Viser innlegg med etiketten kjøkkenhage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjøkkenhage. Vis alle innlegg

søndag 9. august 2020

Søndag kveld

Frukost i det fri
Søndag kveld er ofte litt vemodig, det er slutt på å sove lenge, gjere som eg vil, la humla suse... Det er tilbake til vekkeklokke og matpakke. No burde jo ikkje det komme som ei overrasking, sidan det skjer kvar veke, men mykje vil ha meir, og det har nettopp vore sommarferie.

Men idag sette eg meg i sola og tenkte tilbake på veka som gjekk, og fann mange gode ting som godt kan huskast på, og kven veit, kanskje blir neste veke slik også?!


Klassisk sommarbilde
-barbeint i graset-
  • fredag var det sol og varmt, skikkeleg sommar og bikini og shortsvær. Alle måltid ute, klestørk og tid til å lese bok.
  • laurdag gjekk eg tur. Eg viste kvar eg starta, eg viste kvar eg ville, men mellom der måtte eg lese kart og finne fram sjølv. Det gjekk bra, det var sol og varmt, eg hadde stilletid åleine i skogen og eg fann multer og blåbær. (muleg eg ikkje gjekk heilt lovleg ein stad, men pytt...)
    Glad dame på tur
  • eg har fått tekstmeldingar frå folk som bryr seg, som spør om ting som berre eg og den andre deler. Det er godt å bli sett.
  • sist helg var vi på tur med gode vener, fantastisk vær, natur og solnedgangar. 


  • eg har fått ny sjef, som samtidig er ein tidlegare kollega. Det er fint!
  • vi har hatt fin familiemiddag med nesten heile kjernefamilien
  • blomstrane mine blomstrar. Nokre syng på siste vers, nokre er midt i blomstringa og nokre er i ferd med å folde seg ut. Eg har blomster i nesten alle rom inne. Det er luksus! Og eg samlar frø frå både erteblomster, ringblomst og blomkarse, slik at eg kan så neste vår. Prøvar dessutan å tenkte på korleis vi skal ha hagen bak huset, og framleis sette pris på å ha rådr der. Dei er litt for glade i roseknoppar og blomkarse og jordbær...

  • skogen er full av bær, eg treng berre litt meir tid, så skal eg ut og plukke meir. Bringebær, blåbær, multer...

  • eg har gjort unne eit år i den nye jobben! Det har gått både fort og sakte. Det har vore noko nytt rundt alle svingar, eg har strekt meg og lært masse nytt, og innimellom vore så overvelda. Men etter ferien merka eg at eg har langt frå august i fjor! Det er godt!
  • eg har vore i fødselsdag hos lillesøster, med antibac og god avstand, kjekt å treffe folk og få god prat og god mat.
  • eg les den siste boka om "Elling", og veit ikkje om eg skal le eller gråte. Den er så bra, og så vond! 

AUGUST
Slutten er vakrest
hvisker svaberget og
løfter den brune kroppen
din litt nærmere solen
vakrest er slutten og
august presangen til
dem med hjerte
for sirisser
rognebær og
solnedganger
Arne Ruste

Eg er så glad i dette diktet, kanskje fordi august er min månad, med fødselsdag. Men samtidig er det månaden for oppstart, av nye ting, men også for fortsetting. Det er hausting av bær og grønsaker, det er jobb og skule og aktiviteter, ting kjem tilbake til kvardagen. Og eg er eit vanedyr, eg likar rutiner og kjente ting. Det er då eg lettast kan ta til meg det nye! 
Ha ei god veke!
"Count your blessing, instead of sheep!"

onsdag 27. mai 2020

Det spirer!

Når eg først sette igang med blomster, vart jo litt meir...
No spirer blomkarse, erteblomster og ringblomster.


