søndag 29. mars 2015

Eit glimt av søndag (vekestart veke 14)

Søndag, og eg har jammen klart å legge ut eit glimt av kvar dag denne veka.
Idag må det bli kakebilete. Eg bakte sitron- og valmuekake igår, oppskrift kan du feks finne her. Eit glimt av fornuft sa meg at vi nok burde ha gjestar! Og det fekk vi. Kjekt!

Påskekake!
Vi åt den med lemoncurd og krem til.


Å kunne sitte saman nokre ettermiddagstimar, ete godt, prate om laust og fast, både alvor og mindre alvor, berre vere saman er godt!

Vennskap

Hva jeg søker i vennskapet
Nesten ingenting og likevel mer
enn jeg kan finne alene. For ennu leter jeg
og jeg søker ikke lenger trøst og trygghet
ikke engang bekreftelse søker jeg
Det har jeg fått eller stjålet som barn
Det forsøker jeg å gi mitt eget barn
Jeg er langt over førti år
Det er ikke mer å hente av slike ting
Min ensomhet blir ikke mindre av å støtte seg
til andres

Hva er det da jeg søker
Jeg går og bærer på biter av visdom
brokker av mening, ilanddrevne skår av
skjønnhet, bruddstykker som ikke passer sammen.
Og det jeg søker er noe som stemmer med mine
funn, de få og forferdende øyeblikk
da mine ord og en annens ord
plutselig faller på plass i hverandre
Og jeg ser mer enn jeg kan se alene
Jeg ser!

Stein Mehren 

Ønskjer deg ei strålande god påske! 
Det kjem nok nokre påskeglimt innimellom.


lørdag 28. mars 2015

Eit glimt av laurdag

Dersom eg hadde huska å ta bilete, kunne eg vist fram 32 rundstykker, 3 loff og ei kake med sitron og valmuefrø! Men nei, eg gløymte det før eg rydda opp og fraus ned det vi ikkje skal glede oss med til frukost.
Eg laga lemoncurd av eggeplommene som vart til overs etter baksten. Og den har eg bilete av! Den skal vi ett saman med kake og krem i morgon! Eg har aldri laga det før, og fann ikkje noko oppskrift som passa heilt ;) så det vart litt ad hoc, men det vart bra:
6 eggeplommer
50 gr smør
-rørast saman i ein kaserolle
Tilsett safta av 2 sitronar(og reve sitronskal, dersom du ikkje allereie har brukt det opp i kaka, som enkelte det kan vere naturleg å trekke fram hadde gjort)
-varm opp, sakte, med stadig røring(eg brukte iallfall 20 min) til det tjuknar
125 gr smør smeltast inn i massen under stadig røring(det er mykje røring) og sett til avkjøling.

Etter avkjøling fyller du det på glas, haldbart ca 3 veker i kjøleskap.
Ekte påskefarge!

Smakar kjempegodt på nystekt loff!!
Ellers er det godt til kaker, på scoones saman med krem etc.

Det eg eigentleg skulle gi deg eit glimt av, er turen eg hadde i skogen idag.
Det var skikkeleg påskestemning! Sol, snø(ok, ein del is også, det var perfekt med piggsko) varmt, lite folk, fuglesang etc. Eg kosa meg! (og eg er støl sånn i etterkant…det er mykje motbakkar i Estenstadmarka!)

Og med ein slik bustete hårsveis(bustetroll, med andre ord) er eg på lag med andre skogtroll!

fredag 27. mars 2015

Eit glimt av fredag

Påskeferien er her!
Det er lave skuldre og sakte tempo. Det er diverse planer for feriedagane, men i kveld gjer vi lite! Det er godt og sunt, trur eg.

Fredagsmiddag med pai med løk, skinke og spinat.

Det var fredagsstemning og eit drag av "snart ferie" i lufta på jobb idag også. Vi sa farvel til ein kollega som skiftar jobb etter 24 år, det var kake og talar. Og utlodning av påskeegg! Eg vann ikkje, sikkert like sunt. Men jammen blir ein som barn igjen ved sjansen til å vinne eit egg fullt av smågodt!

