mandag 28. november 2016

Vekestart veke 48

Då er vi straks igang med desember. Igår var det 1.søndag i advent, og tradisjonen tru var det adventsfrukost der alle stilte smilande og opplagte! (mor gløymer av og til at dei søte, små ikkje er så små lenger, har sine eigne liv med fester og vener og seine kveldar, men altså, ein tullar ikkje med tradjisjonar og det vart felles frukost! Ikkje så veldig tidleg...)


Vekas vers må berre bli

No tenner vi det første lys, 
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn, 
i krubba lagt på strå.

Alle sang med, tross trøtte tryner, at natta hadde vore kort og ein alder der familiefrukost ikkje står høgast på prioriteringslista; tradisjon er tradisjon.
Helga har vore mykje familietid, eldste junior har hatt perm, og vi har kosa oss saman(mest litt utpå dagen) Det har vore god mat, prat, latter, vi har spela brettspel og pynta til advent.

Sviblar i ei glaskrukke, det er lukta av advent! 

Mandarinlykt.
Eg vart utfordra av ein  nevø til å lage madarinlykt. For å få godkjent var det ikkje lov å bruke telys inni, det skulle vere kun "organisk" materiale. Det funka så bra! Får du det til? Eg anbefalar å prøve! (og eg kan godt gje eit hint om framgangsmåten om du vil)


Laurdag kveld var litt magisk. For kvar gong eg såg ut, hadde fleire og fleire hengt opp stjerner, lyskuler, lyslenker inne og ute, pynta busker rundt huset. Den mørke kvelden vart lysare! På søndag morgen hadde det kome eit tynt lag melissnø, saman med alt lyset, var verda ein lysare og lettare stad!
No er eg klar for advent og snart jul. Eg treng hausten først, før eg er klar. Det er det same kvart åt, eg treng november før eg er klar for advent, og eg treng advent før eg er klar for jul! Litt det same som at eg treng kvardag, grøvbrød og gulrot for å glede meg over helg og loff.

Håpar veke di blir strålande! Og at du får ein god start på desember!


søndag 27. november 2016

1.søndag i advent

Nei, hos meg er det adventskalenderfri sone! Eg slit nok med å finne på kalender i heimen... (er eg i godlune, kan det vere eg iår som enkelte andre år skriv ein liten bloggpost kvar dag, om kva eg har gjort, julemusikk eg er avhengig av eller gode bakeoppskrifter)
Men eg har funne ut at eg vil prøve meg på Desemberutfordring frå Lammelårtanker. Ho har utfordra med 4 ulike oppgåver, ei for kvar søndag i advent. Dagens tema er
  1. søndag, 27.11: Del lenke til en nyhet som har provosert deg i uken som gikk, eller som har fått deg til å le. Skriv litt om hvorfor.
Så får vi sjå da, kor god eg er på dressur og kor langt eg greier dra dei ulike oppgåvene og temaene til å passe meg :)

Eg har prøvd å tenke tilbake på nyheitsveka, eg les ein del i løpet av ei veke. Vi abbonerer på Vårt Landog og Adresseavisa, dei kjem kvar dag, og Dag og tid kjem kvar fredag. Eg les aviser på nett, eg prøvar få med meg sendingar på tv og radioen står på når eg er heime. På laurdag kjøper eg gjerne eit par aviser. Det skulle vere mykje å ta av! (Digresjon, men likevel til kjernen: eg har vorte meir utålmodig og har mindre konsentrasjon enn før. Fengar ikkje avisartikkelen med ein gong, eller overskriftene på tv er kjedelege, så finn eg fort noko anna... kanskje difor huskar eg ikkje så mykje med ein gong. Før las eg alltid heile avisa, nesten alltid, frå perm til perm, no blar eg gjennom og tenkjer at dette skal eg lese seinare, så går det eit par dagar, så har eg gløymt heile greia) 

