Gravemaskin i solnedgang |
Først byrja dei på vegen bak oss, og der har det vorte nye kablar av alle slag, vatn og avløp, sykkel- og gangveg, støyskjerm og ny fylkesveg. Den var stengt i nesten 2 år i arbeidsperioden, så då fekk vi lære alternative ruter både hit og dit. "Litt" slitsomt undervegs, sidan vi bur på leire, og all gravinga medførte også spunting for å sikre oss at vi ikkje endte lenger ned i byen.... Inn i alt anna la dei også ny kloakk inn til huset, heva hagen opp(dette betyr at dei har gravd opp alt bak huset vårt!) og laga ein mur mellom oss og ein nabo. Men dei har liksom aldri gjort det heilt ferdig. Er det lov å håpe at det er det dei skal til med no, når det plutseleg er ei gravemaskin i hagen igjen? Kanskje vi kan få plen? Plante bærbusker og lage kjøkkenhage? Den eg hadde for to år sidan flytta den med gravemasin og la ned igjen, opp ned...
Mai i 2015, det ser ikkje slik ut no! Vi bur i venstre halvpart, med det brune tilbygget. |
Juni 2015. Gravemaskin omtrent på same stad som idag. Kassa med grønsakshage er snudd opp ned... |
Mai 2016 Stova er i det brune tilbygget i det gule huset. Og vi har fått støymur. |
Etter at dei tok alt bak huset, har dei gravd opp gata vi bur i, lagt nye rører for vatn(det innebær to rundar med å grave opp oppkjørselen vår) samt ny kloakk til naboane på andre sida av gata. Det har ført til at gata vår delvis har vore stengt sidan november, og at det av og til går an å kjøre til huset og andre gonger ikkje. Det har vore 4 og 5 gravamskiner i drift til ei kvar tid, og eg har vent meg på å vakne av at dei kjem kjørande forbi soveromsvinduet på morgonen. I-landsproblem? Heilt klart, men slitsom. (dei er ikkje ferdige med denne jobben, altså, no er det stengt nederst i gata igjen, og det er ganske humpete i heile gata...og nabogata)
Og her er dei jammen igang på den andre sida av huset! |
(Litt tilfeldig kva eg fann av bilder, men du ser endringane)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar