Viser innlegg med etiketten dagens tekopp. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dagens tekopp. Vis alle innlegg

onsdag 4. desember 2019

Adventskalender

I år har eg slått til med kalender til meg sjølv, av typen luksus og ganske svært dyr og eg veit ikkje kva!

Men eg gler meg over den, både innhald og utsjånad. Eg får god kvalitetste, kvar dag i desember (og lenger enn det, for det er rause porsjoner) eg tel ned til julaften og dagens te gir meg ein grunn til å sette meg ned og senke skuldrene litt (får tru det varer heile advent!)

I den rosa boksen er det te!

Alt ein treng for å kose seg!


Kalender med 24 skuffer! Og i skuffene er det ein boks. Og det er med bok,
så eg veit kor varmt vatnet skal vere og kor lenge teen skal trekke.





onsdag 25. september 2019

Tekopp

Eg skreiv vel om tekoppar i sommar også, då eg "plutseleg" hadde teservise til 18 stykker. Eg har vore innom Fretex nokre gonger etterpå for å sjå om det har dukka opp nye deler til dei koppane eg har. Eg har funne eit kakefat, og eg fann 8 asjettar til "det rifla" ein dag.

Men Fretex har mange skattar...og eg fann altså denne koppen ein dag!




20 kroner. Eit kupp. Det var berre ein kopp, utan fat under, men den var så fin, så den fekk bli med heim.
Eg har drukke te fleire gonger av denne, til sakte frukost med te frå kanne og aviser og radioen på P2 og ein kjeks til dessert.



Koppen har fint stempel under, og er frå Arabia. Det står også "38", så eg lurer på om den kan vere frå 1938? Det stemmer iallfall at stempelet er frå den perioden.
Eg hevar meg over dei som meiner eg har nok koppar. Så mykje glede for 20 kroner!


(og til mitt forsvar: Eg kjøpte ikkje to rålekre tekanner! Den eine i turkis og gull...kjenner eg angrar litt, men eg treng verkeleg ikkje fleire tekanner. Men står den der neste gong eg er innom, kven veit?)

tirsdag 9. juli 2019

Kjærleik

Heime hos oss deler vi på oppgåvene. Eg er ansvarleg for bekymringar, der er eg ansvarsfull og tek oppgåva på det største alvor. Særleg nattestid. Til no har eg hatt ansvar for å levere og hente bil på verkstad, og det har til tider ikkje vore nokon liten jobb. Tenkjer dei på verkstaden blir glade når dei oppdagar at eg skiftar jobb, og difor ikkje skal ha den oppgåva lenger. Eg kan vere litt hissig når det kjem til bil som treng reparasjon... Og eg er husets hamster. Eg har eit velutvikla hamstergen. Eg finn stadig ting vi/eg  treng, enten det no er sko, klær, mat, bøker eller andre ting. Ein sjeldan gong av og til viser det seg at dette trong vi vel eigentleg ikkje.
Mannen har ansvar for ein del andre ting, båten, halde igjen litt når hamsteren slår til, fotoutstyr etc.

Mitt siste tilfelle av hamster gjeld teservise, som eg oppdaga at vi ikkje hadde. Vi hadde iallfall ikkje akkurat det eg syns eg trong. Og eg fann jo tekoppar, hos Fretex. Men så hadde eg berre koppar og tefat, ikkje asjetter... Og korleis skal ein kunne ete sandwichar eller scones med lemon curd, krem og syltetøy utan asjett?? (Nokre vil vel seie at eg kan bruke andre asjetter, men...)

Spire,
både tefat og asjetter

Det riflede, kun tefat...

