Viser innlegg med etiketten Blomstrer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Blomstrer. Vis alle innlegg

onsdag 26. juni 2019

Blomster

Det blomstrar. Det er frodigt og grønt ute. Og det blomstrar inne. Planter som er trufaste og hardføre og kjem tilbake, igjen og igjen, tross tilfeldig omsorg og uregelmessig vatning gjennom vinteren.

Orkideen står på gjesterommet om vinteren.
Og kvar vår overraskar den meg, full av
knoppar! Då får den komme opp i stova.

Azaleaen er den som får mest støtte. Den står
i stova og får vatn fleire gonger i veke. Men
jord og gjødsel og slikt er det verre med!

Pelargoniaen står på vaskerommet. Der er det
litt varme og av og til litt vatn. Eg drista meg til
å klippe den ned no i vår, kanskje litt seint? No
blomstrar den ialfall.

Ute står ei rosebusk. Eg kikkar på den kvar dag, eg
ventar og ventar på at alle knoppane skal slå ut i
full blomst. Den luktar så godt. No er det like før...


Inne har eg også ein stor bukett på bordet.
Den fekk eg på jobb sist veke, då det var avslutning
for meg. Eg har ikkje slutta enno, men blomster har
eg fått, og den minner meg på at no er det like før!


mandag 6. mai 2019

Kom mai, du skjønne milde!

For det kunne vore noko, varme, milde maidagar. Der ein ikkje leitar etter vottar, lue, varmare jakke og vintersko... Men vi hadde ikkje skifta til sommardekk på bilen! Det var like greit!

Eit par småglimt frå dei første maidagane:

April ga oss fruktblomstring!

Mai ga oss hagl og snø på taket!

 
Skogen baby!


Winter wonderland 5.mai
Eg gler meg på varme, solfylte dagar. Men det brukar kome ein vinter til, eg veit det, eg berre let meg rive med av den første varmen... Idag har det vore meir sol enn snø, det har vore fuglesang. Det blir sommar (eller helst litt meir vår) og eg får nok sol på kroppen etterkvart. Eg berre ber om at det ikkje blir frost, for kirsebærtreet vi planta i fjor treng lune netter!

mandag 8. april 2019

Måndag

Det er måndag. Sol ute, men kaldt. Eg måtte ein uplanlagt tur på butikken, og det er heilt klart gåvær! Eg tenkte at idag, idag skal eg sanneleg bake brød, eg har jo fri og allting, og bakar eg brød, slepp eg på butikken og då unngår eg impulshandling. Eg sette igang, det var berre det at eg mangla gjær... så det var tur på butikken og det vart litt imulshandel i tillegg til gjær. Og det vart gåtur i aprilsol og aprilvind.

HVIS DU VIL
Har du varme
nok?
Du har.
Søvnen, tankene
er gitt deg gratis.
Men varmen i deg
må du gi
og gi igjen.
Også du kan si et ord om glede.
Du har en hånd
varm,
hvis du vil.
Rolf Jacobsen
Og takk for alle gode helsingar og tankar og klemmar etter forrige innlegg. Kvardagen går sin gang, eg forstår enno ikkje heilt. Min mest trufast blogglesar er borte, mamma heldt seg alltid opptatert på bloggen og etterlyste gjerne nye postar! 

torsdag 14. mars 2019

Tulipan

Eg har kjøpt tulipanar idag. Fordi!



Fordi sola skein, det var skiføre, junior har fødselsdag. Fordi!
Treng ein eigentleg ein grunn til å kjøpe ein tulipanbukett?

tirsdag 27. november 2018

Husmorpoeng?

Overskrifta skrik etter ros, men det skal du ikkje bry deg så mykje om :) Eg kjenner berre at eg syns eg har vore flink idag og har lyst å vise deg!

Eg vakna med ein heil dag til disposisjon, og eg hadde planlagt litt igår. Etter frukost var det skogtur. Snø, sol og ganske kaldt. Å gå tur, fryse på nasetippen og kjenne at ryggen og skuldrene lausnar meir og meir. Det var godt!



Det er snart jul, seier kalenderen. På laurdag er det 1.desember. Eg er førebudd, eg har kjøpt adventskalender som eg og mannen skal dele, med te og sjokolade! Så får vi sjå om det blir noko til ungane når dei kjem heim til jul. Men elles er eg litt bakpå.... Eg har ikkje kjøpt ei einaste julegåve. Og eg har nokre å kjøpe. Pyttsann, det blir vel etterkvart?

