mandag 28. januar 2013

vekestart veke 5

Det går litt fort i svingane, så eg presenterar vekas ord med det samme:
Life is short. Break the rules. Forgive quickly. Kiss slowly. Love truly. laugh uncontrollably. And never regret anything that made you smile! 
Life may not be the party we hoped for, but while we´re here we should dance!

 Og for å gle dykk om mogeleg endå meir: dagens #outfit:
Alltid velkledd i laboratoriefrakk! Aldri i tvil om kva eg skal ta på meg :) Og eg er ikkje sur på biletet, men veldig konsentrert, sidan eg ikkje brukar ta bilete av meg sjølv så ofte.

Ha ei strålande veke, med dans og latter :)

tirsdag 22. januar 2013

Vekestart veke 4 / lesetips

Dagane går så fort så fort, veka startar nesten før ein får sukk for seg. I dag er det allereie tirsdag og eg er seint ute med vekestarten... Det kjennes av og til ut som eg brenn lyset i begge endar og at noko varmt er midt under lyset, og at lysninga i enden av tunellen er eit møtande tog. Kort sagt det går fort, for fort, for ofte, for lenge. Dagane mine blir oppetne, eg har skuldrene langt over hodehøgde, kalenderen er full(eg var på møte i dag, vi var 7 stk og vi greidde ikkje finne ein ny dag å møtast før uti mai der alle kunne...kva er det med oss?!) og klokka går fortare enn normalt.
Jobben treng meg, eg les jobbmailen heime for å vere førebudd på overraskingar før neste dag. Heimen skrik etter stell og vask, mannen er ein eg finn sovande på sofaen eller på veg inn når eg er på veg ut! Tenåringane går for kald lut og tørt brød, middag bør vere kjapt å lage og lett å ete... 

Eg likar IKKJE å ha det slik, eg har det ikkje slik heile tida, naturlegvis, men det toppar seg nokre dagar og veker. Kroppen min ropar "nei til stress" og knyter ryggen, nakken stiller seg i konstant giv-akt, forkjølelsen lurer bak eska med snytepapir, eg søv dårleg og for lite.
Eg likar best rett-fram-dagar, dagar eg veit korleis blir, der eg rekk sette på vaskemaskina og henge opp vasken etterpå, tømme oppvaskmaskina, dagar der eg kan snakke med mannen etter middag, spørre korleis dagen har vore til ungane -og ha tid til å høyre svaret, ikkje minst... Eg vil ha livet mitt i water!

Då gjeld det ha pusterom, pustehol. Kanskje ein lunsjavtale, ein kveldstur. Ta ein fridag og sjå dagslys! Treffe fine folk som lar meg vere meg, der praten går om alvor og latter sitt laust. Bestemme at husvask ikkje er viktig, gjere noko lystbetont istaden for. Ein kopp te (og kanskje ein sjokoladebit?) og godt lesestoff. Dei som kjenner meg veit at laurdagsglede for meg er ein stabel aviser og god tid til å lese! Men ein stabel bøker er og fint:)  Eg veit det, men gløymer det stadig vekk, særleg når kvardagen sakte men sikkert slår om tempoet til fortare enn fort, at eg må finne ei lomme i kvardagen.

Idag sette eg meg i kurvstolen ved vedomnen etter middag, og las bok før eg skulle på møte. Noko av det luraste eg har gjort på lenge! Varme og godstol og bok, perfekt!! 






Eg har rekt å lese litt i det siste, heldigvis, ei lita pustelomme og flukt frå kvardagen...
Anbefaler alle bøkene det er bilde av her! 
  • "Haren med øyne av rav" er ei familiehistorie om jødar, rikdom og Europa i endring. Og om ein skatt som er redda, som det einaste familieminnet gjennom krigar og forfølging. 
  • "Himmel over London" er krim, historie i historia, kva er realisme og kva er fantasi, kven drøymer og kven diktar? Fasinerande! 
  • "Jeg nekter" er sorg og glede, barndomsminner, sett frå fleire sider og vil vi nokon gong forstå det som skjedde oss, vi som ikkje er del i historia ein gong!? (og eg fekk den av junior til jul, han hadde plukka den ut sjøl, med hjelå i bokhandelen og prøvd å forklare kva bøker mor brukte lese! Blink!)
  • "Hestekrefter" er historia til mange som voks opp på bygda, kanskje ikkje med dei samme konfliktene, jenter som reiste og gutar som vart igjen. Trist så det held, munter så du ler og får lyst å lese høgt!
  • "Å telle duer" Ei perle av ei bok, fransk, om nokon som ikkje passar inn, nokon som ser og nokon som blir sett. Den må du lese!!! 
Dagens ord er ei setning frå den siste boka, som beit seg fast i meg, som er gjenkjenneleg frå begge sider:
Hvis det å være intelligent handler om vilje, ville jeg vært ett geni, det skal jeg hilse og si. For jeg har anstrengt meg, jeg. Det har jeg! Germain Chazes(som er hovudperson i boka)
Ha ei strålande veke med lave skuldre og finn dine pustehol i kvardagen!

