Viser innlegg med etiketten høgtid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten høgtid. Vis alle innlegg

fredag 18. mai 2018

Min 17.mai

For første gong på aldri så lenge, hadde vi ingen som skulle gå i tog. Trur ikkje det har skjedd sidan i 2003. Så vi måtte sjå litt på kvarandre, og undre "kva skal vi gjere på 17.mai?" Det viser seg at ein kan ha ein super dag utan barn som skal ha is og pølse og  heliumballong (no har ikkje maset vore så stort dei siste åra, når eg tenkjer etter)og nye tradisjonar og programposter kom fort på!


Då vi vakna, vart vi enige om å utsette frukosten, og starte dagen med ein tur i marka. Mannen tok til og med på 17.mai-sløyfe! Det var sol og det lukta nytt bjørkelauv, skogbotnen var kvit av kvitveis og det var var ein strålande vårmorgon i skogen. Vi møtte ikkje så mange, men vi såg masse festkledde folk på veg til byen.

Vel heime laga vi brunsj, med rundstykker og alt godt vi hadde i skapet. Korsang på anlegget, men eg må tilstå eg sakna 17.mai-sending på NRK. Den høyrer liksom med...



Etterpå var det på med bunad og vi reiste på besøk til svigermor på sjukehuset. Vi hadde med både 17.mai-sløyfe og blomster i raudt, kvitt og blått. Der fekk vi marsipankake og kaffe. Det har eg aldri fått før på sjukehuset, men eg har aldri vore der i bunad på 17.mai før heller!


Så måtte vi til byen, det får vere måte på nye tradisjonar og programposter! Vi møtte kjente i Salem,  men i år åt vi ikkje kake der. Vi kikka på borgartoget, iallfall deler av det innimellom alt folket i byen. Vi vart slitne i beina i bunadssko og varme i sola. Det er rart kor sliten ein blir av å stå på asfalt!




Vel heime åt vi is på terrassen. Sola skein, og om det ikkje var så varmt, var det skikkeleg nasjonalromantisk med flagg mot blå himmel.


På sein ettermiddag var vi bedt på spleise-grillfest hos vener. Hurra for dei som opnar huset for oss, det er jo litt styr med 20 stykker, sjølv om alle har med litt! Det er fint å feire saman med vener, prate og ete både grillmat og kaker, diskutere bunader og bunadssølv og ha god tid.

Og til slutt var det heim og ta i mot overnattingsgjester!
Ein strålande dag, både i vær og opplevingar!
(jammen godt det har vore fri idag!)

tirsdag 2. januar 2018

2018

Nytt år og nye, blanke ark. Men av og til kjennes eit nytt år overveldende. No gjorde det det. Alt frå 2017 er ikkje ferdig, det er mykje som blir med meg over. Av bekymringar og uro. Ting eg ikkje skriv så mykje om. Utfordringar, sjukdom, planer. Både gode og mindre gode ting. 
Så då rakettane gjekk i lufta på nyttårsaften var eg litt bakpå.  Litt usikker på !m eg trong eit nytt år, sidan eg ikkje var ferdig med 2017, på ein måte. .. Litt blå i humøret, rett og slett!


Men så fann eg dette diktet. Eit dikt om nytt år, ny start, eit nytt år som legg seg over det gamle. Kanskje blir det ikkje så verst? 

NYTTÅR


Eit nytt år
la seg over det gamle

eit lett lag av nysnø
ein duk av ljos
over berrfrost og skare
over alt livs
sprukne hud

det dreiv forbi
i ein augneblink av sanning
det berre kviskra over markene
sveva gjennom skogholta

la seg til ro
som ei uventa von
som ung nåde
over ei gamal jord

Fader Arnfinn Haram


...eit lett lag av nysnø
ein duk av ljos...



Godt nytt år! Der du er, med ditt liv. Måtte det bli så bra som råd, for oss alle.

tirsdag 5. januar 2016

Vekestart veke 1


Himmel over skogen


Godt nytt år!! 
Er du som meg, har du venta på januar med gulrot, grovbrød og tekopp. Tilbake til rutinene, kvardagen, dei små tinga som er det vanlege livet. 

