Men eg har funne ut at eg vil prøve meg på Desemberutfordring frå Lammelårtanker. Ho har utfordra med 4 ulike oppgåver, ei for kvar søndag i advent. Dagens tema er
- søndag, 27.11: Del lenke til en nyhet som har provosert deg i uken som gikk, eller som har fått deg til å le. Skriv litt om hvorfor.
Så får vi sjå da, kor god eg er på dressur og kor langt eg greier dra dei ulike oppgåvene og temaene til å passe meg :)
Eg har prøvd å tenke tilbake på nyheitsveka, eg les ein del i løpet av ei veke. Vi abbonerer på Vårt Landog og Adresseavisa, dei kjem kvar dag, og Dag og tid kjem kvar fredag. Eg les aviser på nett, eg prøvar få med meg sendingar på tv og radioen står på når eg er heime. På laurdag kjøper eg gjerne eit par aviser. Det skulle vere mykje å ta av! (Digresjon, men likevel til kjernen: eg har vorte meir utålmodig og har mindre konsentrasjon enn før. Fengar ikkje avisartikkelen med ein gong, eller overskriftene på tv er kjedelege, så finn eg fort noko anna... kanskje difor huskar eg ikkje så mykje med ein gong. Før las eg alltid heile avisa, nesten alltid, frå perm til perm, no blar eg gjennom og tenkjer at dette skal eg lese seinare, så går det eit par dagar, så har eg gløymt heile greia)
Men ok, til oppgåva: Eg kjem på diverse utspel ang Trump og valget i USA og politikken, som heilt klart har provosert meg, men eg har ikkje sett meg så veldig inn i det, og droppar den. Eg følgjer med eit halvt øyre diskusjonen rundt skulegudstenester, og må seie eg ikkje heilt forstår det fryktelege i at ungane skal i kyrkja den eine gongen i året. Dersom du ikkje trur på det sjølv, reknar eg med du har lagt eit såpass sterkt grunnag i barnet ditt, at eit besøk i kyrkja ikkje øydelegg alt. Og enten vi vil eller ikkje, så er det mykje i samfunnet vårt som bygger på desse verdiane og tankane. Eg har ein son som går på Katedralskulen, der er det ikkje snakk om anna enn at dei skal i Nidarosdomen og ha musikkandakt til jul, med stort kor og strykeorkestet og prest. Black Friday, der er det mykje å ta av! Reklamen er heilt vill, opningstidene i butikkane er galskap, tilboda er sikkert både slik og sånn og mange blir sikkert lurt? Men eg var altså innom ein butikk og kjøpte ei bukse, minus 25%, som eg hadde planlagt å kjøpe, meir vart det ikkje. Den lekre kjolen heng framleis i butikken.... Eg er einig i at konseptet er noko vi ikkje treng, eg syns verda er gal når folk ligg i kø for billege merketruser, men eg vil ha retten til å kjøpe ting eg treng, på sal, sjølv om det er Black Friday!
Det eg skal skrive om, er sjakk! Det har fått meg til å smile! Det provoserer ikkje! Eg som ikkje kan ein einaste sjakkregel, som har levd eit lukkeleg liv lell, har sett sjakk på tv kvar gong eg har hatt tid! Eg har kosa meg med statistikk, kommentarar, twittermeldingar, analyser og lært bittelitt om sjakk. Igår fekk eg sett eit parti til ende, sidan det var laurdagskveld og dei vart "fort" ferdige, berre vel 3 timar. Det er laurdagskvelden sin det eg og mannen i sofaen og sjakk på tv! Det nye saktetv! Vi snakkar om sjakk i lunsjen på jobb, vi snakker om det og det trekket, tabbene, når allle held pusten.... og ikkje minst om Pila! Pila som seier noko om kven som har overtaket. Det er feel-good og spenning og glede!
Ok, hovudpersonanen ser ikkje alltid ut til å ha det bra... Iallfall ikkje undervegs! Bilde: Reuters |
(og ingen fare, det skal komme vekestart også denne veka, og eg skal oppsummere novemberlista mi ein dag snart)
Artig å lese innlegget ditt, for de andre bidragene er ganske like som ditt; dette med litt forvirrig, litt likegyldighet, ingen topper, ikke noe som virkelig skiller seg ut. Det er vel litt sånn jeg også har hatt det.
SvarSlettOg så kjenner jeg meg igjen i det du skriver om avislesing. Jeg henger etter, så jeg har en del aviser i ventebunka, for mye av det som står skrevet har ikke så mye med datoen de er publisert, eller med måneden de er publisert i heller.
Når gratisutgavene av Klassekampen renner ut, har jeg en del å lese meg opp på..
Takk for at du tok utfordringen, jeg håper du henger med de neste søndagene også!
Ønsker deg en god uke.
(deler innlegget ditt på Lammelårtankers facebook-side)
Eg skal prøve å henge med vidare, dei andre utfrotdringane summar i bakhodet mitt :)
SlettEg satsar på at konsentrasjon kan trenast opp att, slik at eg får lese meir aviser. Bøker les eg, men merkar at eg ofte velger litt lettare enn før. Unntatt akkurat no, med ei tjukk, litt tung bok frå island- snart berre 50 sider igjen, av 700...
Jeg holder også på med en over-sjuhundre-siders-bok, sammentreff!
SlettTrodde jeg skulle lese den ferdig i november, men så tar avisene og bloggingen og andre ting over og natta må brukes til soving, så da får det heller være med lavt lesetempo.
Gleder meg til å se om du kommer opp med noe på søndag igjen! Jeg tenker selv.
Hvilken bok leser du?
Leser "Gutten" av JÓN KALMAN STEFÁNSSON. LItt stille bok, om en gutt , kanskje for 100 år siden på Island. Vakkert språk, men ikke en hurtiglest bok!
SlettDet er noe kjent med tittelen..
SlettEr den god å være i eller er den treg og gjør deg irritert/utålmodig?
Av ot blir jeg litt rritert, andre ganger å jeg lese avsnitt høyt for mannen , fordi det er så fint! Skildringene av fiske, været, skyer, ++ blir litt kjedelg... Men totalt er boka god å vere i!
SlettOk, takk for svar, kanskje jeg må skrive den opp på leselista mi! Det er alltid ok med tips.
SlettVi fokuserer begge på det som får oss til å le, det liker jeg!
SvarSlettI år tar jeg den helt ut med kalender til jentene og bloggen, vi får se hva som skjer neste år.