mandag 14. januar 2013

#tenåringsmor

På Twitter brukar ein # framfor eit ord, det er teiknet for hashtag som blir brukt for å lage tema. Eg brukar ofte hashtag som #kvardagslukka #tenåringsmor #monstermor på twitter :)



Igår var ein roleg dag, eg brukte masse tid på nettet, var vel igrunnen til tider langt ute på viddene på den store verdsveven! Eg las på bloggar her og der, det er interessant og artig, men ikkje alltid særleg matnyttig... Eg var innom mange mammabloggar, der det står mykje om permisjon, mangel på somn, amming, fødsel, baby etc, slikt som ein er oppteken av det første året. Og som det er interessant å lese om for den som har vore der, sjå at noko er som det alltid har vore og at noko er veldig ulikt. Minnast klissete hender på vindusruta, nattevåk, badeenglar på kvelden, nattakos og travle morgonar. Lesestunder om kvelden med "Morovers", "Mio, min Mio" og etterkvart "Harry Potter".

Mine ungar er eldre, eg er #tenåringsmor, tidvis #monstermor, eg driv #morstutogkjør, rett etter arbeid, seint på fredagskvelden, eg køyrer, ventar og hentar. Eg er ein heilt annan stad i livet no, kanskje ikkje klokare, men mange erfaringar rikare. Eg ser at eg aldri vil slutte å vere mamma, "Har du kledd godt på deg? Det er kaldt ute! Har du huska å ete? Stakkar, er du trøytt?" Dei spørsmåla er som før, men forskjellen er at no ordnar dei stort sett opp i det sjølv!

Ein gong sa min eine son "Vi kanj itj spis taket!" Om det berre var ein leik med ord, om det var for å rettleie resten av familien eller noko anna veit eg faktisk ikkje. Men det vart eit uttryk vi brukar i familien i passande stunder! No er samtalen rundt middagsbordet annleis. No snakkar vi om min jobb, fars jobb, næringsstoff i wok(når ei prøve i mat og helse lurer rundt hjørnet), det periodiske system når naturfagprøva er i morgon, finanskrisa i Europa, lønskonto og frikort og slikt. Arbeidsmoral, besteforeldre, oppussing av huset og innimellom berre tull og tøv og vås, som eg har store problem med å forstå! Tema der vi blir meir og meir likestilte, der spørsmåla går begge vegar (og det er lite kokt ris igjen på golvet etter middag og pastaen er ikkje i håret lenger)



Før tok vi fram langkosten når kvelden kom og samla saman legoklossar og briotogskinner og kosedyr, no seier eg "rydd rommet, og ta med gangen når du støvsugar" (ok, det hender eg må minne dei på det fleire gonger...) og betaler vekelønn via sms rett inn på kontoen.

Livet er heilt annleis enn då dei var små, då mor og far hadde det tryggaste fanget og dei beste svara. Eg kan sove lenger i helgene, men har ikkje alltid svaret på det dei lurer på. Eg er snart ferdig med foreldremøter og kontaktsamtalar, men eg kan framleis mest om klesvask og sunn livsstil(og den kunnskapen prøvar eg gje vidare). Eg er den største pysa i heimen når vi kjem til ski og sykkel, men eg er god på å kjøre på legevakta, finne klær som passar utanpå gipsa hender og ispose til forslåtte ansikt. Treng eg datakyndig hjelp er den aldri langt unna. Treng eg hjelp til å løfte ned noko, har eg lange søner som når opp. Treng eg bærehjelp, har eg det. Middagsrestar blir borte på mystisk vis, kvitosten er alltid nesten oppeten og "ka e de til dessert?"

Nye utfordringar står for tur, overnatting, kjøreopplæring, hybelliv... Eg grugledar meg til neste fase(har du lese "Karsten og Petra"-bøkene veit du når Karsten grugledar seg). Men eg blir aldri ferdig med å vere mamma!

lørdag 12. januar 2013

Vekestart veke 3


Litt tidleg ute denne gongen, men då eg las dette diktet tenkte eg at der har vi vekas ord!


Les, nyt, tenk, reflekter...vanskelege, men kloke ord.





Men hvem sa at dagene våre skulle være gratis?
At de skulle snurre rundt på lykkehjul i hjertet vårt og hver dag stoppe på gevinst?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi det fra?
Hvem sa at livet vårt skulle være lett å bygge ferdig?
At mursteinene var firkantede ballonger som føk på plass av seg selv?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi det fra?

Der var piller for alt: nerver, vedvarende hoste og anemi.
Men hvem sa at snarveiene var kjørbare?
At fjellovergangene aldri snødde til?
Og at nettopp vi skulle slippe å stå fast i tunnelen?
Ja, hvem sa det?
Hvor i all verden hadde vi det fra?



