Det er ikkje slik at eg ikkje tenkjer noko på jul og advent i november, eg førebur kalender, julebakst, julegåver og andre ting, men eg et ikkje pepparkaker, ventar med julematen og julemusikk er ikkje lov før advent!
Det eg derimot gjer, er å nyte det som kan nytast i november!
Og no skal eg lage meg ei liste for å hjelpe meg å huske prosjektet!
- eg skal fyre og tenne lys, som alltid i november. Og med meir enn minus 10 grader ute idag, er det godt med vedfyring og fullt vedskot!
- eg vil bake meir, grovbrød(for "dei heimebakte brød er best, mamma", seier junior, og eg er lett å lede!) og eplekake(for kjellaren er full av epler) Eg skal lage kaldheva rundstykker til helgefrukosten og drkke te til frå den nye tekanna mi! Kjem på at det er lenge sidan eg har bakt eltefritt brød også. Inn på lista med det også!
Impulskjøp i København. Angrar på at eg ikkje var meir
impulsiv og kjøpte matchende krus... - lese gode bøker! Eg ventar på ei bokpakke, gler meg på den og har nettopp starta på ei ny, tjukk bok som lovar veldig godt. Det går berre så sakte, for eg sovnar så fort på kvelden.
Islandsk triologi. Om havet, livet, døden (det manglar litt om
bamsemums, det kan komme) - eg skal ut i skogen og plukke grøne greiner og tytebærlyng, eg har lyst å lage adventskrans for å ha både inne og ute. Det burde gå, sjølv om det akkurat no litt eit melisdryss av snø over skogen. Dette punktet innebær også å rydde vekk plantene ute, som igrunnen har gjort jobben sin i sommar og haust, og som ser litt slappe ut etter lite vatn og etterkvart frost.
- Eg skal i det heile gå i skogen og ta inn skogens ro! Nyte at eg har piggsko som gir meg godt feste, gå av meg høge skuldre og mas, gå på meg eit smil. Helse på dei eg møter. Prøve å få med meg dagslyset når eg kan, men også møte blåtimen ute.
- vi skal feire farsdag og thanks-giving, kanskje blir det ein liten helgetur, og junior kjem heim på perm. Fine ting som gjer helgene i november lysare!
- Eg skal prøve byggrautoppskrifta til Anne Helene og spare både kaloriar og plast!
- Klementinsesongen er igang, eg et og nyt, og kjenner kroppen får påfyll av c-vitamin. Det er på tide å ta fram att juicepressa og lage appelsin- og grapefruktjuice til helgefrukosten.
Berre synet gjer godt! - Eg skal tenne lys i lyslyktene mine ute når eg ventar besøk, det er så kjekt å møte folk med lys!
- Lister for jul! Gåveliste, bakeliste, vaskeliste, alle slike lister som ryddar hovudet mitt(og som slett ikkje alltid blir fulgt) Eg lovar iallfall at eg skal overhalde jakttidene på hybelkaninar, som i distriktet her varer til ca 20. desember!
- Henge opp lammelåret, som no ligg i salt, til tørk, slik at det blir fenalår til jul. Lammerullen ligg i frysaren, ferdig sydd.
- bake fruktkake, slik at den får ligge og modne til jul. Det blir ikkje jul utan denne fruktkaka. Iallfall ikke hos oss.
- Planlegging av adventkalender. Skal vi i det heile ha? Sidan dei søte små er 18 og 20 år, meiner eg? Tør eg foreslå å droppe den tradisjonen? Kjenner eg meg rett, blir det kalender, fordi eg kosar meg med det, og fordi dei sett pris på det(trur eg)
Og klarer eg gjennomføre dette, trur eg ikkje at eg vil sakne jul og advent! Om eg gler meg på desember? Klart det, eg har masse julemusikk eg ventar på, eg gler meg til NRK Alltid Klassisk sender julemusikk døgnet rundt, til pepparkaker med blåmuggost, julebakst og julepost(note to self: finn fram bildet til julekort i november) Innpakking av julegåver, innkjøp av julemat og juleblomster når det nærmar seg. Men enno er eg ikkje klar, eg treng litt meir haust først!
Å, dette innlegget likte jeg godt!
SvarSlettNovember for novembers del. Mye fint du har listet opp, som du gleder deg til. Fint å lese!
Det er jo med fare for å bli oppfatta som gledes dreper og surpompene eg skriv dette, for nokon syns nok at eg er grusomt streng. Men for meg er dette fint, november bli bra og eg gler meg til jul!
Slettgå av meg høge skuldre og mas, gå på meg eit smil.
SvarSlettDenne likte jeg så godt. Og når man sjøl er på plass går hverdagen lettere. Bake mere, det skal jeg!!!
Tur i skogen, med piggsko og staver, deilig! Og eplekake til dessert, eg kryssar av på lista!
SlettJeg elsker også å tenne stearinlys, det er en av de store gledene med å ha mørketid <3 Og lammelår, det skulle vi også fått gjort. Jeg burde bake mer, men jeg har så dårlig erfaring med kaker som faller sammen. Jeg tror det er en konspirasjon. Mel liker ikke meg... :-D God helg! <3
SvarSlettLys er så godt! Eg bakar lite kaker, har eit par sikre, men sukkerbrød får andre ta seg av. Gjørbakst er meir min stil, det er baking det også! Ser på snap og slikt at dere lever aktivt!
SlettDette var et koselig innlegg med mange gullkorn. Kjente et øyeblikk at det skulle vært trivelig å sitte ved kjøkkenbordet ditt, drikke en kopp te med deg og skravle :) Det høres ut som du har en bra plan, og jammen tror jeg at jeg skal stjele noen punkter fra lista di! God helg til deg :)
SvarSlettDu, kommer du til trondheim skal jeg rydde plass ved kjøkkenbordet og brygge ei stor kanne te! Trur vi ville ha mykje å snakke om, om tru og liv! Og berre stjel frå lista :) Håpar veka di blir god!
Slett