I morgon er plana å få fram påskedukar og divers pynt, men først må det ryddast. Så kvelden i dag skal nytast i sofaen!
God fredagskveld!

torsdag 26. mars 2015

Eit glimt av torsdag

Eller "slik lever dei der", kunne og vore overskrifta.
På baksida av huset vårt ender tomta mot ein fyklesveg som har vore planlagt oppgradert sidan vi flytta hit for 20 år sidan. Det går 30 bussar der i timen i rushen, så vi gler oss på at det blir oppgradert.
Og no skjer det. Etter 20 års venting.
Då ungane var små, turde eg nesten ikkje la dei leike bak huset, fordi det er rett ut i vegen med mykje trafikk. Skitten av alt vegstøvet var det og.
Men no bur vi altså på sida av omlegging av veg, kloakk, gangveg, bygging av støyskjerm etc. Dei har fellt masse bjørketre, dei har gravd, fyllt på masse, tomta vår blir brukt som lager for ein masse metallrør(eg veit ikkje kva dei skal brukast til) Og innimellom hoppar eg høgt av alle lydane, har du feks høyrt lyden av metallkontainer dratt etter gravemaskin på asfalt? Det er ikkje noko ein gløymer med det første.
Eg gler meg til det blir ferdig, då blir baksida av huset meir brukbar. Men det er først i 2017… først er det 2 år med anleggsarbeid, delvis i vår hage.

Idag såg det slik ut, hushjørnet til vestre.
Litt spent på om kjøkkenhagen som du glimtar til venstre
vil få plass og ro i år.


 For ei veke sidan var det slik.


Og for tre veker sidan tok dei ned trea våre.

Men når det blir ferdig, med støyskjerm og grøn mark igjen, drøymer eg om frukttre og drivhus bak her. Her kjem kveldssola også, særleg når all skogen er borte. Så kva med eit lite lysthus?!

onsdag 25. mars 2015

Eit glimt av onsdag

Eg gler meg til påske! Eg gler meg til å finne fram pynt og sette utover, legge på vårlege dukar og ha lyse farger på blomstrane!
Og eg klarte ikkje vente lenger då eg fann dei søtaste påskeharane :) Men desse lever farleg, villdyret lurer på byttet.

Leoparden lurer på byttet


(og så vart det visst to glimt av onsdagen, for eg må vise fram kor blå himmelen var då eg gjekk til jobb idag, og der fekk eg fram at eg gjekk :) For første gong på lenge, rett nok.)

Ok, litt stram i maska vart eg i konsentrasjonen over fotografeinga.

tirsdag 24. mars 2015

Eit glimt av tirsdag

Idag har eg ein slags fri. Eg har nytta høvet til å sove litt lenger enn vanlig.  Eg har gått tur og vore innom IKEA. IKEA er nok av det kjedeligaste eg veit...jada,  dei har mykje, det er litt å sjå på, ting eg plutseleg kjem på eg treng. Men det tek så lang tid, og dei eskene eg skulle ha flere av, finnes ikkje lenger. Eg fann andre, eg har kjøpt tulipanar og ramme til eit bilde som har ligge lenge på vent. Eg klarte å unngå å kjøpe servietter,  lys og batteri! 
Men før alt dette åt eg frukost.  Eg drakk te og åt omelett med masse brokkoli, løk og basilikum. Eg las avisene, på papir! Eg høyrte radio. Eg prøvde med varierende hell å ikkje surfe på nettet.  Eg hadde lys og levande blomster. 
Det passar med hashtag #kvardagsluksus #luksus etc 

mandag 23. mars 2015

Eit glimt av måndag

Eg har gått tur i skogen idag. Det slo meg undervegs at eg nok burde tenkt på at det ikkje er like mykje vår i skogen som i byen… Isen låg blank og glatt over heile vegen. Heldigvis finns det stiar inni mellom trea, og der var det bart, så eg kom meg fram. For eg hadde naturlegvis tenkt at joggesko var rette fortøy, og ikkje piggsko. Neste gong kan det vere at eg tek piggsko :)


Men der isen hadde smelta, var det herleg sørpete og skittent! Eg er glad vi har vaskemaskin, slik at eg berre kunne kaste alt eg hadde på meg, inkuldert sko, rett dit då eg kom heim!
Og med ein tur i skogen, har ryggen fått rotasjonstrening for idag.