Kolbein Falkeid



mandag 7. januar 2013

Vekestart 2


Jul er mykje minner, nostalgi og kjensler, dagens vekestart er nokre ord eg har klipt ut av ei avis ein gong:

"Det er herleg å minnast. Det er herleg og minnast noko i lag. Det er herleg å bli mint på eit minne ein har, men ikkje før visste ein hadde." Erling Økland

Når eg les eller ser, høyrer, luktar noko, kan eg plutseleg bli sett i stemning, dårleg humør, godt humør, eg minnes noko som har skjedd, eg kjem på ei stemning. I samband med jula er det mange slike, og eg er skikkeleg nostalgisk og kosar meg med gamal julepynt, som eg har fått eller laga, og ny som eg har andre minner om.


Idag har eg hausta juletreet, litt usikker på kva eg hausta eigentleg, ingen hadde putta sjokolade i korgene eller liknande, men det var rikeleg med barnåler som dryssa ned. Og eg har forsiktig plukka ned pynten, gått over treet fleire gonger for å sikre at alt er tatt ned før det vart kasta ut. Den vesle engelen eg for mange år sidan fekk med ei brevvenninne(Engeliten, frå den gong det var vanleg å ha brevvener), ein anna engel eg har arva etter gammeltante Karen Anna, korgene ungane har fletta(frå barnehagealder til no), lenkene med bittesmå farga glaskuler, figurane i oliventre frå Betlehem. Forsiktig tatt ned kulene som ikkje tåler brå samanstøt, i tynt, tynt glas, som vi har samla i løpet av dei åra vi har hatt eige juletre, flagglenka, og til slutt tatt ned stjerna og lagt lysa i rekkjefølge i eska si.

Treet var igrunnen modent for uteteneste frå no... Det var "ødelagt" som mi grandniese sa.

Eg har mykje susande fin julepynt, noko litt alternativ pynt og ein del yndig pynt.
Desse to sang litt saman siste kveld med gjengen!


For å vere sikker på å få med alt frå alle stader i huset, samlar eg på spisebordet før eg sorterar i advenspynt og julepynt og byrjar pakke ned, det er ikkje så artig som å pynte til jul, men må gjerast. Pynten blir samla i esker og vips er den på loftet.
Og etterpå er stova som ny, stor og lys og klar for våren(og vindua er skitne og det er bårnåler på stader du ikkje trudde dei fekk plass og når det går nokre dagar så finn du julepynt du ikkje har huska å ha sett fram og difor ikkje rydda vekk) Deilig!

Ha ei strålande veke!

tirsdag 1. januar 2013

Kva skal vi gjere med 2013?

Eg hadde i grunnen vendt meg på 2012, eg bomma nesten ikkje lenger når eg skulle skrive årstalet, men no må eg lære på nytt....
Eg hadde innsett at hausten 2012 var her, førjula til og med, eg fann fram julepynt og pakka gåver og vi reiste på juleferie. Så plutseleg var det nyttårsaften og vips var 2012 historie.

Eg sitt her med eit nytt år framfor meg, kalenderen er hengt opp, ok, eg er ikkje utan planer for feks januar og eit stykke ut i februar, men kva skal eg gjere med 2013? Er det noko eg bør endre på? Vil eg endre noko? Eg har tenkt på nokre ting, veit ikkje om eg vil kalle det forsett, men altså:

  • eg skal fortsette å løyse kryssord med kulepenn! Eg har fine kryssordpennar med viskelær, men eg likar å skrive med gode pennar, og det går ann å stryke over og endre bokstav!

  • eg vil lese flerie bøker! Enkelte vil hevde at eg les masse allereie, tildels med rette, men eg skal prøve å lese meir planmessig, feks Nobelprisvinnarar eller finsk samtidslitteratur. På nattbordet ligg allereie Per Petterson si nyaste: "Jeg nekter" og Håkan Nesser "Himmel over London", gler meg!
For ordens skuld er det junoir og mann som les Ringens Herre, det er ikkje min  type bøker!
  • eg skal ha eigne nettbrukreglar, for meg sjølv og for familien sin del. Ein frikveld i veka? Ikkje nettbruk før etter klokka 20? Eg må prøve meg fram.
  • eg skal gå på oppdagingsferd i frysaren og kjøleskapet, og bruke det vi har der! Det er så altfor lett å stikke innom butikken etter jobb, finne noke som verken er spesielt billeg eller sunt og spurte heim. Middagsplan for veka er å trekke det litt langt, men eg skal vite kva eg har og bruke det! Eg vil bli flinkare til å bruke restar, og kanskje driste meg til å lage middagsmat utan kjøt eller fisk av og til. Pinnekjøtrestane frå idag skal bli pinnekjøtsuppe.
  • eg skal sove meir. Det kan då ikkje vere nødvendig å vere trøytt heile tida?
  • eg har lyst å begrense kleskjøpa mine. Noko seier meg at eg nok har så eg greier meg for ein lang periode... Men går ein i butikkar finn ein alltids noko, altså unngå klesbutikkar, leite leger bak i skapet og sjå etter godsakene som allereie er der.
No har eg tenkt det og eg har skrive det ned, kanskje blir det lettare å følgje? Plana mi om å leve i november vart iallfall lettare å leve etter når eg hadde ein avtale med meg sjølv som flerie viste om... Er det andre der ute som har planer for det nye året?