Altså, det er evig lenge sidan eg blogga, men det hoppar vi bukk over!
Eg har bestemt meg for å lage eit innlegg der eg ser på litt som har skjedd dette året. Og eg held meg til datoen 27 kvar månad, det er ganske ryddig! Dette blir eit slags øyeblikksbilete, og mykje som har skjedd, blir ikkje med. Som for eksempel at eg jobbar ganske ofte.
27.august Med tiara, det er jo tross alt bursdag berre ein gong i året |
27.september Vi hadde vore i konfirmasjon på Askøy, og køyrde Vestlandet til Romsdalen. Trur dette er i nærleiken av Stryn |
27.oktober Vi var i Måndalen, og hausten var heilt klart på veg! |
27.november Kaldt ute, og vedfyring inne |
27.desember Vi er heime igjen etter jul i Romsdalen Juletrepynten må dokumentrast |
27.januar Det er vinter! Det burde jo vore eit skibilete, men det var vel ikkje skitur den 27. |
27.februar Vi er i Romsdalen, igjen. Det har vore mange turar dit. Ser du regnbogen? |
27.mars Det er heilt klart påsketider. Med påskekylling frå 70talet og duken bestemor broderte i 1955 |
27.april Heile våren var eit langt hageprosjekt på gjesterommet, med særleg vekt på georginer. Det kan eg glede meg over i hagen no |
27.mai Sett jordskokk i jorda Ventar på at dei skal bli klare til mat |
27.juni På besøk hos "Norske Peoner" i Malvik Flott sommardag med blomster og utekafe |
27.juli Fjelltur i Måndalsfjella |
Og i morgon er det 27.august igjen. Det blir nok fleire bilder!