Men jul er ikkje berre gåver, det er masse tradisjonar. Og mat er tradisjon! Idag har eg bakt julebrød, etter oppskrift frå Trines matblogg. Den oppskrifta har eg brukt fleire år, dei blir alltid bra. Også iår. No har eg ete julebrød med brunost til kveldsmat, og drukke julete til! (og eg reknar med at eg må bake ein gong til, dei varer vel ikkje til jul...)



Eg har sydd lammerull. Kvart år lurer eg på om eg orkar, men det blir (nesten) alltid lammerull. Iår med løk og ekstra krydder. No ligg den i kjellaren og samlar smakane, så skal eg koke den på torsdag.



Og eg har laga grisesylte. På den enkle måten, med ei ribbe med masse krydder. Det brukar bli bra, og med alt krydderet eg har brukt, luktar det jul i huset no! Den skal også kokast på torsdag.



Etterpå, for å toppe alle juleførebuingane: Eg kjøpte sviblar idag. Dei har eg sett i glaskrukker, med mose og kongler. No skal eg vente til laurdag, før eg finn fram kassa med adventspynt. Eg treng meir lys, og gler meg til å henge opp stjerna og nokre lyslenker.



tirsdag 20. mars 2018

Tirsdagstulipan

Idag har det skjedd mykje i Norge. Eg skal ikkje dele ut blomster verken hit eller dit, eg håpar berre vi kan få det litt rolegare og saklegare framover. Meir politikk, og mindre polarisering og personangrep.

På kjøkkenøya mi syng dese tulipanane på siste vers. Men jammen er dei fine lell! Det spørs likevel om dei må ut snart, slik at eg ikkje får tulipankrydder i maten...




Og ute snør det.

mandag 12. mars 2018

Måndag

Idag kjente eg brått på ein voldsom lengsel etter sol, varme, å kunne gå i småsko og utan ull. Det ser ikkje ut til å bli med det første. Eg fyrar opp i omnen med ein gong eg står opp. Det er på med vintersko og vinterjakke og ullskjerf før eg skal ut om morgonen.
Til helga kjøpte eg meg påskete og påskeliljer i krukke. Det er snart påske? Igår hadde vi rast i ei solside då vi var på skitur, det er varme i sola! Det går den rette vegen!


 Søndagsfrukost. Med påskeliljer og te.



På veg heim frå jobb idag kjøpte eg ein liten bukett tulipaner. Eg trøystar meg med blomster, og at været iallfall er stabilt, det er ikkje regn og glattis. Det er lenge lyst, sjølv om det snør. Idag igjen.


Og eg trur at når våren først kjem, kjem den brått! Men det er vel lov å drømme om varme, sjøl om ein likar ein stabil vinter!?
Kanskje eg skal finne fram påskedukane mine allereie?

søndag 16. juli 2017

Heime

Etter 7 dagar i båt er eg heime, klar (sånn litt) for ei veke jobbing. Eg syns kjøkkenet gynger,  og eg gler meg til å sove i senga mi og ha do innan kort rekkevidde. Det er ikkje så stas å vakne kl 3 og måtte på do, kle på seg, klatre over nabobyen og rusle til sanitæranlegget i regn...
Men vi har hatt det fint,  med sol, regn og vind. Trangt i båten, men mykje mindfullness og så mykje fint å sjå! Det kjem inntrykk og opplevinga i veka som kjem, under kategorien 'ut av komfortsona' og 'Kirsti gjer ting ho ikkje har gjort før'!

Men no er eg heime. Orkideen min sto i full blomst som velkomstkomite, og eg skal sove!

torsdag 29. juni 2017

Om å vatne blomster

Idag, eller rettare i går kveld, kom sommaren på besøk til Trondheim. Då var vi på båttur på fjorden, og vi var ikkje åleine. Det er heilt rart når varmen kjem, det var 6 gr tirsdag morgon, så vi har venta! Men når godværet kjem, endrar folk seg! Dei smiler. går lettare, har friskare farge på klærne osv. Ikkje berre andre folk, eg og! Det er så godt med sol og varme. Og i morgon skal det fortsette. Eg strinyt sol og varme!
BLÅ himmel

Barbeint på terrassen. Og ei flaske med iste lett tilgjengeleg.
Boka vart ikkje med på bildet. Og arbeid inne? Det står seg!