Stein til høgre i bildet


I hagen har vi planta ei rabarbrarot, og mannen har -på min instruks- gravd hol til både ripsbusk og solbærbusk. ikkje utan komplikasjonar, det låg ein stor stein der han starta å grave, og det var ikkje lite jobb å få den opp! Men no står dei der, og sjølv om eg har tru på prosjektet, er det vel godt  vi ikkje skal leve berre av det vi dyrkar sjølv!
I tillegg har eg luka i jordbærplantene og tømt varmkomposten. Treng eg eigentleg gjere meir før til hausten?

torsdag 7. mai 2020

"La det lykkes"

Den eine etter den andre rundt meg byrja å snakke om frø dei hadde sådd. Lenge tenkte eg at nei, iår orkar eg ikkje (trur eg tenkte det i fjor også...)
Men alt snakket påvirka meg, og brått vart eg ivrig. Eg fann blomsterjord, såkalla årgangsjord, det er nok den beste. Eg fann krukker og eg fann frø. Frå i fjor eller eit anna år.


ringblomster
Så eg sådde ringblomster og erteblomster.
Ringblomsten spira kjapt og villeg. Erteblomsten har eg ikkje sett noko til enno. Eg vart faktisk så i tvil, at eg kjøpte nye frø. Som eg har sådd idag, saman med blomkarsefrø. Då eg leita etter flerie blomsterpotter, fann eg blomkarsefrø frå eit eller anna år, som eg har plukka og tatt vare på. Eg sådde nokre av dei og, spent på om dei kjem opp.

Blomkarsefrø, lagra i kjellaren i fleire år.
Så no skal det stellast og passast og vatnast, og forhåpentlegvis er det snart varmare tider, slik at eg kan sette plantene ut (denne helga er det spådd nattefrost og snø)

Tittelen på innlegget, er eit sitat frå min nabo i barndommen. Når ho sådde frø, eller baka eller gjorde noko anna ho ikkje var heilt sikker på, sa ho "la det lykkes!" Og det seier eg og no, for eg vil ha blomster og farger til sommaren!


Då eg leita etter krukker og jord og forskjelleg, fann eg ei potterose. Den var inntørka og trist, men eg såg små skot på greinene. Den har fått vårklipp, varme, lys og vatn og vips har den starta å vokse. Så no passar eg grundig på, og satsar på roser etterkvart!

fredag 27. september 2019

Glede i ein liten pose

Eg har pallekarmar i hagen. Dei siste åra har eg hatt både potet, gulrot, erter, grønkål, rødbeter, krydderurter og sikkert noko meir også. Og to karmar er fulle av jordbærplanter.

Nysådd
Eit forsøk på grøne fingrar

I vår, innimellom alt med jobb og mamma og ny jobb og diverse, fann eg ut at i år orka eg ikkje så før. Eg rydda i jordbærplantene, dei sto jo der, eg luka i den siste pallekarmen, slik at den iallfall såg ryddig ut, og tenkte at det var det. Litt på forsommaren gjekk eg forbi eit stativ med frøposer, og der lyste det ringblomster mot meg. Eg tenkte som så at "eg kan så ringblomster, og så ser vi kva det blir".
Pallekarmen full av ringblomster


På badet


Og det har vorte! Pallekarmen er full av ringblomster, og eg har i snart 2 månader plukka inn ringblomster og hatt i vaser på kjøkkenet og stova og badet og i gangen. Eg frydar meg over synet og fargene (og ikkje minst over gleda over noko så fint med så lite jobb!)

Det blir ringblomster neste år også!

søndag 6. august 2017

Vekestart, ferieavslutning og liste for neste veke

Det er søndag i heimen, vi har hatt grillmiddag med både storfemørbrad og lammekotelettar med bakte potetbåtar og grønsaker. Og dessert, det er det ikkje ofte vi har. Men når eg har plukka bittelitt ganske modne blåbær i skogen er det berre å nyte med vaniljeis.


Det er søndag, og eg går inn i siste ferieveke. Mannen startar på jobb i morgon, ein junior skal jobbe litt denne veka, men eg har fri! Planene er litt uklare, men eg skal nyte at det er fri, eg skal nyte tekoppar og avis til frukost, radio, at eg har lite avtalar og kan la humla suse!

