Vekas vers må berre bli
No tenner vi det første lys,
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn,
i krubba lagt på strå.
Helga har vore mykje familietid, eldste junior har hatt perm, og vi har kosa oss saman(mest litt utpå dagen) Det har vore god mat, prat, latter, vi har spela brettspel og pynta til advent.
Sviblar i ei glaskrukke, det er lukta av advent! |
Mandarinlykt. |
Laurdag kveld var litt magisk. For kvar gong eg såg ut, hadde fleire og fleire hengt opp stjerner, lyskuler, lyslenker inne og ute, pynta busker rundt huset. Den mørke kvelden vart lysare! På søndag morgen hadde det kome eit tynt lag melissnø, saman med alt lyset, var verda ein lysare og lettare stad!
No er eg klar for advent og snart jul. Eg treng hausten først, før eg er klar. Det er det same kvart åt, eg treng november før eg er klar for advent, og eg treng advent før eg er klar for jul! Litt det same som at eg treng kvardag, grøvbrød og gulrot for å glede meg over helg og loff.
Håpar veke di blir strålande! Og at du får ein god start på desember!
Nei, tradisjoner kimser man ikke av! Jeg er enig med deg: jeg trenger hele høsten og hele november for å bli klar til jul. Da er det også kjempekoselig med jula når den kommer!
SvarSlettDe mandarinlysene har jeg lyst til å høre mer om! :-)
Sender deg en melding om lykta :) Nå byrjar eg glede meg skikkeleg til jul, og alt vi skal gjere då. Men først nyte advent!
SlettGod sist del av november!!
SvarSlettTakk
SvarSlett