Eg storkosar meg med jul! Eg ser fram til jula, og planlegg gjerne mykje på førehand. Tradisjonar, maten vi et berre ein gong i året. Pynten, lys i stjerna og på treet. Den fine duken, tøyserviettar, sølvbestikk og arveserviset. Ei skål med søtsaker som står framme til alle døgnets tider. Inneliv med familie og vener. 

Men etter nyttårsaften, då ventar eg på kvardagen igjen. Å ta inn avisa, lage te, sjå på klokka med det eine auget medan ein et frukost, for å rekke jobben. Eg leitar i frysaren etter restar å lage middag av, i ei blanding av tom lommebok, nyttårsforsett og tankar om sunn mat. Eg fyrar i omnen, drøymer om den første tulipanbuketten når juletreet er tatt ut av stova. Te og ei krumkake medan eg les ei god bok. 

Samtidig er januar litt brå, den startar fort, den er mørk, det er lenge til neste "pause". Men har du sett ut, på januarlyset? Iallfall her hos oss har det vore fantastiske soloppgangar og solnedgangar no. Det er kaldt og klart og eg ser nesten at dagen blir litt lenger for kvar dag! (litt optimist er eg nok djupt inni meg) Vekas dikt handlar om lyset:

lyset
du treng
finst
(Helge Torvund)



Soloppgang i januar

Utsikt frå stova ein januar ettermiddag


fredag 1. januar 2016

Godt nytt år!

Blogginga har ikkje vore høgt på planen i jula! Men eit lite nyttårsinnlegg må eg vel få til?

Idag går det sakte. Sein kveld i går, vond rygg og ettertanke idag. Dagen starta med frukost framfor fjernsynet og "Nyttårskonsert" frå Wien. Vi har gått ein liten tur, høyrt "nyttårsjazz" frå øverommet i kjellaren og ete middag som berre var å varme opp. Eg har lese ut "Bror din på prærien" og sove  middag. Alle dagar i 2016 blir nok ikkje slik!


Det er godt å avslutte jul med ei langhelg. Truleg får vi snudd døgnet igjen, vi må ete opp meir av julematen, vaske klær, sakte kome i gjenge igjen!

Kvelden igår var fin, med gode vener, masse mat og latter! Ikkje noko fyrverkeri, for det var kraftig vind ute(og ikkje hadde vi kjøpt noko heller) For første gong på 19 år feria vi heilt uten barn, dei hadde sine eigne planer(som eg hadde på same alder) Rart, men det er vel livets gang?


Og det er jul i stova ei stund til!


mandag 28. desember 2015

Vekestart veke 53, litt juleoppdatering

 Det er 53 veker i 2015, det finns vist ei god forklaring på kvifor, men eg har ikkje sett meg inn idet. Iallfall blir dette ein slags bonusvekestart :)

For intereserte kan eg fortelje at undersøkinga eg hadde rett før jul gjekk greit. Det må vere lov å grue seg når undersøkinga heiter nerverotblokade av isjasnerve?! Det gjekk heldigvis greit, ikkje vondt(berre ubehageleg) og resultatet får eg over nyttår.
Eg fulgte ikkje med på røntgenbilete undervegs, men det såg akkurat ut som biletet under. Det er spesielt å følgje ei nål som leitar etter nerverota inni ryggen, slik i sanntid...eg snudde meg!
Bildet er lånt her: http://www.smerteterapeuten.no 
Jula kom! Det var som venta, og vi var brukbart i rute. Vi hadde mat, tre, pynt, gåver etc. og vi hadde tid. På lillejulaften var det tradisjonell pynting av treet, med mykje mimring om julepynten. Noko frå barnehagen, noko frå skuletid, noko kjøpt på ferieturar rundt om, og arvepynt som må behandlast ekstra forsiktig. Det var gode minner og munter stemning.
Snømannen eg sydde då gutane var små(som eg nok hadde lagt fint tilbake i kassa om eg var først...) fekk hedersplass på ei hylle, og dei har starta diskutere kven som skal arve den...
Lite gje julestemning som denen karen kjøpt i solvarme Florida!
Bitte små julekuler på snor. Knuselege, så ligg fint i eiga eske når dei ikkje heng på treet.
Arv frå bestemor og bestefar.

