Oppi kvar sokk låg ein liten ting. Noko har skjedd på vegen til dagens samfunn. Eg var med å pakke kalenderen som eg og lillesøster delte, eg viste akkurat kva eg fekk! Ein seigmann eller ein fox til kvar. Men det var ein liten ting kvar dag! Og det var utruleg stas!

Før striekalenderen vart laga, fekk eg nokre år eit bilde med 24 luker. Av og til med bilder bak, og eit år med små figurar. Max 2 cm høge, av plast. Snakk om lukke! Trur eg har nokre av dei enno.

Iår har eg kjøpt sjokolade- og tekalender til meg og mannen. Første dagen gløymte vi å åpne! Får tru det går seg til.

Eg fekk ein mystisk konvolutt i posten i november. "Åpnes 1. desember. Ikke før!!" Då eg åpna den, viste det seg å vere ein liten adventskalender, som og kan vere lyslykt. Ei luke pr dag, med små bilder bak luka. Nydeleg! Nostalgi! Og ei veldig fin gåve! (Den er forresten lettare å huske på enn sjokoladekalenderen!)


Og idag startar vi adventskalender på jobb. Eg er kalendergeneral og håpar riktig mange blir med! Det er artigast då!

søndag 2. desember 2018

2.desember

Og 1.søndag i advent. Det er noko spesielt med desse søndagane i advent. Stå opp, tenne lys og synge adventssang (for det gjer vi, sjølv om ve er berre to vaksne heime) Kanskje er det nesten mørkt ute, litt kaldt i stova. God frukost. God tid. Og masse forventning (og bitte litt julestress)


Vi har ikkje fast adventsstake, av og til er det kubbelys på fat, av og til lys i 4 ulike staker eller i ein adventsstake. Men 4 lilla lys, litt pynt og vi startar offisielt nedtelling til jul!
I år har vi 4 kubbelys på eit messingfat frå ein bruktbutikk. Einekvister frå skogen og lilla glasskuler kjøpt ein gong for lenge sidan.

No tenner vi det første lys
åleine må det stå
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå


lørdag 1. desember 2018

1.desember

Vi er igang! Det er desember, det er advent og huset er pynta! (men ikkje rydda og vaska, for planen om det utgjekk visst etter dagens tur i skogen på blankis=overanstrengte balansemusklar, ut for å handle både det eine og det andre og før nemnte pynting.)

Men iallfall pynta. Lilla dukar, lilla lys, lysestake i kjøkkenvinduet og stjerne i stoveglaset. Det blir så fint og det gjer så godt med meir lys.

Eg har ein hårete ambisjon, og det er blogging kvar dag i desember. Vi får sjå om det går, men eit par glimt frå juleførebuingane og nissar og englar og pynt skal eg kunne dele med deg. Og kanskje litt om julemusikk? Den tek vi ikkje lett på her i huset! Eg har den merkelegaste julemusikken! Og heile familien er einige om at det blir ikkje jul utan.

Dagens desemberbilde blir dette:

Juleskogen

Eg har min eigen juleskog. Eg er veldig lunken til nissar. Men då eg i fjor fekk ei nissejente som trillar barnevogn frå lillesøster, fann eg ut at denne måtte opp og fram i lyset.

Nissefrøken med vogn

Og saman med henne, ute i skogen (ser du dei kobbarfarga juletrea til høgre og bak?) kom eit par reinsdyr og nokre andre nissar! Dei bor i ei hylle på tv-stova og dekker nissebehovet mitt.

Og i morgon er det 1.søndag i advent! (og kanskje vi huskar å åpne adventskalender vår då?)

onsdag 28. november 2018

Julehamster

Igår var det start på julematlaging. Det er jo koseleg arbeid.

Men det er andre ting som er kjekt også! Eg er ein hamster! Eg er tradisjonsmenneske, eg likar å ta fram julekoppane min når det blir jul, eg må ha det samme fatet å legge lefser på og eg drikk jule-te.

