Viser innlegg med etiketten sommar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sommar. Vis alle innlegg

søndag 11. september 2022

Georginer og gravferd

Eg håpar ikkje denne sommaren er den nye normalen. Denne sommaren har vore lang, men ikkje på ein god måte. Det har vore både georgine og gravferd, i fleirtal. Georginer vil eg ha kvar sommar, men ikkje gravferder.

Forrige innlegg handla om georginer. Hagen min har handla mykje om georginer i sommar, eg har pusla og stelt og venta og luka og omsider fått knoppar og etterkvart blomster. Eg har forskjelleg anna her også, men det er georginene som er mest spennande, og krevande. 

I midten av juni voks georginene godt, og det byrja kome knoppar på dei første.


I midten av juni døydde storebror. På ein måte var det brått og uventa, på den andre sida noko vi visste kunne skje snart. Mange år der vi mista han gradvis, hadde gitt forvarsel, men når det skjer er det rart og tomt... Å miste eit søsken er rart. Vi var fire, no er vi tre igjen. Tre søstre, utan broren vår. Den stødige karen, ofte med eit smil, også når språket var nesten borte. Ertekroken som lillesøster aldri klarte å lure. Sjølv dei siste åra kunne han stikke ein finger i sida på meg og le godt, det lyste kjærleg storebror-erting av han! Broren min som passa meg då eg var lita, som i mange år ringte når han var på biltur, som var uendeleg stolt av søstrene sine og familie. 

Heldig er den som har ein storebror som passar på seg

Veka med gravferd var kanskje den finaste værveka i sommar, og vi hadde fleire kveldar med kveldsmat, prat og besøk i solnedgang i Måndalen. Svigermor fekk permisjon frå Helsehuset, og var saman med oss.

 

Solnedgang som lader batteriet
Juni 2022

Det tek litt tid å kome tilbake til kvardagen etterpå. Noko er jo endra for alltid, livet er endra. Men ein viss normalitet må det bli, og det vart nokre veker jobb før ferien kom. 

Georginene voks. Men været snudde, det var kaldt, vått og litt trist for blomster i grunnen.. Dei voks sakte. Ferien kom. Med regn og korona. Og svigermor var sjuk.

Ferien var likevel fin. Det var familietid, fjellturar, musikk, god mat. Jordbær, rips og solbær. 

Og georginene starta å blomstre! 






Georginer frå hagen
11 ulike på ein gong!

Nokre dagar etter at ferien vår var over, døydde svigermor. Etter lang tid med alvorleg sjukdom var det slutt. Ei god svigermor er borte, den eldste generasjonen no er plutseleg oss... 



Då vi var i Romsdalen denne helga, blomstra georginene hennar. Som eg har overtatt ansvaret for, saman med hagen. Store sko å fylle!






torsdag 7. mai 2020

"La det lykkes"

Den eine etter den andre rundt meg byrja å snakke om frø dei hadde sådd. Lenge tenkte eg at nei, iår orkar eg ikkje (trur eg tenkte det i fjor også...)
Men alt snakket påvirka meg, og brått vart eg ivrig. Eg fann blomsterjord, såkalla årgangsjord, det er nok den beste. Eg fann krukker og eg fann frø. Frå i fjor eller eit anna år.


ringblomster
Så eg sådde ringblomster og erteblomster.
Ringblomsten spira kjapt og villeg. Erteblomsten har eg ikkje sett noko til enno. Eg vart faktisk så i tvil, at eg kjøpte nye frø. Som eg har sådd idag, saman med blomkarsefrø. Då eg leita etter flerie blomsterpotter, fann eg blomkarsefrø frå eit eller anna år, som eg har plukka og tatt vare på. Eg sådde nokre av dei og, spent på om dei kjem opp.

Blomkarsefrø, lagra i kjellaren i fleire år.
Så no skal det stellast og passast og vatnast, og forhåpentlegvis er det snart varmare tider, slik at eg kan sette plantene ut (denne helga er det spådd nattefrost og snø)

Tittelen på innlegget, er eit sitat frå min nabo i barndommen. Når ho sådde frø, eller baka eller gjorde noko anna ho ikkje var heilt sikker på, sa ho "la det lykkes!" Og det seier eg og no, for eg vil ha blomster og farger til sommaren!


Då eg leita etter krukker og jord og forskjelleg, fann eg ei potterose. Den var inntørka og trist, men eg såg små skot på greinene. Den har fått vårklipp, varme, lys og vatn og vips har den starta å vokse. Så no passar eg grundig på, og satsar på roser etterkvart!

tirsdag 6. august 2019

A room with a view

Eg tok bilder ut av vindu i sommar. Eg såg på utsikta, og ramma den inn med glaskarmen. Mange rom har ei utsikt!

Waldemarsudde, Stockholm

Kafe, Stockholm


Båtvindu med salt

Kjøkkenvinduet til svigermor

Ut glaset på hytta

Kjem det regn?

Solnedgang
Ut eit fergevindu

Grilling i regnvær

Bjørnsund
Utsikta blir litt anna med ramme rundt. Det blir eit lite bilde i bildet, syns eg. 

mandag 5. august 2019

Årets båtmote

Årets båtmote veit eg ingenting om! Men eg veit at eg har vore på båttur og brukt klær. Klær eg hadde frå før, sett saman slik at det passa til vær og føre.



På tur sørover var det mykje ull. Mange lag ull. Og vindtett utanpå. Og lue, både inne og ute. påkledninga bar preg av inspirasjon av Teletubbies, om du huskar dei. Det eg sakna mest var tjukkare vottar...