Engel sydd av meg, for sikkert 15 år sidan.

Engel kjøpt i Sverige

Kulaste snømann i gata... :)
Og einaste i første del av jula, med regnregnregn!
Jul er mykje tradisjon og "same procedure as last year", når det gjeld mat og pynting og framgangsmåte. Det er ikkje den tida av året eg er mest for fornying! Sjølv om enkelte ting blir gjort med variasjon, som type blomster på bordet eller antall kaker. Det er lell ei slags grunnliste som må vere oppfylt.Eg må ha brune pinnar, det må vere dronning Maud-fromasj ein dag og helst loff til alle brødmåltid. Så slik vart det i år også!

Julaften går fort, med alle siste-liten-ting som skal gjerast. Det er som det skal vere, men når kyrkjeklokkene ringer klokka fem, er det høgtid, uansett! Det er stor glede i å ha gjengen min samla, lese juleevangeliet, ete godt og lenge, glede seg over gåvene, og til slutt berre vere saman! Merkar godt at gutane har vorte bortimot vaksne, det er rolege dagar. Men litt påfunn dukkar opp! (som å henge lyslenke på hjortehorna i trappa!)
Julepynta middagsbord

Dei andre juledagane har gått til sakteliv innimellom, å vere gjest, ete godt og mykje, prate, lese bøker og julehefter, sjå ein film eller to (I tillegg til å ligge vak og vente på tenåringar som er på vift, prøve å finne igjen døgnrytma når ein skal på jobb, fundere på neste måltid og prøve skia for første gong denne sesongen)
Selfie i romjulssol


EN MORGEN
En morgen skal skoddene fjernes,
lyset trenge
gjennom veggene av blindhet,
de svarte ordene henge
urørlige som flaggermus
under takbjelkene i hjernen.
Og du ser med mer enn dine øyne
er alt omkring deg -
alt du kalte din virkelighet
alt du viktet deg med
og gjorde ord om - alt
er bare virvlende støvfnugg
som tjener til å gjøre
lyset synlig.
- Hans Børli

Eg planlegg ei årsoppsummering på bloggen, både for dei som les til vanleg og fordi det aldri vart julebrev i år... Den kjem nok om nokre dagar!

Håpar du har ei god romjul og vips så er eg her igjen!
Romjulsdraum:
juletre, fyr i omnen og kryssord

søndag 17. mai 2015

17.mai, ei slags oppsummering

Kort sagt ein fin dag!
(men eg er altfor glad i å dele til å greie meg med så få ord!)

Eg var på skogtur igår, og jammen hadde
skogen også pynta seg til 17.mai!

Dagen idag starta med å sjekke at russen hadde kome seg opp og ut til russefrukost. Det hadde han, for 2 timar sidan…Godt han greidde seg sjølv! Værmeldingane for dagen har vore ganske dystre, får kaldt til kaldare, og heilt klart regn, mykje regn! Men det var betre! Gløtt av sol og berre litt regn, og ok, ganske kaldt, men heilt perfekt for bunad! Så vi andre åt frukost og kom oss i stasen, og sidan gjekk det slag i slag. Det var stas å bruke bunaden som passa igjen! (Det må vere det plagget som er mest utsett for krympegass i skapet, fort gjort at ein surnar når den skal prøvast på! Men i år gjekk det bra!)


Russ
Mann og kone!
Eg har sett barnetog, med både 17åringen og russen. Eg har kjent på kor lettrørt eg er. Vi har vore i Salem og ete kake, snakka med kjente vi ser omtrent berre ein gong i året og sunge nasjonalsangen. Eg har sett deler av borgartoget, med kjente og ukjente som gjekk. Vi rakk ein tur heim for å ete bittelitt, og skifte sko (Note to self: eg MÅ ha nye bunadssko eg har gnagsår oppå alle tærne…)

Lunsj med asparges, spekeskinke, parmesan og bringebær

Tilbake til byen for å sjå russetoget og kjenne bittelitt på klumpen i halsen over guten min som har vorte stor, kanskje ikkje så fort, men han har iallfall vorte stor!