Ut på jakt igjen! Det går an å søke på Finn.no. Eg søkte på Finn.no, eg fann på Finn.no. Rett nok litt meir enn eg skulle ha. Eg skulle ha asjetter, det fekk eg. 7 stykker. Det var også med 7 tekoppar og tefat. Og eit serveringsfat. Eg avtala henting, og tenkte at når det først var i hus, så var det i hus.
Problemet var at eg hadde vorte forkjøla, eg hadde ei form som var heilt topp til å ligge på sofaen, med Ibux innabords kunne eg orke å sitte også. Eg tenkte at dette måtte eg berre la gå, eg orka ikkje kjøre 3 mil for å hente. Men mannen tilbydde seg å kjøre meg! Tross lite skapplass og eit ikkje like klart behov for fleire tekoppar, forsto han at dette var noko eg ønska meg. Eg hadde kanskje vore litt uklar på kor mykje eg skulle kjøpe...
Te frå Sverige bli betre i fin kopp!
Og med ingefærkjeks frå Sverige, servert frå
Mummihus kjøpt i Japan.

Så no har vi 10 tekoppar og 7 asjetter i "Spire", og 8 tekoppar i mønsteret "det riflede". Du forstår problemet? Eg har ikkje asjettar til "det riflede"!
Eg er på saken, eg har søk på Finn.no etter asjetter til "det riflede" frå Porsgrund. Og i morgon skal eg ein tur på Fretex for å sjå kva dei har!

Heldigvis syns faktisk mannen at eg har valgt eit to fine og elegante serviser, og han kjører meg nok når eg får tak i neste funn også! Tross fulle skap frå før. Eg trur det er dette som er kjærleik!

Det spørs forresten om eg snart skal  må invitere til eit teselskap. Det står ikkje på koppar!

Stockholm

Vi har hatt storbyferie. Ein liten tur til Stockholm, bestemt utfrå kriteria "billeg, direktefly og samme tidssone".  Ja, vi kunne tatt toget, det får bli neste gong. Eg hadde tenkt at det skulle vere sol og varme også, men det fekk vi berre delvis innfridd. 

Då vi kom til hotellet, fann vi ut at her har vi budd før. (men det huska vi ikkje) Mornington hotell på Østermalm er fint, det er tekoppar og bokhyller på rommet! Meir skal ikkje til for å sjarmere meg. Det ligg også greit plassert i forhald til sentrum, og det er god frukost. 


Deler av ein frukost.

Den første dagen gjekk vi. Langt og mykje. Det var stort sett fint vær, sjølv om vi såg meir og meir truande skyer. Vi gjekk over Skeppsholmen og Kastellholmen, gjennom Gamla Stan og fann ein lunsjplass under tak ca 5 minutt før tordenværet kom.


Etterpå gjekk vi til Fotografiska, som er eit fotogalleri med mange ulike fotoutstillingar. Veldig bra! Skal du til Stockholm, må du dit! Det var særleg to utstillingar som gjorde inntrykk, James Nachtwey er krigsfotograf og hadde plukka ut sterke bilder. Scarlett Hooft Graafland hadde meir humoristiske bilder, med skråblikk.

Dagen etter fann vi ein båt som gjekk ut i Stockholm sin skjærgard, og der serverte dei lunsj undervegs. Litt luksus og dekadense må ein ha på ferie!

Forrett
Trur det var ein slags kjøttpostei på rugbrød,
under alt tilbehøret. Godt!

Rimmad lax med dillstuvad potatis
Dette må vi prøve å lage sjøl!

Vaxholm, med kabelferge og festning
Ny dag, nye kulturopplevingar!
Waldemarsudden, med prins Eugens slott(veit ikkje om det var eit slott eigentleg) og kunstutstilling.


Prinsen var veldig glad i blomster, og hadde ikkje
berre eit blomstvindu, men ei heil blomsterstove.

Ja, det regna!
Det var ein stor og fin park, men den såg vi ikkje så nøye på...