I mangel av humle, får denne sommarfuglen
gjere nytta!


  • tekopp og avis, late morgonar
  • vaskemaskin og restar av skitne klær frå båtturen. Satsar på klestrøk ute, og at eg finn golvet på vaskerommet snart. Det er akkurat no dekt av 3 dyner og nokre sengesett...
  • innkjøp til junior #1 og #2. Etter planen flyttar begge ut i løpet av nokre få veker, det trengs sengesett, handklær, koppar og kar, kanskje ei seng til den eine, og eit skrivebord?
  • tur i skogen. Kanskje finn eg meir multer? Igår gjekk eg meg på ei myr eg ikkje viste om, og der fann eg gull! Men det er iallfall blåbær i skogen, og om nokre dagar er den meir moden og klar for plukking. Mannen fann sopp idag, og kanskje kjem det kantarell snart?!
  • sylte bringebær. Trur eg må satse på hjelp av butikken til plukking, det er lenge til det er full sesong i marka. Min indre hamster frydar seg over alt som er å plukke og sanke, eg har god plass i frysaren enno.
  • eg skal lese. Eg hadde jo så mange bøker klar til båtturen og ferien, og det meste er ikkje lese enno.
  • blogging. Ferien hadde som ei slags overskrift "ut av komfortsona", og eg har ikkje berre vore på båttur! Eg har gjort noko som var mykje meir utfordrande! Meir kjem etterkvart.
  • blir det sol, skal eg jobbe meir med brunfargen og fylle opp lageret med D-vitamin så godt eg klarer!
  • eg skal prøve finne ut kva eg har brukt pengar på i sommar. Eg mista litt kontrollen då det vart oppdaga svindelforsøk på lønnskontoen og kortet vart sperra... Men no har eg nytt kort, og alt er i orden!
  • treffe fine folk! Vi er mellom anna inviterte på middag ein dag, og kanskje rekk vi fleire slike treff?
  • ambisjonar om å rydde i klær. Vi får sjå kva det blir til!
  • bake brød eller bollar, eg bakte bollar her ein dag, og det var tydelegvis ikkje familien vant til, for eg fekk så mange godord!



August, mørkare kveldar, vi går mot skulestart og ferien er snart over. Rutinene kjem meir og meir tilbake, det er slutt på seine kveldar og impulsive turar. Men det er jo godt med dei faste rutinene, dei gode vanene og kvardagaen også. Kanskje er det lukke?

Lukko
Lukko, hu kan no vera sjelden,
hu.

Men av og te når hu kjeme tuslande
te meg på sokkaleisten, ein sånn
heilt alminnelege dag, så seie eg da
no òg:

Har du kanskje vore her heila tido,
du? 
Oskar Stein Bjørlykke

lørdag 27. mai 2017

Laurdag på land og sjø

Laurdag er dagen då eg har heilt urealistiske,  men superoptimistke planer om kva eg skal rekke. Det innebær ofte tankar om lang frukost,  trening, husvask, vekehandel,  rydding,  klesvask, hagearbeid, baking, avslapping og tid til å vere sosial.  Det er vel ikkje så rart om ikkje dette blir oppfylt kvar helg...
Mindfullness på fjorden.

Men idag har eg iallfall fått på plass jord i pallekarmane mine, og planta i den eine.  (Takk til mannen som var med to turar ut for å løfte og bære sekker med jord. Eg hadde beregna for lite først) Eg har også brukt opp kompostjord frå kompostbingen min, den som innad i familien heiter 'Kurt'. No må eg berre få meir frø i jorda og passe godt på med vatn.

På ettermiddag har vi vore på fjorden med båten.  Mulig vi skulle reist ut på formiddag, for då var det vind(og regn). På ettermiddag hadde vi sol og det var litt varme , ikkje så ille det heller.  Men det blir beskjeden segling når det er vindstille...