Men ok, til oppgåva: Eg kjem på diverse utspel ang Trump og valget i USA og politikken, som heilt klart har provosert meg, men eg har ikkje sett meg så veldig inn i det, og droppar den. Eg følgjer med eit halvt øyre diskusjonen rundt skulegudstenester, og må seie eg ikkje heilt forstår det fryktelege i at ungane skal i kyrkja den eine gongen i året. Dersom du ikkje trur på det sjølv, reknar eg med du har lagt eit såpass sterkt grunnag i barnet ditt, at eit besøk i kyrkja ikkje øydelegg alt. Og enten vi vil eller ikkje, så er det mykje i samfunnet vårt som bygger på desse verdiane og tankane. Eg har ein son som går på Katedralskulen, der er det ikkje snakk om anna enn at dei skal i Nidarosdomen og ha musikkandakt til jul, med stort kor og strykeorkestet og prest.  Black Friday, der er det mykje å ta av! Reklamen er heilt vill, opningstidene i butikkane er galskap, tilboda er sikkert både slik og sånn og mange blir sikkert lurt? Men eg var altså innom ein butikk og kjøpte ei bukse, minus 25%, som eg hadde planlagt å kjøpe, meir vart det ikkje. Den lekre kjolen heng framleis i butikken.... Eg er einig i at konseptet er noko vi ikkje treng, eg syns verda er gal når folk ligg i kø for billege merketruser, men eg vil ha retten til å kjøpe ting eg treng, på sal, sjølv om det er Black Friday!

Det eg skal skrive om, er sjakk! Det har fått meg til å smile! Det provoserer ikkje! Eg som ikkje kan ein einaste sjakkregel, som har levd eit lukkeleg liv lell, har sett sjakk på tv kvar gong eg har hatt tid! Eg har kosa meg med statistikk, kommentarar, twittermeldingar, analyser og lært bittelitt om sjakk. Igår fekk eg sett eit parti til ende, sidan det var laurdagskveld og dei vart "fort" ferdige, berre vel 3 timar. Det er laurdagskvelden sin det eg og mannen i sofaen og sjakk på tv! Det nye saktetv! Vi snakkar om sjakk i lunsjen på jobb, vi snakker om det og det trekket, tabbene, når allle held pusten.... og ikkje minst om Pila! Pila som seier noko om kven som har overtaket. Det er feel-good og spenning og glede!
Ok, hovudpersonanen ser ikkje alltid ut til å ha det bra... Iallfall ikkje undervegs!
Bilde: Reuters


(og ingen fare, det skal komme vekestart også denne veka, og eg skal oppsummere novemberlista mi ein dag snart)

onsdag 23. november 2016

Vekestart veke 47

Onsdag, ja, hm...tida flyg!
I hega var vi på tur, då kjem eg litt på utur. Vi var i Romsdalen, den fagre, og besøkte mamma og pappa, feira svigermor sin fødselsdag, levert julegåver hit og dit, og jammen fekk vi med oss ein bursdag til. Ei niese var heime og det var middag og bursdagskake på søndag også, før returen. Ein nabo hadde vore på fisketur, og vi fekk med 3 store seiar heim til Trondheim. Været vr bra, og vegane fine, slikt er godt for meg som ikkje er så glad i bilkjøring vinterstid.
Den finaste utsikta!

På bryggekanten. Med kåpe og vintersko...

Fjorden baby

Etterpå har snøen lava ned i Trondheim, og igår gjekk eg ein fin tur i magisk skog med snøtunge tre. Idag er det sludd, regn og mildvær...


November er over halvvegs, jula nærmar seg både på kalenderen og i hovudet mitt. Eg skriv lister, kva skal lagast, kjøpast, planleggast, kor mange julegåver manglar vi etc. Vekas korte dikt inneheld ei plan eg får lyst å følge...

Lag ein rotet og meiningslaus plan.
Realiser planen. 
Kurt Johannessen

Eg meiner, av og til kan ein få lyst å vere litt rampete og palnlaus, evt planlagt vill! og snart skal eg skrive om korleis det går med novemberlista mi. Og kanskje lage ei desemberliste?

Ha ei fin veke!

mandag 14. november 2016

Mi indre hurpe

Vanlegvis har eg god kontroll på mi indre hurpe, men idag stakk ho seg fram ein tur.