Og svenskane kan smørbrød! Dagens lunsj:
Smørgås med räkor

Og når eg finn ein tebutikk, då lyser det stjerner i augene mine!
Litt av kvart vart med heim.
https://sibyllans.se/


Tre dagar, og ferien var over. Det er godt å kome bort og oppleve noko heilt anna. Og det er godt å kome heim og finne si eiga seng, sitt eige bad og eige kjøkken. Og det er artig å sjå tilbake og snakke om kva vi har gjort på og opplevd.
Det passa godt med ny te, eg har vorte sylte forkjøla etter at eg kom heim, og drikk kanne på kanne med te for å lindre sår hals.

torsdag 27. juni 2019

Fine ting på torsdag

For dette er ikkje kva som helst slags torsdag, det er torsdag før fredag(no er akkurat det ikkje så uvanleg) Men det er ikkje kva som helst slags fredag heller, det er siste fredag før ferie. Og det er siste fredag på jobb. Nokon gong, for den jobben. Etter ferien byrjar eg i ny jobb!

Sist fredag var det avslutning for meg, og eg har trengt veka etterpå for å venne meg på tanken. Men å gå ut dørene i morgon...gruar meg! Eg gler meg til ny jobb altså! Men først FERIE!

Tilbake til fine ting. Ute er det 10 grader og regn, det er slutten av juni. Eg treng nokre fine ting å glede meg over! 

  • eg har nye tekoppar! Eg hadde teselskap for nokre veker sidan, og alt var igrunnen bra, været, gjestane (i særklasse), maten og teen. Men tekoppane mine var ikkje heilt rett. (Eit problem eg fekk lite gehør for hos mannen) Eg har difor tenkt på korleis den perfekte, for meg, koppen skulle være. Eg har drodla med vener, og vi har vurdert tur til London for å finne tekoppar, og eg har vore innom mange glassmagasin for å sjå kva som finst. Dei hadde ikkje noko eg fall for... Men så tok eg ein impulstur til Fretex!!! Og der sto koppane. Litt upraktisk at eg tok turen utan bil når eg skulle kjøpe 11 koppar, men alt går. Eg fekk bobleplast og silkepapir og kasse å pakke i og gjekk sakte heimover. Eg har googla og trur eg trett og slett har gjort eit kupp. 3 koppar med "Spire" og 11 koppar frå "Riflet" frå  Porsgrund Porselen frå 1950talet. (og jada, eg er glad i ting! Men no har eg rydda vekk ein del ting eg ikkje har så nært forhald til, og dei skal Fretex få, og det vart betre plass i skapet)
    Teselskap med koppar som passer perfekt til kveldsmat og frukost, men
    ikkje så godt til min tanke om teselskap med festkledde damer.
    Spire
Riflet
  • eg har eit stort glas Pepsi Max med sitronskive i!
  • det har vore lite sko på bloggen i det siste. Det må vi gjere noko med. Gule sandaler er fint! Dei er ikkje nye, men eg har dei ståande framme, for dei er liksom solgule og løfter humøret! Og plutseleg kjem det ein dag som er perfekt for gule sandaler! Ballerinasko med dyreprint derimot, det passar uansett! Kanskje ikkje i pøsregn på langtur, men dei løftar dagen og har vore mykje brukt til no i sommar! 

  • roser! Sa eg roser? Eg har roser på vasken på badet og på stovebordet. Dei luktar midtsommar og barndom og alt godt. Og rosebusken ute er iferd med å eksplodere i blomster. 
  • ei ny kurv til sommarbruk. Den er kjøpt til bilbruk, vi har alltid med varm og kald drikke, litt mat, frukt, servietter, koppar, aviser +++på litt lengre bilturar. Og då er det viktig at ting er der dei skal og ikkje trillar rundt omkring. Denne kurva er testa, og passa perfekt til det den er kjøpt til! 
  • Og alle dei tinga vi har som berre blir ein vane, tett og varmt hus, mat i kjøleskapet, vaskemaskin og fin utsikt. Ei melding frå ein son som er på ferie eller har sommarjobb. Ein telefon. Vissa om at eg har jobb også etter ferien. 
Håpar torsdagen din er fin!



tirsdag 30. april 2019

Ei lita pause

Det er mange må og burde. Fleire enn eg rekk over. Av og til trengs det ei pause, der eg veit at no må eg berre sitte her.

Tok meg ei pause igår kveld. Med kjeks, te i tekanne og eit passe lite krevande tv-program (så lite krevande at eg ikkje huskar kva det var...)

Kvalitetstid