Admiralen til rors. Her har eg fått tilbake kvilepulsen etter at mannen fekk meg til å legge frå kai for første gong!

tirsdag 23. mai 2017

Vekestart veke 21, bildedryss frå siste veka

Det foregår lite blogging for tida. Så lite at eg lurer på om eg må slutte med vekestarten min, for no har eg gløyt den fleire gonger. Men idag skal du få!

Eg tenkte eg skulle gje deg nokre bilder frå sist veke, slik at du ser kva eg driv med når eg ikkje bloggar. Eg sitt ikkje berre heilt stille i sofaen og tenkjer djupe tankar. Eg fartar litt rundt også.
Men først eit dikt av Ragnar Hovand. Det er mest til mannen, også tidvis omtala som "herre og mester", han syns innimellom det blir sagt med litt mykje ironi på stemma. Han hadde fødselsdag på søndag, då var eldsteson tilbake i Kongens klær, yngsteson på "Unge produsenter"-samling og mor på husmorferie. Vi hadde organisert gåve, og eg huska ringe han og seie gratulerer med dagen, men selskap var det dårleg med. Difor må han få eit dikt no:

Eg veit ikkje, eg

Eg veit ikkje
kven eg er
eller kor eg kjem frå
eller kven mor mi og far min er
eller kva eg skal ha til middag
eller når eg har fødselsdag
eller korfor eg sit her
eller kva katten og hunden seier
eller kva farge det er på himmelen
eg veit berre
at det er deg eg vil kysse
akkurat no
Ragnar Hovland 

Det er ikkje verst å vite det, etter over 20 år ilag!

Det har vore 17.mai, med russ i huset. Russen merka vi lite til, og dagen vart feira med kaker og baccalao(ikkje is og pølser), samt tog og flagg og bunad. Iår hadde eg nye, gode bunadssko, og slapp heilt unna gnagsår.
Klar for frukost!






I helga var eg på ein liten miniferie. Ein ettermiddag i eit vårleg Oslo, Varmt og godt, grønt og skjønt. Laurdag på Afternoon tea-party i Drammen, med tema tiara og perler. Då gjeld det å ikkje vere feig i pyntinga! Triveleg lag, nydeleg pynta bord og god mat. Og høge hæler og tiara på hodet!

Grønt og solrikt i Slottsparken
Festbord

Må pynte seg når ein kan!



I går skogtur, det byrjar bli grønt. Den aller nydelegaste lysegrønne fargen på trea, kvite tepper av kvitveis, fuglesang, våte myrer og gode sko. Perfekt kombinasjon.



Idag har eg fått sett i potter både blomkarse og erteblomtplanter eg har fått. Eg har leita fram pallekarmane mine, no gjeld det berre å få fyllt dei med jord og sjå om eg finn igjen frøpakkene mine.


Og til slutt idag har eg vaska to bunadsskjorter, og tenkjer at no er tida inne til å sitte i sofaen, og det blir utan å tenkje særleg djupe tankar!
Ha ei fin veke!

tirsdag 25. april 2017

"Og i hagen står en gravemaskin"

I sangen "Kjekt å ha" av Øystein Sunde ender dei opp med ei gravemaskin i hagen. Om eg huskar rett, vart det ganske permanent. I kveld oppdaga eg at vi har gravemaskin i hagen vi også. Eg håpar den blir vekk igjen, men ikkje før den har gjort ferdig arbeidet bak huset.

Gravemaskin i solnedgang
Vi har budd på ein slags byggeplass sidan januar 2015. Mykje bra har vorte gjort, ein del har tatt veldig lang tid, noko meir enn planlagt, og andre ting har vore litt fordi dei måtte.
Først byrja dei på vegen bak oss, og der har det vorte nye kablar av alle slag, vatn og avløp, sykkel- og gangveg, støyskjerm og ny fylkesveg. Den var stengt i nesten 2 år i arbeidsperioden, så då fekk vi lære alternative ruter både hit og dit. "Litt" slitsomt undervegs, sidan vi bur på leire, og all gravinga medførte også spunting for å sikre oss at vi ikkje endte lenger ned i byen.... Inn i alt anna la dei også ny kloakk inn til huset, heva hagen opp(dette betyr at dei har gravd opp alt bak huset vårt!) og laga ein mur mellom oss og ein nabo. Men dei har liksom aldri gjort det heilt ferdig. Er det lov å håpe at det er det dei skal til med no, når det plutseleg er ei gravemaskin i hagen igjen? Kanskje vi kan få plen? Plante bærbusker og lage kjøkkenhage? Den eg hadde for to år sidan flytta den med gravemasin og la ned igjen, opp ned...