Så får vi sjå om eg klarer kome med eit glimt av tirsdag i morgon.

søndag 22. mars 2015

Vekestart veke 13

Kva retning skal eg velge?

Ei veke er til ende, ei ny skal starte.
Helga har brakt med seg rydding, vasking, snekring(ikkje for meg, men andre i familien) matlaging, frijazzorkersterøving i stova vår(heller ikkje eg) Heldigvis har det og vore tid til koseleg kaffebesøk hos vener og tur/fotosafari med mannen.
Eg gler meg over lysare dagar. Eg likar at fuglane syng når eg vaknar. Eg får lyst på lettare mat. Eg får lyst å vere ute(kunsten er å huske å kle på seg nok) Det er mykje som kjem fram når snøen forsvin, eg får lyst å rydde ute. Eg har funne fram dei GULE skoa mine, det er tid for lette sko og klær med farger! Så får det vere at snøen plutseleg er der i eit marsglimt!







Igår var det strålande marsvær med klar, kald morgon med sol. Idag var det kvitt ute… Slik er mars!
Men bilder av finværet har eg ikkje :)

men vakrest av alt
var snøen
som smeltet på pannen din
Jan Erik Vold

Heldigvis er marssnøen slik. Kjem fort. Fort borte!
Veka som kjem er litt transportetappe til påskeferien… Det er vanleg veke med jobb og skule, men lite ekstra som skjer. Det blir godt.
God veke til deg!

tirsdag 17. mars 2015

At det skal vere så vanskeleg!?

Eg har skaffa meg tennisalbue, eller epicondylitt om du vil. Og her er det på sin plass å sitere Øystein Sunde: "Og jeg som aldri har satt mine ben i en racket". Men lang tids feilbruk har sett seg fast i armen(og skuldra og nakken) og jammen tek det si tid å bli kvitt det! Enkelte ting går heilt greit, at eg ikkje kan strikke for eksempel. Det er verre at eg ikkje klarer halde ei bok særleg lenge, og at eg ikkje klarer å jobbe fullt. Og det er her det vanskelege kjem inn:
For eg går til fysioterapeuten, eg kjenner at eg får hjelp der. Eg kjenner at einsidig arbeid ikkje hjelp, så kvifor er eg ikkje flink til å variere? Eg kjenner og veit at trening hjelp, at å bevege seg hjelp, at det ikkje nyttar å gjere ingen ting. Så kvifor og korleis gløymer eg å trene?! Det tek ikkje lang tid heller, dei
få øvelsane eg skal gjere...



Så no ligg manualen slik at eg nesten snublar over den, treningsstrikken flyttar eg rundt slik at eg MÅ sjå den. Så får vi sjå om det hjelper. For no er eg lei av ei arm som ikkje virkar!


søndag 15. mars 2015

Vekestart veke 12

Det er VÅR! Eg er ikkje i tvil! Igår var eg i marka, og der er det snø, men "påskestemning" med sol og snøsmelting og blankis.

Idag har eg og mannen vore på sykkeltur til fjorden, sett blå himmel, kjent sola varme, funne hestehov, gått tur og prata.
I går hadde minstemann bursdag. 17 år! Tilfeldigvis har vi i det siste sett på gamle lysbilder, og vi fann den kassetten med bilder frå ei særdeles høggravid Kirsti, bilder undervegs frå fødsel og rett etterpå. Jaja, åra går… Junior har forandra seg, men det har heldigvis eg også… Og bilda er interessante sånn historisk, men kjem nok ikkje i album!

Men altså våren! Eg trur sånn med fornuften i bakhovudet at det kjem meir snø og kulde, eg har ikkje dratt fram hagemøblane(sjølv om junior og ein kompisgjeng tok fram nokre stolar og åt is i sola på fredag) Men eg orkar ikkje vere så veldig fornuftig, eg nyt været med heile meg! Eg går tur, lever med stovevindauga på vidt gap, eg lettar på antrekket, eg går i småsko og eg syng med i fuglesangen! (omtrent som lerka i songen:
Og vesle lerka,ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
så kved ho i med sin gladaste song,
så trur ho på vår med ein einaste gong.)

