fredag 21. april 2017

Helgestart

Hm...ei veke går jammen fort! Og det gjeld denne veka også. Vekestarten vart visst vekk. Men du skal få eit lite dikt her og no, som innleiing til helga. Eg kjenner meg særleg igjen i det med snøen...

Nokon gongar snør det i april. Nokon gongar
gjør det vondt i april. Nokon gongar blør det i
april. Nokon gongar er det perfekt i april.

Frode Grytten

Ut kontorvinduet i dag. Jada... Det snør. Mer enn før.
Eg seier som Ole Brumm: Tiddeleibom!

Og eg kjenner meg att i det med at det gjer vondt, eller at det er perfekt. Ok, eg kjenner meg igjen i det meste!

Plan for helga er å få båten på vatnet, eg gruar meg. Det er så mange ting som skal på rett plass, og det er dårleg vær. Men det er vel berre å kle på seg, og når det blir lyse, varme dagar, då blir det fint på fjorden!

No ventar eg berre på mannen, så skal vi ete middag og etterpå ordne det vi kan til båtliv i morgen.

(Liten "funfact", idag er det 1 år sidan siste ryggoperasjon! Står meir om den her. Ryggen er betre enn før operasjon, men heilt bra er den ikkje, dessverre. Men eg kan gå tur! )


1 kommentar:

  1. Fokus på det positive. Du kan gå. Og jeg håper du er bedre enn før operasjon. God klem!

    SvarSlett