Viser innlegg med etiketten september. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten september. Vis alle innlegg

tirsdag 18. september 2018

Haust

Hausten er mange ting.

Dei klaraste dagane med sol frå skyfri himmel.
Dei gråaste dagane med regn og eit så kaldt drag i lufta som du ikkje har kjent sidan tidleg på våren.
Dagar då det passar å ta fram eit tjukt skjerf og vottar på veg til jobb.
Dagar då det å sykle gir naglebit til langt utpå dagen.
Dagar der ein frys fordi ein trudde på værvrselet og ikkje tok ulljakke.
Dagar då ein har altfor mykje klær på, fordi ein trudde på værvarselet og tok ulljakke.
Tyttebær i skogen. Mange, raude skattar som kan bli syltetøy eller trollkrem. Har du smakt trollkrem med heilt modne tyttebær, rik på smak av haust og for min del barndom? Bortsett frå at eg likar trollkrem betre no enn eg gjorde då.
Sopptur saman med mannen. Eller, tur saman med mannen, han plukkar sopp og eg går ein ekstra runde og finn litt bær.


Haustfarger på trea og lyngen i skogen. Og på hekken rundt huset. Lauv som fell på plena (og hageblomster som skulle vore rydda bort og kjøkkenhage som skulle vore klargjort for vinteren)
Butikken full av norske epler og masse rotgrønsaker! Eg får lyst å berre kjøpe pga fargene og luktene! Og bake opp eplekake på eplekake, bake rødbeter og ete med fetaost... Brokkoli bakt med salt og chili. Fårikål. Grønsakssuppe. Nam!


Å vakne på morgonen og høyre regnet tromme på ruta, og prøve å huske om det er tirsdag eller laurdag.
Drikke tekopp etter tekopp og brenne lys og lese bok.
Den første dagen med vedfyring. Lukta av bjørkeved, og roa i å sjå på flammane i omnen. Vi hadde den i helga. Og vi har bua full av ved, så det skal bli fleire helgemorgonar der eg fyrar opp og et frukost i sofaen medan eg høyrer på NRK Klassisk og les avis.

mandag 17. september 2018

Ut på tur!

Og denne gongen skal eg lenger enn til lokal skog!

Eg skal til Italia! Landet med pizza, pasta og gelato... Nam!
Eg har aldri vore der før, no skal vi reise saman med ein heil gjeng gode vener. Programmet er lagt, vi skal både få med oss Cinque Terre, Lucca og mykje anna.

Cinque Terre
http://www.domondonart.com/product/cinque-terre-italy-maranola-pink/
Det eg forbind mest med Italia, er turen mamma og pappa var på der i 1973. Eg var 5 år, og syntes nok dei var langt vekke. Ikkje at eg huskar det, for eg var saman med storesøsken og besteforeldre, men eg var nok ein mammadalt. Når eg oppfatta at Italia er ein støvel, huskar eg ikkje, men støvel=sko=lik bra land vil eg tru, no.

Då mamma og pappa kom heim, etter å ha sett på lastebilar og gravemaskiner, køyrt buss i Milano og sett at nokon rett og slett bar vekk ein liten Fiat som sto i vegen for trafikken, vanka det gåver! Storesøskena mine fekk tyggegummi (dei fekk sikkert noko meir, men eg huskar best tyggegummien!) Dei fekk kvart sitt metallskrin med tyggis, det var uendeleg mykje tyggis! (for ein 5åring) Eg trur eg fekk ei pakke, eg var for lita fro meir. Men eg fekk dukke! Som kunne gråte, og synge. Trur det var noko eg hadde ønska meg. Eg var litt skuffa over at ho hadde mykje svart hår og festsminke, men det var ei babydukke, basta! Ho skreik, eller sang, når du sette plate inn i ryggen på henne. Ho vart døpt same dag som kronprins Haakon Magnus, i eit gult, stort badehankle. (huskar ikkje om ho hadde noko namn, eigentleg, kanskje det var Sonja eller Märtha?)

No skal eg pakke, for ein tur tilbake til sommaren, for værvarselet er svært lovande for sandalar og sommarkjole. Eg har leita fram passet, reisehåndbok, lesestoff. Idag har vi bestilt togbillettar frå Milano til La Spetzia. Eg må telle pengane mine, det er så mykje eg har lyst på. Parmesanost, parmaskinke, is, salat, tomat, fin middag, sko og vesker. Vi får sjå.