Eg skulle handle mat++ idag, og stakk innom ein av dei mange butikkane i nærområdet. (Eg er litt bortkjemt, trur vi har 9 matbutikkar innan ein gangavstand på 15 min) Eg har enkelte favorittar, og andre som står lenger ned på lista. Av ulike grunnar tok eg idag turen innom ein eg vanlegvis ikkje brukar. Det skulle dei sikkert ønskje at eg ikkje gjorde. Eg også, iallfall undervegs.

På min runde rundt i butikken, fann eg den hylla snart alle butikkar har no, og som eg likar aller best: den med varer som snart går ut på dato, og som har nedsatt pris. Eg blir så glad av slike hyller! (min indre hamster blomstrar opp!) Eg finn ting eg kanskje ikkje hadde kjøpt ellers, men no prøvar ut. Det blir mindre mat som blir kasta, og eg må jo tilstå at eg likar ting som er billege! Så eg kikka over kva som var der, og fann noko som passar perfekt til middag i morgon og yoghurt som er supert som mellommat. Så fann eg det som sto på lista og gjekk til kassa.

Eg legg varene på båndet og følgjer slik halvvegs med. "Denne varen går snart ut på dato", seier ho i kassa. Ja, sa eg, og tenkte at det forsto jo eg også sidan den er merka med "kort holdbarhet, men like god, minus 40 %". Så kikkar eg på summen, og tenkjer at dette vart då veldig dyrt. "Desse varene er nedprisa", seier eg. "Nei", seier ho i kassa. Jammen, dei er jo nedprisa, seier eg. "Nei", seier ho i kassa. Jammen, dei er jo merka med minus 40%?! prøvar eg meg. "Nei", seier ho i kassa. Jo, seier eg, og viser henne lappen på varene.


"Den slags lapp har eg aldri sett før", seier ho. Den må jo bety at varen er nedprisa? meinte eg "Nei", seier ho i kassa. "det står det er kort holdbarhet". Jammen, og det er no hurpa ikkje er så veldig indre lenger, er det kaloriinnhaldet som er 40% lavare då?! (eg ser at det var umodent og dumt, men eg var litt lei) No var køa bak meg ganske lang også, og ho fekk tak i ein kollega som kunne forklare at minus 40% betyr at varen er nedprisa, ho i kassa var framleis sterkt i tvil... Køa voks endå lenger bak meg, for no vart det kortkurs i scanning og retting av prisar. Eg fekk varene til tilbodspris, ho i kassa lærte noko nytt og ho unnskyldte seg etterpå, så mi indre hurpe roa seg ned igjen.

Eg gjekk heim og åt yoghurt. I morgon skal vi ha grov kokemorrpølse til middag. Dame (48) er tross alt fornøgd. Satsar på at mi indre hurpe ikkje treng vise seg på ei stund.

søndag 13. november 2016

I´m your man

Eg er ikkje spesielt interessert i musikk, eg likar musikk, eg høyrer på forskjelleg, men eg har aldri hatt det som ei hovudinteresse. Eg har spela piano og sunge i fleire kor, litt for musikken og mykje for det sosiale. Eg har lytta til musikk av ulikt slag, og noko har eg likt og noko har eg ikkje likt. For tida er "sjefs-pusharen" min junior, som spelar mykje rart til meg. "Høyr på dette, mamma" og eg blir servert alt frå klassisk til smalspora jazz, ulike taktartar og dissonansar. "høyr DER, det er bra!"
Du snakkar om perler for svin...det er ikkje alt eg får med meg.
Men enkelte artistar har eg høyrt mykje på, som Dumdum Boys i russetida, Phil Collins ei stund, Van Morrison seinare. Lell må eg vel tilstå at eg høyrer mest på radio og det som blir spela der til ei kvar tid. Hurra for P2 som serverer ganske breidt utval av musikk! (det hender eg har høyrt om det nye jazzgruppa junior skal på konsert med!)