No var det på tide og skifte på seg noko lettare, pynte kaka og gå til naboen vi har alletiders tradisjon med gjennom 12 år: felles middag på 17.mai! I år har opphavet til tradisjonen vorte russ, og vi var litt spente på om dei ville dukke opp, men det gjorde dei! Vi starta med dette då gutane gjekk i første klasse, og maten var pølse og stappe og skulle vere enkel og grei å gjennomføre mellom barnetog og opplegg på skulen. No er det ei stund sidan vi hadde vakter med kakesalg og lykkehjul, så vi har flytta måltidet til seinare på dag, når vi har betre tid.
Mine nye sko!

Vi tøysar ikkje med pynten på 17.mai!

Og apropos lettrørt, når ein står der, stivpynta, saman med sin yngste son, som syng av full hals saman med alle andre, det er vår, det er gløtt av sol, og det skal syngast denne sangen. Då kan det vere eg må ta ei lita pause, for å svelge klumpen i halsen og berre ta kjenslene inn over meg! 

Gud signe vårt dyre fedreland,
og lat det som hagen bløma.
Lat lysa din fred frå fjell til strand
og vetter for vårsol røma.
Lat folket som brøder saman bu,
som kristne det kan seg søma.


Elias Blix

Håpar du har hatt ein fin dag, du også! Og at veka som kjem blir god!

mandag 6. april 2015

Oppsummering / vekestart veke 15

Det kan vere fint å oppsummere etter nokre fridagar, slik for seg sjølv. Kva var bra, kva vart ikkje gjort, kva skal vi jammen gjere igjen til neste år? Eg skal ikkje dele alt det her på bloggen, men gje nokre glimt av påska vår.
Vi var heime i "den stille uke". Vi gjorde litt som det fall oss inn, vi gjorde litt i huset, vi rangla, såg fjernsyn, las bøker og åt godt.

Vi har vore på ferie hos både svigers og mamma og pappa. Vi har treft søsken, tantebarn ++ Det er så artig, det er liv og leven, kos og kaos. Det er frukost som varer lenge, det er tur ut, "boksen går", kaffe og kaker. Det er påskekrim på tv, påskenøtter og fantasifulle løysingar. Vi har feira mamma og pappa sin 59års brylluåsdag, og det er ikkje verst at brudeparet(79 og 85) sjølv stort sett sto for alt til festen, for 24 stykker! (det kangla eit barnebarn, elles var vi fulltallige)

Dette er berre halve matbordet
I Romsdalen er det mange fine fjelltoppar, og det vart toppturar for deler av familien, med nye ski og ny snø. Vi hadde både vinter og vår i påske, fleire gonger av begge deler… Det ga fantastisk skiføre, og eg fekk meg ein flott trimtur, og er godt stiv i bakglattmusklane enno. Eg fekk fine gåturar, i både sol, regn, snø og blåst. Eg treng turane ut åleine, for å lufte hodet og lufte øresusen. Støy og stemmesurr bygger seg opp, og utan litt "hørefri" blir lunta kort. Eg har vandra i fjøra, sett på fjorden, sett på blomstrane og frukttrea som fekk større og større knoppar.

Finare kan det nesten ikkje bli
Pæretre, snart i blomst

Fjorden, baby

Vi hadde med hengar for junior har fått overta ein skatt frå farmor og farfar; eit trøorgel! Etter at vi kom heim har trøorgelet fått plass på rommet hans, og han får mykje lyd ut av det. Så når han og kompisane skal ha jamsession framover, blir det med orgelmusikk til.
Vi fekk også med eit "ørlite" skap, som vart endå større då vi kom hit, så eg er litt usikker på kvar det skal stå…inntil vidare står det ute.

Men vi har ikkje grilla pølser i fjøra, hatt eggejakt, funne påskeharen, ete påskelam eller deltatt i påskelabyrinten, anna enn som tilhøyrar. Det har vore ei god påske, lell.

