Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg

søndag 10. mai 2020

Søndag i mai

Sove lenge, ete god frukost med mannen. NRK Klassisk og laurdagsavisene.
Puslespel og NRK P2.


Gå tur i skogen.
Ligge litt til lading på sofaen.

Søndag altså!
(og ja, det er snø. Nysnø i mai!)

torsdag 12. september 2019

Å ta seg tid til å sjå

Eg likar å vere ute på tur, men ofte likar eg også presse meg sjølv til kjappe rundar, og ikkje rusle rundt. Trenign og kondis og alt det der.

No har eg vore tvinga til å gå sakte, og då får eg tid til å sjå meg rundt. Det er noko med å ta seg tid, eg skal ikkje love at eg skal gjere det mykje, men litt meir kanskje, for då ser eg og opplever andre ting.






Eg rekk ikkje ta inn alt dette når eg går fort, det får bli ein øvelse å gå saktare... Ekornet eg møtte, hadde ikkje reflektert over å oppleve naturen i meir sakte tempo, så det klarte eg ikkje å fange på bilde!

mandag 26. august 2019

Å få mest mogeleg ut av ei helg!

Eg syns på mange måtar at eg har "maxa" denne helga, eg har verkeleg brukt den godt, fått med meg mykje og samtidig slappa av!

Fredag var eg i 59 år og 364dagars -dag (eller 60årsfeiring ein dag for tidleg). Kjempefin fest! Strålande jubilant, bra gjester og god mat. Eg skulle gå tidleg heim, men endte vel med å vere sistemann ut døra.

Jubilanten dansar flamenco, her illustrert
av ei dukke!

Laurdag pakka vi bilen men dyner, kaker og turklær (og junior) og sette kursen mot Romsdalen. Eg likar godt å feire fødselsdag, og av og til må ein oppsøke gjestene  og lage selskap andre stader enn heime. Aldri for gamal til å feire! Blåbærkake og havrekjeks er godt, og svigerinna mi hadde med nyplukka plommer. Alle vart mette, og det var kake igjen!

Blåbærkake

På søndag rakk vi ein liten fjelltur, i bratt terreng, eller det junior kallar effektive høgdemeter. Det betyr brattare enn komfortsona mi. Men fabelaktig utsikt!
Litt meir familietreff, og så heim med bilen full av skitne turklær og nyplukka plommer.
Junior har fotografert mor som
fotograferer seg sjøl!
#metafoto (heiter det visst)

Heilt grei utsikt!

Vi starta nede ved husa.

Men det var litt vanskeleg å reise, for været var bra, det var varmt og det var mykje fint å sjå på! Smake på og plukke.


"Epler og pærer plommer, de vokser på trærne
når de blir modne, så faller de
NED!"

Men vi får tru vi rekk å plukke mesteparten før det!




Tross mykje program, ei bra helg! Det er godt for hodet å ikkje ha tid til å tenke på jobb, for eg tenkjer mykje på den resten av veka. Det går betre, men det er mykje nytt enno.




Så med ei slik bra helg bak seg, får det heller vere at eg starta måndagen med å miste ei halv tann og må til tannlegen på fødeselsdagen min...

mandag 12. august 2019

Blåhø

På torsdag fekk eg melding frå ei venninne som bor i Oslo at ho kom til Trondheim på søndag. Eg lurte på om ho ville komme på søndagsmiddag, sidan eg var åleine heime. Ho kom med eit motforslag; kunne ikkje eg ta toget til Oppdal laurdag ettermiddag, så kunne ho plukke meg opp og så kunne vi ete middag på Gjevilvasshytta, overnatte der og ta ein liten fjelltur på søndag?
Det kunne eg jo. Og det vart ei veldig bra helg!



På laurdag åt vi ein god, stor middag, snakka med andre på hytta, oppdaterte oss på kvarandre sin kvardag og kom aldri så langt at vi fekk planlagt kvar vi skulle gå på søndag.
Søndag vakna vi til delvis skya himmel og sol. Vi åt god, lang frukost. Det var så mykje godt å velge i! Ikkje minst heimebakt havrekjeks og geitost...snakk om god frukostdessert. Kunne jo ete fleire av den, sidan vi skulle ut på tur.

Om det vart ein liten tur, kan vel diskuterast. Vi valgte oss Blåhø, dit var det 12 km. Toppen er 1671 moh og det vart ganske mange høgdemeter opp dit. Men været var bra, turfølget topp og formen passa til forhalda. Vi prata oss opp lia, fann ei moltemyr vi gjorde vårt beste for å tømme. Vi gjekk innover fine stiar og traff andre turfolk. Det var drikkepause og nistepause og pause for å lette på antrekket.






Opp her gjekk stien!

Det var ein skikkeleg bratt bakke, og eg var litt usikker på om eg gleda med til å gå den ned igjen... Men det gjekk veldig bra! Toppen var luftig, men eg satt langt innpå og kikka ikkje ned den stupbratte fjellveggen. Vi skulle eigentleg berre opp og snu, men sidan været og utsikta var så bra vart vi sittande lenge, prate, ete nista vår og ta bilder.

Utsikt frå toppen
Fornøgd tindebestiger
Eg hadde ein fantasisk fin tur.  Eg kjenner at det var akkurat det rette, etter første veke på jobb, å få gå. Berre finne kvar foten skulle settast og gå og kjenne at eg vart sliten, men glad (at eg idag går litt stivt er berre på grunn av blemmer under fotsolane, men det går snart over!) No lurer eg på kvar eg skal gå neste gong, og når eg har tid neste gong.