Og eg har høyrt mykje på han det er skrive masse om dei siste dagane: Leonard Cohen. Kvar eg plukka opp han, huskar eg ikkje. Men eg veit at sommaren 1988, då "I´m your man" kom ut, var han musikken i bilen til og frå sommarjobben. På kassett. Dette var tross alt 80talet. 20 minutt i bilen til og frå jobb. Tidlegvakt og seinvakt, men eg huskar best turane på tidleg morgon. Tidlege morgonar på veg til sjukeheimen, med soloppgang (for eg trur ikkje det regna den sommaren...) og stille fjord, då var Leonard Cohen soundtracket mitt. "Take this waltz", "Ain´t no cure for love" og "Tower of song".  Eg kan sangane enno. Dagen kom sakte, men sikkert, eg kunne sjå at andre kom ut, åpna vindauger og møtte dagen på turen min til jobb. Eg hadde selskap av Leonard i bilen.


Eg har lese mykje av det som står i avisene no, og tenkjer at eg nok skal ta fram igjen denne musikken, og kanskje høyre ting eg ikkje har høyrt før også.


Du skal som vekestart få eit fint sitat av Leonard Cohen:

"There is a crack, a crack in everything. That's how the light gets in"

(Det er sprekker i alt, det er der lyset kjem inn. Ingenting er perfekt, men det er sprekkene som slepp lyset inn!)

Og idag er det farsdag, og mannen fortener ei skikkeleg feiring. Det er jo han som er "my man". Og feiring har vi hatt: vi har feira med pannekakefrukost, gåver, tur i skogen, lesetid i sofaen og middag. Idag kalvesteik med løkkompott, portvinssaus og potetbåtar. Vi har utsett desserten... så mette er vi!


Ønskjer deg ei strålande veke! 

mandag 7. november 2016

November

I fleire år har eg hatt eit novemberprosjekt her på bloggen, for å leve i november og utsette advent og jul til desember. Du finn desse innlegga under etiketten "november" i lista til høgre.
Det er ikkje slik at eg ikkje tenkjer noko på jul og advent i november, eg førebur kalender, julebakst, julegåver og andre ting, men eg et ikkje pepparkaker, ventar med julematen og julemusikk er ikkje lov før advent!
Det eg derimot gjer, er å nyte det som kan nytast i november!
Og no skal eg lage meg ei liste for å hjelpe meg å huske prosjektet!



  • eg skal fyre og tenne lys, som alltid i november. Og med meir enn minus 10 grader ute idag, er det godt med vedfyring og fullt vedskot!
  • eg vil bake meir, grovbrød(for "dei heimebakte brød er best, mamma", seier junior, og eg er lett å lede!) og eplekake(for kjellaren er full av epler) Eg skal lage kaldheva rundstykker til helgefrukosten og drkke te til frå den nye tekanna mi! Kjem på at det er lenge sidan eg har bakt eltefritt brød også. Inn på lista med det også!
    Impulskjøp i København. Angrar på at eg ikkje var meir
    impulsiv og kjøpte matchende krus...
  • lese gode bøker! Eg ventar på ei bokpakke, gler meg på den og har nettopp starta på ei ny, tjukk bok som lovar veldig godt. Det går berre så sakte, for eg sovnar så fort på kvelden.
    Islandsk triologi. Om havet, livet, døden (det manglar litt om
    bamsemums, det kan komme)
  • eg skal ut i skogen og plukke grøne greiner og tytebærlyng, eg har lyst å lage adventskrans for å ha både inne og ute. Det burde gå, sjølv om det akkurat no litt eit melisdryss av snø over skogen. Dette punktet innebær også å rydde vekk plantene ute, som igrunnen har gjort jobben sin i sommar og haust, og som ser litt slappe ut etter lite vatn og etterkvart frost. 
  • Eg skal i det heile gå i skogen og ta inn skogens ro! Nyte at eg har piggsko som gir meg godt feste, gå av meg høge skuldre og mas, gå på meg eit smil. Helse på dei eg møter. Prøve å få med meg dagslyset når eg kan, men også møte blåtimen ute. 
  • vi skal feire farsdag og thanks-giving, kanskje blir det ein liten helgetur, og junior kjem heim på perm. Fine ting som gjer helgene i november lysare!
  • Eg skal prøve byggrautoppskrifta til Anne Helene og spare både kaloriar og plast!
  • Klementinsesongen er igang, eg et og nyt, og kjenner kroppen får påfyll av c-vitamin. Det er på tide å ta fram att juicepressa og lage appelsin- og grapefruktjuice til helgefrukosten. 
    Berre synet gjer godt!
  • Eg skal tenne lys i lyslyktene mine ute når eg ventar besøk, det er så kjekt å møte folk med lys! 
  • Lister for jul! Gåveliste, bakeliste, vaskeliste, alle slike lister som ryddar hovudet mitt(og som slett ikkje alltid blir fulgt) Eg lovar iallfall at eg skal overhalde jakttidene på hybelkaninar, som i distriktet her varer til ca 20. desember!
  • Henge opp lammelåret, som no ligg i salt, til tørk, slik at det blir fenalår til jul. Lammerullen ligg i frysaren, ferdig sydd.
  • bake fruktkake, slik at den får ligge og modne til jul. Det blir ikkje jul utan denne fruktkaka. Iallfall ikke hos oss.
  • Planlegging av adventkalender. Skal vi i det heile ha? Sidan dei søte små er 18 og 20 år, meiner eg? Tør eg foreslå å droppe den tradisjonen? Kjenner eg meg rett, blir det kalender, fordi eg kosar meg med det, og fordi dei sett pris på det(trur eg) 
Og klarer eg gjennomføre dette, trur eg ikkje at eg vil sakne jul og advent! Om eg gler meg på desember? Klart det, eg har masse julemusikk eg ventar på, eg gler meg til NRK Alltid Klassisk sender julemusikk døgnet rundt, til pepparkaker med blåmuggost, julebakst og julepost(note to self: finn fram bildet til julekort i november) Innpakking av julegåver, innkjøp av julemat og juleblomster når det nærmar seg. Men enno er eg ikkje klar, eg treng litt meir haust først!