Eit snev reisefeber og nesten tre dagar til avreise!

søndag 9. september 2018

Tyttebærsøndag

Etter felles frukost med mannen og musikkjunior, og gudsteneste, var eg klar for tur.
Eg visste at skogen var full av tyttebær, og eg har ikkje har ikkje hatt tid til å plukke. Idag vart det tur. Og full bøtte med tyttebær! Åh, så godt for humøret! No har eg renska og sylta og bæra har kome i frysaren (og eg har ete tyttebær og yoghurt til kveldsmat)


Skogen har byrja å få haustfarge. Det luktar godt av bær og lyng og myr. Det var masse folk i skogen, det forstår eg godt. Eg prøvar få planlagt inn ein tur i skogen til veka også! Det står att masse bær. Å vere i skogen er mi beste oppskrift for lave skuldre og er ein slags mindfullness.




Mannen leita etter sopp. Han fann ikkje så mykje, dessverre. Men han fann ein elg, som skvatt då det viste seg at dei delte territorium ei lita stund.

mandag 3. september 2018

September

Trur rett og slett eg må starte med eit septemberinnlegg, sjølv om eg må vise litt av 50-årsfesten og feiring både her og der. Det får bli i eit eige innlegg.

Men no er det september. Det er lenge sidan eg har blogga, livet skjedde, med så mange innslag, både gode og mindre gode. No har vi landa på beina igjen, også dei rundt oss, vi er ferdige med sjukehus og selskap og reiser for nokre veker, får vi tru. No rekk eg tenke heile setningar og i morgon har eg fri. Etter jobb idag har eg sortert skitne klær, vaska klær og bretta klær, eg har bakt brød og gått tur. Hatt besøk av ingeniørstudenten, ete opp eplepaien frå sist veke, løst litt kryssord og sett tv (veit ikkje når det skjedde sist!)
Ein ting er forresten ikkje på plass, bilen fekk litt hikke på tur heim frå jobb, og så byrja det lyse ei varsellampe... Eg er i mot slike varsellamper! Må få tak i verkstedet i morgon, og høyre kva vi gjer no. Eg tørr iallfall ikkje kjøre lenger enn til verkstedet før eg veit kva som er galt!

I helga var vi i Romsdalen (heldigvis var bilen frisk då). Der var det varm seinsommar, fine farger, modne og nesten modne plommer og epler (og litt vondt i magen). Kyr på beite, blikkstille fjord, sein frukost, familie og middag hos mamma og pappa fleire dagar. Lunsj på trappa, aviser, strikking og prat. Tenkte du skulle få eit bildedryss derifrå!

Og eit lite lesetips, eg rakk lese ei god bok innimellom! "En ulastelig mann" av Jane Gardam. Det er første bok i ein triologi, og handlar om Imperiets barn, folk født tidleg på 1900talet, som vaks opp på kostskule i England med foreldra langt borte. No skal eg ha dei neste bøkene i triologien! Eg må lese heile historia!

Kveldsstemning

Morgonstemning









Frue med kreaturer


tirsdag 26. september 2017

"Indian summer"

I Trøndeleg er det indian summer, det er sol og varmt, til langt på kveld. Det blir mørkt, og det er framleis lunt ute.
Igår gjekk vi kveldstur i mørke, under stjernehimmelen. Idag har vi gått i skogen, i t-skjorte og shorts. Folk smiler og nyt godværet. Sommerkleda er i dagleg bruk. Ullgenseren eg har strikka meg må berre vente, same kor fin den er!

Sommarkjole og ullgenser. Mest til ære
for fotografen.

Det er godt med sol og varme, men det er ein bismak... Er det klimaendringane som gjer at verda oppfører seg slik!? I så fall er det ikkje berre greit. Er dette det same som gjer at det er orkanar i kø i Karibia?


Samtidig nyt eg været! Gler meg over at eg framleis kan lufte sommarkjolen og lette sko, at vinterdyna og ullteppa kan ligge på loftet ei stund til og at eg enno har tid til å bestille vinterved. Eg er inkonsekvent på ein måte!


September er framleis sommar, og starten på hausten og ikkje minst vinteren... Det fine lauvet skal snart falle ned og bli til jord, den bæra som ikkje blir plukka dett ned og rotnar bort. Slik er årets, og livets, gang.

SEPTEMBERKVELD
Ein still og sval septemberdag
går under i sitt blod.
No står i loge ås og li
og bjart brenn myr og mo.
Og vinden ror i gullskirt lauv
og varslar kjøld og snø.
Så er alt vår og sommar slutt.
No ventar haust og død.
Det susar smått om stille tun
der osper står og blør
og bjørker over bleikna hå
sin visne rikdom strør.
Men åkren løfter korn på staur
mot dagsens siste eld.
Så sloknar himmel, folnar jord,
og kveld og mørker fell.
Og lysa døyr i alle hus
med stjerner stilt blir kveikt,
og natta rår om all vår jord,
og hjartet slår så veikt
som var alt vår og sommar slutt,
meir vonlaust slutt enn no,
som skulle hausten svale snart
mitt eige heite blod.
Halldis Moren Vesaas