Mai i 2015, det ser ikkje slik ut no!
Vi bur i venstre halvpart, med det brune tilbygget.
Juni 2015. Gravemaskin omtrent på same stad som idag.
Kassa med grønsakshage er snudd opp ned...
Mai 2016
Stova er i det brune tilbygget i det gule huset. Og vi har fått støymur.

Etter at dei tok alt bak huset, har dei gravd opp gata vi bur i, lagt nye rører for vatn(det innebær to rundar med å grave opp oppkjørselen vår) samt ny kloakk til naboane på andre sida av gata. Det har ført til at gata vår delvis har vore stengt sidan november, og at det av og til går an å kjøre til huset og andre gonger ikkje. Det har vore 4 og 5 gravamskiner i drift til ei kvar tid, og eg har vent meg på å vakne av at dei kjem kjørande forbi soveromsvinduet på morgonen. I-landsproblem? Heilt klart, men slitsom. (dei er ikkje ferdige med denne jobben, altså, no er det stengt nederst i gata igjen, og det er ganske humpete i heile gata...og nabogata)

Og her er dei jammen igang på den andre sida av huset! 
No lurer eg på om eg kan gle meg på ein ende i gravinga? For no er det vel ikkje meir å grave opp? Kan eg kjøpe frø, og så erteblomster, ringblomster og lin? Sukkererter og gulrot? Eller skal eg vente til neste år?
(Litt tilfeldig kva eg fann av bilder, men du ser endringane)

torsdag 10. september 2015

Haustgleder

Eg har vokse opp med frukttrær(og bærbusker, med rips,  solbær,  stikkelsbær. Lukke! ).
Eg har brukt mykje tid på å sitte i plommetre og ete plommer, sure plommer som ga vondt i magen, og så plutseleg ei perfekt moden, søt plomme som gjorde at eg vurderte å slutte å ete, men etter ei lita stund måtte eg ha ei til... som var sur...
På veg til skulen tok eg eit eple når eg gjekk forbi, og etterkvart var dei til og med modne! Eg er ikkje sikker på om eg likte dei når dei vart modne, det var noko med dei harde, små epla, med grønne kjernar, som ga ei eiga snurpekjensle i munnen!

No har vi ikkje eigen frukthage, då er det fantastisk at ein kan finne norske, sure,  harde epler på butikken. Og plommer som er litt syrlige og berre akkurat modne! Det snurpar seg i munnen og eg får kanskje vondt i magen, men det er det verdt! Det er barndomsminner i ein liten bit! Eg er rett tilbake i plommetreet! Eg er på veg til skulebussen, med eple i handa og sekk på ryggen!
Eg skal lage eplekake og kanskje ei kake med plommer, og eg vil berre ete og ete og kjenne barndommen inni meg!



Og når gravearbeider bak huset er ferdig om eit år eller to, skal eg plante eit epletre!

torsdag 26. mars 2015

Eit glimt av torsdag

Eller "slik lever dei der", kunne og vore overskrifta.
På baksida av huset vårt ender tomta mot ein fyklesveg som har vore planlagt oppgradert sidan vi flytta hit for 20 år sidan. Det går 30 bussar der i timen i rushen, så vi gler oss på at det blir oppgradert.
Og no skjer det. Etter 20 års venting.
Då ungane var små, turde eg nesten ikkje la dei leike bak huset, fordi det er rett ut i vegen med mykje trafikk. Skitten av alt vegstøvet var det og.
Men no bur vi altså på sida av omlegging av veg, kloakk, gangveg, bygging av støyskjerm etc. Dei har fellt masse bjørketre, dei har gravd, fyllt på masse, tomta vår blir brukt som lager for ein masse metallrør(eg veit ikkje kva dei skal brukast til) Og innimellom hoppar eg høgt av alle lydane, har du feks høyrt lyden av metallkontainer dratt etter gravemaskin på asfalt? Det er ikkje noko ein gløymer med det første.
Eg gler meg til det blir ferdig, då blir baksida av huset meir brukbar. Men det er først i 2017… først er det 2 år med anleggsarbeid, delvis i vår hage.