søndag 6. november 2016

Vekestart veke 45

Eg har fleire innlegg i hodet, tankar om kva eg skal skrive og slikt. Eg tenkjer særleg godt når eg går på tur, men eg har ikkje med skrivesaker og nokre av dei særdeles gode formuleringane blir vekk før eg kjem heim. Så du må nok ta til takke med eit dikt, litt strøtankar og ein del bilder frå dagens tur i fantastisk fint, og kaldt, tidleg-vinter-vær.

I morgon skal eg for andre gong denne veke her vere profesjonell pasient. Audiografutdanninga trong nokon frivillege med hørselstap, som kunne bli intervjua for at studentane skulle lære seg å snakke med pasientar. Sidan eg jobbar i samme huset, kostar det meg lite å bruke eit par timar på dette, og det gir også litt minner tilbake til eiga bioingeniørstudietid, og nervar i møte med ekte pasientar!

Vi har pakka båten inn i vinterfrakken, det var friskt og kaldt ved sjøen igår! Men utruleg kva ull, ull, ull, boblebukse og dunjakke gjer. Og det å kome heim til vedomnen!

Påkledning av båt

Godt kledd og skodd!


Snøen kom denne veka, det har vorte så lyst og fint! Altfor lite snø til ski, og ikkje veit eg om eg klarer gå på ski i år heller, men piggsko og gåstavar er supert følge. (og det er mange med piggsko og stavar som ser rett så spreke ut, og eg vel å indetifisere meg meir med dei, enn dei som går stivt og sakte med stavar...viktig med dei rette forbilda) Når været er som no, kan eg leve fint med snøen, det er verre når det blir slaps... Bilda er frå dagens søndagstur i Estenstadmarka.

.
Eg veit ikkje kvar haren hoppar, men eg veit kvar han hoppa forbi

Snødekt myr i novembersol

Mønster på isen



Men til deg som syns det er litt trist at det enno berre blir mørkare og mørkare, har eg eit dikt denne veka!

På jorden et sted

Tro ikke frosten som senker en fred
av sne i ditt hår.
Alltid er det på jorden et sted
tidlig vår.

Tro ikke på mørket når lyset går ned
i skumringens fang.
Alltid er det på jorden et sted
soloppgang.
     André Bjerke
Soloppgang i november

Håpar veke di blir lys og god!