På tur nordover hadde været snudd, og det vart bikinivær. Sjølv langt ut mot kysten. Og etterkvart vart det behov for lette skjorter utanpå for å verne skuldrene mot sola. (Eigentleg brukte eg hatt også, men den har eg vist tatt av i anledning fotografering)




søndag 22. juli 2018

Det var det, ferien er over

I ferien har vi gjort mykje, så mykje at eg neste år har tenkt å gjere mindre!


  • båttur (neste år skal eg legge inne inn båttur på slutten av ferien, for å roe ned)
    Ikkje så avslappa heller, når vi skal under bruer, det ser aldri ut som det vil gå bra!
  • bilturar (stadig vekk, både kort og langt)
    Eksempel på mål for biltur. Utsikt hos mine foreldre.
  • vore i 50årsdag til venninne, og fekk kombinert med besøk hos svigerinne og hos studiekompis av mannen, og ein begravelse. 
  • førebudd, gjennomført og evaluert dobbel femtiårsfeiring for meg og mannen. Fornøgd med festen, med turen dagen etter(vi hadde valgfri topptur eller tur til hytta dagen etter) og alle gjestane som kunne vere med! Det vart nok mat, nok kaker, nok program. Vi hadde quiz og vart overraska med kahoot. Vi hadde bilder frå 50 år. Vi hadde ikkje minst ein kjellar med mange spel som dei yngste gjestane brukte flitting. Vi hadde nieser og nevøar og soner som hjalp til, og vips hadde vi rydda og vaska alt. Feiring er så bra!
    Og kjolen er mamma sin. Kjøpt til bryllupet til søstra mi i 1980
    Passa perfekt til meg no! Og alle trudde eg hadde ny kjole.
  • eg har vore på Hytta, barndommens paradis, ein dag. Vi tok ut båt, og eg har sett gleda i å få ro hos nieser og nevøar og fått besøk av sauer og drikke skikkeleg kokekaffe på plena. Eg har ete årets første blåbær og gått tur med niese, som hadde mykje å fortelje. Det er ikkje så verst å bli godkjent som fortruleg tilhøyrar.
    Dette! Dette gir ro i sjela og påfyll til batteri og lavare skuldre.
    #mykindofmindfullness
  • vi har besøkt familie, og hatt besøk. Vi la beslag på campingvogna hos mamma og pappa, det var litt som ein ferie å bu litt tett og trang og med litt mange ting, og vere så nært naturen! Sjølv om vi låg rett utanfor husveggen.
  • vi har vore i Sverige på harrytur, som i tillegg til handel, inneheldt natt på hotell og fin middag, rusletur i Åre sentrum og ein tur i turløypene. 
    Åre gamle kyrkje
  • eg har trena litt for lite, men har ete veldig mykje god mat!
    Mateksempel. Sveler med smørkrem på fergetur.
    #ferdamat
    SÅ godt! Og absolutt feriemat.
  • eg har vore med på opning av tursti rundt vatnet i barndommens rike. Eg var saman med pappa, han fekk litt skyss, eg fekk gå. Det var skodde og småregn, men god stemning, mykje folk! Eg traff nokon eg nesten kjenner, men aldri har møtt før, slik er livet i sosiale medier!
    Pappa på turstien har har hatt ide til, vore med og planlagt og laga.
  • vi har fått båten opp på land, og konstatert at det litt brå møtet med ein litt høg havbotn ikkje hadde gitt så mykje skade som frykta, og i morgon skal båten ut igjen og det er håp om små turar, sjøl om det er kvardag og jobb. Det er tross alt juli enno, og mange fine kveldar framover! 
  • brukt litt tid på å venne meg til at ingeniørstudenten er vaksen, og reiser på ferie og er utanfor dekning og på ukjente fjelltoppar og utan noko reiserute han kan gjere rede for før etterpå. Eg syns eg har takla det bra. Uvisst kva ingeniørstudenten meiner, men eg har iallfall ikkje ringt han mykje.
  • Eg har hatt ein litt lang dagstur, der eg fekk med meg konsert med musikkjunior på moldejazz, lunsj saman med både musikkjunior og ingeniørstudenten, og fekk med kontrabass heim igjen. Så leverte eg ingeniørstudenten til sommarjobb hos besteforeldre og køyrte heim i sein julikveld med sol og regn og P2 på radioen. Og ei korg jordbær som var tom då eg kom fram!
  • Og innimellom alt, har vi faktisk hatt nokre dagar heime der vi sov i eiga seng, gjekk i marka, grilla middag og førebudde feiring(det sørga mitt indre stress for, det er så mykje som kan gjerast før ein slik dag) Lurer på om vi ikkje hadde ein dag der vi var innom byen og slentra rundt ein times tid også? 

Eg har sikkert gjort mange fleire ting! Men det får kome etterkvart, om eg huskar dei. Det har vore ein fin ferie, og den har gått fort.
Eg har ikkje prioritert blogging! Eg har lese litt kva andre har skrive, men det er vel eit godt teikn at ikkje alt er som i kvardagen? Og eg har delt ein del på snap og instagram, så heilt borte frå SoMe har eg ikkje vore. Det skulle tatt seg ut...
Frå kjøkkenhagen

No er det søndag kveld, eg har betalt rekningar, rydda i papir på pulten, flytta pengar til rett konto, tenkt på matpakke til i morgon, planlagt å leite etter bringebær til syltetøy og plukka 7 modne jordbær i hagen. Eg har rydda i bilder på telefon og data og tenkjer, som så ofte før, at eg skal bli meir organisert og i forkant... Eg har pakka ut frå overnattingstur og harryhandel, vi har sett på gåvene vi fekk til 50årsdagen og byrja planlegge neste feiring. Blir nok ikkje kjedeleg resten av året heller.