Eg har helsa på mykje folk, eg har gått meg bort i gangane. Eg har lurt på om den eg helsa på no, var den eg også helsa på for 2 timar sidan? Eg finn stort sett fram til kontroplassen min.
Det har vore is på takterrassen, men mest matpakkelunsj i fellesarealet. Eg prøvar finne ut av koden med kven som sitt kvar, og når.
![]() |
| Laboratoriesenteret |
![]() |
| Mi nye farge er kvit! |
![]() |
| Det er veldig mange trapper, og ikkje alltid like greit å huske kva som er kvar. |
![]() |
| No har eg snart klart for meg kva som skal kastast kvar. Trur eg... |
Eg har fått tilgang til ein del dataprogram, men manglar andre program. Eg har fått garderobeskap, og har funne ut av klesstørrelsar og korleis hente reine klær og kvar eg skal levere dei skitne. Eg huskar nesten alltid adgangskortet før eg går ut gjennom dører som er låst.
Eg står opp tidlegare enn før, for dagen startar før. Eg går til og frå jobb, og satsar på at det skal eg fortsette med heile vinteren. Det er bra trim, særleg dei 25 minutta med motbakke heim... Men eg saknar bilen
Forrige veke var eg heilt utslitt på ettermiddagane, for det krever si kvinne å henge med, ta til seg ny kunnskap og bli kjent med nye folk dagen lang! Så no håpar eg at denne veka blir litt lettare, eg har vore gjennom mange ting ein gong, og kan nikke gjenkjennande til somt.