Alt veks fort, eller slår ut i blomst. Det luktar syrin og jasmin og eg veit ikkje kva når eg er ute og går. Kjøkkenhagen og blomstrane ute treng litt ekstra stell når det er så varmt. Særleg kjøkkenhagen, der går det fort mange liter vatn, og hageslangen rekk ikkje dit. Altså får eg trim! Eg ber gjerne vatn. Og eg prøvesmakar spinat og grønkål, ser lengselsfullt på jordbæra som snart får farge. Mine første jordbær! Når eg går og ber vatn, kjem det naturlegvis nokre minner!
Då eg var lita var eg ofte på Kvila, nabohuset, der budde Gudrun og Erling. Dei hadde stor fin hage, med stort bed med påskeliljer som kom tidleg på våren. Så kom det eine etter det andre, med rhodondendronen som det store høgdepunktet. 3 store planter, meir som tre å rekne, heilt  fulle av blomster. Ikkje rart turistane stoppa for å ta bilder!


Rosebusker rundt om i hagen, som blomstra utover sommaren, det var alltid roser på fødselsdagen min i slutten av august. Bærbusker, og bringebær med fløte som dessert når eg åt kveldsmat der. Blomkarse som vi sådde om våren, eg var naturlegvis med på førebuingane. Huskar vi la frøa i bløt først, slik at dei skulle spire fortare. Krokete frø, som skulle bli ringblomster som skulle stå i bedet rundt syrinene, slik at det var blomster der når syrinen var ferdig med sesongen. Valmuer, Skaugumbegonia, erteblomster, eføy som vaks over heile glasverandaen, og sikkert mykje meir eg ikkje huskar! 

I år var eg heldig og fekk blomkarseplanter eg
berre kunne sette i stor potte.

Men så til det eg tenkjer på når eg skal vatne mine blomster, no slik ca tretti - førti år seinare; eg brukar ikkje kaldt vatn rett frå kranen! "Ingen likar å få føtene i iskaldt vatn!, sa Gudrun, "heller ikkje blomstrane! Og vi vatnar ikkje midt på dag i solsteiken, det gjer vi på kvelden" Så det gjer eg. Eg blandar til lunka vatn når eg fyller kanna andre og tredje gongne, og fyller alltid vasskanna full når eg er ferdig å vatne, slik at det er lunka vatn klart til neste vatning. Og det hjelper jo? Iallfall veks plantene mine godt, tross kaldt vær og sol om kvarandre.

Eg har sådd ringblomster i år, sjølv om eg ikkje har ein
syrin å plante dei rundt.

Frodig grønkål

Vasskanna er full av vatn, klar til i morgon ettermiddag.
Og så er det litt rart å tenkje på at Kvila skal selgast snart, sjølv om det er lenge sidan gudrun og Erling døydde, og lenge sidan eg sprang over markane på besøk. Det er rart at det kjem nokon andre som skal ha hagen der, som eg har så mange minner om. Der eg åt føremiddagsmat på den kvite benken i hagen, gjekk inn under rhodondendronane som var nesten som eit hus, samla frøkapslar av valmuene, satt i lysthuset(som har vore vekk i over 30 år)... No skal andre lage sine minner derifrå!
Det er fint og!

mandag 12. juni 2017

Syrin!

Lukta av syrin.
Eg er 7 år og er tilbake til huset til besteforeldre mine. Der sto det ein syrin i hagen, lilla blomster og berusende lukt. Tru om den står der enno?  Det er lukta av sommar og sol. Eg gjekk forbi syrinen på veg frå skulebussen opp bakken. Det sto ein steinbenk der og, eg huskar den som alltid varm av sola.

Idag gjekk eg i regnet. Og lukta var der. Sterk og søt! Og eg var tilbake i barndommen! Måtte berre knekke av ein kvist og ta med heim.

Og eg har ført opp syrin over planter eg skal plante bak huset.



(Og bilda la seg på tvers... )

fredag 26. mai 2017

Fredagsglede

Det regnar ute. Masse. Eg skal nok ut etterkvart lell, for det er ikkje så ille med rette klær og innstilling. Inntil vidare ryddar eg inne og skal snart ete lunsj. Fri på ein 'inneklemt' dag er skikkeleg luksus!




Fleire fredagsgleder:

  • Peonar på alle bord i stova
  • Eg har kjøpt jordbærplanter.  Treng berre litt tid, sol og varme , så kan eg plukke jordbær i eigen hage
  • Glimt av sol ute
  • Te i ein fin kopp
  • Planlegge middag, kanskje blir det pizza idag? 
  • Tid til å lese
  • Tenkjer på kva vi skal gjere i Oslo om nokre veker.  Bortsett frå å gjere lite, lenge!