Vekestarten må bli nokre ord om våren :

Straks våren er her for fullt, skal han
rømme frå sjukeheimen. Han drømmer
om å sjå Jæren, Lofoten og Buenos Aires.
Han er 91, verda ventar.
Frode Grytten

Eg vil utpå tur! 
Og så eit lite bildedryss frå helga:

Nye piggsko er godt på glattunderlag

Snø, is og snøfrie tuer

Himmel!

 
Himmel og hav


I ein grøftekant lyste desse opp



søndag 8. mars 2015

Vekestart veke 11

Det er mars! Den første vårmånaden. Ute regnar det, når det ikkje sluddar då. Det er vind. Eg orkar ikkje ut og gå tur. Vi åt sjokolademousse til dessert, vi. Først sov eg, til levande musikk; "Over the rainbow" på kontrabass og gitar. Fint, særleg når det ikkje er regnboge ute.

Du som tycker
att dagar går
och livet flyr
Ta dig samman 
och gör nånting
onyttingt
Ingrid Sjösyrand

Som eg skulle sagt det sjølv!
Ha ei stålande veke!
Alt blir betre med blomster

Særleg når yttergangen eigentleg ser slik ut

mandag 2. mars 2015

Kva skal vi ha til middag?!

Eg likar å lage mat. Lage sunn mat, lage mat frå botnen, bruke tid på å lage mat.
Men…når eg er ferdig på jobb, veit at vi har kort tid på oss, kanskje rekk vi ikkje felles måltid og kjøleskapet er tomt, då blir det gjerne noko lettvint(og dyrt) som ikkje nødvendigvis er så godt heller. Det blir ikkje så variert mat på den måten, og ikkje så mykje grønt tilbehør.
Så etter jul kjente eg for å endre litt på innkjøpsrutinene! Eg skreiv om det her vekestart veke 6 No har vi prøvd nokre veker, og korleis går det?
Det går ikkje heilt strømlinjeforma, men eg prøvar planlegge veke på laurdag eller måndag, eg skriv lister før eg handlar og vi har ei slags grovplan for middagane. Så no tenkte eg å vise deg menyen for sist veke og kva eg planlegg for denne veka:
Veke 9
måndag: fiskeball m/ bacon, potet, gulrot og kålrot
tirsdag: pølseform
onsdag: fiskekaker m/ mangosalsa og fullkornspasta
torsdag: wok med svinekjøt
fredag: pizza med elgskjøttdeig og pizza med spekeskinke, blåmuggost, pinjekjernar og honning
laurdag: vart det aldri middag men vi fekk skinkemuffins i bursdagsselskap
søndag: fiskegryte frå Trines matblogg (eg brukte hyse, og hadde ikkje bacon)

Fiskegryte

Veke 10
måndag: pølsesuppe
tirsdag: fiskekaker i brun saus
onsdag: stekt fisk med potet og råkostsalat med gulrot, appelsin og rosiner
torsdag: fiskegryte med fløtesaus
fredag: pulled pork i wrap
laurdag:
søndag:

Dette er plana, men det kan jo være at det blir ei endring undervegs. Eg har handla utfrå denne plana, og då har eg det eg treng når vi kjem svoltne heim og tenåringane lurer på når vi skal ha mat!

søndag 1. mars 2015

Vekestart veke 10

Livet er ikkje alltid rett fram. Det er svingar, det er motbakkar, det kan til og med vere motbakke med sving så ein ikkje ser så langt framover…

Då er det godt om nokon rekkjer ut ei hand, og går ei ekstra mil. Opnar opp ei dør og inviterer inn, til omsorg. Det løyser kanskje ikkje problemet, men det kan gjere livet litt lettare.

Så idag vil eg dele eit av mine yndlingsdikt, eg veit eg har lagt det ut før, men kvifor ikkje repetere?

Det er langt mellom venner
Mellom venner står mange
bekjentskaper
og mye snakk.
Venner ligger som små lysende stuer
langt borte i fjellmørket.
Du kan ikke ta feil av dem.

(Kolbein Falkeid, 1978)


Å vere ei lysande stove for nokon, eller finne ei lysande stove, for ein rikdom!!!

Ha ei strålande veke! Eg håpar å få bety noko for nokon denne veka, og veit eg har fine folk rundt meg som betyr noko for meg!

Velkommen inn!