Og så er det godt å kome heim igjen! Fyre opp, lufte, ete det ein finn i kjøleskapet til kveldsmat(og finne mjølk som er sur etter å ha vore åleine heime, så kva skal eg bruke den til?), finne påskeegget som ikkje var med på tur, rydde ut og sortere skittenklær, bla gjennom avisene ein ikkje rakk før påske, sige ned i sofaen og nyte roa og tenkje at "borte bra, heime best" (og tenkje at heldige meg som har det slik!) Og plutseleg er huset fullt av kompisane til eldstemann, dei har tross alt ikkje sett kvarandre på fleire dagar, og dei ramlar inn frå her og der og spelar spel, testar trøorgel, skrattar, stikk ut ein tur for å henta nokre til og skaper liv i huset.
Påskeegg og levande lys

Det er rikdom å få vere både heime og borte, få leve i eige tempo og delta i storfamilielivet!

Og eit lite dikt på slutten, til vekestart, i vårmånaden april, til dagar der det er høgt tempo og eg kanskje må ta ei pause for å hente meg inn igjen:

Livet

Av og til er jeg nødt om
å ta livet mitt med på
en aldri så liten luftetur. 

Ha ei strålande veke! God start på kvardagane i april, nyt at vi startar med ei kort veke og nyt lyset som er her meir og meir!

søndag 5. april 2015

Påskestemning

Påskestemning kan vere så mangt.
Her er nokre glimt frå påskedagar på heimlege trakter. Det har snødd nesten kvar dag, men det har eg visst ikkje bilete av... sola derimot!






Vårkjensle. Familietid. Vi har treft mange i familien. Vi har feira mamma og pappa sin 59-årsbryllupsdag. Snø på fjellet. Fjørelangs og sol. Vårblomster. God mat. Påskeegg. Dei ytre rammene har vore fullt til stades i år.
Og no blir det godt med kvardagar igjen.

onsdag 1. april 2015

Påskeglimt

Påska til no har vore bypåske, med ganske roleg tempo! Det har vore godt, det!
(den eine junioren har vore på vennetur i helga, og jobbar no i den stille veke. Mannen har jobba masse med kjellaren, så det er ikkje sikkert dei to er einige i alt eg skriv)

Men det har vore tid til


  • å sove lenge
  • ete frukost, både sakte, lenge og mykje! Før påske vart vi einige om at vi berre skulle ha grove rundstykker og loff på frukostbordet, og det har vi halde oss til! Vi har ete opp rull og sylte frå jul, vi har eksprimentert litt med ulike typer egg, sild, syltetøy+++
    Bacon, spinat og egg bakt i ildfaste former
  • å tusle rundt i pysj og ullgenser til lenge etter frukost. Vere eit bustetroll på håret. Høyre "Påskelabyrinten" medan eg drikk siste rest av teen frå frukost, brette klær og rydde inn i oppvaskmaskina før ein skal gjere noko meir viktig.
  • gå skogstur(det vart visst berre eg) Det er ikkje snø lenger(men no dalar det noko kvitt utanfor kjøkkenglaset…så det kan bli. Berre vi taklar det betre enn lenger sør i landet) Men islagte skogsstiar har vi…var ganske redd for å dette og brekke eit eller anna igår, medan eg angra på at eg ikkje hadde tatt på piggsko.
  • å sjå påskekrim på tv. Hjelpes så skvetten eg har vorte…må gå meg ein tur medan det er på det skumlaste!
  • å finne ein liten godbit i påskeegget, samt ha såpass viljestyrke at eg ikkje et opp all sjokoladen i egget i smug.
  • å lese bøker til langt på natt.
  • å rydde litt og nyte at det er ganske ryddig i huset. Det er stas med pynt og tradisjonar. Eg likar godt å ta fram pynt vi har hatt lenge, og bruke den til å huske ting. Eg skal innrømme at det er lite pynt frå barnehagetida som kjem fram iår…men eg har sett så mange fint pynta "påsketre" på instagram, at det skal eg prøve neste år, og då trengs det mykje pynt. Kanskje barnehagepynten kjem til heder og ære igjen?! 
Denne duken har bestemor brodert, og eg har fått den frå tante.
Her er det mange minner!

Denne duken har mamma brodert til meg.
På denne duken er det ikkje lov å
drikke kakao eller kaffe!



Så får vi sjå kva resten av påska bringer. 
Ønskjer deg og dine gode påskedagar, enten du er heime eller på tur.