Idag såg det slik ut, hushjørnet til vestre.
Litt spent på om kjøkkenhagen som du glimtar til venstre
vil få plass og ro i år.


 For ei veke sidan var det slik.


Og for tre veker sidan tok dei ned trea våre.

Men når det blir ferdig, med støyskjerm og grøn mark igjen, drøymer eg om frukttre og drivhus bak her. Her kjem kveldssola også, særleg når all skogen er borte. Så kva med eit lite lysthus?!

søndag 11. mai 2014

Vekestart veke 20

Dagar kjem og dagar går. Eg har stadige planer om ting eg skal gjere, men som blir litt borte i det som må gjerast for å få kvardagen til å gli, slikt som matlaging, klesvask, møter og dessverre ting som tv og data. Men ein ting har eg fått gjort i år, og det er å lage ein slags kjøkkenhage! Stjerne i margen!

Igår var mannen og eg på den nyåpna Felleskjøpsbutikken rett ved jobben min, og der fann vi mykje meir enn berre plantejord som eg skulle ha :)
Ekte trønderfe, med bart!

Og plutseleg måtte eg ha sko til hagearbeidet! Det forstår vel alle som kjenner mi skodille?


Vel heime igjen fylte eg jord og gjødsel i plantekassene, og fekk ut plantene eg har sådd inne, så no er det berre å krysse fingrane for at det ikkje kjem fleire frostnetter før dei har slått kraftig rot ute. Eg har eit klart bilete i mitt indre om korleis det skal bli, bugnande av salat og gulrot og krydderurter. Eg kjem til å ha lyst å luke ugras kvar ein dag og tenåringane vil elske heimdyrka grønsaker! Dette er inga sak, nei :) Vi får sjå…enno er eg optimist. Eg har ikkje sådd reddik iår, for kva brukar ein eigentleg reddik til? Bortsett frå at den gler eit gartnarhjerte med alltid å vokse fort og gi god avling?

Må kjøpe meir jord, vart ikkje nok til begge kassene.

Sukkerertene ventar på klatrestativ, det skal bli, snart

Men rødbeter skal eg så, og eg skal sette potet. Heilt sjølhushald blir det ikkje, men litt luksus må villabønder unne seg. Dei mest tandre plantene får stå inne enno, vel, basilikum må vel stå inne heile sommaren i Trøndelag, heilt middelhavsklima er det ikkje her.

Då eg var vel ferdig med å ordne alt dette igår, tråkka eg like godt saftig over med eine foten, så det var godt det regna idag, slik at eg slapp vatne. Eg går litt sakte med den eine foten, særleg i trapper, men eg er mykje betre enn i går, så eg får tru eg er klar når eg skal montere kompostbinge i løpet av veka! For villabonden må ha tilgang på god jord!

Etter alt dette grønne snakket, passar det godt med eit dikt av Inger Hagerup:

Lille persille

Lille Persille i hagen står

lysegrønn kjole og krusete hår.

Hvorfor så stille,

lille Persille?

Kanskje du ville

på ball i år?


Ha ei strålande vårveke, og hurra for 17.mai!!!
Eg ser fram mot ein roleg 17.mai; ingen som skal møte tidleg på skulen, ingen potetløp som skal organiserast, berre nokre skjorter som treng stryking og kanskje nokre flekkar som må fjernast frå dressen. Vi skal sjå på tog, ete is og kaker der vi alltid går, treffe kjentfolk, og kanskje vi iår er klar for grilling på kvelden?