Viser innlegg med etiketten lave skuldre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lave skuldre. Vis alle innlegg

torsdag 10. desember 2020

10.desember

 Dagar kjem og dagar går. Det er desember, eg spelar julemusikk, et klementin, skriv lister. Men mest er det vanlege dagar med tidleg opp, gå på jobb, heim og ete middag og prøve å ta unne klesvask og rydding. Då er det fint med dei små stundene med gullkant.

Soloppgangen sett frå 5.etasje på jobb.

Tekopp og havrekjeks.



Soloppgang i skogen


onsdag 4. desember 2019

Adventskalender

I år har eg slått til med kalender til meg sjølv, av typen luksus og ganske svært dyr og eg veit ikkje kva!

Men eg gler meg over den, både innhald og utsjånad. Eg får god kvalitetste, kvar dag i desember (og lenger enn det, for det er rause porsjoner) eg tel ned til julaften og dagens te gir meg ein grunn til å sette meg ned og senke skuldrene litt (får tru det varer heile advent!)

I den rosa boksen er det te!

Alt ein treng for å kose seg!


Kalender med 24 skuffer! Og i skuffene er det ein boks. Og det er med bok,
så eg veit kor varmt vatnet skal vere og kor lenge teen skal trekke.





tirsdag 30. april 2019

Ei lita pause

Det er mange må og burde. Fleire enn eg rekk over. Av og til trengs det ei pause, der eg veit at no må eg berre sitte her.

Tok meg ei pause igår kveld. Med kjeks, te i tekanne og eit passe lite krevande tv-program (så lite krevande at eg ikkje huskar kva det var...)

Kvalitetstid

fredag 7. september 2018

fredag

Fredag. Drømmedagen. Lang helg framfor, uendeleg med tid! (Når eg vaknar i morgon, har eg allereie tidsnød med det eg trur eg skal rekke på ei helg.)

Planen var å rydde og vaske idag. Etter jobb. Men...med knallsol og 20 grader, prioriterte eg skogen. Berre innom heime, sette ein pizzadeig og så ut i skogen og sola! Eg kan endre planer nokså greit!

Pizza. Med spekeskinke, blåmuggost og pære. Og ein med
karamellisert løk og tomat. 

Etterpå heim og lage pizza, lese avis, sjå tv, ete pizza i sofaen med lave skuldre. (Før vi kom på at musikkjunior kjem innom for å sove. Han har med vener. Måtte rydde litt. Det aller mest nødvendige.)

Blomstrane eg fekk på jobb forrige veke.Nokre av dei måtte
gje tapt, men desse lever vidare. Litt omorganiserte.

mandag 3. september 2018

September

Trur rett og slett eg må starte med eit septemberinnlegg, sjølv om eg må vise litt av 50-årsfesten og feiring både her og der. Det får bli i eit eige innlegg.

Men no er det september. Det er lenge sidan eg har blogga, livet skjedde, med så mange innslag, både gode og mindre gode. No har vi landa på beina igjen, også dei rundt oss, vi er ferdige med sjukehus og selskap og reiser for nokre veker, får vi tru. No rekk eg tenke heile setningar og i morgon har eg fri. Etter jobb idag har eg sortert skitne klær, vaska klær og bretta klær, eg har bakt brød og gått tur. Hatt besøk av ingeniørstudenten, ete opp eplepaien frå sist veke, løst litt kryssord og sett tv (veit ikkje når det skjedde sist!)
Ein ting er forresten ikkje på plass, bilen fekk litt hikke på tur heim frå jobb, og så byrja det lyse ei varsellampe... Eg er i mot slike varsellamper! Må få tak i verkstedet i morgon, og høyre kva vi gjer no. Eg tørr iallfall ikkje kjøre lenger enn til verkstedet før eg veit kva som er galt!

I helga var vi i Romsdalen (heldigvis var bilen frisk då). Der var det varm seinsommar, fine farger, modne og nesten modne plommer og epler (og litt vondt i magen). Kyr på beite, blikkstille fjord, sein frukost, familie og middag hos mamma og pappa fleire dagar. Lunsj på trappa, aviser, strikking og prat. Tenkte du skulle få eit bildedryss derifrå!

Og eit lite lesetips, eg rakk lese ei god bok innimellom! "En ulastelig mann" av Jane Gardam. Det er første bok i ein triologi, og handlar om Imperiets barn, folk født tidleg på 1900talet, som vaks opp på kostskule i England med foreldra langt borte. No skal eg ha dei neste bøkene i triologien! Eg må lese heile historia!

Kveldsstemning

Morgonstemning









Frue med kreaturer


lørdag 23. juni 2018

Laurdag morgon

Det er helg. Eg fekk sove, ref forrige innlegg. Vi er på tur, vakna idag til denne utsikta



Skuldrene senka seg. Vi dekte frukostbordet,  mannen og eg åt saman, las litt og prata litt. La planer. Eg hadde te i tekanne, det er luksus!

Vi skal feire st.hans ved fjorden,  berre det ikkje regnar. Vi skal treffe slekt både i dag og i morgon. 
Helg er godt. No laga eg potetsalat og hører P2, mindfullness!

Eg fekk helg!


mandag 19. mars 2018

måndagar, altså

Måndagar altså. Tungt å stå opp, rett tilbake til rutine og kvardag frå ei slapp helg.

Eller...idag har eg hatt fri! Eg har ikkje gjort noko av må-ting. I natt snødde det, og eg veit eg teppebombar nettet med bilder frå skiturar og andre turar. Trøst deg med at snart er vinteren over,  og det blir slutt på skitur-bilda mine (eg skal nok finne andre turar!) Men idag slepp du ikkje unna!

Det var latterleg vakkert i skogen! Nysnø, nykjørte løyper, vakkert, vakkert, vakkert. Og eg var nesten åleine om alt det fine. (Unntatt han stakkars unge faren på skitur, med pulk, som oppdaga at eg var i ferd med å gå frå han. Gammal dame! Nånei, han fekk opp farta og var tøffare enn meg i nedoverbakkane, så han kom først tilbake til parkeringsplassen)







Og innimellom all denne idyllen, kom det nokre snøbyger så ille at eg nesten ikkje såg gjennom brillene... Pyttsann, når det kjem sol igjen etterpå!
Ikveld er eg godsliten i kroppen og har litt vondt i armane.

Etterpå traff eg ei venninne, før vi hadde fiskekaker på brødskiva til middag (vi et framleis av det vi finn i frysaren) Og i kveld har eg reparert ei bukse (som hadde ligge på vent sidan september), lagt opp ei bukse og sydd hemper i ein haug handklær. Det veg litt opp for andre ting som ikkje blir gjort.
Symaskina mi er ein trufast slitar frå tidleg 90tal.
Ikkje så ofte i bruk, men gjer det eg treng den til.

No skal handklea henge godt på kroken på badet!