Regnet kom akkurat i det vi skulle skifte sko og klær ved bilen. Godt beregna! Etter det har det stort sett regna...

Takk til Stine for impulsivt turforslag! Og idag har eg ete multer med fløte til dessert.

tirsdag 21. mai 2019

Årets første

Livet på bøljan blå. Seiltur. Livet med båt +++masse andre klisjar.

Kva treng ein på tur når ein skal vere borte eit døgn...


Fakta er at sjølv om eg grua meg, såg litt svart på å handle og pakke og komme oss avgarde 18.mai, rydde inn i båten og ein del anna, så vart det bra. Sjølv om det bles ganske mykje meir enn varsla. Sjølv om det var dønningar. Eg fekk båt, eg fekk sol og eg fekk tur!

Blå himmel og hav
Fruen fra havet med vind i håret

Mannen er tålmodig og pedagog, så vi sette ikkje opp segl før eg hadde fått passe kursen og rokult og fart ei god stund. Med segl gjekk det fort, vi kryssa oss ut fjorden (ikkje spør, men det er det det heiter)og fann hamna vi skulle til.

Naboar på sjø og land.
Ny standard på båtturmiddag
Tradisjonell båtfrukost! 
Vel framme ved hamn, hadde vi selskap av naboane i byen, vi fyra grill og prata og åt potetgull medan vi venta på at lammelåret var ferdig på grillen. Lammesteik, tzatziki og potetsalat i solnedgang ved kysten er fint! (og det finns ikkje eit bilde som beviser eller motbeviser dette)














Eg sov slik passe godt, vakna og såg at sola var på veg opp. La meg igjen og vakna til duskregn. Frukost med egg og bacon, gåtur (og flått) og båttur heim igjen. Fortsatt dønningar. Men no, nokre dagar etter er det sol og vennskap eg huskar!

fredag 1. mars 2019

Skiføre!

Det kom snø. Det vart snø i marka. Det vart køyrt løyper.

Oh lukke!!!
Etter jobb var eg kjapt heimom, skifta, tok med ski og stakk i marka.


Ei humpete veke på jobb. Det har vore møter, diskusjonar, forvirring, sinne, godt kollegaskap og vanleg jobb. Det er slitsomt, men snart fell dommen. Det krever si kvinne å stå i dette. Men det er ikkje noko val akkurat no. Nokon andre vel for meg at eg må endre jobbkurs, heilt utan at eg blir spurt. Eg må henge på...eg les stillingsannonser, skriv søknader, lurer på om jobben kan bli redda i 12.time og kva vil eg då?


Nettopp no og difor er det GULL og GLEDE  å kunne spenne på seg skia! Gå. Motbakkar (eg hatar motbakkar, men det er dei som er best) gode spor og friske nedoverbakkar. Få opp pulsen, kjenne at eg blir sliten og blir svett. Å gå er terapi! Berre prøv!


Nysnø på trea, kan det bli finare??

Og etterpå vart det fredagskveld saman med mannen, god middag, god tid og lave skuldre.


«Tap for all del ikke lysten til å gå: jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag og går fra enhver sykdom; jeg har gått meg til mine beste tanker og jeg kjenner ingen tanke så tung at man ikke kan gå fra den.» 
Søren Kierkegaard

onsdag 5. desember 2018

Winterwonderland

Idag gjekk eg til og frå jobb, eg klarte å la bilen stå i ro. Ein halvtimes tid i nysnø og winterwonderland. Og lyset som kom meir og meir.




Og rett etter at eg kom på jobb, kom sola. Alt var rosa, alle hus, himmelen og nabohusa. Eg sneik meg ein tur ut for å sjå og nyte desembermorgonlyset!



Heim att var det snøkave det meste av vegen og eg vart meir og meir enn snømann, slo fast at eg hadde valt feil jakke og feil vottar. Betre lukke neste dag!




No håpar eg veldig at snøen legg seg, det er så lyst og fint med snø! Og i fjor var skisesongen godt igang på denne tida, eg berre nemner det.

tirsdag 13. november 2018

Novemberdag

Enkelte dagar er heilt greie.
Når nattas regn blir til sol. Når det ikkje var eg som vart henta av flytaxi kl 04.50 og difor kunne kunne snu meg og sove vidare ei stund. Når det er tid til tur i skogen i dagslys og sol. Når vindmøllekamp gir resultat, enno ein gong, og ting fell på plass. Når solnedgangen er novembervakker.






Eg tåler fleire slike dagar!

søndag 9. september 2018

Tyttebærsøndag

Etter felles frukost med mannen og musikkjunior, og gudsteneste, var eg klar for tur.
Eg visste at skogen var full av tyttebær, og eg har ikkje har ikkje hatt tid til å plukke. Idag vart det tur. Og full bøtte med tyttebær! Åh, så godt for humøret! No har eg renska og sylta og bæra har kome i frysaren (og eg har ete tyttebær og yoghurt til kveldsmat)


Skogen har byrja å få haustfarge. Det luktar godt av bær og lyng og myr. Det var masse folk i skogen, det forstår eg godt. Eg prøvar få planlagt inn ein tur i skogen til veka også! Det står att masse bær. Å vere i skogen er mi beste oppskrift for lave skuldre og er ein slags mindfullness.




Mannen leita etter sopp. Han fann ikkje så mykje, dessverre. Men han fann ein elg, som skvatt då det viste seg at dei delte territorium ei lita stund.