Og her kjem hamstring inn i bildet. Eg har allereie tre sortar jule-te i hus, Jada! Eg har kjøpt adventskalender.

Og eg har nye novemberkoppar. Eg kallar dei novemberkoppar, eller vinterkrus, alt ettersom. Eg fann 5 stykker på salg etter sist jul. Store, rause krus. Raude, med fint mønster. Taiga-krus frå iitala. Så klart eg ikkje trong dei! Dei vart lagt i ei kasse i kjellaren, og så håpa eg at ingen skulle legge merke til at vi hadde fått nye koppar. Det var litt mykje å håpe på, kan du seie. Og no fann eg nettopp eit sjette krus, på salg. Så klart  5 6 krus er passe. Iallfall om eg ryddar bittelitt i skapet.


 Minimalisme er visst ikkje mi greie!


Men jule-te i nye krus, det er fint det! Og grovt brød med appelsinmarmelade og ei pepparkake til "dessert". På eit fat eg ikkje veit kvar kjem frå.



(Og eg har ikkje sagt noko om det andre juleserviset eg har byrja samle på. Det ligg i kjellaren enno, men skal fram i løpet av desember. Eg må berre rydde litt i skapet på kjøkkenet, som sagt)

Solnedgang i november

Det har vore mange fine solnedgangar i november. Her er gårsdagens solnedgang. Sett frå stova vår.


Og vips er det snart desember.

tirsdag 27. november 2018

Husmorpoeng?

Overskrifta skrik etter ros, men det skal du ikkje bry deg så mykje om :) Eg kjenner berre at eg syns eg har vore flink idag og har lyst å vise deg!

Eg vakna med ein heil dag til disposisjon, og eg hadde planlagt litt igår. Etter frukost var det skogtur. Snø, sol og ganske kaldt. Å gå tur, fryse på nasetippen og kjenne at ryggen og skuldrene lausnar meir og meir. Det var godt!



Det er snart jul, seier kalenderen. På laurdag er det 1.desember. Eg er førebudd, eg har kjøpt adventskalender som eg og mannen skal dele, med te og sjokolade! Så får vi sjå om det blir noko til ungane når dei kjem heim til jul. Men elles er eg litt bakpå.... Eg har ikkje kjøpt ei einaste julegåve. Og eg har nokre å kjøpe. Pyttsann, det blir vel etterkvart?

Men jul er ikkje berre gåver, det er masse tradisjonar. Og mat er tradisjon! Idag har eg bakt julebrød, etter oppskrift frå Trines matblogg. Den oppskrifta har eg brukt fleire år, dei blir alltid bra. Også iår. No har eg ete julebrød med brunost til kveldsmat, og drukke julete til! (og eg reknar med at eg må bake ein gong til, dei varer vel ikkje til jul...)



Eg har sydd lammerull. Kvart år lurer eg på om eg orkar, men det blir (nesten) alltid lammerull. Iår med løk og ekstra krydder. No ligg den i kjellaren og samlar smakane, så skal eg koke den på torsdag.



Og eg har laga grisesylte. På den enkle måten, med ei ribbe med masse krydder. Det brukar bli bra, og med alt krydderet eg har brukt, luktar det jul i huset no! Den skal også kokast på torsdag.



Etterpå, for å toppe alle juleførebuingane: Eg kjøpte sviblar idag. Dei har eg sett i glaskrukker, med mose og kongler. No skal eg vente til laurdag, før eg finn fram kassa med adventspynt. Eg treng meir lys, og gler meg til å henge opp stjerna og nokre lyslenker.



mandag 26. november 2018

Stemningsbilder frå november

Vi var i Romsdalen i helga. Det var sol og kaldt, og motiva sto i kø. Her er nokre stemningsbilder frå helga.

Skotet og eit pæretre

Huset heime

Rim på ruta

Kaldt ute!

Åndalsnes