lørdag 28. mars 2015

Eit glimt av laurdag

Dersom eg hadde huska å ta bilete, kunne eg vist fram 32 rundstykker, 3 loff og ei kake med sitron og valmuefrø! Men nei, eg gløymte det før eg rydda opp og fraus ned det vi ikkje skal glede oss med til frukost.
Eg laga lemoncurd av eggeplommene som vart til overs etter baksten. Og den har eg bilete av! Den skal vi ett saman med kake og krem i morgon! Eg har aldri laga det før, og fann ikkje noko oppskrift som passa heilt ;) så det vart litt ad hoc, men det vart bra:
6 eggeplommer
50 gr smør
-rørast saman i ein kaserolle
Tilsett safta av 2 sitronar(og reve sitronskal, dersom du ikkje allereie har brukt det opp i kaka, som enkelte det kan vere naturleg å trekke fram hadde gjort)
-varm opp, sakte, med stadig røring(eg brukte iallfall 20 min) til det tjuknar
125 gr smør smeltast inn i massen under stadig røring(det er mykje røring) og sett til avkjøling.

Etter avkjøling fyller du det på glas, haldbart ca 3 veker i kjøleskap.
Ekte påskefarge!

Smakar kjempegodt på nystekt loff!!
Ellers er det godt til kaker, på scoones saman med krem etc.

Det eg eigentleg skulle gi deg eit glimt av, er turen eg hadde i skogen idag.
Det var skikkeleg påskestemning! Sol, snø(ok, ein del is også, det var perfekt med piggsko) varmt, lite folk, fuglesang etc. Eg kosa meg! (og eg er støl sånn i etterkant…det er mykje motbakkar i Estenstadmarka!)

Og med ein slik bustete hårsveis(bustetroll, med andre ord) er eg på lag med andre skogtroll!

1 kommentar:

  1. Imponerandes! Og så smart å laga lemoncurd; takkar for oppskrift, for det kan eg fort få lyst å laga i påsken saman med nokre scones.
    Her syng fuglane; vipene tek piruettar i lufta, tjelden flyg i flokkar og lagar dei somarslege lydar. Ingen snø, sjølv om det har vorte nokre grader kaldare.
    Må nok finna gode klede og gå tur - og tenk om eg treff på eit slikt lykketroll som på biletet ;)
    Ønskjer de ein fin påskestart!
    Siri

    SvarSlett